Historisk arkiv

Behovet for uavhengig forsking – bakgrunn for framlegg i Stortinget og synspunkt i den nye forskingsmeldinga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Statsråd Jon Lilletun

Behovet for uavhengig forsking – bakgrunn for framlegg i Stortinget og synspunkt i den nye forskingsmeldinga

Oslo, Håndverkern, 3. desember 1998

Kjære vener av forsking

Takk for invitasjonen til å komme her i dag og snakke om eit tema som er av stor interesse for meg. Det er positivt at dei nasjonale forskingsetiske komiteane set fokus på oppdragsforskinga og behovet for uavhengig forsking. Problemstillingane er som vi veit, slett ikkje nye, men kom sterkt i fokus førre året. Sidan har det vore meir stilt. Derfor er det bra at dei no kjem opp att, ikkje minst fordi temaet vil bli behandla i den forskingsmeldinga som Regjeringa skal leggje fram utpå nyåret. Det vil vere nyttig for oss å høyre kva som no kjennest mest aktuelt. Dessutan trur eg at vi treng ein meir eller mindre kontinuerleg debatt om desse problemstillingane. Ein open og levande debatt er kan hende det beste vernet om den sjølvstendig forskinga.

Det er og positivt at det no er de som tek eit slikt initiativ. Det ligg godt innafor det som er dykkar mandat, og eg har forstått at temaet har vore mykje diskutert i komiteane, sjølv om de ikkje har vore så synlege i den offentlege debatten tidlegare. Sidan eg vart statsråd har eg lært meir om komiteane enn eg visste før, og inntrykket mitt er at vi her i landet har eit veldig godt apparat til å hanskast med forskingsetiske problem. Dette har vi fått internasjonal anerkjenning for, og det har vi fortent.

Eg har lenge vore oppteken av etiske haldningar innanfor forskinga. Og det er mellom anna fordi eg trur at folks tillit til forskarane er heilt livsnødvendig for forskinga si framtid. Dersom denne tilliten blir svekka i for stor grad, vil dette kunne få store konsekvensar, både indirekte i form av mindre vilje til å satse på forsking og auka kontrolltiltak, - og kan hende også direkte i form av mindre vilje til å stille opp som forsøkspersonar og intervjuobjekt. For ikkje å snakke om den verknaden dette ville ha for den ”sosiale kontrakten” som over lang tid er bygd opp mellom samfunnet og forskinga. Folk må kunne setje sin lit til at forskarane driv med samfunnsnyttig verksemd og at dei brukar ærlege metodar i denne verksemda. Forskinga treng all den velvilje den kan få, og da må forskarane vise ærleg framferd. Hvis ikkje, kan kontrakten bli broten. Dette vil truleg få mest alvorlege følgjer for den frie, forskarinitierte forskinga. Kravet om kontroll, styring og synlege resultat vil då komme med full tyngd.

Eg trur at det vi treng mest i dag, er fri og uavhengig forsking. Denne forskinga gjer at nysjerrigheit og kreativitet kan auke kunnskapane våre og velferden vår. Den frie forskinga er ein heilt avgjerande del av det norske kunnskapssystemet, og denne regjeringa vil gå aktivt inn for å forsvare den akademiske fridomen. Men med fridom følgjer ansvar. Og dette ansvaret inneber mellom anna at dei etiske sidene ved forskinga blir tekne på alvor, både av forskarane sjølve og av forskingsinstitusjonane.

Det finst sider ved forskinga som eg, og mange med meg er skeptisk til. Somme kan til dømes falle for freistinga til å gå på akkord med sitt eige samvit. Andre kan gjere tvilsame ting utan å tenkje seg om. Det har vel uroa dei fleste av oss når vi har lese om alvorlege tilfelle av fusk i forsking, ikkje minst i USA. Det siste eg høyrde om, var forresten i Tyskland, der to medisinarar fabrikerte data i stor stil. Det er nok mange som reagerer ved å bli skuffa over forskarane som gruppe. Kan hende er det slik at vi krev meir moral av forskarane enn av andre, fordi det å vere ærleg og redeleg ligg i botnen for den vitskaplege tenkemåten.

Eg er klår over at fusk ikkje er noko stort problem her i landet og at vi ikkje har større – men heller mindre - problem enn andre land på dette området. Dette har mellom anna dei forskingsetiske komiteane vist i ein av rapportane sine. Likevel må vi ta dette på alvor og vere føre var. Det betyr at vi må sørge for å ha eit apparat som kan fange opp dei sakene som kjem. For at dei vil komme, treng vi nok ikkje vere redde for. Forskarar er også menneske, og som vi veit: ”Det er menneskeleg å feile”. Men det er likevel eit langt steg frå feil til fusk. Fusk er eit resultat av ei heilt bevisst fordreiing av fakta eller kan hende regelrett tjuveri av fakta. Og av og til blir slikt ikkje oppdaga før det er gått lang tid.

Kven skal så ta hand om dei tilfella som blir oppdaga ? Vi har fått eit utval for medisin, som rett nok ser ut til å ha få saker, men som likevel fungerer bra. Mange er redde for at eit slikt utval skal bli eit ”forskingspoliti”. Ei mogleg løysing kan vere at forskingsinstitusjonane får hovudansvaret for å handsame slike saker. Eg har forstått at det er ulike synspunkt på dette blant institusjonane sjølve. Nokre meiner at det er ei føremon at sakene blir handsama på lokalplanet og så tidleg som mogleg. Andre meiner at det bør vere ein nasjonal instans, som både kan sikre einsarta handsaming og redusere habilitetsproblema. Om ein skal ha ein nasjonal instans, kunne dette tenkjast å vere dei nasjonale forskingsetiske komiteane. Men som de sikkert veit, ser dei ikkje på dette som si oppgåve, slik mandatet er i dag. Ei anna løysing kan vere at det utvalet vi har for medisinsk forsking får utvida sitt mandat til å gjelde alle fagområde. Eg kjem ikkje med noka ferdig svar på dette no, men vil gjerne høyre kva de som sit her meiner er den beste løysinga.

Det er ikkje utan grunn at eg har sagt så mykje om fusk her i innleiinga. Etter mi meining vil mange av dei klagemåla som har vore retta mot oppdragsforskinga kunne kallast for fusk. I det minste kunne det kallast for medveten undertrykking av fakta. Vi hugser at avisdebatten hausten 1996 og våren 1997 fokuserte på fleire problem i samband med oppdragsforskinga. Mange av dei hang saman med spørsmålet: Er det mogleg å ”tinge” eit forskingsresultat ? Og mange meinte at svaret på dette spørsmålet litt for ofte var ja. Med andre ord, forskarane let seg kjøpe til å presentere dei konklusjonane som oppdragsgjevarane vil ha. Det er sjølvsagt svært uheldig dersom inntrykket av at forskarane går på akkord med sin eigen integritet, blir ståande. Men eg trur at forskarverda sjølv kan styre dette gjennom at kvar einskild forskar vågar å stå for ein etikk som ikkje sår tvil om hans eller hennes sjølvstende i høve til oppdragsgjevaren, same kven denne er.

Det er gjeve mange forklaringar på kvifor situasjonen er slik den er. Mange har meint at den viktigaste årsaka er at institusjonane har for dårlege rammevilkår, slik at dei tilsette blir redde for jobbane sine, og at dette i sin tur svekker forskingsfridomen. Eg trur det er rett at vi må sjå på problemet i ein større økonomisk samanheng, men det kan ikkje reduserast berre til eit spørsmål om økonomi. Like viktig er det å ha ei medveten haldning til kva for snubletråder som ligg framfor ein.

Som stortingsrepresentant har eg vore med på å fremje eit forslag om å setje ned eit eige utval som skal vurdere den norske forskarverksemda ut frå omgrep som open framferd, fridom og sjølvstende. Bakgrunnen var dei avisoppslaga og den debatten som følgde omkring den såkalte ”samrøre-problematikken”. Dette er likevel eit generelt problem, og heng saman med at dei som kanskje skulle vere dei flinkaste til å drive samfunnskritikk og komme med alternative modellar, dvs. samfunnsforskarane, i røynda er aktive premissleverandørar for styresmaktene og for næringslivet. Det blir lett knytta tette band, og dette skjer ofte tidleg i prosessen. Resultata av forskinga heng nært saman med problemstillingane og dei spørsmåla ein fokuserer på. Difor blir den fasen der ein vel ut problemstillingar svært viktig. Eg vil tru oppdragsgjevarane har klare meiningar om kva dei ønskjer å få utgreidd og difor gjerne vil styre forskaren i ei bestemt retning. Problemet er sjølvsagt dersom forskaren let seg styre. På dette området saknar eg eit større medvet hos forskarane.

Eg saknar også vilje hos forskarane til å ta eit steg vekk frå den opptrakka stien og sit nok framleis med eit inntrykk av at det er for lite samfunnskritikk i norsk forsking. Dette er eit paradoks når ein tenkjer på at vi har etter måten mykje samfunnsforsking til å vere eit lite land. Eg er klar over at dette er noko som det ikkje finst enkle løysingar på. Men vi ville utvilsamt tene på å konsentrere og prioritere forskingsinnsatsen i større grad enn vi gjer i dag. Vi kunne også i større grad bruke utanlandske forskarar i ulike samanhenger som korrektiv. Samstundes er det viktig at vi får til ein open debatt, slik at så mange ulike synspunkt som mogleg kan bli trekte inn.

Dermed er vi attende til utgangspunktet. For føresetnaden for ein slik debatt er nettopp open framferd, både frå dei som finansierer (og kanskje styrer) forskinga, og frå dei som er den utførande parten. Med open framferd meiner eg da at verken innhaldet i forskinga eller omstende knytt til tinging av oppdrag bør haldast hemmeleg, så sant det ikkje er heilt nødvendig. Regjeringa ønskjer å gjere noko med dette og har fremma forslag om at det skal vere lettare å få innsyn i kva som går føre seg i offentleg forvaltning. Stortinget har slutta seg til dette, med eit breitt fleirtal. At nokre journalistar ikkje har tru på at dette vil verke, får vere deira sak.

Den offentlege debatten om oppdragsforskinga har i stor mon dreidd seg om samfunnsforsking. De problema ein kan støte på, kan likevel vere like aktuelle på andre fagområde. Ikkje minst gjeld dette medisin, der mykje av finansieringa kjem frå andre kjelder enn statlege budsjettpostar. Eg vil og minne om at behovet for uavhengig forsking er blitt teke opp ved fleire høve i Stortinget, mellom anna i samband med bioteknologisk forsking. Eit hovudproblem som vi står framfor når det gjeld etiske spørsmål knytte til oppdragsforsking, er kanskje at vi veit for lite. Vi veit for lite om korleis og kor mykje finansieringskjelda påverkar forskingsresultata. Vi har heller ikke god nok oversikt over kven oppdragsgjevarane er, korleis midlane blir fordelte og på kva for vilkår. Dette er det behov for å greie ut, slik at vi kan ha ein meir kvalifisert debatt enn den som har vore til no.

Det vil sjølvsagt og vere av interesse å få vite om den skepsisen til oppdragsforsking som ofte har komme til uttrykk, verkeleg er på sin plass. Og kva meiner eigentleg dei forskarane som faktisk lever av oppdrag om sin eigen fridom – er den reell eller fiktiv ? Eg kjenner til at dei forskingsetiske komiteane ønskjer å setje i gang eit eige prosjekt med eit slikt utgangspunkt. Dette meiner eg er svært positivt. Sjølv om eit slikt prosjekt ikkje dekkjer fullt ut alle dei problemområda som stortingskomiteen peika på, så trur eg at dette er ei god byrjing. Så får vi heller sjå kva som kjem ut av det, og om vi skal gå vidare med fleire utgreiingar seinare.

For øvrig vil eg få seie at dei forskingsetiske retningslinjene som den nasjonale komiteen for samfunnvitskap, jus og humaniora har utarbeidd er eit svært godt utgangspunkt for det vidare arbeidet. Her står det mykje kloke og gjennomtenkte råd, både til forskarar og oppdragsgjevarar ! Det er viktig at desse retningslinene blir spreidde til alle som på ein eller annan måte er involverte i oppdragsforsking, ikkje minst til departementa.

For det er departementa som er dei verkeleg store syndarane, skal ein tru avisoppslaga. Dei vil gjerne kontrollere norsk forsking – korkje meir eller mindre. Rett skal vere rett - det er dokumentert døme på at resultat blir forsøkt hemmeleghaldne. Men kva årsakene til dette kan vere, veit eg for lite om. At departementa går aktivt inn for å kontrollere norsk forsking frå A til Å, trur eg er mindre sannsynleg. Det som er klart, er at departementa er storbrukarar av samfunnsforsking. Av den grunn har dei meir behov for tydelege reglar enn andre. Til dette kjem at dei ikkje alltid er så presise i språkbruken. Det er ein god del begrepsforvirring, og mykje som er reint utgreiingsarbeid blir kalla forsking. Dette er uheldig og gjer sitt til at oppdragsforsking får eit ufortent dårleg omdømme.

(I parentes vil eg nemne at denne begrepsforvirringa diverre er temmeleg utbreidd også i forskarverda. Eg skulle ønskje at forskarane sjølve tok ein debatt på om alt dei driv på med er forsking og må finansierast med forskingsmidlar.)

Elles vil vi sjå på om det let seg gjere å lage nokre køyrereglar for korleis offentleg forvaltning til dømes skal utforme forskingsoppdrag og korleis resultat skal offentleggjerast. I dei drøftingsrundene vi har hatt med dei andre departementa i samband med forskingsmeldinga, har fleire meint at ei slik avklaring kunne vere på sin plass. Dette er positivt i seg sjølv.

Eitt av dei hovudbodskapa som den nye forskingsmeldinga vil innehalde, er ei satsing på kvalitet. Kvalitet er eit vidt begrep, og i denne samanhengen må det utan tvil også omfatte høg etisk standard innafor forsking. Ansvaret for kvalitetssikring kviler i første rekkje tungt på institusjonane. Som eit ledd i denne kvalitetssikringa bør dei lage etiske retningsliner med utgangspunkt i dei retningslinene som dei nasjonale komiteane har sett opp. Men ansvaret for å drive god forsking vil også seie at det må vere ein diskusjonskultur ved institusjonane, der opne forhold og respekt for andre og motstridande synspunkt står sentralt.

Universitet og høgskolar har eit særskilt ansvar for å utdanne nye forskarar. Eg meiner det er svært viktig at forskingsetikk blir integrert i doktorgradsutdanninga. Eg er klår over at dette alt er på veg inn, men eg trur vi kan bli enda betre og gjere enda meir. Kanskje burde etiske spørsmål inn i studia før ein er kommen til doktorgradsnivå ? For det viser seg ofte at det er studentane som er interesserte i etiske spørsmål, mykje meir enn lærarane/forskarane. Dette er det viktig å gripe fatt i ! Likevel er det lita hjelp i å lese etiske retningsliner, dersom ein ikkje sjølv har eit aktivt forhold til dei. Studentane bør få sjå ”god vitenskapeleg praksis” i praksis, og dei bør få oppleve at aktuelle etiske spørsmål faktisk blir tekne opp til debatt.

Det vil vere ei oppgåve for dei nasjonale komiteene å hjelpe og utfordre både institusjonane og forskarane til å få denne debatten i gang. Og eg vonar at dei som får denne utfordringa vil ta henne alvorleg ! Eg høyrer stadig at forskarar ikkje diskuterer etiske spørsmål og har ofte undra meg over kvifor det er slik. Kanskje de som sit her kan svare. Vi treng eit svar. For til sjuande og sist vil ansvaret for kvalitet i forskinga liggje på den einskilde forskar. Dette kjem vi ikkje utanom.

Til slutt vil eg berre seie nokre ord om dei nasjonale forskingsetiske komiteane. Først og fremst vil eg gi dykk ros for det arbeidet de gjer. Eg er overtydd om at det var rett av oss å etablere desse komiteane, og vi har heller ingen planar om å endre på det systemet som no er innarbeidd. Tvert om kan det tenkjast at vi kan setje av meir ressursar til dette, slik at arbeidet kan intensiverast. Vi må sjå om det er mogleg å få dette til når vi no snart skal til til med budsjettarbeidet for år 2000. Men eg vil likevel seie at i så fall vil vi krevje at de blir enda flinkare til å marknadsføre dykk. Eg har fleire forslag til korleis dette kan gjerast, til dømes ved å opprette kontaktkanalar til dei som ikkje driv med forsking: media, forvaltninga og Stortinget og – ikkje minst - i form av opne møte som dette. Det treng både de og vi.

Takk for at de høyrde på og lykke til med diskusjonen!

Lagt inn 11. januar 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen