Historisk arkiv

Nord-sør-kunnskap nytt valfag i vg opplæring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgjevar: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

07.03.00 KUF har utarbeidd ein læreplan i nord–sør-kunnskap – eit nytt nasjonalt valfag i vidaregåande opplæring. Det nye valfaget er eit tilbod til elevar som ønskjer å få større kunnskap om utviklings- og ressursspørsmål.

Pressemelding

Nr.: 021
Dato: 07.03.00

Nytt valfag i vidaregåande opplæring:

Nord – sør-kunnskap – om fattigdomskløfta og globale spørsmål

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har utarbeidd ein læreplan i nord – sør-kunnskap – eit nytt nasjonalt valfag i vidaregåande opplæring. Det nye valfaget er eit tilbod til elevar som ønskjer å få større kunnskap om utviklings- og ressursspørsmål.

–- Dette valfaget er eit verdifullt supplement til dei faga i vidaregåande opplæring som handlar om spørsmål knytte til utviklings-, ressurs- og verdispørsmål, seier statsråd Jon Lilletun. – Valfaget nord – sør-kunnskap er først og fremst eit tilbod til elevar som ønskjer å fordjupe seg ytterlegare i desse spørsmåla. Målet med faget er å medverke til debatt i skolen og stimulere til personleg engasjement og solidaritetsarbeid hos elevane.

Den stadig aukande fattigdomskløfta mellom rike og fattige land er eit av dei største problema verdssamfunnet står overfor. Unge generasjonar vil i aukande grad bli stilte overfor denne utfordringa. Skolen har eit særskilt ansvar når det gjeld å setje utviklingsspørsmål og global forståing i fokus.

Læreplanen i det nye valfaget har eit omfang på 75 årstimar. Faget kan veljast av elevar i alle studieretningar og på alle årstrinn. Læreplanen er inndelt i obligatoriske og valfrie emne som gir innblikk i ulike sider ved den globale makt- og ressursfordelinga i nord –sør-perspektiv. Elevar som vel faget, vil få forståing av mangfaldet og for kulturar i land og regionar i sør, om ulike utviklingstiltak og om internasjonale samarbeidsfora.