Historisk arkiv

Konferanse om skolemekling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 5/99
Dato: 27. januar 1999

Konferanse om skolemekling

Kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Jon Lilletun vil onsdag 27. januar kl. 10.00 opne ein nettverkskonferanse om skolemekling i Oslo. Statens utdanningskontor i Oslo og Akershus står som tilskipar av konferansen.

Prosjekt skolemekling har frå hausten 98 gått inn i ein ny og meir utovervend fase. Vidareføringa av det første utviklingsprogrammet starta i september og skal førebels vare i to år, finansiert av Justisdepartementet det første året og KUF det andre året. Koordineringsarbeidet er lagt til Statens utdanningskontor i Oslo og Akershus, og prosjektet har fått eigen leiar.

-Skolemekling er eit av dei viktigaste prosjekta når det gjeld konfliktløysing i skolen. Denne konferansen markerer at skolemekling no formelt er sett på den nasjonale dagsorden, seier statsråd Lilletun.

Nettverkskonferanse om skolemekling

Tid: 27. januar kl. 10.00

Stad: Scandic KNA, Parkveien, Oslo

Arrangør: Statens utdanningskontor Oslo og Akershus

Pressa er velkommen til å delta på konferansen!

Lagt inn 27. januar 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen