Historisk arkiv

Satsing på forsking, kompetansereform og kvalitet i skulen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Nr.: 086-99
Dato: 4. oktober

KUFs budsjettforslag 2000:

Satsing på forsking, kompetansereform og kvalitet i skulen

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet (KUF) sitt framlegg til budsjett for 2000 er på 38,3 milliardar kroner, ein auke på 4,3 prosent i høve til budsjettet for 1999.

Sentrale forslag:

  • Auke i FoU-løyvingane innan forsking på 7,1 prosent eller vel 650 millionar kroner. Den første avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping på 90 millionar vil bli delt ut i 2000. Årsverknaden er 180 millionar kroner. Regjeringa tek sikte på å auke fondskapitalen med 1 milliard kroner i løpet av neste år.
  • Auke i utstyrsløyvinga til realfagbygget ved NTNU med 127 millionar kroner.
  • 180 millionar kroner ekstra til Kompetansereforma.
  • 225 millionar kroner til ein tiltakspakke for skulen, i første omgang hovudsakleg til ungdomstrinnet. Dette er ein del av ei fireårig satsing på til saman 900 mill. kroner.
  • 45 millionar kroner for å etablere eit senter for framifrå forsking og 15 millionar til Bedriftsuniversitet, begge knytt til Fornebu.
  • 30 millionar kroner til fylkeskommunane for å etablere to nye grunnkurs innan vidaregåande opplæring: eit grunnkurs Merkantile fag og eit grunnkurs Media- og kommunikasjonsfag.
  • 760 nye studieplassar innan prioriterte studium, omdisponering av studieplassar og reduksjon med nærare 2500 studieplassar til studium med for lite søking. Økonomisk er det ein netto auke når det gjeld studieplassar på 40 millionar kroner.
  • Auke løyvinga til presteskapet med 6 millionar kroner. Tilskottet til Den norske Sjømannsmisjon er ført opp med 37,5 millionar kroner, ein auke på nær 30 prosent.

Oversikt over hovudområda på KUFs budsjett (i mill. kroner)

Vedtatt budsjett 1999

Framlegg

2000

Endring

Administrasjon

382,9

414,8

8,3

Grunnskulen

1 880,3

2 057,3

9,4

Vidaregåande opplæring

1 056,1

1 064,2

0,8

Andre tiltak i utdanninga

1 848,7

2 034,6

10,1

Vaksenopplæring

1 094,6

1 191,8

8,9

Høgre utdanning

14 265,7

15 176,2

6,4*

Forsking

1 628,5

1 893,0

16,2

Utdanningsfinansiering

7 330,9

6 766,2

-7,7*

Den norske kyrkje

846,5

890,8

5,2

Sum før lånetransaksjonar

30 334,2

31 488,9

3,8

Lånetransaksjonar

6 366,2

6 786,2

6,6

Sum Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet

36 700,4

38 275,1

4,3

*Kapittelet som omhandlar studentbustader og studentbarnehagar er frå 2000 overført frå Utdanningsfinansiering til Høgre utdanning. Korrigert for denne og andre tekniske endringar blir den prosentvise endringa innan høgre utdanning på 4 prosent og på utdanningsfinansiering -3,8 prosent.

Regjeringa satsar på forsking

Dei samla forskingsløyvingane vil etter Regjeringa sitt framlegg utgjere 9,8 milliardar kroner, ein auke på 7,1 prosent eller vel 650 millionar kroner i forhold til vedtatt budsjett for 1999. Forskinga aukar mest over budsjetta til Olje- og energidepartementet, Fiskeridepartementet, KUF og Nærings- og handelsdepartementet.

Regjeringa sitt mål for forskingsinnsatsen er at Noreg i løpet av fem år skal kome på linje med gjennomsnittet i OECD-landa målt som del av bruttonasjonalprodukt, BNP. Ei hovudprioritering ved bruk av offentlege midlar i åra framover er styrking av den langsiktige og grunnleggjande forskinga. I tillegg vil Regjeringa prioritere å auke forskingsinnsatsen på fire område:

  • marin forsking
  • informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT)
  • medisinsk og helsefagleg forsking
  • forsking i skjeringsfeltet mellom energi og miljø

Fondet for forsking og nyskaping

Fondet for forsking og nyskaping blei oppretta i juli i år med ein fondskapital på

3 milliardar kroner. Avkastninga er 90 millionar kroner, og årsverknaden er på 180 millonar kroner. Regjeringa vil i dei årlege statsbudsjetta vurdere storleiken på forskingsfondet i lys av St. meld. nr. 39 (1998-99) "Forskning ved et tidsskille”, og tek sikte på å styrkje fondet med 1 milliard kroner i løpet av 2000.

Andre departements forskingsinnsats

Det er særleg dei områda som vart prioritert i forskingsmeldinga som får auka løyvingar i budsjettframlegget for 2000. Mellom tiltaka er: framlegg om startløyving på 50 millionar kroner til å byggje eit nytt havforskingsfartøy, styrking av forsking i skjeringsfeltet mellom energi og miljø over budsjetta til Olje- og energidepartementet og Miljøverndepartementet, auke i løyvingane til næringsforsking og særleg IKT-forsking over Nærings- og handelsdepartementet sitt budsjett og auka løyvingar til Telemedisinsk senter i Tromsø. Regjeringa gjer óg framlegg om å føre vidare løyvinga på 100 millionar kroner til prosjektretta teknologiutvikling i oljeverksemda.

Forsking på KUFs budsjett

Løyvingane til forsking over KUF sitt budsjett vil samla auke med om lag 8,5 prosent, til nærare 4,8 milliardar kroner. Auken vil m.a. omfatte:

  • avkastning frå Fondet for forsking og nyskaping
  • etablering av eit senter for framifrå forsking på Fornebu
  • utstyr til realfagbygget ved NTNU
  • auka kontingentutgifter - deltakinga i forskingssamarbeidet med EU

Auken vil såleis særleg kome den langsiktige, grunnleggjande forskinga og det internasjonale samarbeidet til gode.

Regjeringa gjer framlegg om å løyve 45 millionar kroner til eit senter for framifrå forsking på Fornebu, av desse er 30 millionar på KUF sitt budsjett. Sentret vil medverke til ei styrking av forsking innafor informasjons- og kommunikasjonsteknologi og vil samstundes fremje forsking av høg kvalitet.

I budsjettframlegget er utstyrsløyvinga til realfagbygget ved Noregs teknisk-

naturvitskaplege universitet (NTNU) auka med 126,8 millionar kroner.

Fondet for forsking og nyskaping er plassert på KUF sitt budsjett. Forskingsrådet skal fordele avkastninga, og midlane skal nyttast til overordna prioriteringar innan forskinga. Dette vil skje gjennom støtte til langsiktig forsking, både generelt og innafor dei fire hovudområda som er prioritert.

Forskingssamarbeid med EU

Regjeringa ønskjer å styrkje det internasjonale forskingssamarbeidet. Noreg deltek fullt ut i forskingssamarbeidet med EU under EØS-avtalen, og norske forskingsmiljø har så langt hevda seg bra. Frå 1999 deltek Noreg i EU sitt femte rammeprogram, som er meir samfunnsorientert enn det fjerde. For 2000 er det budsjettert med ein samla kontingent på om lag 486 millionar kroner.

Om lag to tredelar av den forskinga KUF finansierer ligg inne som ein berekna del av løyvingane til høgre utdanning. I tillegg har KUF ansvar for forskingsløyvingar til Noregs forskingsråd, nokre institutt og til internasjonalt forskingssamarbeid. Desse særskilde løyvingane aukar med om lag 16 prosent i framlegget til budsjett. Auken skuldast i hovudsak avkastninga frå forskingsfondet og kontingent til EU sitt rammeprogram.

Noregs forskingsråd

For 2000 er det gjort framlegg om å løyve 612 millionar kroner til forskingsføremål i Noregs forskingsråd. Dette er ein nominell auke på 1 prosent samanlikna med året før. Løyvingane til Forskingsrådet skal i første rekkje gå til frie prosjekt og grunnforskingsprogram.

Kontaktar:

Avdelingsdirektør Grete Ek Ulland, tlf. (a) 22 24 74 62, (p) 22 50 29 37 (m) 95 72 26 73

Avdelingsdirektør Kari Balke Øiseth, tlf. (a) 22 24 74 63 (p) 67 54 38 83

Førstekonsulent Live Haaland, tlf. (a) 22 24 74 58

1,2 milliardar til vaksenopplæring

Kompetanseutvikling står sentralt i Regjeringa si satsing for 2000. Regjeringa ønskjer ei brei oppfølging av Kompetansereforma, og foreslår å løyve 180 millionar kroner ekstra til tiltak som gjeld reforma. Totalt vil det bli løyvd om lag 1,2 milliardar kroner til vaksenopplæring på KUF sitt budsjett, ein auke på 8,9 prosent.

Kompetansereforma

Det blir foreslått å løyve 50 millionar kroner til kompetanseutviklingsprogram i 2000. Dette er ei direkte oppfølging av signal Regjeringa gav i samband med inntektsoppgjeret i 1999 om å løyve 400 millionar kroner for å delfinansiere kompetanseutviklingsprogram. Tidsaspektet skal vere 2-3 år og eit føremål med programma er å utvikle marknaden for etter- og vidareutdanning. Styring og organisering av desse programma skal gjennomførast i tett samarbeid mellom partane i arbeidslivet og styresmaktene.

Regjeringa foreslår å løyve 90 millionar kroner for å gjennomføre regelendringar i Statens lånekasse for utdanning, m.a. for å gjere utdanning meir tilgjengeleg for vaksne. Regelendringane inneber heving av inntektsgrensa frå 3550 til 5000 kroner i månaden, utan at stipendet frå Lånekassen blir redusert. Endringane inneber også at forsørgjartillegget mot ektefelle/sambuar si inntekt ikkje lenger skal behovsprøvast. Samstundes vil forsørgjartillegget for ektefelle falle bort. Endringane vil medføre betre utdanningsfinansiering for store grupper studentar.

Det blir foreslått å løyve 10 millionar kroner til å utvikle undervisningsmodellar i vidaregåande opplæring som er tilpassa vaksne sine behov og livssituasjon. Det blir vidare foreslått å løyve 10 millionar kroner til å auke det statlege tilskotet til kurs innan vidaregåande opplæring i regi av studieforbund og fjernundervisningsinstitusjonar, auke løyvinga med 10 millionar kroner til å vidareutvikle eit system for dokumentasjon av realkompetanse og løyve 10 millionar kroner til å kartleggje og setje i gang grunnskuleopplæring for vaksne. I statsbudsjettet for neste år er det lagt opp til at Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) kan styrkje innsatsen retta mot kompetanseutviklingsprogram.

(Om vaksne sin rett til vidaregåande opplæring, Ny sjanse, sjå side 6)

Kontaktar:

Avdelingsdirektør Olav Vaagland, tlf. (a) 22 24 76 62 (p) 22 06 17 68 (m) 95 05 16 00)

Avdelingsdirektør Aud Inger Andersen, (a) 22 24 74 28 (p) 66 99 10 84 (m) 90 84 69 28

Avdelingsdirektør Dag Johnsen, tlf. (a) 22 24 74 31 (p) 22 46 02 86

2,1 milliardar til grunnskulen

Det blir foreslått å løyve om lag 2,1 milliardar kroner til grunnskulen, ein auke på 9,4 prosent i høve til 1999. Regjeringa vil løyve 225 millionar kroner til ein tiltakspakke for skulen, i første omgang hovudsakleg til ungdomstrinnet. Dette er ein del av ei fireårig satsing på til saman 900 millionar kroner. Dessutan blir det foreslått å løyve 14 millionar kroner til forsøk med ei anna fordeling av timeressursar knytt til klassen.

Som ein del av tiltakspakken foreslår Regjeringa å styrke bruken av IKT i utdanninga med 150 millionar kroner. 105 millionar kroner omfattar styrkingstiltak i skulen, men går over andre kapittel i budsjettet. Dette gjeld einskildtiltak innan IKT (75 mill. kr) og til auka satsing på IKT i lærarutdanninga (30 mill. kr).

I tiltakspakken ligg ei auka satsing på kompetanseutvikling for lærarar, m.a. i bruk av IKT (45 mill. kr) og utprøving av permisjons- og hospiteringsordningar for lærarar (50 mill. kr). Vidare blir det foreslått som ein del av tiltakspakken å utvikle lærarrolla ved m.a. bruk av andre yrkesgrupper i skulen (25 mill. kr).

Det blir foreslått å føre vidare 72 millionar kroner til generell kompetanseutvikling i grunnskulen, slik at dette feltet til saman blir meir enn dobla frå 1999. Regjeringa går og inn for vidareføring av satsinga på entreprenørskap i opplæring og utdanning.

Det er dessutan eit ønskje om å leggje til rette for aktiv bruk av skulane i distrikta som eit utgangspunkt for å vitalisere lokalsamfunn. I samband med dette har Regjeringa sett i gang prosjektet PILOT, eit treårig utviklingsprosjekt for grunnskulen og vidaregåande opplæring der bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi i det pedagogiske arbeidet er sentralt. SAMTAK, eit treårig kompetanseutviklingsprosjekt for PP-tenesta og skuleleiarar er også eit sentralt tiltak som blir sett i verk i 2000.

Reform 97

I skuleåret 1999-2000 er dei nye læreplanane (L97 og L97 Samisk) innført for alle trinn i grunnskulen. I samband med Reform 97 blir det gitt statlege tilskot over KUF sitt budsjett til investeringar, kompensasjon for mellombelse lokale, kompetanseutvikling og skulefritidsplassar. I år 2000 vil det særskilt bli lagt vekt på ei god gjennomføring av reforma også på ungdomstrinnet

Kontaktar:

Ekspedisjonssjef Hanna Marit Jahr, tlf. (a) 22 24 75 00, (p) 66 80 15 31

Avdelingsdirektør Tove Brekke, tlf. (a) 22 24 75 12, (p) 66 99 32 65

1,1 milliardar til vidaregåande opplæring

Det blir foreslått å løyve om lag 1,1 milliardar kroner til vidaregåande opplæring over KUF sitt budsjett. Dette er det same som for inneverande år.

Nye grunnkurs

Det blir foreslått å løyve 30 millionar kroner til fylkeskommunane for å etablere to nye grunnkurs innan vidaregåande opplæring: eit grunnkurs Merkantile fag og eit grunnkurs Media- og kommunikasjonsfag. Tilskotet går til teknisk undervisningsutstyr og til tilpassing av lokale.

Rett for vaksne til vidaregåande opplæring – Ny sjanse

Regjeringa vil foreslå å innføre ein rett for vaksne som ønskjer å ta vidaregåande opplæring og som ikkje har fullført slik opplæring tidlegare. Opplæringa skal vere tilpassa og tilrettelagt. Det skal også takast omsyn til i kva grad fylkeskommunane kan oppfylle retten i periodar med aukande søking. Saka vil bli presentert for Stortinget våren 2000.

Differensiering og tilrettelegging

Utfordringane i vidaregåande opplæring er no i hovudsak knytt til utvikling av innhaldet i og tilrettelegging av opplæringa. Regjeringa har derfor tatt initiativ til eit treårig nasjonalt utviklingsprosjekt, prosjektet ”Differensiering og tilrettelegging” i samarbeid med alle fylkeskommunar og vidaregåande skolar. Prosjektet skal gjere sitt til at opplæringa i større grad blir tilpassa behov elevane har.

Det blir foreslått å innføre eigendelar for tryggleiksopplæring for fiskarar. Det blir óg foreslått å avvikle ordninga med tilskot til vaksne lærlingar som må reise bort frå lærestaden for å ta delar av teoriopplæringa.

Tilskotet til lærebedrifter er gått igjennom og forenkla. Det same gjeld tilskotet til ekstra språkopplæring for språklege minoritetar.

Kontaktar:

Ekspedisjonssjef Ole Briseid tlf. (a) 22 24 76 00 (p) 31 28 25 21

Avdelingsdirektør Jan Ellertsen tlf. (a) 22 24 75 30 (p) 67 12 13 93

15,2 milliardar kroner til høgre utdanning

Det blir i budsjettet for KUF foreslått å løyve om lag 15,2 milliardar kroner til høgre utdanning. Dette er ein auke på om lag 4 prosent i høve til inneverande års budsjett når det er korrigert for tekniske endringar.

Studieplassar

Regjeringa prioriterer å halde oppe opptakskapasiteten på prioriterte utdanningar, som informasjonsteknologi-, lærar- og helse- og sosialfaglege utdanningar. Det blir forslått å opprette 760 nye studieplassar. I tillegg er institusjonane pålagde å omdisponere om lag 300 studieplassar til desse utdanningane.

Samstundes er talet på studieplassar i budsjettforslaget redusert med nærare 2 500.

Dette gir ein netto reduksjon på om lag 1750 studieplassar. Forslaget kjem som ein følgje av reduksjon i søkinga til høgre utdanning. Økonomisk er det ein netto auke når det gjeld studieplassar på 40 millionar kroner.

Sjølv om talet på studieplassar blir redusert, vil dei institusjonane det gjeld berre få eit budsjettkutt på 50 prosent av ressursane som er knytt til nedlagde studieplassar. Det blir lagt vekt på å halde oppe eit høgt aktivitetsnivå ved institusjonane i distrikta.

Fornebu

Regjeringa foreslår å løyve 45 millionar kroner for å eit senter for framifrå forsking innafor informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Dette tiltaket vil samfinansierast av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet (30 millionar kroner), Nærings- og handelsdepartementet (10 millionar kroner) og Samferdsledepartementet (5 millionar kroner). Det blir vidare foreslått å løyve 15 millionar kroner til «Bedriftsuniversitetet» knytt til Fornebu, eit tilbod om bedriftsretta etter- og vidareutdanning, eit samarbeidsprosjekt mellom Universitetet i Oslo, NTNU og SINTEF.

Andre saker

Størstedelen av den forskinga KUF finansierer ligg inne som ein del av løyvingane til høgre utdanning. Budsjetthandteringa av studieplasskutt legg til rette for å gjennomføre planmessig omstilling, og dermed skjerme forsking og studiekvalitet ved institusjonane. Dette vil vere eit bidrag til at universitet og høgskolar får betre høve til å ivareta forskinga.

Utstyrsløyvinga til realfagbygget ved NTNU er auka med 126,8 mill kroner.

Regjeringa foreslår også at det blir etablert medisinutdanning ved Sentralsjukehuset i Akershus, med eit årleg opptak av 30 studentar. Samstundes er det foreslått å redusere kjøp av studieplassar i medisin i utlandet med eit tilsvarande tal studieplassar.

Det blir foreslått å løyve om lag 82,5 millionar kroner til studentbustader. Etter omlegging av tilskotssystemet der 60 prosent av førehandsgodkjende kostnadene blir dekka, vil dette gi rom for om lag 450 nye studentbustadeiningar i 2000.

Kontaktar:

Avdelingsdirektør Johan Raaum tlf. (a) 22 24 77 02 (p) 22 50 23 26

Avdelingsdirektør Arne Benjaminsen tlf. (a) 22 24 77 31 (p) 22 15 14 50

Rådgivar Knut Sletta tlf. (a) 22 24 77 19 (p) 61 32 50 91

Utdanningsfinansiering

Det er foreslått å løyve om lag 6,8 milliardar kroner til utdanningsfinansiering, ikkje medrekna lånetransaksjonar. Vel 4,9 milliardar av desse midlane er foreslått nytta til stipend.

Forslag til utdanningsfinansiering som ikkje er nemnt under Kompetansereforma:

  • Styrking av Statens lånekasse knytt til administrasjon av fastrenteordninga og tilbakebetaling
  • Betre service og tilgang for kundane i Statens lånekasse
  • Stipenddelen blir halden oppe på 30 prosent

Kontakt:

Avdelingsdirektør Aud Inger Andersen, (a) 22 24 74 28 (p) 66 99 10 84 (m) 90 84 69 28

891 millionar til kyrkja

Framlegget til løyvingar til Den norske kyrkja er på 891 millionar kroner. Dette er ein auke på 5,2 prosent i høve til vedtatt budsjett for 1999. Størst auke er det i løyvingane til presteskapet og Den norske Sjømannsmisjon.

Her er hovudpunkta i framlegget til kyrkjebudsjett:

  • Driftsløyvinga til presteskapet er reelt auka med om lag 6 millionar kroner, noko som m.a. vil betre rammevilkåra for vikartenester.
  • Det vil bli oppretta ei ny stilling som studentprest i Stavanger.
  • Det er budsjettert med ei ny stilling ved Agder, Bjørgvin og Nidaros bispedømeråd, og ei ny stilling for samisk språkkonsulent ved Kyrkjerådet. Driftsløyvingane til Kyrkjerådet og bispedømmeråda er ført vidare på om lag same nivå som i 1999.
  • Tilskottet til Den norske Sjømannsmisjon er ført opp med 37,5 mill. kroner, ein auke på nær 30 prosent i høve til 1999, og er i tråd med vedtaket i Stortinget frå 1997
  • Tilskottet frå Opplysningsvesenets fond til felleskyrkjelege tiltak aukar med 25 prosent, og vert for 2000 ført opp med 25 millionar kroner.

Kontaktar:

Ekspedisjonssjef Ole Hermann Fisknes, tlf. (a) 22 24 79 00, (p) 22 22 32 58

Underdirektør Jørn Hagen, tlf. (a) 22 24 79 10, (p) 66 80 61 60

Lagt inn 4. oktober 1999 av Statens forvaltningsteneste, ODIN-redaksjonen