Historisk arkiv

Kyrkjemøtet 1998

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Kyrkjemøtet 1998

Opningsmøte

8. november 1998

Grand Hotell Terminus, Bergen

Kjære medlemmer av Kyrkjemøtet!

Det er med ei særleg glede eg helsar dykk på vegne av regjeringa ved opninga av dette Kyrkjemøtet. Etter soknerådsvalet i oktober i fjor og dei etterfølgjande val til bispedømmeråd, har også Kyrkjemøtet vorte sett saman på nytt. Mange av dykk deltek på Kyrkjemøtet for fyrste gong.

Eg håper de som møter her for fyrste gong vil oppleve at det er lagt gode spor å gå inn i når det gjeld arbeidsmåte og møteform, og dette framleis vil vere eit organ som er prega av en open dialog med vilje og evne til å søke mot samlande løysingar på vanskelege saker til beste for kyrkja vår. Eg ynskjer dykk alle lukke til med forhandlingane.

Eg vil og nytte høvet til å takke det avgåande kyrkjerådet med leiaren Oddbjørn Evenshaug i spissen for vel utført arbeid.

Kyrkja sine ordningar

De tar fatt som Kyrkjemøte i midt i eit tidsskilje i Den norske kyrkja si historie. Då dei nye kyrkjelovene vart vedteke av Stortinget i 1996 og trådte i kraft 1. januar 1997, var dette ein førebels slutt på det kyrkjelege reformarbeidet som starta med den offentlege utgreiinga om kyrkje og stat frå 1975.

Grunnlaget for dei reformene som fylgde var Stortinget sin handsaming av St. meld. Nr. 40 (1980-81) Om stat og kyrkje.

Hovudspørsmålet i stortingsmeldinga frå 1980 var den framtidige ordninga av forholdet mellom stat og kyrkje. Meldinga konkluderte med at statskyrkjeordninga burde haldast ved lag ”for den tid vi med rimelighet kan overskue framover”. Det var føresett at kyrkja skulle gjevast større sjølvstende innafor ramma av statskyrkjeordninga, og på dette grunnlaget vart det sett i verk eit arbeid med reformer av den kyrkjelege lovgjevinga. Dette førte med seg at Kyrkjemøtet vart oppretta og at det vart ført over myndigheit frå Kongen til Kyrkjemøtet, mellom anna når det gjeld å fastsette kyrkja sine liturgiar. Bispedømmeråda fekk overført rett til å tilsette prestar, og ansvaret for dei statlege kyrkjebudsjetta. Biskopane fekk overført mykje av den myndigheit som gjeld presteskapet, og som tidlegare låg i departementet.

Ved kyrkjelovene av 1996 fekk sokna ein tilsvarande sjølvstende i tilhøve til kommunene.

Etter denne siste lovreforma er arbeidet med å føre over oppgåver og myndigheit til valte kyrkjelege organ ført vidare. Det siste elementet i dette er disiplinærmyndigheiten når det gjeld presteskapet, som departementet no gjer framlegg om at leggast til bispedømeråda.

Når det gjeld dei organisatoriske og rettslege tilhøva er det min konklusjon at vi i dag har ei godt organisert kyrkje med sjølvstende på dei fleste område - i tråd med intensjonane frå 1980. Framleis er det mange oppgåver å ta fatt på når det gjeld kyrkja sine ordningar, men i all hovudsak handlar dette om behov for justeringar og tilpassingar.

Når det gjeld dei grunnleggjande stat-kyrkje-spørsmåla finn eg det rett å venta med å gje uttrykk for noko, til det arbeidet Kyrkjerådet har sett i gang er avslutta. Eg har merka meg at spørsmålet om å skilje kyrkje og stat også her er formulert om. Det ein no talar om er å vurdere behov for endringar i” relasjonane mellom kyrkje og stat”. Eg trur det er ein klok dreiing av problemstillinga

Den utviklinga eg her har skildra i retning av auka kyrkjeleg sjølvstyre inneber at kyrkja og kristenfolket står overfor nye utfordringar. Den gongen statlege og kommunale organ hadde stor makt i kyrkja, vart mykje av systemkritikken retta mot staten – no vert slike skuldingar i aukande grad ein intern kyrkjeleg debatt, og kritikken rettar seg mot kyrkjemøtet, mot biskopar, mot kyrkjeleg fellesråd. Det går ikkje lenger an å ropa på at kyrkjestatsråden skal gripe inn.

Eg ser det gjerne som ei tillitserklæring at mange ynskjer at denne kyrkjestatsråden skal gripe inn i indre tilhøve i Den norske kyrkja på dei punkta der dei sjølv er ueinig med dei kyrkjelege organa, men her gjelder det å halde fast på prinsippa.

Prestetenesta

På eitt område i kyrkja er det etter mi meining eit særleg stort og aktuelt behov for reformar – og det gjeld organisering og leiing av prestane si teneste. Dette er ikkje eit område som er lovregulert i særleg grad, men som det ligg til Kongen og departementet som arbeidsgjevar og kyrkjestyre å gjera noko med. I hovudsak fell dette utanfor Kyrkjemøtet sitt ansvarsområde. Vi har teke denne saka opp med biskopane og med Presteforeninga, og håpar på eit godt og konstruktivt samarbeid i fyrste omgang om prøveprosjekt, og etter det om innføring av meir permanente ordningar som vil gje ei betre ramme rundt prestane si viktige teneste i kyrkja vår.

Skal ein lukkast i arbeidet med å få til ei betre organisering og leiing av prestetenesta, trur eg vi er på rett veg om vi velgjer å vidare-utvike prosten si rolle som tilsynsmyndigheit og medhjelpar for biskopen. Dette var også konklusjonen fra den store prostekonferansen som vart halde i Erkebispegarden no i vår, og i tråd med dette må prostane bli nøkkelpersonar i forsøka med å gi ei ny og betre ramme rundt prestetenesta. Så må vi heller ikkje gløyme dei behova prostane sjølve har når det gjeld rammevilkåra for si teneste.

Ei av dei sakene som nå står på saklista dykkar gjeld òg prestetenesta. Den handlar om grunnleggjande spørsmål når det gjeld rekruttering av prestar. Eg tenkjer på forslaget til endringar i regelverket om tilsetjing og ordinasjon av prestar. Eg er glad for at det no etter kyrkjelovreformene har vorte mogleg for departementet å svara på den invitten som Kyrkjemøtet ga allereie i 1989, og legge fram et eit framlegg som eg trur fangar opp det dåverande Kyrkjemøtet sine intensjonar på ein god måte. I tillegg inneheld også framlegget reglar som kjem i møte dei økumeniske utfordringane, mellom anna frå ”Porvoo-erklæringa” og ”Nådens Fellesskap”.

Det er også, som eg nemnde, gjort framlegg om å delegere myndigheit til å treffe vedtak om oppseiing, ordensstraff, avskjed og suspensjon til bispedømerådet, og å delegere departementet sin myndigheit etter kyrkjelova § 32 til å treffe vedtak om tap av prestefullmaktar til biskopane.

Dette ser eg som eit viktig steg i den kyrkjelege reformprosessen. Og eg ser fram til å studera resultatet av Kyrkjemøtet si handsaming av desse framlegga.

Kyrkja sin økonomi

I samband med framlegget og behandlinga av statsbudsjettet har det den siste tida vore ein del utspel og oppslag om kyrkja sin vanskelege økonomiske situasjon. Generelt vil eg til dette seie at kyrkja og kyrkja sine talsmenn og talskvinner sjølvsagt må seie høgt og tydeleg i frå om kva som etter kyrkja si meining er situasjonen og kva som er kyrkja sitt ressursbehov. Slik skal og må det vere. Samstundes veit vi at behovet for meir ressursar er til stades nær sagt innanfor alle samfunnssektorar, og at ei ansvarleg regjering har plikt til å sjå kyrkja sitt ressursbehov i lys av ressursbehovet på andre område. Men i lys av desse generelle vilkåra – og i lys av den budsjettsituasjonen som vi no har, med trong for innstrammingar – vil eg seie at eg er nøgd med at vi i budsjettet for 1999 har innarbeidd ei styrking av prestetenesta med 9 mill kroner.

Eg kan i dag også opplyse om at regjeringa i nysalderinga av statsbudsjettet for inneverande år vil gjere framlegg om ei tilleggsløyving til presteskapet på vel 10 mill kroner. Dette betyr - om Stortinget gir sin tilslutnad - at det ikkje blir stilt krav om at overskridingane i 1998 skal sparast inn i 1999. Eller for å sitere Alf Prøysen: ”Du skal få ein dag i morrå som rein og ubrukt står, med blanke ark …….”

Eg vil ikkje med dette seie at kyrkja sin økonomiske situasjon no er fullt ut tilfredsstillande. Eg reknar heller ikkje med at det blir konklusjonen når kyrkjemøtet skal uttale seg om kyrkja sin økonomi. Men det eg vil be om er at dei signala eg får om kor skoen trykker mest er eintydige, og at dei kjem i god tid. Når det i år vart ropa om krise på vikarbudsjettet, så er mitt spørsmål: Kvifor sa ikkje Kyrkjemøtet frå om dette på eit så tidleg tidspunkt at det var mogeleg å førebyggje situasjonen? Det må òg vere lov til å spørje om kyrkja sine organ er flinke nok til å dokumentere og prioritere sine behov, og til å styre etter eit fastsett budsjett? Dersom noen skulle oppfatte dette som kritikk, så har dei forstått meg rett. Men eg trur de kjenner meg godt nok til å skjøne at det er godt meint, og at eg ikkje er blind for behova.

Særleg er eg oppteken av stillingsbehovet i kyrkja, og eg ser fram til resultatet av den systematisk gjennomgangen av bemanningssituasjonen som Kyrkjerådet – etter oppdrag frå departementet – no er i ferd med gjennomføre. Eg trur den dokumentasjonen som kjem ut av dette, vil vere særs viktig for den vidare diskusjonen om kyrkja sin ressurssituasjon.

For kyrkjelydane vil eg tru at det er det økonomiske tilhøvet til kommunen som er mest avgjerande for kyrkjelyden sin økonomiske situasjon. Den nye kyrkjelova bygger som kjent på gamle prinsipp om kommunen sitt økonomiske ansvar for kyrkja. Men det er eit spørsmål om kyrkjelova med si understreking av kyrkjeleg sjølvstende, kan ha virka til å svekke – i alle fall enkelte stader – det kommunale ansvaret for kyrkja. Eg meiner det er for tidleg å ha eintydige og klåre oppfatningar om dette no, så kort tid etter at kyrkjelova tok til å gjelde, men det vil i alle fall vere grunn til å følgje dei økonomiske verknadene av kyrkjelova nøye, både frå kyrkja og frå departementet si side.

Det er etter kyrkjelova heilt klårt at kommunen her har eit økonomisk ansvar som dei ikkje kan springa frå. Omfanget av dette ansvaret er omtala i lova. Den kommunale utgiftsdekninga skal gje grunnlag for at de gudstenester som biskopen forordnar kan haldast, at dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferd kan forrettast for soknet sine medlemmar, at arbeidstilhøva for dei kyrkjelege tilsette er tilfredsstillande og at sokneråd og fellesråd har tilstrekkeleg administrativ hjelp. Kommunen skal dekke utgiftene til stillingar som kyrkjetenar, klokkar og organist eller kantor ved kvar kyrkje, og til stillinga som dagleg leiar for kyrkjeleg fellesråd. Dette er lønnskostnader som kommunen ikkje kan løpa frå, og dei har ikkje høve til å seie seg fri frå det økonomiske ansvaret for lønnsoppgjeret knyta til desse stillingane. Eg er samd med Kommuneforbundet og andre som peikar på at ei slik haldning i realiteten er å fratake dei kyrkjeleg tilsette retten til å forhandle om lønn.

Eg kan ikkje sjå det annleis enn at kommunane sjølve – ut frå sine eigne interesser – må sjå at eit anstendig kyrkjebudsjett er god bruk av kommunale middel. Eg er overtydd om at ein levande kyrkjelyd sparar kommunen for store kostnader mellom anna på helse- og sosialbudsjetta, og er like naudsynt som investering i veg og vann og industritomter om vi i framtida skal ha levande lokalsamfunn.

Sjølv om det er kort tid sidan den nye kyrkjelova tok til å gjelde, ser det ut til at det kan vere behov for å tydeleggjere kommunane sitt ansvar på det kyrkjelege området. Rette måten å gjere dette på, er etter mitt syn å gi politiske og budsjettmessige føringar i kommuneøkonomiproposisjonen.

Det eg ikkje ynskjer er ei utvikling der staten går inn og salderer for kommunal ansvarsløyse. Det kan nok fortona seg som ei freistande løysing på kort sikt. Men på noko lengre sikt vil effekten vera den same som ved den unemnelege måten å varme si eiga bukse når ein frys.

Nokon meiner at innføring av kyrkjeskatt vil vere den beste løysinga for å sikre kyrkja sin økonomi. Dette kan etter mitt syn vere ein interessant modell. Kyrkjeskatt går som kjent inn som utgreiingstema i Kyrkjemøtet sitt stat/ kyrkje utval, og vi får avvente kva utvalet vil leggje fram av tilrådingar og vurderingar når den tid kjem.

I debatten om kyrkja sin økonomi er det også reist spørsmål om bruken av Opplysningsvesenets fond. I den samanheng vil eg for det første minne om at lova om fondet slår fast at eigedommane og kapitalen ikkje kan gjevast bort eller brukast opp. Avkastinga derimot kan brukast til kyrkjelege formål. Vi må halde fast ved at dette skal vere formål som ikkje er eit klart offentlege ansvar, men med den avgrensinga må vi til å ei kvar tid spørje om midlane går til dei aller viktigaste formåla. For øvrig er det mi meining at om ein i framtida må ta stilling til om det er staten eller kyrkja som eig fondet, så skal fondet høyre til kyrkja.

Dåpsopplæring

Til slutt nokre ord om kyrkja si dåpsopplæring.

Det er etter mi meining inga tvil om at den einskildfaktor som vil vera mest avgjerande når det gjeld å bevare Den norske kyrkja som ei folkekyrkje inn i neste årtusen er kyrkja si dåpsopplæring. Som kjent har denne regjeringa gått inn for å lovfeste dåpsopplæringa. Vilkåra for at dåpsopplæringstilbodet kan få ei fast forankring og eit tilstrekkeleg ressursgrunnlag i alle kyrkjelyder er no under utgreiing i departementet, men eg ser at det her kan vere ønskjeleg med eit eige utval for å få dei kyrkjelege synspunkta klart fram. Det er i denne samanhang svært viktig at Kyrkjemøtet og dei andre kyrkjelege organa ikkje overlet til oss politikarar å definera kva som skal vera innhaldet i kyrkja si dåpsopplæring.

Eg vil i denne samanhang få sitera frå årets budsjettproposisjon, der det heiter:

”Kristen tro og bekjennelse er en levende arv. Den kan ikke overleveres gjennom generasjonene på en annen måte enn ved at hver nytt slektsledd tar den til seg og gjør den til sin. Ved denne overleveringen til stadig nye tider plantes kristen tro om i skiftende kulturelt jordsmonn. Kristen tro og tilbedelse søker sitt uttrykk under de livsvilkår som kulturklimaet og samfunnsforhold byr, samtidig som den må søke å bevare sin identitet og ikke la tilpasningsdyktigheten innebære at trosarven forringes eller tapes.

I denne trosarvens identitets- og overleveringsprosess ligger en av kirkens største utfordringer. Det ligger i særlig grad til kirkens valgte organer å utvikle strategier for hvordan denne utfordring kan møtes, men slike strategier vil naturlig knytte an bl a til utviklingen av gudstjenesteliv og menighetsfellesskap, diakonal virksomhet og kirkens kulturarbeid, til innholdet i utdanningen for prester og andre kirkelig ansatte, til videreutdanning og andre personalforvaltningstiltak.

Et særlig avgjørende mål på kirkens liv er hvordan kirken er i stand til å være i gjensidig kommunikasjon med stadig nye generasjoner. Den norske kirkes evne til samhandling og samtale med unge mennesker fremstår i denne sammenheng som en særlig utfordring. De oppgaver som knytter seg til utviklingen av kirkens dåps- og konfirmasjonsopplæring er derfor av mer grunnleggende karakter enn et spørsmål om menighetenes aktiviteter. Det handler om å gi tenåringsjenter og –gutter hjelp til livstolkning, og samtidig selv å la seg utfordre av hvorledes ungdom tyder livets gåter, utholder kriser, møter død og mestrer et verdensbilde i endring.

Visjonene bak plan om dåpsopplæring i Den norske kirke er å nå alle døpte med opplæring i et levende trosmiljø. (…) Planen utfordrer kirken til å bistå foreldrene i det oppdrageransvar de påtar seg ved dåpen og til å inkludere barn og unge i menighetens liv. Menighetene må i sitt gudstjenesteliv ha oppmerksomheten rettet mot barn og unge, noe som krever økt satsning på arbeidet med åpne og inkluderende gudstjenesteformer og et bevisst arbeid for å styrke gudstjenestene i dåpsopplæringen og i konfirmanttiden, hvor 90 pst av de døpte nås med kirkens undervisning.”

Med desse utfordringane ynskjer eg dykk lukke til med det viktige og ansvarsfulle arbeid de skal gjere som medlemmar av Kyrkjemøtet, og ser fram til ein god dialog mellom Kyrkjedepartementet og dei kyrkjelege organa kan halde fram – til beste for kyrkja vår og kyrkja sine medlemmar.

Lagt inn 10. november 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen