Historisk arkiv

Opptak av studentar til universiteta studieåret 1999-2000

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 031-99
Dato: 30. april

Opptak av studentar til universiteta studieåret 1999-2000

Ved Noregs teknisk-vitskaplege universitet (NTNU) og Universitetet i Tromsø blir dei allmennvitskaplege fakulteta opne for alle søkjarar med studiekompetanse også for studieåret 1999-2000. Dette gjeld dei historisk-filosofiske, samfunnsvitskaplege og matematisk-naturvitskaplege fakulteta. Tilgangen til nokre sterkt etterspurde enkeltfag ved fakulteta vil framleis vere avgrensa på grunn av høge krav til lokale, utstyr, praksisplassar og anna.

Ved universiteta i Oslo og Bergen blir det visse avgrensingar i opptaket til dei allmennvitenskapelige fakulteta, men opptaksrammene er sett så høgt at dei aller fleste kvalifiserte søkjarar vil få plass.

Dette går fram av ein stortingsproposisjon om regulering av opptaket til studium ved universiteta (St prp nr 64 (1998-99)) som passerte statsråd fredag.

Den auka opptakskapasiteten på medisin, psykologi og farmasi frå 1998 blir ført vidare i 1999. Universiteta har og auka opptakskapasiteten på IT-utdanningane som føresett i statsbudsjettet.

Lagt inn 30. april 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen