Historisk arkiv

Bakgrunn for Noregsnettet, målet for arbeidet, status, visjonar, vegen vidare.

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Statsråd Jon Lilletun

Foredrag på forskningspolitisk seminar,
Oslo Plaza 20.10.97

Tema: Bakgrunn for Noregsnettet, målet for arbeidet, status, visjonar, vegen vidare.

1. Bakgrunn

Under handsaminga av Stortingsmelding nr 40 (1990-91) slutta Stortinget seg i vedtaks form til tanken om etablering av eit Noregsnett for høgre utdanning og forsking. Sjølve omgrepet "Noregsnett" var lansert av Hernes-utvalet i NOU 1988:28 Med viten og vilje for å beskrive ideen om at institusjonane for høgre utdanning og forsking i Noreg skal verke saman som ein integrert heilskap, karakterisert av sterke einingar og tette samarbeidsliner mellom dei. Utvalet argumenterte for at ein større grad av samarbeid og arbeidsdeling mellom institusjonane ville gjere det mogleg å utnytte ressursane betre og dermed oppnå høgare kvalitet i heile systemet, og tok samstundes til orde for ei forenkling av institusjonsmønsteret i regional sektor med sikte på færre og sterkare institusjonar. Bakgrunnen for dette siste var mellom anna at det hadde vorte etablert langt fleire og mindre institusjonar i denne sektoren enn det Ottosen-komiteen hadde sett føre seg på slutten av 60-talet. Omorganiseringa, som kan seiast å utgjere det første trinnet i konkretiseringa av Noregsnettet, blei i all hovudsak fullført gjennom etableringa av dei 26 "nye" statlege høgskulane ved kgl. res. 7. mai 1993, verksam frå 1. august 1994. Eit anna viktig steg i Noregsnett-prosessen var lov om universitet og høgskular, vedteken 12. mai 1995, som for første gong ga institusjonane i nettet eit felles lovverk.

Noregsnett-tenkinga er altså basert på to grunnleggjande omgrep: samarbeid og arbeidsdeling. Samarbeid mellom institusjonane i universitets- og høgskulesektoren var det sjølvsagt også før Hernes-utvalet og Stortingsmelding nr. 40, til dømes om overgangsordningar for studentane eller gjennomføring av studietilbod. Meldinga gir mange eksempel. Men gjennom Noregsnett-arbeidet har det samarbeidet som alt fanst vorte styrkt og utvida, noko eg vil kome attende til litt seinare. Initiativet til samarbeid må sjølvsagt i hovudsak kome frå fagmiljøa sjølve. Det departementet kan gjere, er å gi retningsliner og kome med stimuleringstiltak; eit døme på det siste er dei mange nye toarstillingane som er oppretta dei siste åra, og som gjer det lettare for institusjonane å utveksle fagpersonale og dermed styrke kontaktane seg imellom.

Når det gjeld prinsippet om arbeidsdeling, ga St.meld. nr. 40 ein del konkrete signal. For det første la meldinga opp til ei funksjonell arbeidsdeling mellom institusjonane i universitetssektoren (universiteta og dei vitskaplege høgskulane) og dei regionale høgskulane, der universiteta og dei vitskaplege høgskulane skulle ha eit hovudansvar for grunnforsking og forskarutdanning, inkludert studium på hovudfagsnivå, medan dei regionale høgskulane skulle gi eit breitt tilbod av profesjonsretta utdanningar og drive FoU-arbeid "fortrinnsvis knyttet til praksisfeltet for sine fag eller til problemer som er særlig relevante for sin region". Rolla til høgskulane når det gjeld forsking vart vidare utdjupa i den forskingsmeldinga som regjeringa Brundtland la fram i 1993, utan at eg skal kome nærmare inn på det her. Som de veit er det spesielle ansvaret til universiteta og dei vitskaplege høgskulane for grunnforsking og forskarutdanning gjenteke i lov om universitet og høgskular § 2.6.

For det andre kommenterte Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i St.meld. nr. 40 den nasjonale arbeidsdelinga på utvalde fagområde, som sivilingeniør- og siviløkonomutdanning. Ein foreslo òg å opprette ei film- og fjernsynsutdanning på Lillehammer etter OL i 1994, noko Stortinget slutta seg til. Denne utdanninga er no i gang.

Så langt har eg snakka om rammene for Noregsnettet, prinsippa som er slått fast i stortingsmeldingar og lov og den nye institusjonsstrukturen som kom på plass med verknad frå 1. august 1994. Men er Noregsnettet ein realitet? Kva har eigentleg skjedd, og kvar står vi i dag? Eg veit at mange er skeptiske, og seinare i dag får vi høyre kva representantar for institusjonane, og også næringslivet, har å seie. Eg har følgd utviklinga frå Stortinget, men sidan eg står her i dag som statsråd, er det også mi oppgåve å seie litt om det arbeidet departementet har gjort så langt for å sette Noregsnett-tanken ut i livet. På dette punktet skjønner sikkert alle at eg har fått litt hjelp.

2. Arbeidet med Noregsnettet i Kyrkje- utdannings- og forskingsdepartementet og ved institusjonane

Eit hovudpoeng med Noregsnettet er at ein skal sjå på alle institusjonane samla, ikkje universiteta for seg og høgskulane for seg, noko også den nye lova illustrerer. Mykje av arbeidet i departementet så langt har likevel retta seg mot høgskulesektoren. Hovudgrunnen er sjølvsagt at det her faktisk er etablert nye institusjonar, som så å seie har mått finne sin eigen identitet samstundes som dei har skulla meisle ut ei rolle for seg sjølve i det nasjonale nettverket for høgre utdanning og forsking. Dette er sjølvsagt to sider av same sak, men like klart er det at universiteta og dei vitskaplege høgskulane, som etablerte institusjonar med til dels lange tradisjonar, ikkje har hatt det same identitetsproblemet.

Våren 1994 la dei dåverande regionale høgskulestyra, på oppdrag frå departementet, fram forslag til fagprofil for kvar av dei 26 høgskulane som skulle etablerast. Det var gjort klart at framlegga skulle ta utgangspunkt i det samla eksisterande studietilbodet ved institusjonane som skulle gå inn i kvar av dei nye høgskulane, og ved sidan av fagportefølje skulle dei seie noko om kva høgskulane kom til å vere gode på og kva fagområde dei ville satse spesielt på å utvikle vidare. Departementet svarte på desse framlegga i eit 15-siders brev den 23. juni 1995, eit brev som er kjent under mange namn (eg veit likevel ikkje om det kan kallast eit "kjært barn"), men som eg her for å gjere det enkelt vil kalle Noregsnettbrevet. Brevet ga ei rekkje avklaringar med omsyn til sentrale omgrep, retningsliner for arbeidet vidare osb., men det som fekk størst merksemd var utvilsamt at dei fleste høgskulane fekk såkalla knutepunktfunksjon på eitt eller fleire fagområde, dvs. eit spesielt ansvar for å gi studietilbod på området og ivareta og utvikle det vidare, og dessutan, og dette er ikkje minst viktig, for det faglege samarbeidet med andre relevante miljø både i universitets- og høgskulesektoren.

Knutepunktfunksjonane synleggjer eit prinsipp som er fastslått av Stortinget både i Innst. S. nr. 230 i 1991 og i lova, nemleg at fagleg tyngd, kvalitet og kompetanse skal vere avgjerande for fordelinga av oppgåver og ansvar i Noregsnettet, og at også dei statlege høgskulane dermed kan ha nasjonale oppgåver på område der dei er sterke.(1) Eit anna døme på dette er at ein god del høgskular har eigne hovudfag, der dei altså sjølve har eksamensretten, og at det med jamne mellomrom blir godkjent nye hovudfag i høgskulesektoren, seinast eit tverrfagleg hovudfag i kulturstudiar ved Høgskulen i Telemark, som enno ikkje har kome i gang.

Vidare er knutepunktfunksjonane eit styringsinstrument for dei sentrale styresmaktene. Dei legg føringar for den interne prioriteringa av ressursar ved institusjonane, og seier i tillegg kvar det skal satsast, slik at ikkje alle sit på kvar si tue og freistar bli gode på det same. Hernes-utvalet åtvara mot å smørje ressursane, ikkje minst dei faglege, for tynt utover, og departementet set denne tankegangen ut i praksis, med velsigning frå Stortinget og så vidt eg har kunna registrere, altså når det gjeld prinsippet, også frå institusjonane.

Det institusjonane derimot har klaga over, er at knutepunktansvaret ikkje også har vore følgt av ekstra midlar. Her kan det faktisk førast argument i marka både for og imot, men eg ber om forståing for at eg ikkje vil gå inn i ein slik diskusjon her i dag; som det vil framgå av det eg straks skal seie om vegen vidare, reknar eg med å vende tilbake til heile knutepunktproblematikken i større breidd og djupn ganske snart. Lat meg likevel nemne at dei knutepunktfunksjonane som er delte ut så langt, i mange tilfelle har vore følgt opp med nye toppstillingar, det vil seie heimlar utan ekstra ressursar, men også med ein del stipendiatstillingar, med midlar. Eg er viss på at det er fleire enn eg som har merka seg at det er foreslått 23 nye stipendiatstillingar direkte til høgskulane i budsjettet som vart lagt fram sist veke.

Som eit skritt vidare i prosessen med å avklare ei grunnleggjande rollefordeling i høgskulesektoren blei det rundt årsskiftet 1995/96 sett ned fire utval som fekk i oppgåve å sjå nærare på framtidig fagprofil og arbeidsdeling innafor nokre sentrale utdanningar: helse- og sosialfagleg utdanning, ingeniørutdanning, lærarutdanning og økonomisk/administrativ utdanning. Resultatet av arbeidet låg føre i oktober i fjor, og sidan har det vore ei omfattande høyringsrunde. Eg veit at embetsverket i departementet har kome langt i handsaminga av dette materialet, og har derfor håp om at ei tilbakemelding frå mi side kan kome nokolunde raskt. Målet må vere å få til eit samspel til beste for alle partar der institusjonane har ulike, men like viktige roller. Desse rollene vil sjølvsagt ikkje vere statiske, men endre seg over tid; det det er snakk om er å få på plass det rammeverket som institusjonane skal operere innanfor.

Kva så med universiteta? I brevet der departementet ba om fagprofilframlegg for dei nye høgskulane (datert 10.08.93), blei universiteta berre bedne om å leggje opp det vidare planleggingsarbeidet slik dei sjølve fann det formålstenleg. Men i eit nytt, seinare brev ba departementet også dei om å gjere framlegg om ei viss arbeidsdeling og spesialisering seg imellom, med ein uttrykkeleg føresetnad om at universiteta per definisjon vil vere breispektra institusjonar og at Noregsnett-tanken ikkje inneber noka endring i dette. Departementet har ikkje gitt noko skriftleg svar på fagprofilframlegga frå universiteta, men eg veit at forgjengaren min ga nokre signal på eit representantskapsmøte i Det norske universitetsråd i mai i år. Mellom anna såg han det som lite aktuelt å gi universiteta knutepunktfunksjonar for enkeltfag på same måte som høgskulane; talet på knutepunktfunksjonar kunne då fort bli svært høgt, og verdien av dei tilsvarande utvatna. For eigen del ser eg føre meg at eg vil gi ei tilbakemelding til universiteta samstundes med den nye runden som det no ligg an til med høgskulane, og dermed sjå begge institusjonstypane i samanheng slik tanken med Noregsnettet jo er.

Noregsnettet kan berre bli til i samspel mellom institusjonane og styresmaktene. Departement og Storting trekkjer opp rammene, men universiteta og høgskulane sjølve må fylle dei med fagleg innhald. Her har det vore gjort eit stort arbeid, dels i samband med dei prosessane eg nett har beskrive, men også, og ikkje minst, som del av den ordinære, daglege faglege verksemda. Dette veit mange her meir om enn meg, og eg skal ikkje seie så mykje om det, anna enn at eg trur det har skjedd mange endringar som resultat av Noregsnett-arbeidet som kanskje ikkje er så synlege, i alle høve ikkje i forhold til høgskulereforma, ny lov eller utdeling av knutepunktfunksjonar. Eg starta med å peike på to nøkkelord for utvikling av Noregsnettet: samarbeid og arbeidsdeling. Som eg òg sa, har institusjonane alltid samarbeidd, men eg har eit klart inntrykk av at dette samarbeidet har blitt kraftig utvida og styrkt på 1990-talet. Ikkje minst gjeld dette samarbeidet over dei tidlegare sektorgrensene, det vil seie mellom universitet og vitskaplege høgskular på den eine sida og dei statlege høgskulane på den andre. Det er skipa ulike typar nettverk på regionalt og nasjonalt nivå, det er gjort ei rekkje avtalar om t.d. samarbeid om studietilbod eller om tilgjenge til doktorgradsprogram ved universitet og vitskaplege høgskular for tilsette ved dei statlege høgskulane, og ikkje minst er det arbeidd systematisk for å få i stand gode og oversiktlege ordningar for overgang frå ein institusjon til ein annan, slik at ein kan realisere ambisjonen om studentflyt som ei viktig side ved Noregsnettet. Mange studentar vil ønskje å ta utdanning ved meir enn ein institusjon, det vere seg for å dra nytte av spesielle studietilbod og kompetanse som finst på dei ulike stadene, for å kunne bu heime iallfall ei stund eller kanskje fordi dei har lyst til å bli kjende med andre delar av landet. Studentane vil dessutan alltid føre med seg noko nytt til den institusjonen dei kjem til. Derfor er det viktig med mest mogleg "fri flyt" av studentar, og sjølv om det sikkert står att ein del, trur eg det er rett å seie at det har skjedd klare framsteg.

Innspel frå institusjonane, faglege råds- og samarbeidsorgan og utval som dei som har sett på sentrale utdanningar ved dei statlege høgskulane har lagt viktige premissar og danna avgjerdsgrunnlag for Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i mange saker sidan Noregsnettarbeidet starta. Dette er ein annan effekt av den prosessen vi har vore gjennom så langt, som naturleg nok ikkje har vore direkte synleg for utanforståande, til no heller ikkje for meg. Men eg har late meg fortelje at dette materialet har vore svært verdifullt for departementet, til dømes i spørsmål om dimensjonering, fagspreiing og etablering av nye studium. Dette er ei anna side av Noregsnettet som eg gjerne vil kommentere. Mykje kan sikkert kritiserast, og eg har sjølv kritisert departementet i ganske mange saker. Prinsippet om at vi treng ein viss mon av sentral styring og overordna koordinering er eg derimot samd i. Eg vil no seie litt om kva mål Noregsnettet etter mitt skjønn skal tene, og korleis det bør fungere.

3. Kva skal vi med Noregsnettet, og kva skal det vere?

Institusjonane for høgre utdanning i Noreg står overfor store utfordringar i åra framover, og mange av utfordringane går att i andre vestlege land. På engelsk har ein til og med laga eit nyord, "massification", og ei stor utfordring er sjølvsagt korleis ein skal handsama studenteksplosjonen og samstundes halde oppe kvaliteten i utdanning og forsking. Sjølv i dei rikaste landa, som Noreg, er det grenser for kva som kan setjast inn av ressursar, sjølv om eg vil understreke at eg seier dette på generelt grunnlag og ikkje som noka slags programerklæring. Poenget er at spesielt no når heile systemet er under press, er det om å gjere å utnytte dei samla ressursane best mogleg, slik at ein kan få eit utdanningstilbod som i størst mogleg grad tilfredsstiller både behova i samfunnet og ønska til utdanningssøkjarane. Om dette målet er det inga usemje mellom den førre og den nye regjeringa, og også den nye regjeringa vil bruke Noregsnettet som ein styringsreiskap for å nå det.

To viktige område for styring er dimensjonering og fagspreiing. Desse heng sjølvsagt saman; ein kan ikkje ha ein plan for t.d. kor mange sjukepleiarar som skal utdannast utan også å vite kva institusjonar dei skal utdannast ved, og kor mange det skal vere på kvar stad. Fordelinga på institusjonar vil i sin tur ha konsekvensar for ressursbruken både nasjonalt og ved dei institusjonane det gjeld. Dei siste åra har styresmaktene prioritert å auke utdanningskapasiteten på visse område, først og fremst helse- og sosialfaglege utdanningar og allmenn- og førskulelærarutdanning. Auken har i stor grad vore finansiert med ekstra løyvingar, men det har også vore naudsynt å omdisponere ressursar frå andre studium som ikkje har vore prioriterte på same måte. For å få ein betre oversikt og dermed bli betre i stand til å ta overordna grep på dette området ba Stortinget i vår, under handsaminga av proposisjonen om regulering av opptaket til universiteta, om ei eiga stortingsmelding frå departementet om dimensjonering av ulike studium innanfor høgre utdanning. Jagland-regjeringa lova ei slik melding i løpet av hausten, og dette vil eg følgje opp.

Når det gjeld fagspreiinga, vil ein vidare sjå at dette heng saman med den arbeidsdelinga som eg har vore inne på tidlegare. Når departementet vurderer søknader om etablering av nye studium, ser ein på korleis studiet passar inn i fagprofilen til institusjonen det gjeld, med andre ord i forhold til institusjonen si rolle i Noregsnettet. I dette ligg det òg at ein ser på om studiet spring ut av eit eksisterande fagmiljø eller om det må byggjast opp noko heilt nytt. Ein må unngå at eit studium blir bygd opp på for mange plassar, med små og svake fagmiljø som resultat, og der dei i tillegg kanskje må slåst om dei same lærarane. I staden må institusjonane byggje opp studietilbod og fagmiljø som kompletterer kvarandre, slik at dei blir sterke på kvar sine område og kan utnytte kvarandre sine føremoner i eit nært samarbeid.

Ei anna viktig utfordring som eg vil nemne for åra framover er etter- og vidareutdanning. Omfanget av slik utdanning er allereie ganske stort, men det er ingen tvil om at det vil skje ein kraftig, kanskje dramatisk, auke. Det er eit naturleg mål for meg som ny utdanningsminister at universitet og høgskular, som forvaltar den fremste kunnskapen i landet på svært mange område, skal spele ei sentral rolle innafor etter- og vidareutdanning. Dette vil vi kome tilbake til; poenget mitt her i dag er å peike på det potensialet som ligg i Noregsnett-tenkinga også i denne samanhengen. Institusjonane kan samarbeide, og samarbeider allereie, om utvikling og gjennomføring av studietilbod. Dei kan utveksle lærarar eller gi ulike modular eller emne av det same studiet på ulike stader, eller den same modulen på fleire stader. I tillegg kjem dei moglegheitene som ligg i moderne informasjons- og kommunikasjonsteknologi, som eg knapt treng peike på. Når det gjeld Noregsnettet ligg det òg ei føremon i at kvar institusjon kan fungere som ein innfallsport til dei samla ressursane i nettet for sin region, og peike interessentar vidare til det universitetet eller den høgskulen som har spesiell kompetanse på området det er spørsmål om. Dette får vi kanskje høyre meir om i foredraget til rektor Lisbet Ytreberg seinare i dag.

4. Sluttord

Eg ønskjer ikkje å overdrive styringsaspektet av Noregsnettet. Når eg snakka om styring av fagspreiinga, kunne eg t.d. ha nemnt at departementet sjølvsagt ikkje tek avgjerdene sine i einsemd, men spør institusjonane og samarbeidsorgana deira til råds. I sektorovergripande spørsmål vil det snart også kunne innhente råd frå det nye Noregsnettrådet. Et har alt sagt, og eg kan gjerne gjenta det, at samarbeid er ei minst like viktig side ved Noregsnettet som arbeidsdeling, og at initiativet til samarbeid først og fremst må kome frå fagmiljøa og institusjonane sjølve. Ein kan seie at Noregsnettet er ein måte å tenkje utdanning på. For å sjå at desse tankane ikkje er så sjølvsagte som dei kan synast nå, må vi mentalt gå ti år attende i tid, til ein situasjon der vi hadde eit hundretals institusjonar i regional sektor, institusjonar som var små og ofte relativt isolerte, der det ikkje fanst noka felles lov for desse regionale institusjonane eller for høgskular og universitet, og der høgskular og universitet i mange tilfelle ikkje snakka med kvarandre. Det er altså berre ti år sidan. Eg trur derfor ikkje det kan hevdast at Noregsnett-tenkinga ikkje har gitt resultat; derimot er det heilt sikkert slik at alle ikkje er like nøgde med alle resultata.

Det er også klart at utviklinga av Noregsnettet, slik Gudmund Hernes og hans menn og kvinner tenkte seg det, enno er i ein tidleg fase. Eit poeng i så måte er at eg står her på eit forskingspolitisk seminar og har snakka stort sett berre om utdanning. I utviklinga av Noregsnettet så langt har det vore fokusert mest på utdanningssida, og sjølv om utdanning og forsking heng tett saman og fordelinga av oppgåver med omsyn til utdanning sjølvsagt også får konsekvensar for forskinga, må ein kunne seie at Noregsnettet for forsking førebels er lite utvikla. Eg seier dette i fullt medvit om at det finst nasjonal koordinering på mange viktige område, det vere seg tungregning, innkjøp av vitskapleg utstyr eller anna, ofte i regi av Noregs forskingsråd. Som eg har vore inne på, er det også fastlagt ei grunnleggjande oppgåvefordeling innafor forskinga. På dette området trur eg likevel det kan gjerast mykje meir.

Eg trur vi har eit godt system for høgre utdanning og forsking i Noreg, med høg kvalitet, store menneskelege ressursar, som er kjernen i systemet, og eit stort potensial for vidare utvikling mellom anna med tanke på å møte dei utfordringane eg har vore inne på. For meg er det viktig at vi legg forholda til rette for at dette potensialet kan bli utnytta fullt ut, og i så måte trur eg Noregsnettet er eit godt overordna konsept, sjølv om sider ved det alltid kan diskuterast. Lat meg likevel seie ein ting til slutt. Fordi Noreg er eit lite land byggjer Noregsnett-tenkinga på eit grunnleggjande prinsipp om nasjonal samordning, der nasjonale omsyn og prioriteringar i regelen vil vege tyngre enn regionale og lokale. Men vi har også andre politiske prioriteringar her i landet. Eg vil derfor avslutte med å seie at det frå mi side, og for regjeringa Bondevik, er ein klar føresetnad at vi skal ha eit godt utdanningstilbod i distrikta; det er ut frå denne føresetnaden og på dette grunnlaget at vi vil utvikle Noregsnettet vidare.

(1) Jf lov om universiteter og høgskoler § 2.6: "Universitetene og de vitenskapelige høgskolene har et særlig nasjonalt ansvar for grunnforskning og forskerutdanning og for å bygge opp, drive og vedlikeholde forskningsbiblioteker og museer med vitenskapelige samlinger og publikumsutstillinger . Andre institusjoner kan tillegges et tilsvarende ansvar på sine særskilte fagområder." (uthevet her)

Lagt inn 21 oktober 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen