Historisk arkiv

Framtidige rammevilkår for tilsette i forsking og høgre utdanning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Statråd Jon Lilletun

Framtidige rammevilkår for tilsette i forsking og høgre utdanning

Norsk forskerforbund, Forskningspolitisk seminar

Oslo Plaza, 5. november 1998

Kjære vener av norsk forsking og høgre utdanning,

Det er hyggeleg å vere tilbake på Forskerforbundet sitt forskingspolitiske seminar. Det er vel eit år sidan sist no. Og seier eg ikkje alt for mykje galt her i kveld, får eg kanskje lov til å kome attende også neste år. For eg har god von om at regjeringa skal kunne segle seg gjennom vinteruværet og møte blå himmel på den andre sida. Og det bør ho, for det er mykje arbeid som står igjen, også innafor forsking og høgre utdanning.

Likevel, saman synest eg vi har fått til eit lite værskifte i norsk forskingspolitikk det siste året. Forskings-Noreg har endeleg har vakna opp frå Tornerose-søvnen sin og byrja kjempe for norsk forsking. Javisst skriv de mykje rart, de forskarar. De er ikkje like saklege når de sukkar i avisene som når de skal skrive vitskaplege artiklar. Likevel er eg faktisk glad for all kjeften, for på denne måten vert forskinga synleg i det politiske landskapet.

Synleggjering av forskinga

Alt for lenge har forskinga blitt sett på som noko sjølvsagt som skjer av seg sjølv, mest utan omsyn til løyvingar og politisk interesse. Og litt for ofte får vi høyre at samfunnet skal la forskarane få vere i fred. Så lenge vi får lov til å gjere det vi har lyst til å gjere, kjem resultata av seg sjølve, seier vitskapen sine menn og kvinner. Og samfunnet har da også latt forskarane få vere i fred. Det har beint ut sagt gløymt dei.

Dette er noko vi ikkje kan tillate. I regjeringa er vi svært opptekne av forskinga si rolle i utviklinga av norsk kultur, velferd, miljø og økonomi. Vi skal byggje det kunnskapsbaserte Noreg og då kan vi ikkje la forskinga leve sitt eige liv. Vi må utforme klåre strategiar for kor forskings-Noreg skal gå dei neste åra. Vi må ha klåre visjonar om kva slags oppgåver det er forskinga skal løyse.

Det tyder ikkje at vi vil avskaffe den frie forskarinitierte forskinga og gjere alle avhengige av marknaden og byråkratane. Nokre ser ut til å tru det. Tvert i mot: den frie forskinga er ein helt avgjerande del av det norske kunnskapssystemet og denne regjeringa vil gå aktivt ut og forsvare den akademiske fridomen.

Likevel: Vi kan kanskje drøyme om å få ubegrensa med midlar til forsking og høgre utdanning, men eg har ikkje noko tru på at finansministeren vil gi meg krukka frå Sareptas. Ja, eg har ikkje ein gong noko tru på at universiteta og høgskolane ville ha hatt godt av det. Gudmund Restad vil ha noko igjen for pengane. Og samfunnet vil ha noko igjen for investeringane, om no dette er nye legemiddel, ny industri eller ny innsikt i kultur og natur.

Vi kan ikkje få alt og vi må velje. Då er det betre om vi er medvetne om kva det er vi skal prioritere, i staden for å la historia, studentane og marknaden gjere desse vala for oss.

Det er heller ikkje berre den frie forskinga som treng eit løft. Det gjer også den strategisk målretta forskinga. I enkelte miljø har det snike seg inn i ei slags forestilling om at anvend forsking er ei form for mindreverdig forsking. Det er ho ikkje. Anvend forsking, teknologisk forsking, strategisk forsking og fri grunnforsking glir over i kvarandre. Den samme forskaren er ”anvend” den eine dagen og ”fri” den andre. Her er det ikkje snakk om anten eller, men både og. Dei ulike forskingsformene skal utfylle og støtte opp om kvarandre

Eg meiner det er på tide å gi grunforskinga eit spesielt løft, men vi må samstundes reise eit forsvar for alle typar forsking. Både veljarane og vi som sit med politisk ansvar i dette landet må få ei klar forestilling om kva forskinga gjer for oss, slik at neste gong forskinga blir sett opp mot andre gode formål, stopper vi opp og seier:

”Vent litt! Forskinga — det er såkornet det. Dette er denne kunnskapen barna våre skal leve av. Dette er den kunnskapen som skal sikre oss nye arbeidsplassar, nye løysingar, nye innsikter. Vi kan ikkje ete av såkornet.”

Vi må kort sagt gjere folk medvitne om at de alle her gjer ein særs viktig jobb for den felles framtida vår.

Det er ikkje nok å klage. Vi lever rett nok i eit politisk system der det hjelper å skrike høgt. Eit oppslag på Dagsrevyen kan gjere underverk i budsjettprosessen, og det er då også forskarane si plikt å si i frå når det skurrar i systemet. Men vi sikrar ikkje dei langsiktige investeringane på denne måten. Det må det meir til enn hjartesukk over tronge budsjett. Vi må ha ein visjon om kva forskinga kan og skal gjere for samfunnet.

Kan hende er vi blitt kortsiktige, for jordnære, for matnyttige. Vi savner ein Nansen eller ein Amundsen som kan fortelje oss at vi må gjennom isaudet, ikkje fordi det fører til smør på brødet, men fordi vi skal lære noko om verda og oss sjølve.

Visst ligg det storpolitikk også bak slike ekspedisjonar. Men det var meir enn Sputnik-sjokket som fekk amerikanarane til å sende folk til månen. Det var også trua på at forskinga kan gje menneska innsikter som bringer dei vidare i arbeidet for ei betre verd. Ein treng ikkje vere naiv framstegsoptimist for å tru dette.

Eg ser rett nok at forskinga bringer oss etiske bomber basert på mellom anna hydrogen og gener. Men vi er vaksne menneske. Vi må gjere oss sjølve i stand til å skilje mellom det som gagnar og det som skader. Gjer vi det, vil vi alt i alt tene stort på det forskinga har å gje oss.

Amerikanarane endte dessutan opp med meir enn gråstein og amerikanske flagg på månen. Prosjektet førte med seg ei rekke tekniske og teoretiske problem som kravde aktiv innsats av forskarar og ingeniørar. Den kunnskapen som då vart utvikla fann snart vegen ut i samfunnet i form av nye produkt, materialar, instrument og teoriar. Satsinga førte også med seg ei massiv oppbygging av kunnskapsinstitusjonane. Den har amerikanarane stor glede av, også i dag.

Og for alle dei av oss som gjerne vil sjå litt ut over behova for pengar og produksjon: Tenk på kva bilete av jordoppgangen over Mare Tranquillitatis har tydd for vår forståing av menneskeslekta sin plass i universet.

No more cancer

Eg har nett vore på ein svært interessant tur til Amerika, der eg høyrde visepresident Al Gore setje opp eit nytt mål for amerikansk forsking: Han ga oss tre ord: ”No more cancer!” Så enkelt og så vanskeleg: ”Slutt på kreft!”

Men tenk på det: Tanken på å stoppe pestbølgjene i Europa måtte ha syntest meir utopisk. Forskarane fann penicillinet og dei knuste tuberkulosen. Satsar vi hardt nok, kan vi også stoppe kreften. No gjeld det å finne nøkkelen til kreften si gåte, og amerikanarane treng slett ikkje gjere den jobben aleine. Også mange norske forskarar gir viktige bidrag til denne kampen.

Med tre ord klarer altså Gore å gjere det heilt klart kva forskinga kan gjere for den enkelte.

Kan vi gjere det same? Kunne Noreg ha sendt menneske til månen, slik vi var først på Sydpolen? Nei, teknologien er blitt for dyr til at eit lite land kan ta eit slikt løft aleine. Men vi har faktisk gjort noko liknande. Utbygginga av kontinentalsokkelen var ei like stor teknologisk bragd som Apollo-ferdane. Med god hjelp frå utlandet bygde vi opp norske kompetansemiljø innafor olje og gass som i dag høyrer til dei fremste i verda. Det er riktig at vi har ein råvarebasert økonomi, men det er også ein høgteknologisk økonomi. Moralen er: vi kan dersom vi vil!

Dersom vi saman klarer å vise kva forskinga tyder i praksis, ja, då har vi òg vunne kampen om budsjetta. Men det tyder at vi som politikarar må heve blikket opp over makroøkonomien og dei årlege budsjettkampane og våge å sjå inn i framtida. Og forskarane, ja, dei må klare å rive seg litt laus frå sine snevre særemne og prøve å få til ein heilskapleg visjon av kva forskinga er og skal vere.

Det eg seier er at de som forskarar gjer ein særs viktig jobb, ein jobb som får alt for lite positiv omtale. Det vert utført mykje god forsking i Noreg. De har òg gjort ein kjempeinnsats gjennom å føre dei store studentkulla fram til vitnemål og arbeidsliv. Noreg er allereie blitt ein sterk kunnskapsnasjon og forskarane i UH-sektoren skal ha ein stor del av æra for det.

Men kunne de ikkje i større grad bruke kunnskapen til organisering, prioritering og tydeliggjering av forskinga?

Forskingsmiljøa ber om større fridom frå byråkrati og detaljstyring. Eg er faktisk langt på veg samd i at institusjonane bør få større fridom. Men med fridom følgjer ansvar, og med ansvar følgjer krav om strategisk tenking. Vil de ta den utfordringa?

Den forskingspolitiske røyndomen

Eg kan sjå at enkelte av dykk byrjar å bli nervøse no. All rosen og snakket om visjonar for norsk forsking kan berre tyde på ein ting: det er slutt på pengane.

Nei, nei! Ta med dykk rosen, den kjem frå hjartet! Og det er ikkje slutt på pengane. Tvert imot arbeider regjeringa hardt for å få auka løyvingane til norsk forsking.

No veit de like godt som eg at den politiske røyndomen er eit landskap fullt av hinder og paradoks. For eksempel: Tener vi for mykje pengar i dette landet, må vi skjære ned for å unngå press i økonomien. Tener vi for lite, må vi spare. Det er derfor ikkje greitt å vite når ein skal satse på framtida.

Denne regjeringa meiner at ein må satse på forsking og utdanning i både feite og magre år. Det kan ta lengre tid enn vi opprinneleg hadde tenkt oss, men målet står fast: forskinga skal styrkjast. Eg trur vi kan få det til. Om eg skal tru det eg les, er det faktisk eit klart fleirtal på Stortinget for å byggje opp dei norske forskingsmiljøa.

Høgre vil til dømes styrkje grunnforskinga ved universiteta og høgskolane. Og eg ser med interesse at også Thorbjørn Jagland har byrja å tale forskinga si sak. Det er bra. No ønskjer han å etablere eit eige fond for norsk forsking.

Eg kan jo røpe at eitt av dei alternativa Regjeringa sitt forskingsutval drøftar i samband med den komande forskingsmeldinga nettopp er eit mogleg forskingsfond. Vi er i alle fall alle einige om at forskinga bør skjermast mot svingingar i dei økonomiske konjunkturane. Det bør vere eit godt utgangspunkt for vidare dialog og samarbeid.

Kva skal så denne styrkinga brukast til? No som eg har snakka meg varm om behovet for prioriteringar, burde eg vel for skams skyld leggje fram den forskingspolitiske strategien til regjeringa. Men det vil eg ikkje.

Stortingsmeldinga om forsking kjem i februar neste år. Vi har hatt lange, engasjerte og interessante drøftingar i Regjeringa sitt forskingsutval, men konklusjonane er ikkje ferdig handsama i regjeringa. Vi må derfor vente nokre månader til før vi kan ta ein skikkeleg diskusjon om regjeringa sin forskingspolitikk. Fordelen med det er naturlegvis at det enno ikkje er for seint å forsøke å påverke oss, så hald debatten varm!

Arbeidsvilkåra i UH-sektoren

Når det er sagt, er det likevel nokre saker eg gjerne vil ta opp med dykk. Eg trur til dømes at ein viktig del av ei satsing på forsking og utvikling i universitets- og høgskolesektoren må vere å betre vilkåra for dei som arbeider der. No er nok situasjonen meir nyansert enn det mange gjev uttrykk for. Institusjonane har trass alt fått ein stor auke i løyvingane det siste tiåret. Like fullt tar eg dei signala eg har fått om krise i UH-sektoren svært alvorleg. Eg ser til dømes at mange miljø sloss med store problem som resultat av nedgangen i studenttallet.

Det har på 1990-talet skjedd etter måten mykje med arbeidsvilkåra for tilsette i undervisnings- og forskarstillingar ved universitet og høgskolar. Dette har vore ein del av dei endringane som er gjennomførte på grunnlag av tilrådinga frå universitets- og høgskoleutvalet av 1987. Dette utvalet gjorde framlegg om dei to viktigaste tiltaka på 1990-talet for arbeidsvilkåra: særavtala om løns- og arbeidsvilkår frå 1993 og felles stillingsstruktur for undervisnings- og forskarstillingar frå 1995. Eg har hatt glede av å kunne følge arbeidet sidan den gongen.

Særavtala om løns- og arbeidsvilkår legg rammene for arbeidsvilkåra. Særavtala er omstridd. Men i røynda fastset avtala berre reglar som gjeld generelt i staten og i arbeidslivet elles. Særavtala fastset at tilsette i undervisnings- og forskarstillingar skal ha vanleg arbeidsår og arbeidstid og ferie og feriegodtgjering som andre statstenestemenn. Der avtala skil seg frå avtale- og regelverket elles, må reglane i særavtala seiast å vere til føremon for tilsette i undervisnings- og forskarstillingar. Såleis er det mogleg å ha ekstraarbeid inntil 20% av full stilling i vanleg arbeidstid mot å ta dette att til andre tider.

I samband med den politiske behandlinga av Stortingsmelding nr 40 (1990-91) vart det slått fast at ved universitet og vitskaplege høgskolar skal fordelinga av arbeidstida vere om lag 50% til undervisning og 50% til forsking. For noverande statlege høgskolar ville ikkje Stortinget fastsetje ei fordeling, men slo fast at det ikkje skulle nyttast mindre tid enn før til forsking og utviklingsarbeid. Som eit resultat av dei rekrutteringstiltaka som er sette i verk, reknar vi med at søkjarane til undervisnings- og forskarstillingar får stadig høgre kompetanse. Eg vil derfor tru at undervisnings- og forskarpersonalet ved dei statlege høgskolane etter kvart får ein slik kompetanseprofil at større ressursar til forsking vil bli aktuelt.

Innføringa av felles stillingsstruktur for undervisnings- og forskarstillingar ved universitet og høgskolar med nye opprykksreglement er viktig for dette personalet. Alt frå 1993 vart ordninga med opprykk til professor etter kompetanse innførd. Frå 1995 har tilsette i alle undervisnings- og forskarstillingar under professor sjansen til opprykk til høgre stilling.

Det er verdt å merke seg at desse opprykksordningane er særordningar for dette personalet innanfor statleg sektor, og at dei kjem i tillegg til dei vanlege rettane som følgjer med tariffoppgjera.

Eg meiner at det no skulle vere lagt til rette for gode arbeidstilhøve generelt ved universitet og høgskolar, der det er mogleg for dei tilsette å drive eigenutvikling og forsking og dermed kvalifisere seg for høgre stillingar. Men ein avgjerande faktor for gode løns- og arbeidsvilkår er økonomien til institusjonane.

Klarer vi ikkje å skape blest om forskinga, klarer vi heller ikkje å skape god nok finansiering. Og sviktar økonomien, går det ut over arbeidsforholda.

Universitets- og høgskolesektoren har tre finansieringskjelder:

  • løyving frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet,
  • løyving frå Noregs forskingsråd,
  • midlar frå andre departement, kommunar, offentlege etatar og det private næringslivet, vesentleg som inntekter av oppdrag.

Løyvinga frå departementet blir gjerne kalla grunnløyving og går til å dekkje driftsutgifter generelt. Det blir ikkje skilt mellom undervisningsaktivitetar og forskingsaktivitetar. Fram til 1998 var det som alle veit ein monaleg auke i budsjettet til høgre utdanning. I 1998 er det ein nedgang på grunn av lågare studenttal. For 1999 er det på same måten som i 1998 gjort framlegg om ei omdisponering av studieplassar for å halde oppe opptaket til prioriterte utdanningar. Institusjonane står fritt til å disponere midlane innanfor dei rammene som Stortinget og departementet fastset. Det er styret ved institusjonane som sit med dette ansvaret.

For forskinga ved universitet og høgskolar er løyvinga frå Noregs forskingsråd den andre hovudkjelda til finansiering. KUF si løyving til forsking gjennom Noregs forskingsråd går i hovudsak til grunnforsking og forskarrekruttering. Midlane skal ut frå nasjonale mål og heilskapsvurderingar sikre kvalitet og fornying i grunnforskinga og sikre nødvendig og effektiv rekruttering av forskarar.

Dei faglege løyvingane er fordelte på fleire område, av desse er frie prosjekt, forskingsprogram, doktorgradsstipendiatar og vitskapleg utstyr dei viktigaste. Forskingsrådet tildeler midlar ut frå kvalitetsvurderingar, og det blir satsa særskilt på strategisk viktige forskingsfelt. I budsjettframlegget for 1999 aukar forskingsløyvinga frå KUF til Noregs forskingsråd med om lag 10%. Innanfor denne auken er midlar til medisin og helse og til langsiktig marin forsking særleg prioriterte. Dermed har vi snudd utviklinga dei seinare åra. Mellom 1993 og 1998 var det ein realnedgang på nær 15 prosent i KUF sine løyvingar til Forskingsrådet.

Vi har også snudd ein annan trend. Dette gjeld løyvingane til dei regionale institutta. Desse institutta får sine basisløyvingar frå Kyrkje, utdannings- og forskingsdepartementet via Noregs forskingsråd – og basisløyvingane har lenge vore svært låge, både absolutt og samalikna med andre institutt. I budsjettet for 1999 går Regjeringa inn for å auke basisløyvingane med 15 mill kr, og dette er nær ei dobling. Styrkinga skal sikre kvalitet og langsiktig kompetansebygging, og er eit ledd i regjeringa si satsing for å utvikle gode forskingsmiljø i distrikta.

Den tredje store finansieringskjelda for universitet og høgskolar er løyvingar over budsjetta til andre departement og oppdragsinntekter frå mellom anna kommunar og fylkeskommunar, næringsliv og fond og dessutan utanlandske midlar. Totalt er denne tredje hovudkjelda for finansiering viktig både for universitet, vitskaplege høgskolar og statlege høgskolar. Men det varierer sterkt frå institusjon til institusjon kor stor del av budsjettet den eksterne finansieringa utgjer.

Når det gjeld dei statlege høgskolane, har det vore mykje diskusjon om økonomien etter omorganiseringa i 1994. Stortinget har bedt departementet om ein gjennomgang av den økonomiske situasjonen til desse høgskolane. Eit utval har laga ei utgreiing om dette. Departementet vil leggje fram ei stortingsmelding som byggjer på denne utgreiinga.

Løyvinga frå departementet er basert på at studenten er kostnadsberar. Studenttalet blir det viktigaste grunnlaget for tildeling av driftsmidlar. Dette blir kritisert. Det blir hevda at denne budsjetteringsmåten ikkje tek nok omsyn til forskinga som blir driven ved den einskilde institusjon. Det blir spurt om det kan vere rett at utdanningsmønsteret hos ungdommen skal styre forskingspolitiske prioriteringar. Særleg etter at studenttalet no er på veg nedover, er ein redd for at reduserte løyvingar til institusjonane vil føre til reduserte forskingsmidlar. Stortinget har òg teke opp dette spørsmålet.

I budsjettarbeidet til departementet blir budsjettet for året før lagt til grunn når eit nytt budsjettframlegg blir utarbeidd. Eit system som baserer seg på tidlegare tildelingar, og der endringane frå år til år er knytte til endringar i talet på studieplassar, er lite resultatorientert.

Det har generelt vore ei stadig sterkare vektlegging på mål og resultat i det statlege budsjettsystemet. Dette har og fått innverknad på universitets- og høgskolesektoren. I dei seinare åra har det vorte innført einskilde ordningar som legg dei resultata som institusjonane har oppnådd, til grunn for tildelinga. Det er sett i verk tiltak for å betre studieprogresjonen og auke kvaliteten i studia, mellom anna tiltak for å få hovudfagsstudentar til å bli ferdige på kortare tid, og tiltak for å premiere talet på eksamenar og vekttal i høve til studenttalet. Som ledd i mål- og resultatstyringa i universitets- og høgskolesektoren blir det i budsjettproposisjonen kvart år fastsett konkrete måltal for studentar, ferdige kandidatar og opptak.

I dag er løyvingane til undervisning og forsking, som eg alt har vore inne på, dels baserte på ei historisk fordeling ved at ein legg tidlegare tildeling til grunn ved utarbeiding av nytt budsjett, dels knytte til endringar i studenttalet. Ordninga sikrar to grunnleggjande behov: At undervisninga er forskingsbasert, og at institusjonane får midlar til fri forskarinitiert forsking.

Men det er òg svake sider ved ordninga: Det er vanskeleg å sikre stabile forskingsløyvingar til institusjonane, og det er vanskeleg å setje overordna mål for forskinga ved institusjonane. Dei diskutable sidene ved den noverande budsjettmodellen har ført til at ein har vurdert om det bør nyttast andre modellar. Det er til dømes gjort framlegg om å skilje løyvingane til undervisning og forsking.

I samband med arbeidet med ei ny forskingsmelding vil vi sjå særskilt på finansieringa av forskinga ved universiteta og høgskolane. Grunnløyvinga til universiteta og høgskolane vil bli vurdert med sikte på ei større vektlegging av forskinga. Eg trur at eit nytt finansieringssystem som tar meir direkte omsyn til forskinga, må ha som føresetnad at institusjonane utviklar ein eigen forskingsstrategi som er tilpassa den einskilde institusjon. Strategien må utarbeidast i samsvar med overordna forskingspolitiske mål.

Målsetjingar for eit eventuelt nytt finansieringssystem som på ein betre måte enn noverande system tek omsyn til forskingsdelen, vil mellom anna vere:

  • Større stabilitet. Å gjere det mogleg å vurdere forskingsløyvingane uavhengig av endringar i studenttal.
  • Større fleksibilitet. Gjere det mogleg å leggje større vekt på kvalitet og spesielle forskingsbehov ved tildeling av midlar.
  • Større grad av strategisk styring av forskingsmidlar og meir forskingsstrategisk tenking ved institusjonane. Behov for å ta omsyn til overordna forskingspolitiske målsetjingar.

Eit nytt system må basertast på desse prinsippa:

  • Det bør omfatte både universitet og høgskolar.
  • Det må vere veleigna ved så vel nedgang som oppgang i studenttala.
  • Det må ta omsyn til prinsippet om forskingsbasert undervisning.
  • Det må ikkje svekkje den frie forskarinitierte forskinga.

Prinsippet om forskingsbasert undervisning og forholdet til undervisnings- og forskingspersonalet sine arbeidsvilkår er viktig. Den fordelinga mellom undervisning og forsking som er lagd til grunn i dag ved dei ulike institusjonstypane, bør liggje fast i hovuddraga. Men eg viser til det eg har nemnt om moglege endringar i forskingsressursane som følgje av at personalet ved statlege høgskolar etter kvart kan få høgare kompetanse. Elles må det vere rom for større grad av individuelle tilpassingar.

Den fridomen institusjonane har til å disponere midlane dei er tildelte, innanfor visse rammer, bør gjelde framleis. Dette prinsippet er òg nedfelt i universitets- og høgskolelova.

Det er mi von at vi med ny finansieringsordning vil bli i stand til å sikre forskinga i universitets- og høgskolesektoren, også i tider med nedgang i studenttalet. Då blir det lettare å leggje planane for den framtidige utviklinga på sektoren. Det gjeld til dømes behovet for nye forskarar.

Rekruttering

Ei hovudsak i arbeidet med å rekruttere til undervisnings- og forskarstillingar er å gjere det lettare for universitets- og høgskoleutdanna å skaffe seg høgre vitskapleg kompetanse. I dei seinare åra har det frå sentralt hald vorte gjort mykje for å gi hovudfagskandidatar og andre med tilsvarande utdanning høve til å kvalifisere seg vidare. Viktigast i denne samanhengen er doktorgradsprogramma for dei nye doktorgradane, og stipendiatstillingar som er stilte til rådvelde til dette føremålet.

Desse stillingane har etter kvart fått eit monaleg stort omfang, og dei aller fleste av dei som tek dei nye doktorgradane, har hatt stipendiatstilling. I tillegg til dei stipendiatstillingane som blir løyvde beinveges til institusjonane på statsbudsjettet, finansierer og Noregs forskingsråd som tidlegare nemnt stipendiatstillingar. Samla er det i dag om lag 3600 stipendiatstillingar. Forskarforbundet har etterlyst meir satsing på rekruttering. Dette vil bli drøfta nærare i den nye forskingsmeldinga.

Vi har no fått ei vidareføring av stipendiatordninga med innføringa av postdoktorstillingar ved institusjonane. Dei som har oppnådd doktorgrad, og som ikkje er tilsette i undervisnings- og forskarstillingar, kan gjennom tilsetjing i postdoktorstilling arbeide vidare med vitskaplege oppgåver med sikte på å få til dømes professorkompetanse. Dette bør føre til at rekrutteringa til professorstillingar og dei høgste vitskaplege stillingane elles etter kvart betrar seg kraftig.

Med dei ordningane som er nemnde, meiner eg at dei universitets- og høgskoleutdanna på relativt kort tid har fått langt betre vilkår for å skaffe seg kompetanse for undervisnings- og forskarstillingar.

Men det finst problem i rekrutteringssamanheng. Såleis er kvinnene framleis sterkt underrepresenterte mellom dei som skaffar seg høg vitskapleg kompetanse, sjølv om fleirtalet av studentane no er kvinner. For det første trur vi at det er eit tidsspørsmål før kvinnene kjem for fullt på høgre vitskapleg nivå. Men det er samstundes klårt at det må setjast inn særskilde tiltak for å betre tilgangen på kvinner til høgre vitskaplege stillingar. Departementet har difor i samband med at postdoktorstillinga vart teken i bruk, streka under at institusjonane ved fordeling av postdoktorstillingar må ta omsyn til fag/fagområde der kvinner er underrepresenterte.

Elles er det grunn til å gjere merksam på at reglane i universitets- og høgskolelova om likestillingsomsyn ved tilsetjing i undervisnings- og forskarstillingar også gjeld for stipendiatstillingar og postdoktorstillingar. Kvinnene har såleis ei sterk støtte i lova ved tilsetjing i slike stillingar.

Eit anna problem i rekrutteringssamanheng er lønsspørsmålet. Problemet er for det første det same som gjeld generelt: Staten har på mange fagområde store problem med å konkurrere med det private næringsliv om kvalifisert personale. I tillegg må universitets- og høgskolesektoren på nokre fagområde konkurrere med andre offentlege sektorar. Dette gjeld særleg medisin og jus. Det er spesielle problem med rekrutteringa av medisinarar til forsking. Dette har mellom anna samanheng med at forskarutdanning og røynsle som forskar er lite meritterande ved tilsetjing i legestillingar ved sjukehus.

Vi ser at etablerte forskarar går over i anna verksemd, at professorstillingar står ledige og at det er ein markert nedgang i søknadane til rekrutteringsstillingar. Når vi i tillegg veit at mange av forskarane i løpet av få år vil gå av med pensjon står vi føre ein alvorleg situasjon.

Årsakene til dette er fleire. Eg vil peike på tre: svakare ordningar for meritering, løn og at vilkåra for å drive forsking kan ha blitt verre dei siste åra.

Skal vi finne løysingar for å møte denne utfordringa må alle gode krefter mobiliserast. Det positive i situasjonen er at det no er i ferd med å skje. Både forskarane, forskingsinstitusjonane, Forskingsrådet og Legeforeininga engasjerer seg no aktivt for å få fram gode og kreative forslag til korleis forskarkarrieren for medisinerar skal gjerast meir attraktiv. Også i regjeringa legg vi sterkt trykk på å få fram gode løysingar. I framlegget til statsbudsjett foreslår vi å auke løyvingane til medisinsk forsking - både over mitt budsjett og Helseministeren sitt. Vi er også aktive medspelarar i den mobiliseringa som finn stad, og eg kan love at vi nøye - og raskt - vil vurdere dei forslaga til tiltak som kjem ut av dette.

I det siste har departementet initiert tiltak som skulle gjere at både stipendiatstillingar og dei nye postdoktorstillingane generelt bør bli meir attraktive også lønsmessig. Vi har fått innført ei ny stipendiatstilling med eit lønsnivå som iallfall gjer stillinga godt konkurransedyktig i høve til samanliknbare offentlege stillingar, og vi har fått lønsvilkår for postdoktorstillinga som i tillegg til dei sjansane slik stilling gir den tilsette, bør gi grunnlag for god tilgang på kvalifiserte søkjarar. Vi meiner at vi med dei ordningane og tiltaka som er sette i verk, har fått på plass gode rammevilkår for rekruttering til undervisnings- og forskarstillingar ved universitet og høgskolar.

Arbeidsdeling

Ein effektiv bruk av midlane til universitets- og høgskolesektoren krev også ei god arbeidsdeling. Vi bur i eit lite land med avgrensa materielle og menneskelege ressursar og vi kan ikkje alle gjere alt.

Hovudtanken i Noregsnettet er at universitet og høgskolar utgjer ein felles sektor, og at det skal vere ei rasjonell arbeidsdeling mellom institusjonane. Det skal vere ei funksjonsdeling. Universiteta og dei vitskaplege høgskolane skal ha ansvaret for forskarutdanning og grunnforsking og hovudansvaret for hovudfagsutdanning. Kunsthøgskolane skal ha eit hovudansvar for kunst- og kunsthandverksutdanningar og statlege høgskolar har hovudansvaret for i første rekkje profesjonsutdanningar og profesjonsorienterte utdanningar.

Det skal vidare vere knutepunktfunksjonar slik at einskilde institusjonar har ansvar for fag og utdanningar som er spesielle og berre trengst ved ein eller få institusjonar, og den einskilde institusjon skal ha ansvar for fagområde institusjonen har særlege føresetnader for, anten ved å ha spesialkompetanse eller særskild høg kompetanse. Slike knutepunktfunksjonar er sentralt i Noregsnettenkinga.

Noregsnettet set to hovudkrav til institusjonane: Kvar institusjon må utvikle ein eigen fagprofil, og institusjonane må samarbeide. Totaliteten av studium og fag ved eit universitet eller ein høgskole utgjer fagprofilen til institusjonen. Innanfor eigen fagprofil kan den einskilde institusjon ha særskilde faglege ansvarsområde og spesialitetar som er knutepunktfunksjonane til lærestaden. Ein institusjon som har fått ansvar for eit særskilt studium eller fag, må samarbeide med andre institusjonar som har utdanningstilbod på same fagområdet. Til dømes må statlege høgskolar som har ansvar for faglærarutdanning eller hovudfagsutdanning i kroppsøving, samarbeide med idrettshøgskolen.

Dette kunnskapsnettverket har fleire dimensjonar. Det må føre til at det blir lettare for studentane å kombinere fag og utdanningar frå ulike institusjonar. Det må føre til eit tettare samarbeid mellom institusjonar som gir fagleg nærståande studium og utdanningar. Det bør føre til ein meir medviten og rasjonell bruk av bistillingar og dermed betre utnytting av dei faglege ressurspersonane i sektoren. Det bør føre til eit nærmare og betre samarbeid om forsking. Det bør gi betre grunnlag for bruk av fjernundervisning som særleg må knytast til etter- og vidareutdanning og vere eit tillegg til vanlege undervisningsformer.

Det er viktig at institusjonane klargjer sine satsingsområde i arbeidet med strategiske planar. Ansvaret for dette ligg til styra ved institusjonane. Men det er samstundes klårt at mykje av det førebuande arbeidet med dette må gjerast på lågare nivå, og at arbeidet med å utforme satsingsområde vil måtte oppta faglege organ på alle nivå. Men det må og understrekast at satsinga på særskilde fag og utdanningar ikkje må fortrengje oppgåvene til institusjonane elles.

Dette set store krav til institusjonane om evne til å prioritere innanfor dei ressursane dei har til rådvelde. Oppgåva til først og fremst styret blir innanfor den budsjettramma som er gitt, og ut frå dei personressursane institusjonen har, både å utvikle eigne satsingsområde og å halde oppe studietilbodet generelt. Men omstenda kan òg vere slik at styret må gjere framlegg om å leggje ned studietilbod som er lite etterspurde. Styra og med det representantane for det faglege personalet har såleis ein viktig utdanningspolitisk funksjon innanfor høgre utdanning.

Etiske spørsmål

Eg er som dykk sikkert skjønner glad i forskinga. Eg gler meg over den nysgjerrigheita og kreativiteten eg ser i god forsking, og eg ser kva forskinga har gjort for velferdsutviklinga i landet vårt. Men det finst også sider av forsking og teknologi som eg, og mange med meg, er skeptiske til.

Enkelte forskarar har til dømes ei reint naiv tru på vitskapen si evne til å forklare alt og alle. Med stor sjølvtillit reduserer enkelte mest alle fenomen til enkle formler og betinga reflekser og er overbeviste om at deira teori er sanninga med stor S. Eg har sett kjærleiken og trua mi redusert til gener på ein DNA-streng.

Nokre kan også falle for freistinga til å gå på akkord med sit eige samvit. Andre kan gjere tvilsame ting uten å tenkje seg om.

Etiske spørsmål i forskinga har kome meir fram i det offentlege ordskiftet i det seinare. Dette kan nettopp ha samanheng med at trua på vitskapen og forskaren som ein slags overordna, objektiv instans i samfunnet synest å vere på retur. Det har og samanheng med at det har kome fram at det har vore tilfelle av rein fusk innanfor forskinga.

Rett nok har det vore få slike tilfelle i Noreg og dei har ikkje vore av dei grovaste, men det er klårt at offentleggjeringa av ein del ”stygge” saker til dømes i Sambandsstatane har hatt innverknad på omdømmet til heile det internasjonale forskingssamfunnet. Men elles trur eg nok at den sviktande tilliten til vitskapen har mange ulike årsaker.

Det er vel rett å seie at forskingsetiske spørsmål alt har stått på den norske, politiske dagsordenen i mange år. I 1990 vart det oppretta tre nasjonale, forskingsetiske komitear, ein for medisin, ein for naturvitskap og teknologi og ein for samfunnsvitskap og humaniora. Desse komiteane gjer eit godt og verdfullt arbeid på det prinsipielle området. Vi har og fått ei rekkje andre komitear, nemnder og råd som skal sjå til at forskinga held seg innanfor visse minstekrav. Men til sjuande og sist er det forskaren sjølv som må ha hovudansvaret for at alt går rett føre seg.

Eg meiner det er viktig for forskaren at kvar einskild institusjon også arbeider aktivt med forskingsetiske spørsmål. Først og fremst bør reglar for god ”forskingspraksis” inn som ein del av doktorgradsutdanninga. Eg er kjend med at nokre institusjonar arbeider med dette, og vil berre seie: ”Dette er viktig.”

Men institusjonane bør og ha retningsliner for korleis ein til dømes skal handtere tilfelle av fusk. Så langt eg kjenner til, blir det arbeidd også med dette, mellom anna i Universitetsrådet.

Eg vil også understreke noko som eg ser som heilt vesentleg, og det er at forskinga er uavhengig av sine oppdragsgivarar, uansett kven desse er. For den frie, forskarinitierte forskinga som kjenneteiknar universiteta, er dette ikkje noko stort problem. Men ettersom desse institusjonane tek på seg stadig fleire oppdrag frå næringsliv, organisasjonar og liknande, vil det melde seg med styrke her og. Vi må ha lov til å vente at forskaren legg fram resultat som ikkje alltid ”passar” oppdragsgivaren. Dette har mykje med kvalitet å gjere forutan legitimitet og tillit, og institusjonane bør arbeide medvite med desse spørsmåla.

Endeleg vil eg seie at det bør vere så opne forhold innanfor dei einskilde forskingsgruppene at det er lett å ta opp aktuelle forskingsetiske spørsmål til drøfting. Eg har tru på at denne debatten vil tene stort på å bli halden levande heile tida og på alle nivå, både blant forskarane sjølve, på institusjonane, i komitear og råd, i media og på Stortinget. Alt i alt er eg imponert over det forskingsetiske arbeidet som er lagt ned dei siste åra. Det lover godt for framtida.

Eg har lenge vore opptatt av moglegheiter og konsekvensar av ny teknologi. Regjeringa har i budsjettet for 1999 gjort framlegg om å skipa eit norsk teknologiråd. Rådet skal ha som si viktigaste oppgåve å setje i verk utgreiingar om moglegheiter og konsekvensar av teknologi på sentrale samfunnsområde, og skal gjennom dette legge grunnlag for ein offentleg teknologidebatt. Eg meiner ein slik teknologidebatt, der også lekfolk blir engasjert, er viktig for demokratiet vårt.

Eg vil streka under at rådet skal vere eit uavhengig organ som ikkje kan bli instruert i faglege spørsmål. Samstundes er det naudsynt at Teknologirådet samarbeider nært med andre organ på tilgrensande felt, t d Bioteknologinemnda. For å sikre koplinga mot det forskingsetiske arbeidet, blir sekretariatet lokalisert saman med sekretariatet til dei nasjonale forskingsetiske komiteane. Når Teknologirådet er på plass, har vi truleg dei institusjonane vi treng for å ta vare på dei etiske og samfunnsmessige sidene av forsking og teknologi.

Avslutning

Det er som eg sa eit år sidan eg var her sist. Eg har jobba med forskings- og forskingspolitikk gjennom mange år, men ein blir aldri utlært. Eg har lært mykje det siste året, om forsking, høgre utdanning og den departementale verda. Det har vært slitsomt, men også veldig morosamt, og eg gler meg til å ta fatt på det neste året. Eg veit vi kjem til å få mykje å gjere med kvarandre — ikkje minst på grunn av debatten rundt forskingsmeldinga. Vær kritiske, det er jobben deira, men vær også konstruktive, for vi kjemper alle her for samme sak.

Lagt inn 5. november 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen