Historisk arkiv

Etter- og vidareutdanning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Statsråd Jon Lilletun

Etter- og vidareutdanning

Innlegg på møte i IT-Ringen Agder, Grimstad 21. august 1998

Gode forsamling.

Først må eg få lov til å takke for invitasjonen. Eg er invitert her i dag for å seie noko om etter- og vidareutdanning, og om kva for utfordringar vi står overfor når det gjeld kompetanseoppbygging for vaksne og korleis Regjeringa har tenkt å stimulere til slik kompetanseoppbygging. Som de alle sikkert veit har Regjeringa lagt fram ei stortingsmelding om etter- og vidareutdanning. Denne skal eg kome attende til litt seinare.

Eg vil innleiingsvis gå nokre år tilbake for å illustrere kva for utvikling vi har vore gjennom dei seinare åra. Og då skal eg bruke datamaskinen som eit døme. I 1943 uttalte styreformannen i IBM, Tomas J. Watson følgjande:

”Eg trur at det er ein marknad for omring fem datamaskinar.”

Eller som Ken Olson, direktør for Digital Equipment Corporation sa det i 1977:

”Det er overhode ingen grunn til at noko menneske skulle ha ein datamaskin installert i heimen.”

Vi kan le av desse utsegnene i dag, men eg er viss på at om 20 år ler andre av oss og utsegner som vi kom med på slutten av 1990-talet.

Eg vil med desse to sitata illustrere kor raskt utviklinga har gått. Og når ein så veit at utviklinga i dag berre går raskare og raskare, er det mange som blir urolege. Dersom ein ikkje går til svært drastiske tiltak, kan ein heller ikkje velje bort denne utviklinga – ho påverkar oss alle.

No er eg klar over at det dømet som eg valde, nemleg informasjonsteknologi er eit av dei områda – om ikkje det området – der utviklinga går raskast. Likevel er det ikkje vanskeleg å finne andre døme på den teknologiske og vitskaplege utviklinga. 27. november i fjor blei vi alle kjent med kanskje den mest kjente sauen i verda; ”Dolly”. Etter dette er det også blitt klona fram storfe, og for ikkje mange vekene sia blei det offentleggjort at det er laga fleire dusin dobbeltgjengarar av celler frå ei mus.

Utviklinga går raskt og det er viktig at det blir stimulert til kompetanseoppbygging. Dette er viktig av fleire grunner:

  • Kompetanse er viktig for arbeids- og næringsliv. Ei kvar verksemd må vere ein kontinuerleg lærande organisasjon. Ei verksemd eller eit arbeidsliv i stillstand vert ikkje spådd noko lys framtid. Optimismen er derimot stor for eit arbeidsliv med evne til omstilling og kontinuerleg kompetanseutvikling. Det er heilt avgjerande at vi til ei kvar tid har eit arbeids- og næringsliv som er i stand til å fornye seg. Berre på den måten kan vi vidareføre velferdssamfunnet.
  • Dei problemstillingane som innbuarane må ta stilling til blir stadig meir komplekse. Dersom vi ikkje har kompetanse til å vurdere slike problem, ja då er demokratiet i fare.
  • I eit samfunn i stadig forandring er kompetanse viktig for å henge med. I framtida vil avstanden mellom dei som kan og dei som ikkje kan, kunne bli større. Vidare er kompetanseutvikling viktig for at det einskilde individet skal kunne ha høve til full personleg utvikling.

I tillegg til den aukande teknologiske utviklinga er internasjonalisering og globalisering to andre nøkkelord som dannar bakteppet når ein argumenterer for behovet for kompetanseoppbygging. Dette medfører at både arbeids- og næringsliv og den enkelte får behov for ny kompetanse. Auka grad av internasjonalisering merker norsk næringsliv allereie i dag. Dette medfører krav, ikkje berre når det gjeld kommunikasjon, men også når det gjeld innsikt og forståing av andre kulturar og samfunnsliv.

Prøver ein å summere opp den utviklinga som vi er inne i, og som altså går raskare og raskare, vil omgrepet ”kompetansekløfta” (”the skills gap”) vere eit uttrykk for den hovudutfordringa som ikkje berre Noreg, men alle land står overfor når det gjeld kompetanse. Omstillingstakten i arbeids- og næringsliv aukar – yrke blir borte, mens nye yrke oppstår i eit stadig større tempo. Endring av produkt, produksjonsmåtar, organisasjons- og distribusjonsmønstre, informasjons- og kommunikasjonsteknologi skjer stadig raskare, og endringstakten stiller krav til ny og oppdatert kunnskap for å halde tritt med utfordringane.

Samstundes ser vi at talet på nyutdanna unge med oppdatert kunnskap ikkje er tilstrekkeleg. Dette fordi utdatering av kunnskap skjer raskare enn det som kan tilførast av ny kompetanse frå utdanningsinstitusjonane. Vidare ser ein også at det skjer ei aldring av arbeidsstokken, ei utvikling som vil fortsette. I EU-landa reknar ein med at gjennomsnittsalderen vil auke med ca. 10 år i perioden 1995 til 2030. Til samanlikning auka gjennomsnittsalderen med berre 5 år i perioden 1960 til 1995. Det er ingen grunn til å tru at ikkje også Noreg vil få den same utviklinga.

Kompetansekløfta som har oppstått - og som kan bli endå vidare - kan i hovudsak berre løysast på ein måte. Kompetansetiltak må i sterkare grad enn no rettast inn not dei vaksne, dei som allereie er i arbeid.

Men, som eg allereie har vore inne på – kompetansekløfta vedrører ikkje berre den einskilde verksemda, men og kvart individ og samfunnsutviklinga generelt. Individet si investering i kompetanse kan betre grunnlaget for sysselsetjing og inntekt, gje kvalitativt betre livsutfalding, gje grunnlag for å møte globaliseringa og informasjonssamfunnet og for å kunne delta aktivt i samfunnsdebatten. Utdanning og kompetanse aukar befolkninga si politiske deltaking som er viktig for eit velfungerande demokrati. Gjennom utdanning skjer ei viktig samfunnsmessig sosialisering og formidling av normer. Regjeringa legg stor vekt på dette, og eg ser her ein klår samanheng med det arbeidet den varsla verdikommisjonen skal gjere. Det er viktig at vi av og til set oss ned og stiller dei naudsynte moralske, etiske og miljømessige spørsmåla om kva vi gjer og kor vi går. Regjeringa er opptatt av at kompetanseutvikling skal ha ei verdimessig forankring.

Planlegging av kompetanseutvikling i arbeidslivet må ta utgangspunkt i den bedriftsstrukturen som ein har i Noreg. Norsk næringsliv består i stor grad av små og mellomstore verksemder. Om lag 92 prosent av verksemdene har under 20 tilsette, og 81 prosent av verksemdene har færre enn 5 tilsette. I tillegg kjem dei mange sjølvstendige næringsdrivande, til dømes fiskarar, bønder og handverkarar. Det er kanskje desse einmannsforetaka og små og mellomstore verksemdene som har størst behov for ”statleg hjelp” når det gjeld kompetanseutvikling. Dei store verksemdene har ofte god infrastruktur, gode finansieringsordningar for kompetanseutvikling og kanskje eigne kompetanseutvikings-avdelingar, medan dette ikkje er tilfelle for dei små. Dei grepa som vert valde i den komande kompetansereforma må derfor ta særleg høgde for dette.

Eit anna moment som er viktig å ha med når ein skal arbeide vidare med kompetansereforma, er regionalperspektivet. Den økonomiske veksten dei seinare år har for ein stor del kome i næringar som er lokaliserte i sentrale område. Innafor visse fagområde er det i dag større etterspurnad etter arbeidskraft enn det samfunnet har tilgjengeleg, noko som bidreg til å trekke arbeidskraft ut av distrikta og som så svekker evna distrikta vil ha til å oppretthalde og auke næringsverksemd og sysselsetjing.

For at ei etter- og vidareutdanningsreform skal vere effektiv er det viktig at den grunnleggjande basisen, det vil seie grunnutdanninga er i orden. Gjennom dei seinare åra har det norske utdannings- og forskingssystemet vore prega av ei rekkje gjennomgripande reformar. I 1993 blei de noverande Noregs forskingsråd etablert. I 1994 fekk vi høgskolereforma og reforma i vidaregåande opplæring, medan vi i fjor fekk reforma i grunnskulen og i år lærarutdanningsreforma. Dermed er heile systemet for såkalla grunnutdanning reformert. Etter- og vidareutdanningsreforma, eller kompetansereforma som stortingsmeldinga heiter, vil vere den siste i denne reformrekkja.

Samanlikna med ei fleste andre land er Noreg i ein gunstig situasjon når det gjeld grunnutdanning. Utdanningsnivået generelt er høgt. Og både i privat og offentleg sektor av norsk arbeidsliv investerer kvart å store summar i kompetanseutvikling. Og allereie i dag gjev både det offentlege utdanningssystemet, friviljuge organisasjonar og private aktørar eitt breitt tilbod om etter- og vidareutdanning.

Kompetansemeldinga tek utgangspunkt i den situasjonen ein har i dag, og trekkjer opp en del retningsliner om korleis utvikling vidare bør vere.

  • Regjeringa legg op til at vaksne som ikkje har fullført grunnskoleopplæring skal få eit tilbod om dette. Denne opplæringa skal ta utgangspunkt i den einskilde sine føresetnader, og leggjast til rette både organisatorisk og metodisk for vaksne. Kor mange dette gjeld, korleis utdanninga skal leggjast opp og kva det vil koste har ein på grunn av manglande data ikkje full oversikt over i dag. Regjeringa vil derfor skaffe seg kunnskap om dette ved å setje i gong eit treårig forsøksprosjekt i ein del kommunar over heile landet.
  • Regjeringa legg og opp til at vaksne som ikkje har fullført vidaregåande opplæring skal få eit tilbod om dette. Det må her leggjast vekt på at det vert utvikla tilbod som byggjer på ei veksling mellom arbeid og utdanning.
  • Regjeringa har i stortingsmeldinga lagt opp til ei lovgjeving som gjer individuell rett til utdanningspermisjon. Målsetjinga med ei slik lov må vere å få til god balanse mellom det behov arbeidstakarar har for slik permisjon og dei ulemper som slik permisjon kan skape for arbeidsgjevarar. Regjeringa er derfor innstilt på, saman med representantar for organisasjonane i arbeidslivet og juridisk ekspertise, å utarbeide forslag til lovføresegn. Regjeringa er i ferd med å starte dette arbeidet allereie no.
  • Når det gjeld kompensasjon for utgifter til livsopphald i permisjonstida, meiner Regjeringa at dette i utgangspunktet må vere ei sak mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar. Arbeidsgjevarane sitt ansvar for å ivareta dei behov verksemdene har for kompetanse foreslår vi ikkje vert endra. Regjeringa legg vekt på at alle som har utdanningspermisjon skal ha same høve til offentleg utdanningsfinansiering. Offentleg finansiering av livsopphald på universitets- og høgskolenivå og ved fullføring av vidaregåande opplæring og grunnskoleopplæring for vaksne bør derfor baserast på etablerte finansieringsordningar i Statens lånekasse for utdanning. Dei generelle reglane i studiefinansieringsordninga vil derimot bli gjennomgått med sikte på å tilpasse desse betre til kompetanseoppbygging for vaksne. Også dette arbeidet er i ferd med å bli sett i gang. Regjeringa legg til grunn at dersom partane i arbeidslivet ønskjer å etablere særskilde ordningar for finansiering av livsopphald, ut over den offentlege studiefinansierings-ordninga, så er dette eit ansvar for partane sjølve. Regjeringa vil i samband med Nasjonalbudsjettet for 1999 vurdere nye retningsliner for handsaming av skattespørsmål knytte til arbeidsgjevarfinansiert utdanning.
  • For den vidare kompetanseoppbygginga er det viktig å få etablert eit system for dokumentasjon av realkompetanse. Det er eit må at dette systemet skal ha legitimitet både i utdanningssystemet og i arbeidslivet. Det er derfor lagt opp til at dette arbeidet skal skje i samarbeid mellom arbeidslivet og utdanningstilbydarar.
  • Eit særleg viktig element i reforma er å utvikle opplæringstilbod slik at ein kan nytte arbeidsplassen som læringsarena. Dette handlar om å få til samarbeidsprosjekt mellom arbeidslivet og utdanningstilbydarar. Regjeringa vil vurdere å etablere tilskottsordningar for å stimulere til slike utviklingsprogram. Det vil også vere aktuelt å stimulere til større bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi og til å vidareutvikle andre fleksible og brukartilpassa utdanningstilbod. Internett blir i aukande grad teke i bruk til å formidle fjernundervisning. Bruk av elektroniske nettverk kan også møte dei utfordringar vi står overfor når det gjeld å stimulere til kontakt mellom utdanningstilbydar og dei som etterspør kompetanse. På grunn av det auka behovet for fleksible opplæringstilbod, legg Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet opp til at det skal etablerast eit nasjonalt læringsnett. Læringsnettet vil omfatte mange element, mellom anna infrastruktur, utvikling og utprøving av nye tekniske løysingar, utvikling av opplæringstilbod samt forsking og utvikling av pedagogiske metodar. Dette læringsnettet vil byggje vidare på det arbeid som er sett i gong i regi av mellom anna universitet og høgskolar.

Noreg har eit særs desentralisert mønster av grunnskolar, vidaregåande skolar og høgre utdanningsinstitusjonar spreitt over heile landet. Eit arsenal av faglege, pedagogiske utstyrsmessige og andre ressursar er samla i desse institusjonane. Dersom dei rette grepa blir tatt, vil dette systemet samla kunne spele ei viktig rolle i den kompetansereforma som no ligg føre oss.

Ut frå politiske føringar har universiteta og høgskolane vore nøydde til å prioritere grunnutdanningane. I løpet av dei 7 - 8 siste åra har talet på studieplassar auka med ca 70 prosent, frå 100.000 til 170.000. Dette har skjedd samstundes med ei reform og samanslåingar i høgskolesektoren. Dette har vist at dei høgre utdanningsinstitusjonane har vilje og evne til å makte store omstillingar.

Sjølv om talet på dei som ønskjer høgre utdanning framleis er høgt, så fører minkande ungdomskull og god arbeidsmarknad til at søkinga til høgre utdanning flatar ut, og faktisk går noko ned. Men samstundes står dei høgre utdanningsinstitusjonane overfor nye utfordringar

Ein føresetnad for at vi skal lukkast med ei etter- og vidareutdanningsreform blir evna til å utvikle nye utdannings- og opplæringstilbod som er meir fleksible og betre tilpassa arbeidslivet og den einskilde sine behov. For å makte dette er ein avhengig av at det er eit breitt utval av tilbydarar, både offentlege og private.

NHO har gjort framlegg om eit eige “ope universitet” etter modell av Open University i Storbritannia. Dei meiner nye krav til fleksibilitet vil vere vanskeleg å imøtekomme for institusjonar der primæroppgåvene er knytte til tradisjonell grunnutdanning.

I stortingsmeldinga om kompetansereforma konkluderer Regjeringa med at eit “ope universitet” må skje med utgangspunkt i dei eksisterande institusjonane, å gjere desse institusjonane også til “virtuelle institusjonar”. Som leiande kunnskapsinstitusjonar har universitet og høgskular eit sjølvsagt ansvar også på dette området, og i tråd med den auka vekta på livslang læring er dette ansvaret synleggjort i lov om universitet og høgskolar. Slik kan ein òg nyttiggjere seg Noregsnettet.

Med spisskompetanse basert på forsking representerer universitet og høgskolar den fremste kunnskapen i landet på svært mange område. Det er denne oppdaterte kunnskapen arbeids- og næringslivet treng for å kunne løyse ulike samfunnsoppgåver og for ikkje å sakke etter internasjonalt. Eg tenkjer ikkje berre på rein oppdatering av yrkeskompetanse i form av t.d. opplæring i bruk av ny teknologi eller behandling av nye sjukdommar eller pasientgrupper, men det eg vil kalle omstillings- og endringskompetanse i vid forstand, inklusive oppdatert kunnskap om ulike sider ved samfunnsutviklinga. Eg vil igjen streke under dei krava som følgjer av den stadig sterkare internasjonaliseringa av næringslivet og samfunnslivet i det heile.

Vidare vil den pedagogiske kompetansen som universitet og høgskular forvaltar, stå heilt sentralt. Dette gjeld både det vi kan kalle operativ og meir teoretisk kompetanse. Det operative er den enorme, dels teoretiske og dels erfaringsbaserte, kompetansen som spring ut av den daglege pedagogiske verksemda ved institusjonane. Samtidig er det ved desse institusjonane at vi finn pedagogiske forskingsmiljø, spissmiljø som kan medverke til å utvikle nye læringsformer og metodar som er tilpassa dei nye målgruppene. Vaksenpedagogikk er eitt nøkkelord her, men eg tenkjer òg på utvikling av nye undervisningsformer som t.d. fjernundervisning og ulike typar IT-basert opplæring.

Eit særdrag med høgskolane som eg vil trekkje fram her, er den regionale tilknytinga. Mange mindre institusjonar som no har blitt ein del av dei statlege høgskulane, sprang i si tid opp som resultat av lokale eller regionale behov (mellom anna galdt dette for mange av ingeniørhøgskulane), og generelt har høgskulane ein kunnskap om lokalmiljø og region som burde gjere dei særs godt i stand til å utvikle etter- og vidareutdanningstilbod tilpassa behova, anten det gjeld privat næringsliv eller offentleg sektor. Eit døme på dette er nettopp her i Agder, der høgskolen, som vi kjenner han i dag, er eit produkt av fleire mindre forløparar som hadde sin basis i regionalt arbeids- og næringsliv.

Høgskolen i Agder har, så langt eg kan sjå, ei relativt omfattande etter- og vidareutdanningsverksemd. Høgskolen har til dømes rapportert at dei hausten 1997 hadde ca 3500 studentar på ulike etterutdanningskurs og ca 500 studentar på vidareutdanningsopplegg. Spesielt vil eg understreke det nære samarbeidet ein no har fått til mellom høgskolen og næringslivet i samband med at høgskolen fekk etablere sivilingeniørutdanning innafor IT. Eg er faktisk imponert av at eit av måla til IT-ringen Agder er å samarbeide om utviklinga av sivilingeniørutdanninga ved høgskolen og å få til eit tettare samarbeid mellom høgskolen og næringslivet, mellom anna gjennom diplomoppgåver og studentprosjekt.

Både innafor vidaregåande opplæring og høgre utdanning bør samarbeid med arbeids- og næringsliv bli sett på som ein integrert del av oppgåvene til institusjonane. Dette for å sikre at den faglege og pedagogiske kompetansen som vert opparbeidd i kontakt med arbeidslivet, blir ført tilbake til den samla verksemda ved institusjonen

Våren 1996 tok Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet initiativ til å etablere prosjektet “Brukartilpassa opplæring for vaksne” som har som har to hovudmål:

  • Å finne fram modellar for regional samordning og tilpassing av vaksenopplæring til dei behov som brukarane har.
  • Å leggje til rette for at vaksne skal kunne ta i mot utdanning på ulike nivå og fagfelt så nær heimstaden som mogleg.

Departementet har støtta 3 prosjekt, det såkalla Trønderverstaden i Trøndelag, Nettverk for livslang læring i Hordaland og prosjektet Brukartilpassa opplæring i Oppland. Desse prosjekta er no under evaluering der departementet vil mellom anna sjå nærare korleis en kan få til ei spreiing av erfaringane.

Men ikkje alt er like rosenraudt. Eg er sjølvsagt kjend med at det òg er mange som hevdar at utdanningsmiljøa har liten kjennskap til behova i arbeidslivet. Dei ser ikkje arbeidslivet som ei målgruppe for sine tilbod. Arbeidslivet har på si side heller ikkje alltid eit tilstrekkeleg bilete av sine eigne kompetansebehov. Det kjenner heller ikkje godt nok til dei tilboda som allereie finst i utdanningsmiljøa. Vi treng altså betre og meir systematisk kontakt mellom arbeidslivet og utdanningssystemet.

Eg vil avslutningsvis konkludere med at ei etter- og vidareutdanningsreform må ha to dimensjonar. For det første må den ha eit pragmatisk siktemål. Den må leggje til rette for at norsk næringsliv får den kompetansen som er naudsynt for ei vidare positiv utvikling. I dette arbeidet må arbeidslivet sjølv, dei offentlege styringsorgana og ei lang rekkje offentlege og private utdanningstilbydarar samarbeide.

Men like viktig er det at det einskilde individ blir tatt på alvor i ei slik reform. Utan den personlege interessa, engasjementet og motivasjonen blir det lite eller inga læring og kompetanseutvikling. Det er med både arbeidslivet og det einskilde mennesket i fokus, at kompetansereforma skal bringe det norske samfunnet vidare framover – vonleg også til beste for det internasjonale storsamfunnet.

Lagt inn 25. august 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen