Historisk arkiv

Utdeling av evalueringsprisen 1999

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 088-99
Dato: 19. oktober

Presseinvitasjon

Utdeling av evalueringsprisen 1999

Student- og lærarsamarbeid for å betre kvaliteten på undervisninga

Tid: Onsdag 20. oktober 1999 kl. 14.30
Stad: Grieghallen i Bergen

Politisk rådgjevar Knut Arild Hareide i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil på eit felles arrangement for universitet og høgskolar i Grieghallen onsdag dele ut prisen for beste studentevaluering for 1999. Føremålet med prisen er å stimulere universitet og høgskolar til å utvikle gode opplegg for at studentar og lærarar i fellesskap skal betre kvaliteten på undervisninga ved institusjonane.

Prisbeløpet er på til saman 500 000 kroner fordelt på tre prisvinnarar.

Utdelinga skjer i samband med Den 10. nasjonale nettverkskonferansen for universitets- og høgskolepedagogikk som i år blir arrangert av Program for læringsforskning ved Universitetet i Bergen 19. og 20. oktober.

Universiteta og dei vitskaplege, statlege og private høgskolane vart inviterte til å sende inn sine bidrag til konkurransen om evalueringsprisen 1999.

Ei arbeidsgruppe med representantar for studentar og tilsette ved Universiteta i Oslo og Tromsø har vurdert dei innkomne framlegga.

Vel møtt!

Lagt inn 19. oktober 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen