Historisk arkiv

Vidaregåande opplæring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Statsråd Jon Lilletun

Vidaregåande opplæring

Tale på landskonferansen for vidaregåande opplæring

31.10.97, Rica Hotel Oslofjord

Eg kan ikkje nekta for at det er med ei viss spenning eg står her og skal tala til dykk som statsråd. Eg veit at eg har teke på meg ei stor oppgåve. Frå arbeidet mitt i Stortinget, kjenner eg saksområdet som både viktig, mangfaldig - og somme tider innfløkt. Eg kjenner ei viss ærefrykt.

Dessutan har eg sjølvsagt tenkt det same som de óg har tenkt, at eg kan møta meg sjølv i døra. Kanskje ikkje berre ein, men fleire gonger. Det vert sagt at det då er viktig at ein kjenner seg sjølv att. Eg reknar med at det politiske grunnsynet eg har, er så konsistent, og samsvarar så godt med sentrumsregjeringa sin praktiske politikk, at det ikkje blir noko problem.

Men i tillegg til å vera spent, er eg òg glad for å stå her. Glad fordi eg får møta alle dykk som spelar ei så sentral rolle i arbeidet med den vidaregåande opplæringa, og glad fordi eg får møta dykk på eit så tidleg stadium av statsrådgjerninga mi. Eg har fått ein unik sjanse til å arbeida for saker som eg trur på og kjenner for. Det er viktig for meg å få presentera den politiske ståstaden min og dei verdiane eg vil byggja politikken min på. Eg ønskjer ein dialog med dykk på dette grunnlaget.

I det politiske grunnlagsdokumentet til sentrumsregjeringa - som eg går ut frå at de alle har lese ! - har utdanning og forsking ein sentral plass. Der vert det utan atterhald sagt at «Kunnskap er nøkkelen til neste årtusen.» Det seier noko om den vekta som den nye regjeringa vil leggja på utdanningspolitikk og utdanning.

Samstundes som utviklinga og bruken av kunnskapane stiller oss overfor vanskelege val, set dei oss i stand til å løysa viktige utfordringar. For dei fleste i vår del av verda vil kunnskapar og sunne holdningar vera av større verd enn materielle gode. Sentrumsregjeringa vil difor satsa enda meir på utdanning og kompetanse som ei langsiktig investering i menneske, i livskvalitet og i betre evne til å møta omstillingar og utfordringar. Auka innsats for å fremja utdanning og kompetanse er avgjerande for velferd og andre livsverdiar. I tillegg vil det vera med å betra verdiskapinga i det norske samfunnet og konkurransesituasjonen til det norske næringslivet.

Vi lever i ei open verd der nasjonsgrensene på mange måtar er mindre viktige enn tidlegare. Folk i ulike land er sosialt og praktisk komne nærare kvarandre. Difor må vi orientera oss meir mot verda kring oss og leggja større vekt på internasjonalt arbeid og solidaritet med andre. Bilateralt og multilateralt samarbeid med andre land må haldast oppe - også på utdanningsområdet. Samarbeidet gjennom FN-systemet, OECD og EØS gjev viktige impulsar til det norske samfunnet, og må utviklast vidare - til beste både for oss sjølve og for andre. Unge menneske under utdanning og opplæring må få høve til å gjera seg kjende med framande land, menneske og kulturar.

Frå arbeidet mitt i Stortinget er eg vel kjend med at fylkeskommunane og dei som arbeider der, er særs viktige aktørar i arbeidet med å virkeleggjera Reform 94. Utan heilhuga innsats frå politikarane, fylkesadministrasjonen, dei vidaregåande skulane og lærebedriftene, ville vi ikkje hatt ei ny, livskraftig vidaregåande opplæring av høg fagleg kvalitet, og som gjev høg sosial kompetanse.

Men, kjære venner, vi er ikkje i mål. Mykje arbeid ventar oss alle - både den politiske leinga, den sentrale administrasjonen, fylkeskommunane, utdanningskontora, arbeidslivet og andre samarbeidspartnarar som t.d. lærararorganisasjonane. Eg legg vekt på å etablera og utvikla ein god dialog med dei tilsette i skulen og med organisasjonane deira.

Reform 94 er eit stort byggverk. Den har gitt den vidaregåande opplæringa revidert innhald, ny struktur og større fleksibilitet slik at vi betre kan møta utfordringane frå framtida. Kort sagt: Den vidaregåande opplæringa har fått ny vitalitet ! Eit godt, framtidsretta system for formidling av verdiar, holdningar og kunnskapar er ein viktig reiskap til bruk i arbeidet med å utvikla samfunnet. Dette er ein kvalitet som vi skal ta vare på !

I Stortinget har det vore brei semje om det idegrunnlaget og dei hovudprinsippa som Reform 94 byggjer på. Samfunnsutviklinga gjer fagleg utvikling og omstilling naudsynt. Opplæringa må gje basiskunnskap og potensial for ny læring. Men den må óg gje oss kunnskap om tidlause, uforanderlege verdiar og om den kulturarven som det norske folket står saman om. I den generelle delen av læreplanen heiter det at oppfostringa skal baserast på grunnleggjande kristne og humanistiske verdiar. Planen stadfestar at likeverd, menneskerettar og rasjonalitet ligg til grunn for den kristne og humanistiske tradisjonen som gjev verdiar både til å orientera livsførselen og samfunnslivet etter. For sentrums-regjeringa er dette viktige presiseringar av hensikta med, og målet for, opplæringa. Eg vil illustrera det med eit ordtak frå ei bok eg gjerne les og siterer. Eg seier som kong Salomo: «Lær guten den vegen han skal gå, så vik han ikkje av når han vert gamal.» Det gjeld jenta òg.

Dei partia som står bak sentrumsregjeringa, har i dei fleste saker vore med i det breie fleirtalet som har stått bak Reform 94. Det gjeld både dei strukturelle og faglege løysingane som den nye vidaregåande opplæringa representerer. Det kjem derfor knapt som ei overrasking når eg seier at de berande prinsippa og grunnleggjande løysingane i reforma står fast - i alle høve til vi ser resultata av den omfattande evalueringa som er på gang. Skulle erfaringane gje oss grunnlag for det, vil vi vurdera ting på ny for å gjera den vidaregåande opplæringa enda betre. Men kursen skal vera stø !

Det bør heller ikkje komma som ei overrasking at den nye regjeringa ønskjer endringar på somme område. Vi vil t d gjera dei teoretiske faga på dei yrkesfaglege studieretningane meir praktisk retta. Sjølvsagt treng vi solid kunnskap før vi gjer viktige endringar, men samstundes må vi visa større vilje til å gjera endringar undervegs. Vi må kunna ha to tankar i hovudet på ein gong.

Aftenposten skreiv onsdag at «Lilletun vil rydde opp i Reform 94». Det var no svært. Vi står her primært framføre ei metodisk utfordring. Men den er viktig ! Teorien - både yrkesteorien og dei felles allmenne faga - må knyttast tettare saman med dei praktiske faga i det daglege læringsarbeidet. Vi vil styrka den tilpassa opplæringa. Dei som tek yrkesfag, er ikkje dummare enn andre, og vi hjelper ikkje nokon ved å gjera fagnivået lågare. Det vil vera som å hjelpa dei som ikkje kan symja, ved å la dei få mindre symjeopplæring. Men måten det skjer på, må vi gå skikkeleg inn i. Innhaldet i opplæringa må stå i rimeleg forhold til samfunnet og arbeidslivet sine krav til kunnskap og læringspotensial. Det store fleirtalet meistrar utfordringane slik dei er i dag. 90 prosent og meir av elevane på grunnkurs og vidaregåande kurs I på dei yrkesfaglege studieretningane gjer det faktisk bra i dei allmenne faga. Elevane trivst dessutan stadig betre. Men somme lærer best på andre måtar enn dei som tradisjonelt er brukte i skulen. Å tilpassa opplæringa til desse elevane sine føresetnader og behov er ei stor utfordring, og på dette området vil innsatsen verta styrkt for vi har ikkje lukkast med reforma før vi har hjelpt desse elevane.

Dessutan vil vi halda fram arbeidet med å utvikla ei ordning med delkompetanse som samsvarar med oppgåver og behov i arbeidslivet. Dette er forhold og prinsipp som vil vera viktige når ny opplæringslov skal leggjast fram.

Sentrumsregjeringa meiner m a o at Reform 94 er ei viktig reform. Mange ting fungerer bra, men den er slettes ikkje fullkommen. Det er naudsynt med kontinuerleg vurdering og utvikling. Berre slik kan vi til kvar tid vita korleis ordninga verkar i praksis, og kva for endringar som bør gjerast. Dei røynslene som vert gjorde, og dei kunnskapane som vert samla inn gjennom EVA 94, må danna grunnlag for vidare utvikling. Vidareutviklinga må såleis skje på grunnlag av systematisk evaluering og byggja på forskingsresultat og vel dokumenterte erfaringar.

Den nye regjeringa vil m a o halda fram med å utvikla den vidaregåande opplæringa etter dei hovudretningslinene som er trekte opp. Det gjeld t d innhaldsdelen som er særlig i fokus for denne konferansen, og det gjeld dei nye arbeidsformene. Skal omlegginga verta meir enn eit skal kring gamalt innhald, må vi alle ta eit krafttak for å verkeleggjera denne delen av reforma. Det gjeld ikkje minst arbeidsmåtane som føreset nye elev- og lærarroller. Nyleg var det ein internasjonal skule- og utdanningskonferanse på Beitostølen. Etter å ha gjort seg kjend med norsk vidaregåande skule, seier ein professor frå California til «Skolefokus» at forholdet mellom lærar og elev i læringsprosessen ser ut til å vera ein vanskeleg del av Reform 94. Han meiner det er vanskeleg å forstå kva ansvar for eiga læring inneber og trur det vil ta fleire år å få det til å fungera. Eg trur det er godt observert. Og er det rett, tyder det at dette er oppgåver som vi må gi høg prioritet og arbeida mykje med.

Eg reknar, som sagt, med at EVA 94 vil gje verdfullt grunnlag for vurdering og eventuelle justeringar og endringar av den nye vidaregåande opplæringa. Forskingsbasert evaluering er ein særs viktig del av kvalitetsutvikling og kvalitetssikring. Aftenposten inneheld i dag kritikk frå ein forskar som meiner at departementet ikkje har brukt den forskingsbaserte evalueringa slik føresetnadene var. Eg vil umiddelbart taka kontakt med forskarane om dette. Eg treng å bringa på det reine kva dette er, før eg bestemmer kva eg vil gjera vidare, t d om vi bør halda fram med oppfølginga også etter 1998 når det noverande prosjektet tar slutt. Men allereie no kan vi sjå nokre av dei oppgåvene og utfordringane vi vil komma til å stå framfor i tida som kjem.

Strukturreforma er i det store og heile på plass, men eg vil vurdera somme justeringar og tilpassingar. «2+2-modellen» - dvs hovudmodellen for den yrkesfaglege opplæringa - står fast. Det kan likevel vera grunn til å sjå på lærlingordninga i fag der Vk II i skule nær på er blitt hovudløysinga. Her vil eg på ny minne om det ansvaret vi har for dei unge som ikkje lukkast i skulen. Eg vil nøye tenkja gjennom dette og føreslå tiltak. Eg vil óg vurdera alternative løysingar på andre område der hovudordninga ikkje fungerer etter føresetnadene. Og: Eg vil sjå på kursstrukturen og på talet på kurs; eg vil både vurdera om vi treng fleire eller andre grunnkurs og om vi treng redusera talet på vidaregåande kurs I der det kan ha blitt for sterk spesialisering. På grunnlag av faglege vurderingar vil eg avgjera om dei kursa og dei faggrensene vi har i dag, er dei rette. I denne vurderinga vil det óg bli lagt vekt på ein fag- og kursstruktur som gjer det mogleg for fylkeskommunane å oppretta og driva klassar med rimeleg belegg på elevplassar.

For ikkje å medverka til å skapa uvisse og uro, vil eg - ut over det eg her har sagt - venta med å nemna konkrete løysingar. Endringar blir det, men kva desse vil vera, vil eg heller komma attende til når dei blir aktuelle.

Både Reform 94, og alle utdanningsreformene i sum, stiller lærarane overfor nye faglege og pedagogiske utfordringar. Tilsette i skuleverket treng oppdatering og auka kompetanse. Betre samanheng mellom nivåa krev oversyn og heilskapstenking. Vi må difor leggja til rette for etterutdanning og fagleg kompetanseheving - både for dei som underviser i skulen og dei som har ansvaret for opplæring av lærlingane i verksemdene. Dessutan må vi sjå etterutdanninga i samanheng med den nye lærarutdanninga.

Det er i dag stor skilnad mellom fylkeskommunane når det gjeld bruken av midlar frå departementet til etterutdanning. Skilnadene veks. Stortinget ønskjer å unngå slik ulikskap mellom fylkeskommunane. Det same vil eg. Dette er difor ei utvikling eg vil gjera noko med. M a finn eg det rett å stilla vilkår for tildelinga og bruken av dei pengane departementet løyver. Vi vil difor vurdera korleis midlane skal brukast og sikra at dei går til dei føremål som er påtenkte.

Eit anna forhold som den nye regjeringa vil leggja meir vekt på, er å sikra eit likeverdig tilbod om IT-opplæring. Vi må motverka ulikskapar og nye klasseskilje i folket. Den vidaregåande opplæringa har på dette området vore flinkare enn andre. Innsatsen for å få god PC-dekking i skolen vil verta trappa opp, det same gjeld kompetanseutviklinga til lærarane.

Det er fylkeskommunane sitt ansvar å tilby vidaregåande opplæring innanfor ramma av det omfanget som er fastsett. Omfanget ligg førebels fast. Omfangskravet vil bli vurdert i samband med gjennomgangen av reforma og som ein del av oppfølginga av Buer-utvalet si innstilling. Ingen fylkeskommunar bør redusera omfanget sitt. Då kjem dei lett i den situasjonen at dei snart må auka det att. Det kan bli ein smertefull prosess. Vi veit alle at det som fyrst er komme ut av budsjettet, er vanskeleg å få inn igjen.

Spørsmål om omfang og kapasitet bringar meg over til lærlingordninga. Ufortent er den i stor grad blitt eit spørsmål om kvantitet - eller for å vera meir presis: om manglande lærlingplassar. Sentrumsregjeringa ser på kombinasjonen av opplæring i skule og i lærebedrift som ei stor fagleg og pedagogisk vinning. Men kvaliteten er sjølvsagt avhengig av kvantiteten på den måten at det ikkje er nok å ha ei god ordning på papiret dersom det i praksis er mange som blir sette utanfor.

For at vi skal få eit balansert bilete av situasjonen, minner eg om at det har vore ein stor vekst i talet på læreplassar dei seinare åra, og at fagopplæringa óg er blitt ei ungdomsutdanning, og ikkje lenger i hovudsak er ei vaksenopplæring. Men vi kan ikkje slå oss til ro med at ein stor del av årskulla ikkje får den opplæringa som vi reknar som den beste. Eg veit at både dei sentrale styresmaktene, partane i arbeidslivet og ikkje minst de som er her, har nedlagt eit stort arbeid for å få dette til. De har all ære av dette arbeidet.

Og det ser betre ut neste år. Når det fyrste reformkullet går ut, blir læreplassar og opplæringskapasitet frigjort i verksemder som har røynsle frå opplæring etter nye læreplanar. Det skulle då bli vesentleg lettare å skaffe læreplassar.

Departementet har ved fleire høve samla representantar for fylkeskommunane for å drøfta kva som er gjort og kva som kan gjerast for å skaffa nok læreplassar. Ein open dialog mellom departementet og fylkeskommunane er nyttig. Likevel: Samtalar er ikkje nok. Vi må óg i fellesskap gjera meir ! Vi må utvikla betre konkrete, praktiske tiltak. Eg har tidlegare gjort framlegg om å setja ned ein hurtigarbeidande kommisjon - eller eit utval - for å vurdera tiltak for fleire læreplassar. Det vert no gjort. Eg set allereie no ned eit slikt utval. Det må ha brei representasjon. M a må bransjane og elevane tungt inn. Prestisje må ikkje hindra nokon av oss i å snu kvar stein - både ein og fleire gonger. Målet er klart: Vi må skaffa læreplass til alle som treng det. Mindre kan vi ikkje vera nøgde med. Men lat meg leggja til: De har allereie gjort ein kjempejobb. Det er verkeleg godt jobba. Men fleire tiltak må setjast i verk, og fylkeskommunane må samarbeida enda betre.

Statsråden har det øvste ansvaret for utdanningspolitikken. Det gjeld óg på område der oppgåvene er gjevne til andre styrings- og administrasjonsnivå. For å sikra at systemet fungerer etter føresetnadene, vil departementet halda fram med å halda seg orientert m a ved hjelp av tilstandsrapportar, og gje styringssignal ved hjelp av F 120-rundskrivet og på andre måtar. Det fritar sjølvsagt ikkje andre frå det ansvaret dei har. Ansvaret ligg på meg, men vi må alle arbeida saman for å nå måla.

God, aktuell kunnskap om status og utviklingstrendar er føresetnader for å kunna styra og driva utvikling. Slikt innsyn og oversyn gjer det mogleg å setja inn ekstra innsats der det trengst mest. Statistikk er ein heilt naudsynt styringsreiskap. Fylkeskom-munane sitt databaserte program, LINDA-fagopplæring, skal gje både lokale og sentrale styresmakter dei opplysningane om lærlingordninga som dei treng.

Dette dataprogrammet har til no ikkje verka etter intensjonane. LINDA fagopplæring må no verta fullt ut operativ og gje oss den løpande oversikta både fylkeskommunane og departementet treng. Det er fylkeskommunane kvar for seg og saman som må sjå til at dette skjer. Det kan ikkje aksepterast at dei sentrale styresmaktene, som sit med det overordna ansvaret, ikkje har oversikt og innsikt fordi ikkje alle fylkeskommunane rapporterer når dei vert bedne om det.

Å skaffa nok læreplassar, og få godt samsvar mellom skuletilbod og tilgangen på læreplassar, er både eit dimensjoneringsspørsmål og eit organiseringsspørsmål. For å kunna dimensjonera treng fylkeskommunane prognosar, og for å kunna fordela lærlingane mellom verksemdene på ein god måte, treng dei pålitelege, aktuelle kunnskapar om kor læreplassane finst.

For å ta det siste først: Fleire har ønskt ein lærlingbørs, dvs eit oversyn over stoda i andre fylke og høve til å kunna be om å få plassera eigne lærlingar i læreplassar som er ubrukte. Somme fylkeskommunar har både tenkt og gjort ein god del med dette. Her må vi likevel finna løysingar på brei front og trekkja alle med. Departementet vil her kunna spela ei pådrivande rolle, men eg finn det rimeleg at fylkeskommunane saman vurderer dette og freistar å finna løysingsmodellar - både i kvar einskild fylkeskommune og i eit breitt landsdekkjande samarbeid fylkeskommunane imellom. Røynsler frå eksisterande samarbeidsfora, som t d Prosjekt Nord, kan truleg vera til nytte i dette arbeidet. Kan henda kan dette arbeidet óg kombinerast med andre tiltak for å skaffa liknande oversikter, som t d i prosjektet «Bevisste utdanningsvalg». Dette er eit område der ein opplagt kan læra av kvarandre. Ein børs skaper ikkje fleire læreplassar, men gjev oss ein betre reiskap til å utnytta dei plassane som finst. Vi kan vel her seia at børsen vil bidra til katedralen.

«2+2-modelen» krev at fylkeskommunane har skikkelege måltal slik at dei til kvar tid er kjende med arbeidslivet sine behov og kor mange lærlingar dei ulike bransjane og verksemdene kan ta imot. Eg streka under dette då Stortinget i 1992 diskuterte stortingsmeldinga om «Kunnskap og kyndighet», og det er ikkje mindre aktuelt i dag. Å laga prognosar over det framtidige behovet for fagutdanna personar på ulike fagområde er ei stor og vanskeleg oppgåve. Det inneber ikkje at vi skal la vera å gjera noko, men heller at vi snarast bør komma i gang med arbeidet. Somme fylkeskommunar har allereie gjort eit godt arbeid på området saman med arbeidslivet. Dette arbeidet må vi trappa opp. Partane i arbeidslivet - og særleg arbeidsgjevarane - må her spela ei aktiv rolle. Utan deira heilhjarta medverknad kan vi ikkje få dette til. Fylkeskommunane må på si side sjå til at dei kunnskapane ein samlar på denne måten, blir lagde vekt på når opplæringstilbodet skal innrettast og dimensjonerast. Skal prognosane vera til nytte for fylkeskommunane og gje eit betre tilpassa skuletilbod, bør dei truleg vera lokale og regionale og spesifikke for kvar einskild bransje. I fyrste omgang er vi difor kanskje ikkje ute etter nasjonale oversyn. Departementet har likevel teke initiativ og spelar ei aktiv rolle i dette arbeidet.

I same stortingsdebatten understreka eg behovet for ei oppdatert rådgjevings- og rettleiingsteneste som kan gje elevane naudsynt informasjon. Det ser ikkje ut til at tida og utviklinga har gjort dette mindre aktuelt heller - korkje når det gjeld tradisjonelle eller meir utradisjonelle yrkesval. I tillegg til å halda fram med prosjektet «Bevisste yrkesvalg» vil departementet saman med fylkeskommunane og arbeidslivet sjå nærare på kva som kan gjerast for å gje dei unge betre informasjon om fag og framtidsutsikter før dei vel opplæring og yrke. Ansvaret for at jobben vert gjort og for at resultatet vert godt, ligg på fylkeskommunane. Mange har vore kreative. Eg viser t d til det som er gjort i Agder. Vi må satsa sterkt på dette området.

Som ledd i arbeidet med læreplassane har Stortinget bede departementet greia ut vilkåra for eit lærlingfond. Mange - både prinsipielle og praktiske - forhold må bli avklarte, men i budsjettframlegget er det gjeve klarsignal slik at vi snarast kan taka til med arbeidet. Eg vil difor så raskt råd er setja i gang arbeidet.

Kommande sommar går det fyrste reformkullet ut etter fullført opplæring i skule og lærebedrift. Då skal om lag 9.500 reformlærlingar og 7.000 andre ta fagprøve. I tillegg kjem omlag 2.000 som avsluttar fagopplæring med alternativt vidaregåande kurs II i skule. Meir enn 18.000 fagprøver ! Det blir ein prøvestein. Korleis kan ein få avvikla så mange prøver utan at det går ut over kvaliteten ?

Vi må kvalitetssikra lærlingvurderinga i alle ledd. Departementet har difor bede fylkeskommunane laga plan med milepælar for korleis dei skal organisera og avvikla fag- og sveinneprøvene, og korleis dei vil skolera prøvenemndene. Fylkeskommunane vil bli inviterte til konferanse for å drøfta den utfordringa dei står overfor, og kva for løysingar dei bør velja for å få tilstrekkeleg kapasitet og høg kvalitet på lærlingvurderinga. Dette hastar. Vi har ikkje meir enn tida og vegen.

Mange ting er no altså på plass, men somt gjenstår. No må vi leggja meir arbeid i å utvikla og sikra kvaliteten på opplæringa - både i skulen og i lærebedriftene Og vi må sjå på om opplæringa på alternative vidaregåande kurs II som eg ser betydelege svakheiter ved. Her vil vi m a måtta vurdera omfanget og kvaliteten på utplasseringa i bedrift for å sjå om den har eit innhald og ei form som samsvarar med krava i læreplanane. Eit stort problem for fylkeskommunane er at dei for seint får oversikt over kor mange alternative Vk II-klassar som trengst. Dei får difor ikkje planlagt godt nok. Dette må det sjåast nærare på.

For ikkje å bli mistydd vil eg streka under at fagopplæring i lærebedrift er det overordna målet. Utplasseringa av elevar på alternative vidaregåande kurs II må ikkje stengja for oppretting av læreplassar ! Vi må alle heile tida arbeida med sikte på at alle som treng det, skal få læreplass. Vi har sett inn 250 ekstra millionar til dette formålet. Det skal setja fleire verksemder i stand til å ta inn lærlingar. Kunne pengane vore brukte annleis - og betre ? Eg er svært interessert i innspel frå dykk om dette. Eg veit at de har gjort mykje for å få dette til. Likevel ber eg dykk vurdera om de kan gjera enda meir. Vi veit at det berre er ein ting som gjev resultat: Arbeid og atter arbeid.

Formålet med det omfattande evalueringsprogrammet EVA 94 er ikkje primært kontroll, men å sikra kvaliteten på opplærings-systemet og på opplæringa. Sluttrapporten frå denne evalueringa ligg føre hausten 1998. Våren 1999 legg vi fram ei melding for Stortinget. Når sluttrapporten føreligg, har berre eit kull gjennomgått full fagopplæring etter «2+2-modellen». Eit halvt års prosjekttid er kort tid til å evaluera desse resultata. EVA 94 vil såleis gje oss få opplysningar om visse tilhøve - t d om lærlingordninga og samisk opplæring. Det vil difor bli vurdert om ein del av evalueringsarbeidet bør halda fram når prosjektet er ferdig ved utløpet av 1998. Men eg vil, som eg sa, retta på ein del ting alt no. Eg er difor interessert i å få tilbakemeldingar - ikkje ei mengd forslag om alle slags forhold, men om forbetringar på aktuelle område.

Eg vil ikkje seia mykje om opplæringsboka. Næringslivet gjekk inn i reformarbeidet på visse føresetnader. Desse føresetnadene må sjølvsagt haldast. Eg vil dessutan sjølvsagt følgja opp Stortinget sitt vedtak.

Eg registerer med glede at Lærarforbundet ønskjer ein dialog med KUF, og kan fortelja at eg alt har teke initiativ til ein dialog og vidare samtalar - både med Lærarforbundet og andre involverte partar som t d elevorganisasjonane og partane i arbeidslivet. Eg finn det viktig å skapa vi-kjensle kring «opplæringsboka» som eg ser på som eit verktøy for betre kvalitet. Saman skal vi difor sjå på kva vi skal gjera vidare med kvalitetssikring for yrkesfaga, elevsamtalar og rett og plikt. Eg håper at tida for krig no er over, og at vi skal få til ein «osloavtale» på dette området. Eg plar seia at ein ikkje kan hoppa over eit juv i to korte sprang.

Etter- og vidareutdanningsreforma er det neste store utdanningsløftet som vi skal ta fatt på. På 90-talet har samfunnet gjort store investeringar i kunnskap og kompetanse. Vaksne må óg få del i denne satsinga. Eit ekspansivt arbeidsliv med løpande behov for oppbygging og ajourføring av kompetanse kan ikkje venta på nyutdanna fagfolk, men må supplera ved å etterutdanna dei som allereie er i arbeidslivet. Det er ikkje berre eit spørsmål om å møta samfunnet sitt behov, men óg om å gje vaksne ein rettferdig del av dei ressursane som samfunnet brukar til utdanning og opplæring. Somme har kalla dette rettferd på etterskot. Det er ikkje noko dårleg uttrykk. Fylkeskommunane må planleggja innsatsen sin her ut frå dette overordna perspektivet. Eg inviterer med dette lærarorganisasjonane, elevorganisasjonane og andre til å vera med på å utvikla naudsynte endringsprosessar.

Etterutdanningsreforma er i stor grad retta mot den vidaregåande opplæringa. Fylkeskommunene må ikkje byggja ned omfanget for så å måtte byggja opp igjen seinare. Dei må i staden markera seg som tilbydarar til vaksne. På mange måtar er etter- og vidare-utdanningsreforma eit strategiske verkemiddel for å oppfylla intensjonane med Reform 94, og gje fleire del i den kultur- og kunnskapsoffensiven som desse to reformene representerer.

Som ledd i arbeidet med å førebu og etter kvart gjennomføra etter- og vidareutdanningsreforma, må fylkeskommunane arbeida målmedvete for å tilpassa vidaregåande opplæringstilbod til vaksne. Fylkeskommunane har gjort ulikt mykje på dette området og valt ulike løysingar. Slikt mangfald må det vera plass til. Departementet er ikkje opptatt av å uniformera tilbodet. Men vi vil nok i større grad måtta sjå til at omfanget blir brukt slik at vaksne får eit reelt tilbod - og at tilbodet er tilpassa til vaksne sine lærings- og livsvilkår.

NOUen «Ny kompetanse - Grunnlaget for en helhetlig etter- og videreutdanningspolitikk» er ute på høyring. Eg vil difor ikkje vera for konkret her, men vil slå fast at utgreiinga frå Buer-utvalet inneheld mange interessante tankar og framlegg til tiltak. Det vil bli laga ei stortingsmelding. Der vil departementet drøfta vidare aktuelle prinsipielle og praktiske forhold. Lat meg likevel trekkja fram eit område der eg har eit anna syn enn utgreinga frå Buerutvalet. Eg meiner at vi må bruka det ordinære skuleverket, frå grunnskulen og oppover, til å gje tilbod til vaksne. Utvalet trur ikkje at tilstrekkeleg kapasitet og kunnskap er til stades. Om det er slik, blir det vår oppgåve å leggja forholda til rettes. Det vil krevja fleksibilitet og evne og vilje til nytenking og omstilling. Dette blir ikkje lett, men er noko vi må gjera.

Eg vonar at det har gått fram av dette foredraget at sentrumsregjeringa og den politiske leiinga i departementet har eit klart siktemål for arbeidet sitt. Det tyder ikkje at svara på alle spørsmål er gjevne på førehand. Eg trur eg torer seia at eg har prøvd å vera ein lyttande stortingsrepresentant. Nokon vil kan henda til og med seia at eg har lytta vel mykje til kva andre har å seia. Eg kan lova at eg vil halda fram med å visa vilje til å lytta. Ikkje minst vil eg høyra på dei som har røynsler frå arbeidet med å setja planane ut i praktisk handling og som kan fortelja korleis utdanningspolitikken verkar i praksis. Eg reknar ikkje med at alle vil vera samde i eitt og alt. Eg ønskjer altså dialog, og høyrer gjerne på motførestellingar. Men alle kan ikkje få viljen sin! Då kjem vi ikkje vidare. I somme saker er det konfliktar - og eg må ta upopulære avgjerder. Det er eg budd på - trur eg. Eg reknar med at det er full forståing for at det må vera slik.

Til beste for landet ønskjer eg nært samarbeid med alle dei som har interesser i utdanning og opplæring. Det gjeld som eg alt har sagt, lærarane sine organisasjonar, og sjølvsagt óg elevane og organisasjonane deira. Og det gjeld fylkeskommunane. Ikkje minst gjeld det partane i arbeidslivet som har store aksjepostar i yrkes- og fagopplæringa og har spelt stor rolle for gjennomføringa. Eg vil difor ta vare på og utvikla vidare det uformelle samarbeidet som er etablert med hovudorganisasjonane i arbeidslivet. Og eg vil bruka dei partssamansette rådgjevande organa og lytta til dei. Rådet for fagopplæring (RFA) og opplæringsråda har vore viktige rådgjevarar for departementet til no, og det vil dei halda fram med å vera også i tida som kjem.

Eg skulla gjerne høyrt på kva de har å seie. Etter at programmet er gjort om for at eg i det heile skulla få tala til dykk, tillet ikkje tida dette. Eg vonar difor at vi snart får høve til ei meiningsutveksling om dei røynslene og synspunkta de har.

Takk for oppmerksamheita.

Lagt inn 6 november 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen