Historisk arkiv

Utdanningspolitisk utgreiing og ”Rikets tilstand”

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 035-99
Dato: 4. mai

Utdanningspolitisk utgreiing og ”Rikets tilstand”

-Vi må ansvarleggjere elevane og arbeide for eit aktivt og forpliktande samarbeid mellom skole og heim når det gjeld negativ åtferd, mobbing, rusmisbruk og vald. Det er tid for meir open og utfordrande dialog om desse spørsmåla. Det vil i høg grad vere behov for tettare kontakt med og involvering av foreldra på dei første årsstega i vidaregåande opplæring.

Dette sa kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Jon Lilletun i si utdanningspolitiske utgreiing i Stortinget 4. mai. Her tok han fram sentrale satsingsområde og skisserte dei utfordringane norsk utdanning står overfor inn i eit nytt tusenår. Han kom og inn på forholdet mellom sentrale og lokale initiativ: - Regjeringa vil arbeide for forenkling, meir fleksibilitet og redusert detaljstyring gjennom sentrale rundskriv, forskrifter etc. Det skal vere ei hovudsak på utdanningssektoren i tida framover å flytte meir av utviklingsfokus frå sentrale til lokal arenaer, sa Lilletun.

Eit anna sentralt felt for Regjeringa har vore satsinga på entreprenørskap; -Eit samfunn i endring krev evne til nytenking, omstilling og nyskaping. Vi reknar med at eit fleirtal av arbeidsplassane i framtida ikkje finst i dag. Mellom anna handlar det om å flytte tyngdepunktet frå lydnad til sjølvstende, frå passivitet til aktivitet, frå ein faginndelt skolekvardag til heilskap og frå ”å bli ferdig utdanna” til å ha endringsvilje og motivasjon for livslang læring.

Tilstandsrapportar

Statsråd Lilletun la tysdag 4. mai også fram tilstandsrapportane frå Statens utdanningskontor.

Her er nokre hovudpunkt frå rapportane:

Grunnskolen (Reform 97). Utdanningskontora vurderer reformarbeidet til å vere i godt gjenge. Biletet er likevel prega av variasjon. Barnetrinnet har kome lengst, noko som m a kan forklarast med at førskolelærarane har kome inn i skolen, og at læring gjennom leik har fått ein meir sentral plass.

Tiltak mot mobbing, vold, rusmisbruk og rasisme. Det er god aktivitet i dei fleste kommunane når det gjeld tiltak mot mobbing og vald. Mange skolar tek problemet på alvor, t.d. ved å utarbeide eigne handlingsplanar mot mobbing. Når det gjeld tiltak mot rusmisbruk viser rapportane til samarbeid på tvers av etatar, temakveldar for foreldre, drama og ulike undervisningsopplegg. Tiltak mot rasisme inngår ein del stader som ein del av tiltaka mot mobbing og vald.

Entreprenørskap. Det er store variasjonar mellom kommunar og skolar når det gjeld satsing på entreprenørskap. Nokre kommunar er sjølve pådrivarar i arbeidet med å setje entreprenørskap og etablerarånd på dagsorden. Ofte blir dette kopla til utviklingsperspektivet i lokalsamfunnet, der stikkord er utvikling av arbeidsplassar og framtidig næringsliv.

Informasjons- og kommunikasjonsteknologi – IKT. Generelt har det vore ei positiv utvikling både innan grunnskolen og i vidaregåande opplæring dei siste åra. Ein stor del av kommunane og dei fleste fylkeskommunar har utarbeidd planar for IKT i utdanninga. I grunnskolen blir det likevel rapportert om problem med sjølve oppfølginga av planane. Særleg gjeld dette dei økonomiske løyvingane, som blir for låge.

Når det gjelder investeringar i IKT i grunnskolen, viser rapportane store variasjonar mellom kommunane i same fylke og mellom fylka. I vidaregåande opplæring har det under Reform 94 vore eit høgt investeringsnivå. Dette nivået har no flata ut, og i mange fylkeskommunar er budsjetta til nyinnkjøp blitt redusert.

Faget Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering (KRL)

Hovudinntrykket av rapportane frå utdanningskontora er at KRL-faget og praktiseringa av retten til delvis fritak fungerer tilfredsstillande. God informasjon til foreldre om innhald og arbeidsmåtar skaper tillit og hindrar eventuelle mistydingar. Gode informasjonstiltak og dialog er viktig for å unngå konfliktar mellom foreldre og skole når det gjeld det praktiske arbeidet med faget. Talet på klagesaker om fullt fritak har gått ned sidan 1997. Sett i samanheng med at faget er innført for tre nye årstrinn, er nedgangen merkbar. Saker om fullt fritak endar ofte opp i ein dialog med foreldra, der ein finn fram til ei løysing med delvis fritak.

Skolefritidsordninga – SFO. Ein oversikt over 14 fylke viser at det er ein nedgang på talet born i SFO på 6,3 prosent. Tilsvarande nedgang i fjor var på 4,6 prosent. Talet kan endre seg noko.

Kommunal økonomi og konsekvensar for skolane. Det er store variasjonar når det gjeld ressursar kommunane set inn på skoleområdet. Dette kan ha ulike forklaringar. Utdanningskontora er generelt uroa for at innstrammingar i kommuneøkonomien skal gå ut over skolesektoren. Mange utdanningskontor rapporterer om ein sterk politisk vilje til å halde oppe eit desentralisert skoletilbod, og dermed skjerme grendeskolar frå å bli lagde ned slik at dei blir bevarte som viktige samlingspunkt i lokalsamfunna.

Dei vaksne – kompetansereforma. Kommunane sitt arbeidet med planar for vaksenopplæring og kompetanseutvikling ser ikkje ut til å ha kome særleg lengre enn i fjor, og ei av årsakene til dette er at kommunane ventar på meir konkrete signal om kompetansereforma. Reforma blir førebudd i ulik grad og form. Eit gjennomgåande trekk er at næringslivet og næringsetat er meir aktive samarbeidspartnerar og etterspør kompetanseutvikling. Kompetanseutvikling er også meir inne i regionale utviklingsplanar. Talet på vaksne søkjarar til vidaregåande opplæring i regi av fylkeskommunane har gått ned. Dei fleste utdanningskontora meiner det er eit stort udekka behov for vidaregåande opplæring for vaksne og at dette ikkje kjem fram i statistikken. For å møte dette behovet må ein leggje til rette for fleksible og tilpassa opplæringstilbod med utgangspunkt i vaksne sin livssituasjon og gi betre høve til å få vurdert realkompetansen.

Kompetanseutvikling. Ca 95 % av kommunene rapporterer at det er gjennomført fagspesifikk etterutdanning i 1998, og at dei har planar for vidareføring av arbeidet i 1999. I tillegg deltek lærarar og skoleleiarar også i andre former for etterutdanning.

Alle tilstandsrapportar vil vere tilgjengelege på ODIN frå kl. 13.00 tysdag 4. mai på denne adressa:
linkdoc014005-990545#dochttp://odin.dep.no/kuf/publ/1999/tilstand/

Den utdanningspolitiske utgreiinga vil vere tilgjengeleg frå kl. 13.00 på denne adressa:
linkdoc014005-090041#dochttp://odin.dep.no/kuf/taler/1999/990504.html

Lagt inn 4. mai 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen