Historisk arkiv

Regjeringa satsar på energimåling i skolar og barnehagar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 072/1999
Dato: 6. september 1999

Regjeringa satsar på energimåling i skolar og barnehagar

Statsrådane Jon Lilletun og Valgerd Svarstad Haugland markerer onsdag at born no skal satse offensivt på energimåling. Dei inviterer pressa til Holumskogen skole og Mortetjern barnehage i Nittedal for å markere korleis borna sjølve kan utføre energimåling. Målet er at born over heile landet skal få eit bevisst forhold til energiforbruk.

Tid: Onsdag 8. september kl. 11.30
Stad: Holumskogen skole, Morteveien, Hagan ( kl. 11.30)
Mortetjern Barnehage, Ørekytveien 1, (kl. 12.00)

(Riksveg 4 nordover frå Sinsenkrysset. Ta til høgre mot Lillestrøm i rundkjøringa ved Gjelleråsen. Ta andre veg til høgre som er skilta Holumskog/Gjelleråsen Næingspark.)

Dei regionale enøk-sentra i Noreg og NVEs informasjons- og opplæringsoperatør, Opplysningskontoret for energi og miljø samarbeider med dei to departementa om opplegget.

Vel møtt!

Lagt inn 6. september 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen