Historisk arkiv

Videregående opplæring: Lite fråfall blant ungdommar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgjevar: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Av om lag 154 000 ungdommar med rett til vidaregåande opplæring er det 3400 eller om lag 2% som har slutta i vidaregåande opplæring per 1. januar 2000.

Pressemelding

Nr.: 017-00
Dato: 28.02.00.

Lite fråfall blant ungdommar med rett til vidaregåande opplæring

Av om lag 154 000 ungdommar med rett til vidaregåande opplæring er det 3400 eller om lag 2% som har slutta i vidaregåande opplæring per 1. januar 2000.

Tal frå dei fylkeskommunale oppfølgingstenestene viser at 96% av ungdommane med rett til vidaregåande opplæring på dette tidspunktet anten er under utdanning eller i arbeid. Tala omfattar tre årskull med avgangselevar frå grunnskolen i 1999, i 1998 og i 1997.

Av dei 4 % som ikkje er under utdanning eller i arbeid, er fordelingane som følgjer;

  • 3622 eller om lag 2,5% er framleis under aktiv oppfølging
  • 639 eller om lag 0,4 % har takka nei til oppfølging
  • 900 eller om lag 0,5 % har det ikkje lykkast oppfølgingstenesta å få kontakt med
  • 763 eller om lag 0,5 % av dei med rett til vidaregåande opplæring gjorde andre ting, t.d. gjennomførte militærteneste, hadde svangerskapspermisjon.

Oppfølgingstenesta følgjer opp ungdom som har rett til vidaregåande opplæring, men som ikkje har søkt, teke i mot, eller har avbrote vidaregåande opplæring, og som heller ikkje er i varig arbeid.

- Det er oppløftande at berre 2% av dei tre årskulla har slutta i vidaregående opplæring så langt i skoleåret, seier kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Jon Lilletun i ein kommentar. Tala syner at dei fleste ungdommane finn seg til rette i vidaregåande opplæring. Det er også gledeleg at nesten 1/3 av ungdommane som har behov for hjelp frå oppfølgingstenesta, takkar ja til eit anna skuletilbod. Dette tilbodet er gjerne meir skreddarsydd ungdommane sine behov. Dette viser at den fylkeskommunale oppfølgingstenesta gjer ein god jobb for ungdommar som i fyrste omgang ikkje finn seg heilt til rette i vidaregåande opplæring. – Vi må ikkje gløyme å halde fast ved ambisjonane om at all ungdom skal ha eit tilvere med meiningsfull opplæring eller arbeid, seier Lilletun.