Historisk arkiv

Festtale ved 150-årsjubileet. Lokallaga i NL i Romsdal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Statsråd Jon Lilletun

Festtale ved 150-årsjubileet. Lokallaga i NL i Romsdal

Molde 27. august 1998

Takk for invitasjonen til 150- årsjubileet.

Saman med invitasjonen har eg fått ei fin bok med tittelen

”- vår gjerning er fager og stor” Møre og Romsdal Lærarlag si historie.

På første tekstside står det å lese: Nokre vårdagar i 1847 sat lærar og kyrkjesongar Jørgen Olafsen i Bud bøygd over sitt hittil viktigaste skrivearbeid. Lærar Olafsen emna på ei oppmoding til sine yrkesfeller om å opprette ei skolelærarforeining. Den 25. mai var skrivet ferdig, og 4. juni stod det på trykk i Romsdals Budstikke.

Jørgen Olafsen opna med nokre verseliner han hadde funne i eit dansk skoleblad:

” Skal vi gaa frem med Tidens Aand

Og ei i Dorskhed vandre,

Vi knytte maa et Venskabs Baand

Og samles med hverandre.”

Og slik vart det.

Denne oppmodinga i Romsdals Budstikke sette i gang ein prosess som førte til at det den 26.april 1848 kom saman 19 lærarar i Molde og skipa ”Skolelærer- Foreningen i Romsdals Provsti”, med den sjølvlærde Jørgen Olafsen som formann.

Etter at vedtaket om skipinga av foreininga var gjort, tok ein opp desse spørsmåla til drøfting:

  1. Hvilke er de væsentlige Hindringer for Almueskolelæreren i hans Virke og paa hvad Maade formenes disse Hindringer at kunne vorde hævede?
  2. Kan Almuelæreren ogsaa udenfor Skoletiden stifte Nytte iblandt Almuen, og i saa Fald – paa hvad Maade?
  3. Hvorledes drives Indenadlæsningen, og paa hvad Maade kan Læreren bibringe Børnene Færdighed i at læse rent og tydelig i Bog?

Og som det fjerde og siste punktet på saklista: Kan Almueskolelæreren bidrage noget til Kirkesangens Forbedring, og paa hvilken Maade?

Det var i all hovudsak folk frå dette distriktet som gjekk i brodden for å skipe det første krinslærarlaget i landet. Ser vi denne skipinga av Skolelærer-Foreningen i Romsdals Provsti i eit historisk perspektiv, må det ha vore framsynte folk. Dei tende òg ein fakkel som lyste langt ut over Romsdal Provsti. Dei gav òg lærararbeidet ute på øyane og inne i fjordane eit lyft som skapte ein medveten lærarkultur som tida trengte.

Vi må her tenkje oss tilbake til denne epoken i historia vår. Skolegang for barn og unge hadde vi rett nok hatt sidan 1739, men innhaldet og årstimane var ikkje særleg omfattande. Men noko var i emning både i by og bygd. Folkeopplysning var først knytt til kyrkja sitt arbeid, og så etter kvart til nasjonsbygginga og den samfunnsutviklinga som voks fram i andre halvdel av 1800-talet.

Det er rimeleg å tru at Bjørnson har teke modell til Baard Skolemester frå fleire av dei som i 1848 her i Molde var med og skipa Skolelærer-Foreningen. Det bemerkelsesverdige med skipinga er at få eller ingen hadde tenkt i dei baner som den sjølvlærde læraren frå Bud.

Like etter at foreininga var skipa vart det gitt ut eit skoleblad. I dette bladet vart lærarane si tilknyting til kyrkja sterkt understreka, og samstundes var det klare åtvaringar mot at foreininga skulle ta opp lønnsspørsmål. Likevel gjekk det ikkje lang tid før slike spørsmål kom på dagsorden. På årsmøtet i 1865 vart det vedteke å skipe ” Pensjonskasse for samtlige ved Almueskolen fast ansatte lærere og deres Enker”. Dermed ser vi konturane av ein moderne lærarorganisasjon som står på to bein: Eitt for det pedagogiske arbeidet og eitt for det fagforeiningsprega arbeidet. Det var på mange måtar ei naturleg utvikling. Lærargjerninga vart eit nytt yrke. Dessutan var avlønninga eit lokalt spørsmål og finansiert gjennom ei særskild likning for kvar skolekrins. Alle skulle ut frå stand og stilling yte sin skjerv til bygging og drift av allmugeskolen.

Gardbrukarar på matrikulert jord skulle i eit distrikt i ytre Romsdal i 1867 til dømes betale frå ein halv til ein og ein halv spesidalar for eit år, medan tenestegutar, alt etter alder, skulle betale frå 12 til 29 skilling, og tenestejenter frå 6 til 12 skilling. Lauskarar, handverkarar og losar måtte ut med 48 – 72 skilling , og lausjenter, som det står i budsjettoppsettet frå 1867, vart likna med 24 skilling det året. Heller ikkje pensjonistar og kårfolk gjekk klar. Dei måtte ut med mellom 8 og 36 skilling. (Kjelde: Sandøysoga s 129-133.) På den måten vart alle i lokalsamfunnet involverte i drifta av skolen. Slik var det òg på den tida når nye lærarar skulle opp til opplæringsprøva som det heitte. Det gjekk føre seg i skolerom med samla klasse. Foreldra , alle lærarane og skolestyret vart bedne om å komme og høyre på. I lokale sogebøker ser vi at ordninga var vel omtykt, ved at folk fekk sjå og høyre kva dei hadde fått for skillingane og spesidalarane sine.

Ved å gå inn i lokale kjelder kan vi sjå korleis samtida verdsette allmugeskolen og seinare folkeskolen. Ser vi på det lokale arbeide med å byggje etter den nye lova om landsallmugeskolar frå 1860, må vi kunne seie at skoleutbygginga vart teke på alvor ut over det ganske land. Det vart frå fleire skoledirektørar meldt inn til departementet at det vart reist nye skolebygg som høyrde til ”de smukkeste Huse i Bygden”.

Når det gjaldt verdsetjinga av læraryrket reint materielt gjennom lønnssatsane, var det kanskje meir ujamne tilhøve. Best kom dei ut som hadde ei attåtnæring som kyrkjesongar, eller som hadde ”lærarjord” eller eit småbruk og ei arbeidssam og nøysam kone. Men lønnsvilkåra for lærarane fortel ikkje alt om korleis lærarane vart verdsette blant folk. Læraren var på mange måtar ein lokal institusjon i seg sjølv som vart høgt verdsett. Kva læraren sa og gjorde vart ofte avgjerande for holdningar og kulturtiltak i lokalsamfunnet. Lærarane sette ofte store krav til seg sjølve både i og utanfor skolen. Læraren vart gjerne ein autoritet i kraft av sin personlegdom og sin kunnskap. I framveksten av nasjonalstaten Noreg, og i tida etter, spela dette ei svært viktig rolle for kulturutviklinga i samfunnet. Men det var òg slik at når læraren ytra seg negativt om noko eller nokon, ja så fekk det òg konsekvensar. Pugging og utanåtlæring stod i si tid sentralt i opplæringa. Og alle elevar hadde det ikkje like godt når dei måtte reise seg og seie fram tekstar utanboks eller svare på spørsmål det berre var eitt rett svar på, det som stod i boka. Enkelte elevar vart i slike situasjonar ofte berga av medelevar som kviskra det rette svaret. Men slik var det ikkje alltid. Det blir fortalt om ein kar frå ytre strok her i fylket at han ikkje kunne hugse noko som helst da han stod der ved sida av pulten og skulle fortelje om Esau og Jakob. Men kviskring frå ein medelev hjelpte han til å seie fram med skjelvande røyst det litt usansynlege svaret at: ”Esau åt opp Jakob”. Det svaret gjorde læraren så rasande at han der og da utropte den stakkars guten til erkeheidning. Etter at det kom på bygda, vart guten på folkemunne stort sett kalla for Heidningen i resten av si levetid.

Tidene har forandra seg og med det innhaldet og læremåtane i skolen, sjølv om tilhøvet mellom Esau og Jakob er eit av hovudmomenta i 3. klasse i L97 som lærarane nok legg opp på ein anna måte i dag enn den gongen. Lærarrolla har sjølvsagt endra seg frå ei tid og eit samfunn med lite informasjon til ei tid og eit samfunn der informasjonstilgangen er overveldande. Denne utviklinga er ein konkurrent til både skolen og læraren.

Synet på korleis barn og unge bør lære har òg endra lærarrolla, men ikkje meir enn at vi i Generell del i det nye læreplanverket ser konturane av Baard Skolemester under punktet Læreren og veilederens rolle og under Formidlingsevne og aktiv læring.

For meg står læraren også i dag som ein av dei fremste kulturberarane i samfunnet – i nær slekt med Jørgen Olafsen og dei 19 lærarane som i 1848 samlast for å skipe Skolelærer-Foreningen. Også spørsmåla dei tok opp til drøfting, hadde ein allmenngyldig karakter, men svara på spørsmåla blir ikkje heilt dei same i dag som den gongen.

  1. ”Hvilke ere de væsentlige Hindringer for Almuelæreren i hans Virke og paa hvad Maade formenes disse Hindringer at kunne vorde hævede?

Kjernen i dette spørsmålet er aktuell også i dag. Eg tenkjer her på revisjonen av av dei nye rammeplanane for lærarutdanninga, Plan for kompetanseutvikling for innføringa av L97 og forskriftfesting av skolebasert vurdering. Kjernen i dette spørsmålet finn vi igjen i evalueringa av

Reform 97 som er sett i gang gjennom Norges forskingsråd (NFR) og i meldinga om eit likeverdig skoletilbod og nasjonalt vurderingssystem som no er under utarbeiding i departementet.

  1. ”Kan Almueskolelæreren ogsaa udenfor Skoletiden stifte Nytte iblandt Almuen, og i saa Fald – paa hvad Maade?

Den store forskjellen frå 1848 til i dag er at læraryrket no er eit meir spesialisert yrkje knytta til sin arbeidsplass, på linje med andre profesjonsyrkje. Derfor må svaret bli gitt ut frå det lærarane kan gjere i sitt daglege arbeid med det nye læreplanverket. Eg tenkjer her spesielt på alle dei viktige føringane som ligg i L97 om samspelet mellom skolen og lokalsamfunnet, i Generell del, i Prinsipp og retningslinjer, særleg under avsnittet Oppvekst- og læringsmiljøet og i dei enkelte læreplanane for faga. Eg vil òg minne om ein læreplan vi har lett for å gløyme: Læreplan for skolens og elevenes valg. Ikkje minst skal Skolens valg vere med og fremje den aktive rolla skolen skal spele i lokalsamfunnet. Eg vonar alle tek denne planen på alvor slik at skolen blir ein levande og aktiv del av lokalsamfunnet.

  1. ”Kan Almueskolelæreren bidrage noget til Kirkesangens Forbedring og paa hvilken Maade?

Personleg trur eg at kyrkjesongen er betre og meir frimodig i dag enn i 1848. Men likevel er det ei aktuell problemstilling å kunne ta vare på songen som er ein del av kulturarven, slik at han blir opplevd som eit verdifullt felleseige også i vår tid. Songen må derfor haldast ved lag som eit sentralt og samlande kulturelement i skolen – ikkje berre i musikktimane.

Ideen med å opprette kommunale musikkskolar sprang ut frå ønsket om å halde ved like og vidareutvikle det lokale song- og musikklivet. I dag er musikkskolane lovfesta og utvida med omgrepet kulturskole. Eg ser dette som eit svært viktig verkemiddel til å halde oppe den lokale song- og musikk-kulturen. Det er òg ei stor utfordring å bygge bruer mellom skolen, musikk- og kulturskolen og det frivillige kulturarbeidet i kommunane.

Avslutning

”Skal vi gaa frem med Tidens Aand

og ei i Dorskhed vandre”

spurde lærar og kyrkjesongar Jørgen Olafsen frå Bud i 1847.

Svaret må vere ja, også i dag. Og utfordringa må gå til heile nasjonen, ikkje berre til skolen, fordi skolen i stor grad er eit spegelbilete av samfunnskulturen. Ei av oppgåvene for Verdikommisjonen er å peike på slike samanhengar og skape debatt og drøfte viktige felles kulturutfordringar. Samspelet mellom skole og samfunn er ei slik utfordring. La oss hente inspirasjon frå dei som i si tid skipa Skolelærer-Foreningen i Romsdals Provsti for 150 år sidan, slik at vi kan ”gaa fram med Tidens Aand og ei i Dorskhed vandre” inn i vår framtid.

Til lukke med jubileet!

Lagt inn 3. september 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen