Historisk arkiv

Regjeringa satsar på energimåling i skolar og barnehagar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 076-99
Dato: 8. september

Regjeringa satsar på energimåling i skolar og barnehagar

Statsrådane Jon Lilletun og Valgerd Svarstad Haugland markerte onsdag at Regjeringa satsar på energimåling i skolar og barnehagar. På eit arrangement på Holumskogen skole og Mortetjern barnehage i Nittedal la dei fram sitt syn for kvifor det er viktig for skolar og barnehagar å følgje med på energibruken. Målet er at born over heile landet skal få eit bevisst forhold til energibruk, samstundes som det vil vere ein økonomisk gevinst for skolane.

-Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet meiner det er viktig at måling av energi- og innetemperatur blir sett i samanheng med den pedagogiske verksemda ved skolen. Elevane vil betre forstå kvifor det er så viktig å spare energi. Det er og viktig å sjå slike tiltak i samanheng med andre sentrale spørsmål i samfunnet, sa Jon Lilletun under arrangementet.

Barne- og familieminister Valgerd Svarstad Haugland peikte på at gode haldningar vert utvikla i tidleg alder.

- Det er også viktig å læra å spara straum i barnehagane. Læringa skal vera stimulerande og morosam. Borna får verdiar og haldningar som legg grunnlaget for at dei skal bli betre energibrukarar enn foreldregenerasjonen, sa barne- og familieministeren.

Dei regionale enøk-sentra i Noreg og NVEs informasjons- og opplæringsoperatør, Opplysningskontoret for energi og miljø samarbeider med dei to departementa om opplegget.

Lagt inn 8. september 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen