Historisk arkiv

Høgskolen i Agder får doktorgrad

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgjevar: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Høgskolen i Agder får rett til å tildele doktorgrad i nordisk språk og litteratur. Dette kunngjorde statsråd Lilletun då han vitja Kristiansand 18. februar..

Pressemelding

Nr.: 14-00
Dato: 18.02.00

Lilletun tildeler doktorgrad til Høgskolen i Agder

Kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Jon Lilletun gir Høgskolen i Agder rett til å tildele doktorgrad i nordisk språk og litteratur. Statsråden offentleggjorde dette då han gjesta høgskolen fredag. Torsdag tilrådde Noregsnettrådet samrøystes slik godkjenning.

- Retten til å tildele doktorgrad er ein viktig milepæl for Høgskolen i Agder. For denne regjeringa har det vore viktig å gi statlege høgskolar høve til å utvikle einskilde fagområde heilt fram til doktorgradsnivå. Høgskolen i Agder blir med dette den første statlege høgskolen med rett til å tildele doktorgrad i eit tradisjonelt universitetsfag, seier statsråd Lilletun.

Statsråd Lilletun understreka under vitjinga si på Høgskolen i Agder at doktorgradsretten bør kunne vere ein stimulans og gi inspirasjon til vidare utvikling også på andre fagområde.