Historisk arkiv

Oppheving av godkjenningsordninga for lærebøker

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 094-99
Dato: 25. oktober 1999

Oppheving av godkjenningsordninga for lærebøker

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet går inn for å oppheve den statlege godkjenningsordninga for lærebøker i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa. Eit forslag om dette blir no sendt ut på høyring. I dag skal lærebøker som blir brukte i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa, vere godkjende av Nasjonalt læremiddelsenter før dei kan takast i bruk i skolen.

Departementet foreslår å oppheve godkjenningsordninga, mellom anna fordi:

  • departementet vil at foreldre og elevar gjennom samarbeidsutval og skuleutval skal få reell innverknad på valet av lærebøker. Reell innverknad vil foreldra og elevane best få utan at staten på førehand har gitt sitt ”godkjenningsstempel” til læreboka.
  • departementet ønsker å fokusere på at det er læreplanen som skal vere styrande for opplæringa i skulen, ikkje lærebøkene.

Slik KUF ser det skal kvaliteten på lærebøker i framtida i første rekkje sikrast gjennom samarbeid mellom forlag og forfattarar, ved at forlaget nyttar nok ressursar på å tilfredsstille krava til innhald, likestilling og språkleg kvalitet. Høyringsinstansane vil bli inviterte til å gi synspunkt på om det bør opprettast ein klageinstans, som også foreldre kan nytte.

Kravet om at lærebøker i andre fag enn norsk skal liggje føre på bokmål og nynorsk til same pris og same tid før lærebøker kan nyttast i skulen, skal etter framlegget bestå.

KUF vil i løpe av våren 2000 leggje fram ein odelstingsproposisjon for Stortinget med justeringar av Opplæringslova. Oppheving av godkjenningsordninga vil inngå i denne justeringa.

- Eg trur at lærarar og føresette med den nye ordninga reelt får høve til å vere meir aktive i forhold til læreboka enn dei kan med dagens ordning, der fagekspertar på sentralt hald godkjenner lærebøkene, seier statsråd Jon Lilletun.


Kontaktperson:
Ekspedisjonssjef Hanna Marit Jahr tlf. 22 24 75 00

Lagt inn 25. oktober 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen