Historisk arkiv

Utdanningspolitisk utgreiing og ”rikets tilstand”

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Priv. til red.

Pressemelding

Nr. 034-99
Dato 3. mai

Utdanningspolitisk utgreiing og ”rikets tilstand”

Kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Jon Lilletun vil tysdag føremiddag halde utdanningspolitisk utgreiing i Stortinget. I samband med denne utgreiinga og at tilstandsrapportane om utdanning frå Statens utdanningskontor vert gjort offentlege, inviterer vi til pressekonferanse

tysdag 4. mai kl. 14.30 i auditoriet i R5, regjeringskvartalet, Akersgt. 59.

Rapportane gir ein status innan utdanningsfeltet på ei rekkje område. To av utdanningsdirektørane, Kåre Hoel frå Vestfold og Elen Lein frå Møre og Romsdal vil vere til stades på pressekonferansen.

Alle tilstandsrapportar vil vere tilgjengelege på ODIN frå kl. 13.00 på denne adressa:

http://odin.dep.no/kuf/publ/1999/tilstand/

Den utdanningspolitiske utgreiinga vil vere tilgjengeleg frå kl. 13.00 på denne adressa:

http://odin.dep.no/kuf/taler/1999/990504.html

PS: Stortinget vil samme dag også handsame andre utdanningspolitiske saker; Stortingsmeldinga om fastrente og eit framlegg om endring av reglane for godkjenning av høgre utdanning frå land utanfor EØS-området.

Lagt inn 3. mai 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen