Historisk arkiv

Opptak til høgskolar og universitet: Færre utan studieplassar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 063-99
Dato: 12. august

Opptak til høgskolar og universitet:

Færre utan studieplassar

I suppleringsopptaket har 2 535 søkjarar til universitet og høgskolar fått tilbod om studieplass. Til saman har 57 843 søkjarar fått tilbod om studieplass ved årets opptak. Talet på kvalifiserte søkjarar utan studieplass er no nede i om lag 2100. Tilsvarande tal for fjoråret var over 4000.

Tal frå Samordna opptak viser at over 1000 av tilboda i suppleringsopptaket er gitt til søkjarar som etter hovudopptaket i juli stod utan studietilbod, medan over 1500 av dei som fekk tilbod i hovudopptaket no har fått tilbod om eit høgare prioritert studieønskje.

Over 600 nye søkjarar vil i tillegg få tilbod gjennom Restetorget denne veka.

Det Samordna opptaket omfattar universiteta, dei statlege høgskolane og 9 private utdanningsinstitusjonar. Ein del desentraliserte utdanningar, som t.d. førskolelærar- og allmennlærarutdanningar, dessutan fleire private høgskoleutdanningar er ikkje med i opptaket. Dette gjeld og ein del utdanningar som har opptak på andre tider av året.

Totalt er det samsvar mellom talet på studieplassar og talet på søkjarar som har takka ja til tilbod. Mange studium vil likevel ha ledige plassar ved studiestart. Særleg gjeld dette utdanningar innan maritime fag, teologi, nokre ingeniørutdanningar og førskolelærarutdanning.

-Det er positivt at talet på kvalifiserte søkjarar utan tilbod er halvert i høve til i fjor, seier kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Jon Lilletun. – Samstundes gir det grunn til uro at så mange studieplassar innan yrke det er stort behov for i samfunnet blir ståande tomme. Eg vil oppmode dei som enno ikkje har fått plass om å vurdere dei tilboda som er lagt ut på Restetorget, seier Lilletun.

Fleire vil i løpet av august få tilbod i lokale suppleringar. Det er enno ikkje for seint å skaffe seg ein plass via Restetorget på www.so.uio.no/restetorget og NRK tekst-tv side 765.

Nærare opplysningar om søkjartal blir gitt ved kvar einskild institusjon eller Samordna opptak, tlf. 22 85 88 00, http//www.so uio.no.

Lagt inn 12. august 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen