Historisk arkiv

Opptaksreglement til høgre utdanning: Opptak til medisin, farmasi, ernæring og journalistikk etter dagens ordning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 082/1999
Dato: 20. september 1999

Opptaksreglement til høgre utdanning:

Opptak til medisin, farmasi, ernæring og journalistikk etter dagens ordning

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har bestemt at dagens reglar for rangering av søkjarar til medisin, farmasi, ernæring og journalistikk i hovudsak også skal gjelde for studieåret 2000/2001, og vil ikkje bli endra som følgje av nytt regelverk.

Eit framlegg til nytt reglement for rangering av søkjarar ved universitet og høgskolar er ute på høyring med frist 1. oktober. Desse endringane er siste fase når det gjeld å setje i verk regelverket som Stortinget har slutta seg til. Universiteta, høgskolane og dei vidaregåande skolane er mellom dei som blei varsla om hovudinnhaldet i regelendringane hausten 1997.

For studia medisin, farmasi, ernæring og journalistikk vert gjeldande regelverk ført vidare eit år til fordi element i regelverka gjer det særleg viktig for søkjarar til desse studia å få ei avklaring før høyringsfråsegnene blir vurderte.

For opptak til medisin (ved alle universiteta) er det bestemt at heile regelverket som galdt ved årets opptak også skal gjelde studieåret 2000/2001.

For opptak til farmasi (universiteta i Oslo og Tromsø) og ernæring (Universitetet i Oslo) vil dei rangeringsreglane som galdt for årets opptak i grove trekk bli førte vidare. For desse studia vil likevel primærvitnemålskvoten bli nytta, og karakterpoenga frå vidaregåande skole vil bli rekna ut etter samme reglar som for andre studium.

For studiet i journalistikk (høgskolane i Bodø, Oslo, Stavanger og Volda) vil også dei rangeringsreglane som galdt for opptak til inneverande studieår bli førte vidare, men også for desse søkjarane vil poeng for karakterar frå vidaregåande skole bli rekna ut i tråd med det regelverket som vil gjelde for andre studium. Når det gjeld journalistikk så vil det ikkje bli kvote for primærvitnemål, derimot vil den praksiskvoten som har vore ved opptak tidlegare bli ført vidare også ved opptak til neste studieår.

For alle dei andre studia tek ein sikte på å fastsetje nytt regelverk i løpet av hausten 1999 når det gjeld rangering av søkjarar til universitet og høgskolar. Det nye regelverket skal gjelde for opptak til studieåret 2000/2001.

Lagt inn 20. september 1999 av Statens forvaltningsteneste, ODIN-redaksjonen