Historisk arkiv

Kultur og utdanning mot tusenårsskiftet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Statsråd Jon Lilletun

Kultur og utdanning mot tusenårsskiftet

Innlegg på konferansen "Hvem er det som tramper på min bro?" 3. desember 1998
Folkets Hus, Oslo

Først vil eg få takke Fellesrådet for kunstfaga i skulen og dei andre her som har vore med og lagt til rette for denne spennande og perspektivrike konferansen.

Kultur er i vid forstand det levesettet som blir skapt i eit samfunn, og den kunnskapen og dei verdiar og oppfatningar dette byggjer på og som knyter individ og samfunn saman.

Kreativ verksemd gir oss opplevingar, inntrykk og evne til å skape – ein viktig del av kulturen i samfunnet.

Skulen skal gi barn og unge kompetanse for desse kulturområda. Dette finn vi uttrykt i innleiinga til prinsippdelen av læreplanverket L97, der det heiter : Opplæringa i grunnskolen skal gi grunnleggjande kunnskap, levandegjere kulturarven, stimulere til å ta lokalkulturen i bruk og inspirere barn og unge til å vere aktive og skapande.

Samanlikna med tidlegare tider står vi i dag overfor ei meir omfattande internasjonalisering og kommersialisering som får konsekvensar både for det skapande kulturarbeidet og skulen som veksthus for kulturelle dugleikar og identitetsskaping. Vi opplever òg ei rivande teknologisk utvikling som stiller nye krav om kunnskap og evne til refleksjon og kritisk tenking hos dei unge.

Gunnar Fløystad kallar denne utviklinga for den største folkevandringa i historia. Stadig fleire – barn og unge,

ikkje minst – er på kulturell vandring. Verdiar, normer og kulturelle preferansar har i dag andre utgangspunkt enn det lokale og nasjonale, slik vi har vore vane med. Dei kommersielle marknadane og den globale mediekulturen arbeider etter andre etiske prinsipp enn dei vår nasjonale kultur er tufta på og som omfattar dei kunnskapane, dugleikane og holdningane vi meiner dei unge må ha for å kunne ta hand om sitt liv og si eiga framtid.

L97 er utforma som eit kulturprogram for å møte nye utfordringar i samfunnsutviklinga. Den generelle delen av læreplanverket gir visjonen og dei overordna måla for opplæringa som skal vere med og fremje

  • det meiningssøkjande mennesket
  • det skapande mennesket
  • det arbeidande mennesket
  • det allmenndanna og samfunnsmedvitne mennesket
  • det samarbeidande mennesket
  • det miljømedvitne mennesket

som i sum skal vere med og leggje grunnlaget for det integrerte mennesket som sluttmålet for opplæringa i skulen.

Men vegen fram mot det integrerte mennesket er inga einvegskjøring. Som det går fram av den generelle delen av læreplanverket vil opplæringa by på ei rekkje doble formål, som til dømes

  • både ” å gi rom for barns kultur og unges livsstil – og ruste dem til å gå inn å ta ansvar i de voksnes verden.”
  • både ” å kjenne og pleie nasjonal arv og lokale tradisjoner for å bevare egenart og særdrag – og åpent møte andre kulturer for å kunne gledes av mangfoldet i menneskelige ytringsformer og å lære av kontraster.”
  • både ” å åpne sansene for de mønster som har festnet seg som tradisjoner, i alt fra musikk til byggekunst – og fantasi til å tenke nytt og evne til å bryte opp.”

Dette vil seie at opplæringa må balansere desse doble formåla. Eller sagt på ein annan måte: Skulen må ha som siktemål å vere både ein ”motkultur” til den kommersialiserte og mediestyrte verda og eit rom for det Thomas Ziehe og fleire har kalla ”den kulturelle frisetjing”. Det vil seie at kvar enkelt må ta utfordringa med å skape sin eigen personlegdom. Det er dette som gjer arbeidet i skulen både utfordrande og spennande, men òg vanskeleg.

Skulen er samfunnets viktigaste kulturtilbod til barn og unge, og skal ikkje fungere som ei isolert øy. Skulen må byggje sitt arbeid på samspel med andre kulturformidlarar:

  • heimane til elevane
  • offentlege kulturinstitusjonar og profesjonelle kulturarbeidarar
  • den frivillige kulturverksemda og andre medspelarar i lokalsamfunnet

I handlingsplanen Broen og den blå hesten vart det trekt opp viktige kulturperspektiv som vart innarbeidde i L97, både i prinsippdelen om oppvekst- og læringsmiljøet og i læreplanane for dei estetiske faga. Sjølv om svært mange i denne salen kjenner godt til innhaldet i L97, vil eg peike på nokre viktige føringar:

  • I prinsippdelen er den estetiske dimensjonen i læreplanane for faga sterkt understreka. Det vil seie at ein i opplæringa skal leggje vekt på skapande verksemd og refleksjon, opplevingar og uttrykk, og ha ei medviten holdning til kunst og estetikk.
  • I prinsippdelen er det òg lagt vekt på kor viktig samanhengen er mellom organiseringa, tidsbruken, arbeidsmåtane og læringsaktivitetane for å få til ei god og tilpassa opplæring.
  • I læreplanane for faga tek dei fleste hovudmomenta til med eit handlingsverb som gir føring for det innhaldet elevane skal møte på dei ulike hovudstega. Dette er ikkje minst gjort for at elevane skal lære gjennom ulike sansar og i veksling mellom innordna og utprøvande læring. Til kvar av læreplanane for faga er det utarbeidd eigne etterutdanningsplanar for lærarane, som skal nyttast i arbeidet med kompetanseutvikling i skulen. Til dette arbeidet har kommunane fått ekstraordinære tilskott frå staten. Det er òg danna eigne nettverk mellom universitet og høgskular i kvart av skolefaga for å kunne gi likeverdige og gode tilbod om etterutdanning i alle delar av landet.

Eg vil òg peike på det nye aktivitetsområdet Skolens valg i L97. Dette gir skulane rom for mellom anna kultur som satsingsområde. Skolens valg skal utformast ved den einskilde skulen og har som føremål å fremje skulen si aktive rolle i lokalsamfunnet – ikkje minst på det kulturelle området.

Skolens valg opnar for at den einskilde skule til å profilere det musiske, estetiske og det praktiske.

Musikk- og kulturskular

Det er for meg naturleg å peike på utviklinga innanfor dei kommunale musikkskulane når det gjeld å fremje breiare kulturtilbod og utvikling av det lokale kulturlivet.

Musikkskulane har vore med på å gjere oppveksten rikare for mange barn og unge, og dei har vore drivkrafta bak mykje av kulturlivet i kommunane, som kor, korps, band og andre kulturtiltak. Mange av våre fremste profesjonelle musikarar starta karrieren sin i den kommunale musikkskulen. Det er viktig at musikkskulane er utviklingsretta, slik at dei kan møte nye behov og stimulere til eit rikt og mangfaldig kulturliv i kommunane.

Prosjekta Positivt skolemiljø og Musikk- og kulturskoleutvikling har vekt begeistring og glød hos både barn og vaksne. Dei har vore med på å skape trivsel og meir humørfylte læringsmiljø som òg har hatt positive ringverknader langt ut i lokalmiljøet. Desse prosjekta og kunstskuleforsøka har ført til eit meir bevisst syn på korleis lokalsamfunna kan organisere seg for å opprette og utvikle musikk- og kulturtiltak for barn og unge. Gjennomføringa av desse prosjekta har gitt meir kunnskap om og erfaring med korleis opplæringa innanfor musikk, kunst og anna kulturverksemd kan organiserast og integrerast i dei lokale musikk- og kulturtradisjonane. I utforminga av politikken på dette feltet er det viktig å ta med slike erfaringar.

Eit positivt trekk i utviklinga av musikkskulane er at dei frå 1996 har hatt høve til å søkje statsstøtte også for andre kunst- og kulturuttrykk enn musikk. Eg vonar at ei slik utviding kan skape gode ringverknader lokalt. Mange musikkskular har alt skifta namn til musikk- og kulturskular.

Frå 1. juli i år er det lovfesta at alle kommunar aleine eller i samarbeid med andre kommunar skal ha eit musikk- og kulturskuletilbod til barn og unge i tilknyting til skuleverket og kulturlivet elles.

Utfordringa for kommunane no vil vere å finne fram til tenlege samarbeidsmodellar, og kva for tiltak og aktivitetar som med fordel kan leggjast inn under musikk- og kulturskoleparaplyen.

Det er forventningar til det nye tilbodet, og mange er usikre på kva kulturaktivitetar musikk- og kulturskulen kan romme. Det har difor vore behov for å oppsummere dei erfaringane som er gjorde gjennom dei ulike utviklingsprosjekta, og å få fram idear om korleis det nye musikk- og kulturskuletilbodet kan leggjast til rette og kva innhald det kan ha.

Eg har derfor teke initiativet til å setje ned ei arbeidsgruppe som har fått i oppdrag å sjå nærare på desse spørsmåla. I tillegg til å oppsummere erfaringar skal arbeidsgruppa utarbeide forslag til modellar for innhald og organisering som kan fremje god tilrettelegging og innhaldssmessig utvikling av musikk- og kulturskuletilbodet.

Det er òg viktig at dei kommunale musikk- og kulturskulane samarbeider godt med barnehagar, skular, skulefritidsordningar og det frivillige kulturtilbodet for barn og unge, til dømes kor, korps og orkester. Arbeidsgruppa skal utarbeide forslag til modellar for slikt samarbeid.

Sluttrapport med tilrådinga vil liggje føre i februar 1999, og arbeidet vil bli følgt opp av departementet.

Eg vonar at dette arbeidet skal vere med og gi det lokale kulturlivet og skolane inspirasjon og utvikling, slik det mellom anna er peikt på i handlingsprogrammet Broen og den blå hesten.

Kva skal vi ta med oss inn i eit nytt tusenår?

Ser vi oss litt tilbake i dette hundreåret vi no er i ferd med å forlate, ser vi mange gode ting vi bør ta med oss vidare.

Først og fremst vil eg peike på den optimisme og det pågangsmot som har prega dei som arbeider med kulturformidling og skuleutvikling. Eg vil understreke kor viktig det er å føre vidare arbeidet med kultur- og oppveksttiltak som når alle grupper av barn og unge.

Merknad:

Det er viktig å følgje opp Broen og den blå hesten. Eg vil foreslå eit utviklingsarbeid der kultur i skulen er tema. Her vil det vere naturleg å samarbeide med Kulturdepartementet.

I kulturpolitikken har vi tre viktige verdidimensjonar som vi bør byggje vidare på:

  • Folkeopplysningstradisjonen
  • Verdien av opplevingar knytte til naturen
  • Idealet om å nytte den auka fritida til å vere aktiv og skapande

Desse verdiane i vår kulturpolitikk har hatt mykje å seie for utviklinga av offentlege og frivillige kulturtiltak. Dessutan har skolen fått gode medspelarar i si oppgåve som kulturformidlar.

Folkeopplysningstradisjonen har gitt oss bibliotek, museum, teaterverksemd, film og biletkunst, og ikkje minst mange gode kunstnarar.

Verdien av nærleiken til naturen er formidla både i litteraturen, målarkunsten og andre kulturuttrykk. Dessutan er friluftsliv ein del av norsk kultur. Vi behov for å ta med oss den litt særnorske naturgleda inn i eit nytt tusenår. Dette legg mellom anna kroppsøvingsfaget til rettes for.

Til sist, men ikkje minst, vil eg understreke verdien av å vere skapande gjennom eigen aktivitet. Med auka fritid i det moderne samfunnet vil det vere viktig å sjå på mennesket som eit kreativt og skapande subjekt som ikkje let seg passivisere av medieflaumen og datamaskinane.

Desse verdiande er viktige både for innhaldet i skulen, identitetsskaping og samspelet mellom skulen og det lokale kulturlivet og dei ulike riksinstitusjonane som formidlar kultur spesielt overfor barn og unge. Barn og unge må òg møte den kulturen som blir formidla av Rikskonsertane, teatra, museum og galleri.

Det vil òg vere viktig at dei instansane som arbeider med skule og kulturformidling på fylkesnivået, vidareutviklar gode samarbeidsformer, slik at dei som arbeider lokalt, får møteplassar for idé- og erfaringsutveksling og nye impulsar for det lokale arbeidet.

Denne konferansen er òg eit godt døme på ein møteplass som vil gi idear og inspirasjon til det framtidige kulturarbeidet overfor barn og unge. Eg vonar vi kan finne fleire møteplassar i framtida.

Eg vil avslutte denne innleiinga om kultur og skule med å låne nokre linjer til ettertanke frå diktet Kunstneren av André Bjerke:

Ta kunstnerens blikk fra et barn, ta formgleden fra det,
og se, det vil trå på sitt spann og vil kaste sin spade,

og se, det vil glemme sin lyst og gå under i skygge,
og broer og byer og skip vil det ingengang bygge!

Lykke til med konferansen!

Lagt inn 4. desember 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen