Historisk arkiv

Nytt foreldreutval for grunnskolen oppnemnt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 002
Dato: 14. januar 2000

Nytt foreldreutval for grunnskolen oppnemnt

Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG) vart i statsråd oppnemnt for perioden 1.1.2000 til 31.12 2003. Utvalet har denne samansetjinga:

Hilde Sundve Jordheim, Hordaland, leiar
Otto Kay Pettersen, Vest-Agder, nestleiar
Atta Ansari, Oslo
Knut Kristoffersen, Finnmark
Eli Vatn, Oppland
Ellen Mogård Larsen, Nordland
Lino Lubiana, Østfold
Kirsti Berg, Oslo, 1. varameldem
Kjell Arne Hagen, Akershus, 2. varamedlem

Foreldreutvalet for grunnskolen er eit sjølvstendig rådgjevande organ for departementet i saker som gjeld samarbeid mellom skole og heim. FUG skal arbeide for eit godt samarbeid mellom skole og heim og at foreldra skal få større medverknad på alle nivå i skolesystemet. Utvalet driv omfattande informasjons- og rettleiingsverksemd.

Utvalet vart oppretta i 1976.

Den nye leiaren, Hilde Sundve Jordheim, har vore medlem i FUG frå 1992, og nestleiar frå 1996. Ho er utdanna cand. mag, og har skrive ein god del av materiellet som FUG har gitt ut, m.a. Læreplanguide for foreldre og Hvordan lage sunt innemiljø i skolebygg. Ho har særskilt engasjert seg i elevane sitt fysiske og psykiske arbeidsmiljø og rettane til foreldre og elevar.

Hilde S Jordheim: Tlf 56 14 25 22, mobil 91 35 77 75

Lagt inn 14. januar 2000 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen