Historisk arkiv

Livslang læring på tvers av landegrensene

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Foredrag av statsråd Jon Lilletun:

Utdanningskonferansen for fylkeskommunane 1998 - Livslang læring på tvers av landegrensene

Radisson SAS Hotel Norge, Bergen 13. august 1998

Gode forsamling!

Ein skal vakta seg vel for å spå om framtida. Særleg bør me i såkalla vaksen alder vera forsiktige med å uttala oss kva ønske, behov og eigenskapar dei som er unge, har. Lat meg likevel dela nokre refleksjonar med dykk om dei som står i sentrum for strevet vårt, det vil seia dei som er unge i dag, og som for mange av oss framstår som "det gåtfulla folket" i sine ønske, behov, eigenskapar, prioriteringar og måtar å framtre på.

Hovudutfordringa vår er å fornya eit utdanningssystem som har kraftige røter i ein lang tradisjon. I ein kontinuerleg prosess skal me gi rom for nye vekstar utan å måtta skjera alle dei gamle røtene over. Det kunne her vera freistande å trekkja parallellar til Edens hage, men med tanke på erfaringane frå sommarens hendingar, trur eg at eg vil halda meg unna teologiens grasgangar og heller snakka om "dei hundre blomar" som eg ønskjer skal "bløma" under godt stell og tilsyn i vår pedagogiske hage.

Målet for arbeidet vårt er dei unge som er i utdanningssystemet, eller som er i startfasen av yrkeslivet sitt. Kva slags utviklingstrekk ser me i samfunnet? Kva for utvikling ønskjer me? Kva bør me gjera for å påverka utviklinga og kva for konsekvensar må dette få for utdanningssystemet?

Karl Marx meinte at dei tilsette måtte få retten til produksjonsmidla. Dette ser ut til å kunna bli oppfylt - om enn på ein noko annan måte enn Marx hadde tenkt seg. Dei viktigaste produksjonsmidla er ikkje lenger maskinar og bygningar. Den viktigaste verdiskapande ressursen er kompetansen – og den er eigd av kvar enkelt. Mange av oss hugsar jo kva som skjedde da Ericsson ville flytta frå Arendal, og måtte erkjenna at den største verdien i bedrifta var dei tilsette.

Kva veit me så om den ukjende generasjonen?

  • Generasjonen av i dag har mindre respekt for autoritetar og er meir individualistisk orienterte enn dei fleste av oss som er godt vaksne. Den vil nok óg ha mindre respekt for reglar og for tradisjonar og vil krevja meir rett til å bestemma korleis arbeidsoppgåver skal utførast. Den aksepterer først og fremst leiarar med høg kompetanse og evne til personleg inspirasjon – ikkje autoritet knytt til formelle posisjonar.
  • Den er meir endringsvillig. Ifølgje forskarar står me kanskje overfor ein generasjon, der det mest grunnleggjande kjenneteiknet er at den ikkje har stabile kjenneteikn. Men den har større evne til å tilpassa seg den aktuelle historiske situasjonen enn det me har sett hos tidlegare generasjonar. T d vil den mellom anna lettare kunna tilpassa seg prosjektbaserte arbeidsformer og samarbeid på tvers av faggrenser.
  • Den vil nok óg truleg vera meir individualistisk og mindre bedriftslojal. Dei ser på ein arbeidsplass og ei arbeidsoppgåve som ei kjelde til meir kompetanse og erfaring og som eit utgangspunkt for vidare karriere, men mindre som ein plass der dei skal arbeida heile livet. Fortenestemedaljar for lang og tru teneste hører truleg meir og meir fortida til.
  • Mykje tyder på at den óg vil vera meir materialistisk enn eldre generasjonar, kanskje fordi den har vakse opp i ei tid der materiell naud ikkje har eksistert for det store fleirtalet av befolkninga og såleis vil rekna høg løn som noko naturleg og sjølvsagt.
  • Dessutan vil den truleg vera meir nytingsorientert; mellom anna vil det kunna innebera eit ønske om at arbeidsoppgåvene skal vera morosame eller interessante, eit ønske om å sjå raske resultat og belønning og at lysta er større drivkraft enn plikta når arbeid skal utførast.
  • Samstundes vil den venteleg vera meir positiv til ny teknologi og meina at særleg informasjons- og kommunikasjonsteknologien vil gjera arbeidet meir interessant og gi rom for nytenking og innovasjon. Dei er meir aktive mediebrukarar enn deltakarar eller tilskodarar, dei blir ikkje mindre aktive på grunn av mediebruken, dei skiftar lettare mellom ulike måtar å kommunisere på, dei utviklar nye måtar å motta og ta stilling til informasjon på og dei utviklar ein identitet prega av at dei har tilgang til eit globalt kommunikasjonsnettverk.
  • Den vil nok óg vera meir orientert mot den internasjonale arbeidsmarknaden. Bedrifter med internasjonale kontakter vil truleg vera særleg attraktive.
  • Og: Den vil nok vera meir innstilt på like sjansar for kvinner og menn - både i utdanning og arbeid.

Kvifor listar eg opp desse kjenneteikna?

Jo, fordi dei har konsekvensar for utdanningspolitikken og for måten me organiserer og gjennomfører opplæringa på. Dette representerer store utfordringar for skolen – både fagleg, pedagogisk og når det gjeld formidling av haldningar og verdiar. Skal me lykkast med dei overordna målsetjingane må me treffa dei unge heime. Samstundes som me held oppe dei høge måla om å gi dei unge del i kulturarven, i samfunnsverdiane og i aktuell og framtidsretta kunnskap, må me formidla kunnskapen på ein måte som er god og som blir opplevd som relevant for dei som skal utføra læringsarbeidet.

Det inneber ikkje at me refleksjonslaust skal hoppa på alle trendar som måtte dukka opp. Slett ikkje! Men me må våga å gå "inn i vår tid" – for å sitera Nordahl Grieg. Me må fornya opplæringa der det er nødvendig.

Me må m a o ta omsyn til at me står overfor ein generasjon som på visse område er grunnleggjande forskjellig frå oss. Det gjeld holdningar, veremåtar - og ikkje minst kompetanse. Unge som er fleksible, uredde overfor ny teknologi og global kommunikasjon, og som vil arbeida hardt – gjerne saman med andre, må møtast med lærestoff og arbeidsmetodar som dei opplever som stimulerande og utfordrande. Opplæringa må medverka til å utvikla eigenskapar som ligg latent hos dei unge, og som er både positive og nødvendige i dagens og framtidas arbeids- og samfunnsliv. Det vil gi oss ein generasjon som når den kjem i arbeid, har både høgare og meir individualisert kompetanse enn tidlegare generasjonar.

Utfordringa for utdanningssystemet er kva grep det skal ta for både å gi dei unge grunnleggjande kunnskap, verdiar og haldningar samstundes med at ein imøtekjem ønska og behova deira og løyser ut og held ved like den læringsenergien dei har. Me lever i ei materialistisk tid. Samstundes som den tar utgangspunkt i den røyndommen og dei utfordringane som dei unge i dag står overfor, må skolen formidla kunnskap, haldningar og verdiar som er tidlause.

Me står overfor ei utfordring som kan synast sjølvmotseiande. På den eine sida skal utdanningssystemet representera stabilitet – i mange tilfelle forvaltar me den felles hukommelsen i samfunnet. På den andre sida har me med oss organisasjonsformer, rollemodellar, undervisnings- og arbeidsformer, kompetanseforståingar og måtar å vurdera kompetanse på som byggjer på – og vidarefører - tunge tradisjonar frå forhold som er fundamentalt forskjellige frå det som er dagens og framtidas situasjon.

Det er her me må setja inn fornyingsarbeidet. Me må sjå med friske auge på verksemda vår. Ikkje ved å gi avkall på sentrale, tidlause overordna verdiar, men ved å sjå fordomsfritt på dei arbeidsmåtane me nyttar. Gir me lærarane den kompetansen som skal til for å meistre utfordringane? Brukar me arbeidsmåtar som stimulerer til ansvar og arbeidslyst? Greier me både å avlæra det som hindrar nytenking og læra nytt slik at me evnar å skapa nærleik mellom opplæringa og dei unge – ikkje avstand og likesæle.

Eg ønskjer meg motiverte menneske i utdanningssystemet. All erfaring viser at uten indre motivasjon er det vanskeleg å oppnå gode resultat. Somme gonger er det nødvendig med eit visst press for å få ein prosess i gang. Men skal prosessen vera levande, trengst det både indre motivasjon og oppfølging.

De har høyrt om mannen som var ute på tur? Då han starta, visste han ikkje kor han skulle, då han kom fram visste han ikkje kor han var og då han kom tilbake, visste han ikkje kor han hadde vore.

Erfaringa frå åra på Stortinget, saman med det året eg no har vore statsråd, gir meg frimod til å seia at eg veit både kor me har vore og kor me no står når det gjeld vidaregåande opplæring. Eg har fylgt utviklinga på nært hald, og eg har sett at det å driva nasjonal utdanningspolitikk er eit samarbeidsprosjekt. Utan at sentrale vedtak blir omsette i praktisk handling, er dei lite verdt. Dei regionale og lokale aktørane er difor særs viktige. Takk vera stor innsats frå politikarane og administrasjonen i fylkeskommunane, og frå skolane og lærebedriftene, har me ei ny, livskraftig vidaregåande opplæring av høg kvalitet. Eg seier dette både for å påskjøna det arbeidet de og andre regionale og lokale aktørar gjer, og for å tydeleggjera det medansvaret de har og dei store oppgåvene som har ligge og framleis ligg på dykk. Det viser også at det er viktig at me har ei nokolunde lik forståing av kor vegen vidare no bør gå.

Først ein rask statusrapport. I staden for berre å synsa noko om kor godt me sjølv meiner me har lukkast, er det interessant å sjå kva som står i ein rapport frå ei ekspertgruppe som har samanlikna overgangen frå skole til arbeid i en del OECD-land. Her konkluderer dei mellom anna med

  • at det norske samarbeidet mellom utdanningssystemet og arbeidslivet er eit føredøme for andre
  • at opplæringsretten er eit godt grunnlag for livslang læring
  • og at oppfølgingstenesta, opplæringskontora og partnerskapsavtalane er nyskapande tiltak.

Reform 94 får karakter som ei heilskapleg reform som sikrar basis for aktiv deltaking i samfunns- og arbeidslivet, og rapporten framhevar effektiv gjennomstrøyming, auken i talet på lærekontraktar og det at færre fell utanfor som positive forhold. Samstundes gir OECD råd om sterkare engasjement for å betra tilhøvet mellom yrkesopplæringa og arbeidslivet, for å oppnå større fleksibilitet i lærlingordninga og for å betra overgangen frå allmennfagleg studieretning til arbeidslivet.

Reform 94 skulle m a gi fleire tilgang til vidaregåande opplæring, fjerna blindvegar og utnytta ressursane betre. Det har me lukkast med. Talet på søkjarar har auka, og gjennomstrøyminga har auka frå 30 % til 58 %. Fleire oppnår kompetanse til normal tid, og oppfølgingstenesta medverkar til å få unge inn i opplæringsforhold og/eller arbeid. Men me har framleis flaskehalsar som me må gjera noko med. T d må me imøtekomma dei elevane som har behov for særskild tilrettelagd opplæring eller delkompetanse. Gjennom "Prosjekt delkompetanse" har me samla røynsle med mellom anna tilrettelegging av opplæringsløp. Eg tek sikte på å ha klar ei rettleiing om slik opplæring neste år. Under debatten i går merka eg meg dei særs positive kommentarane frå NHO, LO og KS og andre når det gjeld opplæring mot, og dokumentasjon av, delkompetanse. Eg tolkar dette slik at partane i arbeidslivet aktivt vil delta i det vidare arbeidet med dette, inklusive sjansen til å teikne lærekontrakt der målsettinga er delkompetanse. Og ikkje minst at arbeidslivet tek imot arbeidskraft med slik kompetanse.

For funksjonshemma ungdom blir det i desse dagar dessutan sett i verk eit prosjekt for å letta gjennomføringa av vidaregåande opplæring fram mot studie- eller yrkeskompetanse.

Elles har teorimengda i yrkesopplæringa vore sett i fokus, spesielt med tanke på teorisvake elevar. For nokon kan det dreia seg om pedagogisk tilrettelegging slik at ein blir motivert og ser teorien i ein samanheng. For andre kan teorien vere for tung. Eg merka meg under debatten i går, dei samstemte synspunkta når det gjeld behovet for ein brei kompetanse for alle, også innan yrkesfag. Dette gjeld óg felles allmenne fag, der språkkunnskapar vart nemnt av fleire. Av ein vart det sagt at ei stor norsk bedrift hadde gjort engelsk til arbeidsspråk. Dette syner kor viktig slik kunnskap er. Løysinga er difor ikkje å redusere desse faga. Det ville vere strutsepolitikk. Men vi må gjere mykje meir når det gjeld tilrettelegginga. På dette området har me framleis utfordringar og spørsmål som ikkje har funne sine endelege svar.

Men lat meg nok ein gang stadfesta at resultata av opplæringa er gode. Tal frå 18 av fylkeskommunane syner at på dei yrkesfaglege studieretningane har mellom 81 og 93 % bestått alle fag på grunnkurset. Tilsvaranda tal for dei andre studieretningane er mellom 90 og 97 % . På vidaregåande kurs I har meir enn 90 % bestått alle fag på dei fleste studieretningane. Lågaste andelen bestått alle fag har naturbruk der talet er 85 %. Både på grunnkurs og i vidaregåande kurs I har 99 % av elevane på alle studieretningar fått bestått som standpunktkarakter i norsk skriftleg og muntleg og engelsk. I matematikk er differansane større. Tala varierer mellom 99 og 92 %.

Ungdom under utdanning treng god og realistisk rådgiving. Det er sett i verk fleire konkrete tiltak for å møte denne utfordringa, - både for elevar, rådgivarar og lærarar. FoU-prosjektet "Medvitne utdanningsval" utfordrar ungdom til å vera mindre bundne av tradisjonell kjønnsrolletenking. Både jenter og gutar må bli bevisste på sine val og få velja fritt utan at det ligg hindringar i vegen for dei om dei vel utradisjonelt. Det kan ofte vera nødvendig med ekstra informasjon for at ei jente skal bli motivert til å ta teknologi og realfag og gutane helsefag. Men til sjuande og sist må det vera den unge sjølv som vel opplæring og livsveg. Ei anna sak er det at dei fagmiljøa som er sterkt manns- eller kvinnedominerte, har mykje å tena på ei betre fordeling. Det er rart med "den vesle forskjellen!"

I går var det mange som hadde synspunkt på kor viktig rådgiving og yrkesrettleiing er. Eg har merka meg synspunkta og er samd i at dette er viktig. Vi arbeider nå med både ei stor metodisk rettleiing som gjeld både grunnskole og vidaregåande opplæring og med ein database som vil hjelpe skolane i dette arbeidet.

Regjeringa ser på kombinasjonen av opplæring i skule og i lærebedrift som ei fagleg og pedagogisk vinning. Lærlingordninga og "2+2-modellen" for yrkesopplæringa er sentrale element i den nye vidaregåande opplæringa, men kan henda må me drøfta med fagpartane om lærlingordninga kanskje ikkje er det rette for somme fag. På grunnlag av faglege tilrådingar vil eg vurdera kursstrukturen og talet på kurs og avgjera om dei faggrensene me har i dag, er dei rette. Fylkeskommunane sitt behov for å driva økonomisk og rasjonelt med rimeleg belegg i klassane vil bli teke med i vurderinga.

Reform 94 har gjort fagopplæringa til eit reelt tilbod til dei unge. Auken i talet på læreplassar dei seinaste åra har vore meir enn 60 %. Det er imponerande. Ei spørreundersøking fortel at dei fleste bedriftene tek lærlingar for å sikra rekrutteringa. Dei har m a o eigainteresse av ei god fagopplæring. Undersøkinga fortel òg at informasjonsarbeidet har gitt resultat. Fylkeskommunane og partane i abeidslivet har ære av den innsatsen dei har gjort. Opplysningar som departementet har henta inn frå somme av fylkeskommunane, syner at formidlinga i år i det store og heile går lettare enn tidlegare. Førebels har om lag 60 prosent av søkjarane i dei aktuelle fylka fått tilbod om plass. Somme stader er det problem med å skaffa læreplassar i omsorgsfaga. Elles er det ikkje noko eintydig mønster.

Elevar med stort fråvær har eit problem. Bedriftene ønskjer ikkje lærlingar med stort skulefråvær. På somme fagområde er det m a o framleis skort på læreplassar. I ein del andre fag er situasjonen omsnudd. Der manglar ein nå lærlingar. At forholda skiftar, viser at me må nytta prognosar og annan kunnskap om behov og utviklingstrendar når me skal innretta og dimensjonera opplæringstilbodet. For å kunna møta utfordringane og styra utviklinga må me difor halda fram med å skaffa aktuell, god kunnskap om behovet.

Stortinget har bede departementet greia ut vilkåra for eit lærlingfond. Ei arbeidsgruppe er i arbeid. Me reknar med å kunna leggja fram resultatet i 1999.

Eg sette, som de veit, ned eit breitt samansett utvalg som har vurdert lærlingsituasjonen og gjort framlegg om tiltak. Saman med viktige rådgjevarar for departementet: partane i arbeidslivet og RFA, vurderer eg tilrådingane og kva som bør gjerast.

Ei opplæring som er delt mellom skolen og lærebedriftene, føreset nært samarbeid mellom opplæringsstyresmaktene og arbeidslivet. Samarbeidet med hovudorganisasjonane i arbeidslivet, Rådet for fagopplæring (RFA) og opplæringsråda har heile vegen vore godt og nyttig.

I løpet av denne sommaren tar om lag 18.000 kandidatar fagprøve ! Korleis kan ein avvikla så mange prøver utan at det går ut over kvaliteten? Ei faggruppe følgjer avviklinga. Det endelege resultatet kjenner me ikkje enno, men det har somme stadar vore vanskeleg å finna prøvenemndsmedlemmer. Ifølgje tilbakemeldingane til departementet, går arbeidet likevel alt i alt relativt greitt. Saman med partane og fylkeskommunane må me både finna løysingar på aktuelle problem og utvikla nye, betre og enklare prøveordningar og prøveformer som er betre i samsvar med måla for opplæringa og sikrar eit høgt fagleg nivå som opprettheld den tilliten fagprøva har i samfunnet.

Mange av dei måla me har sett oss, har me nådd. Dei første åra har gitt oss erfaring som gjer det mogleg å foreta ei skikkeleg og grundig vurdering for å finna ut kva som kan bli betre. Me veit om nokre svake punkt. Dei vil me retta på. Andre forhold vil me drøfta vidare. Mellom anna vil me sjå på om teorien i yrkesfaga kjem i rett mengd til rett tid og om teoriopplæring er godt nok knytta til praksis.

For å følgja, tilpassa og korrigera kursen vidare vil me komande år ha tre store arbeid på gang:

1. Stortingsmelding om evaluering av Reform 94

2. Vidareutvikling av ordninga med delkompetanse

3. Klargjering av tilbod på mellomnivået.

Evaleringa av Reform 94 vil fokusera på fleire av dei prinsippa reforma byggjer på. Det er gjort somme justeringar undervegs. Men på fleire område har ein venta med å gjera eventuelle endringar fordi ein har ønskt å se dei i ein slik vid samanheng. No har me erfaringane frå skole og bedrift, og me kan byggja på dei observasjonane forskarane har gjort og dei slutningane dei har trukke i tillegg til og på statistikk og anna erfaringsmateriell som departementet sit inne med, og som vil bli henta inn utover hausten. Eg er heilt samd med Anders Folkestad når han i går sa at evaluering må vere ein kontinuerlig prosess også i åra etter at meldinga er lagt fram. Vi treng kunnskap slik at vi heile tida kan vurdere kursen. Vi drøftar no i departementet korleis dette kan gjerast.

Arbeidet med delkompetanse vil byggja på erfaringane med "Prosjekt delkompetanse". Eg ønskjer som nemnt å finna fram til ei felles forståing av behovet for læreplass for dei som tek sikte på delkompetanse.

Reformen definerte somme utdanningstilbod som innafor strukturen og andre som utanfor. Modellen gjorde det heile enklare og meir oversiktleg, men endra ikkje det faktum at det finst andre utdanningstilbod for same aldersgruppa. Dei blir ofte omtala som tilbod i "gråsona" eller "på mellomnivået". Problemet er berre at me formelt sett ikkje har korkje mellomnivå eller gråsoner i det norske utdanningslandskapet. Teknisk fagskole, kunstskolar, bibelskolar er blant desse. Eit utval skal sjå nærare på vilkåra for og den framtidige plasseringa av desse. Når det gjeld teknisk fagskole, vil dei få ei særskild midlertidig lov til dette arbeidet er avslutta.

Tal frå opptaket av elevar no i haust syner at fylkeskommunane maktar å gje eit skoletilbod til alle som har rett til det etter lova. Utfordringa ligg i å tilpassa tilbodet for vaksne slik at dei som treng det og ynskjer det får det. Det er satt opp måltall for kapasitet og omfang. Diverre har dette ført til skuggeboksing. Det er blitt meir snakk om talet 375 enn om sjølve saka. Dette uføret må me koma ut av. Måltalet er nemleg ikkje sjølve målsetjinga, men eit uttrykk for kva som er rett nivå for å gi tilbod til den som treng det. Lat meg minna om at

1. me i forbindelse med Kompetansereforma ynskjer å slå fast at fylkeskomunen har plikt til å gi tilbod til alle vaksne som ynskjer dette

2. då omfanget på 375 blei fastlagt, hadde ein rekna ut at det var rom for dette innan rameoverføringane.

Om me no koblar plikta saman med dei ressursane fylkeskommunane allereie har fått til å gi vaksne eit tilbod, vil me kunna få debatten og merksemda flytta over til sjølve saka. Omfangsforskrifta skulle sikra at dei vaksne fekk tilbod. Men me må konstatera at tilboda kan synast å ikkje vera tilrettelagte i tilstrekkeleg grad, slik at dei vaksne har eit reelt tilbod. Omfangsforskrifta gjeld til ho eventuelt er endra. Men lat meg i staden for å nytta prosenttalet 375 heller seia det slik: Alle vaksne skal ha eit fullgodt tilbod innanfor ramma av dei pengemidlane fylkeskommunen har fått til vidaregåande opplæring !

Dette vil no kunne finna si løysing i arbeidet med kompetansereforma.

Reform 94 har sett sine spor. Noko blei som me trudde og håpa, noko blei annleis. No er tida for å sjå framover.

Det er viktig og rett å fokusera på kvalitet. Dette vart óg understreka av mange i debatten i går. Tilbodet me gir dei unge skal stadig bli betre. Men hugsar me å kvalitetssikra kvalitetssikringa? Fokuserer me så mykje på systema at me mister målet av syne? Kvaliteten på det arbeidet som skjer i skolen, må bli drøfta mot eit utdanningspolitisk "bakteppe". Kvalitet må vurderast og målast i forhold til mangfaldet av overordna mål og oppgåver for skolen. Og til det treng me praktiske reiskapar slik at arbeidet kan gjerast systematisk og målretta. Det store spørsmålet blir likevel ikkje kva system skolen skal ta i bruk, men korleis me kan gi debatten på lærarrom og i klasserom eit læringsperspektiv og få den til å dreia seg om vurderingsprosessar og vurderingssystem.

  • Kva er det som oppmuntrar til debatt som kan gi forbetring og utvikling?
  • Kva er det som får kollegiet og den einskilde lærar til å spørja etter korleis dei saman og kvar for seg kan gi det beste tilbodet til elevane?
  • Korleis dei kan skapa dei beste føresetnader for at elevane blir aktive?
  • Korleis dei kan gi gode råd og rettleiing slik at elevane både ser vegen å gå og får hjelp til å gå på han?

Det foregår eit langsiktig arbeid for å auka kvaliteten på opplæringa – både gjennom etterutdanning, betre lærebøker og læremateriell, betre utstyr (også innanfor IT), lover, forskrifter og reglar. Alt dette er nødvendige kvalitetssikringstiltak, men dei gir ikkje åleine den motivasjonen som er ein føresetnad for kvalitetsutvikling. Dei tenner ikkje alltid entusiasme eller stimulerer til nytenking og arbeidsinnsats.

Kvalitet kjem ikkje utan vidare som resultat av ei forskrift sjøl om ei forskrift fra departementet kan gi dei føringane og den stimulansen som er naudsynt for å komme i gang. Målet skal alltid vere forbetring. Skal dette bli vellukka, må

  • ein ha eit engasjement og eit eigarforhold til det
  • det må vera ein del av det jamnlege arbeidet i skolekvardagen
  • ein må sjå vurdering og fag/situasjon/person i samanheng

Lat meg difor toppa den innsatsen som allereie finn stad ved å invitera til nasjonal dugnad til beste for kvaliteten i opplæringssystemet ! Eg ønskjer debatt og ulike synspunkt, forslag og løysingar; m a o samarbeid i form av ein dugnad som tek vare på den kreative krafta og fremjar samarbeid om gode løysingar.

Ein læringsprosess er ikkje ei rekkje avgrensa delmål mellom eit utgangspunkt og ei målsetjing. Læring er ein sammansett prosess som ikkje lar seg fanga av skjemaet. I vurderinga treng ein i tillegg til skjemaet både skjønn, sunn fornuft, eit hjarta som slår og eit auga som ser. Vurdering er noko som ikkje kan gjerast i eit tomrom. Ein treng samanlikningsgrunnlag, hjelp til å setja nivå, finna ut kva ein legg vekt på og vera bevisst kva ein legg i omgrep ein bruker i vurderingsdebatten.

Bård skulemeister rådde grunnen åleine. Det er lenge siden -heldigvis. Han kunne sikkert i mange tilfelle gjera ein god jobb bak den lukka døra si, men i dag ønskjer me ei anna lærarrolle. Klasseromsdøra må vera ope fordi det er mange på utsida av klasserommet som treng innsyn - til beste for eleven. Lærarane treng kvarandre for å utfylla kvarandre med sine sterke og svake sider og sitt fagleg og menneskeleg mangfald. Ansvarlege myndigheiter på ulike nivå treng informasjon for å forbetra og leggja til rette. Skolane skal vera lærande organsisasjonar, og det blir dei berre om det finnst pedagogisk høgttenking og samarbeid kombinert med rom for ulike syn og løysingar.

Grunngjevinga for at me må ha ei open dør inn til skolen og klasserommet er faktisk også grunngjevinga for at me treng ein viss grad av system og tilbakemeldingsrutinar. Det har det alltid vore i skolen. Det nye er at oversikten over kva for løysingar ein vel har fått namnet kvalitetssikring. Og i det øyeblikket ein skal setja namn på rutinane og få dei inn i skjemaet, kan ein få ei kjensle av at dei burde vera så like som muleg, at dei bør "passa inn". Denne kjensla kan koma heilt av seg sjølv, eller ho kan koma fordi ein har fått pålegg om at "slik skal det vera" her hos oss. Mange skolebesøk har vist meg at det er mykje sjølpålagt byråkrati rundt forbi. Årsaka kan vere at ein trur departementet har pålagt noko som faktisk ikkje er pålagt, eller det kan vere mistydingar som har oppstått. Det kan difor vere gode grunnar for alle, også departementet, til å gå gjennom rutinane sine. Min bodskap er at det må vera rom for ulike løysingar på dei fleste områda.

Innleiingsvis nemnde eg alle blomane som skulle få bløma. Merk dykk, eg plasserte dei i ein hage, ikkje i utmarka der dei veks vilt. Det er stort mangfald i hagen, nettopp fordi det er nokon som steller der; gir rom for det ein vil ha meir av, riv bort det som fortrengjer andre vekster og luker ut ugraset. Då kjem mangfaldet i farge, storleik og art til sin rett!

Som hjelpemiddel i skolen vil nokon velja rapporteringsskjemaer, logg og varselbrev om fagleg nivå, andre vel andre kombinasjonar. I nokre fag og studieretningar kan ein ha opplæringssituasjonar som gjer det naturleg å bruka tenking og system som slektar på ISO-sertifiseringa. For andre synest dette heilt framand og passar dårleg til dei forholda som det skal gis tilbakemelding på.

I vår hadde me eit utkast som gjaldt delar av vurderingsforskrifta, ute til høyring. Det gjaldt forskriftsfesting av dei elementa som er grunnlaget for den noverande opplæringsboka. Viktige premissar er dei forsøka som i vår har gått ved 8 skolar i ein del fylke. Tanken er å gi ein del overordna føringar i forskrifta der fridomen på skolane og i verksemdene til å finne det rette verktyet må være stor. Det må være godt rom for ulike løysingar og ulike måtar å gjere dette på. Dette vil kunne ta vare på eigenarten til den einskilde studieretning og skole. Målsettinga er å sikre kvaliteten i samsvar med Stortingets vedtak og forutsetningar samstundes som ein tek vare på den pedagogiske fridomen.

Det har kome inn særs mange høyringssvar og eg vonar det vil vere mogleg å koma fram til ei omforeint løysing som er tenleg for alle partar ikkje minst for elevane og lærlingane.

I debatten i går høyrde vi om kor viktig aktiv deltaking frå elevanes side er. Ei forskriftsfesta rett til mellom anna elevsamtale vil systematisk kunne ivareta dette. Elevane må og få vita kva som ligg til grunn for undervisninga (læreplanar, tidsrammer og lignende), slik at dei kan vera i stand til å delta i planlegginga, gjera prioteringar og val der det er rom for det, og slik at dei kan vera med å vurdera gjennomføringa av opplæringa.

Det er "gått inflasjon i" bruken av varsel ved ikkje bestått eller fare for ikkje å få karakter. Ordninga som gjeld i dag, skal møta krava i forvaltningslova. Eg ønskjer ein gjennomgang av dette for å sikra ein praksis som ligg nærare hensikta. Dersom ein elev i haustsemesteret har så store problem at det er fare for å få dårleg resultat i eitt eller fleire fag, bør han eller ho samtale med rådgjevar, faglærar eller klassestyrar finne stad.

Rettsvernet til eleven må ivaretakast. Varselet skal framleis sendast ved fare for ikkje å få karakter, men eg ser at praktiseringa av forskrifta kan gi inntrykk av at kvalitetssikringa har mangla kvalitetsikring. Ordninga kan lett bli brukt slik at den bind opp tid som burde vore bruka til andre sider av vurderingsprosessen.

Dette betyr ikkje at me ikkje er opptatt av elevane sine rettar og deira vern. Eg har til dømes nettopp sett på kva som kan gjerast for elevar som er sjuke på eksamensdagen. Slik ordninga er i dag, har det store konsekvensar for ein del elevar. Det vil no bli slik at når den som er sjuk på eksamensdagen har legeattest, vil opptak til høgare utdanning skje på grunnlag av standpunktkarakter i faget. Eksamen må takast til jul eller tidlegare dersom utsett eksamen kan bli framskunda. Så sant han står til eksamen, beheld eleven studieplassen.

Ei slik løysing er heller ikkje heilt problemfri. Mellom anna kan andre bli skjøve ut. Dersom dei ikkje står til eksamen, kan ein studieplass bli ståande ledig. Men samla sett ser eg denne løysinga som den optimale.

Eit anna tiltak som eg vil setja i verk, er at eksamenskarakteren ikkje skal telja som ein sjølvstendig karakter på vitnemålet, men gå inn saman med standpunktkarakteren slik at eleven får gjennomsnitt av standpunkt og eksamen som teljande karakter. Dette er i seg sjølv ei forbetring, då den ordninga me har i dag i verste fall kan føra til at ein elev går ned i snitt sjølv om han går opp i eit fag til eksamen. I tillegg gjer dette at eit avvik ved eksamen slår mindre ut på vitnemålet, og eit opptak basert på at ein manglar ein eksamenskarakter ikkje får det heilt store utslaget.

Eg har tidlegare vore inne på kor viktig det er at opplæringa formidlar verdiar og haldningar. Eg kjenner behov for å gjera dette enda klarare. Aldri har det vore viktigare å gi barn og unge - og vaksne for den del ! - verdiperspektiv ut over det materielle og snevert nytteorienterte. Individet, familien og samfunnet er under aukande press. Ein forbruksorientert og tingfiksert mediekultur skaper normforvirring, framandgjering og mykje negativ åtferd. Barn og unge blir lett offer i ein slik situasjon. For nokre år sidan trudde me knapt at det skulle vera nødvendig å diskutera aksjonar mot narkotika og om det skal vera lov å ransaka barn og unge i skolen. Dette er ei sørgjeleg utvikling som me ikkje passivt kan registrera. Me må setja inn mottiltak i form av aktivt arbeid med å å formidla verdiar og haldningar.

Gjennom å gi dei unge sosial trening og kunnskap om grunnleggjande verdiar skal skolen hjelpa dei til å finna personleg verdiforankring og identitet og læra dei å handla som medvitne og ansvarlege menneske i eit fleirkulturelt samfunn. Den fine balansekunsten her blir å peika på grunnleggjande verdiar samstundes som ein respekterer personlege val. Dei verdiane som er grunnlaget for desse vala finn me også som fellesmål i læreplanen. Utfordringa er å finna egna vurderingsmåtar for desse måla slik at vurderinga ikkje krenkjer elevane sin integritet.

Me lever i ei ope verd der nasjonsgrensene er mindre stengande enn tidlegare. Kontakt med omverda er viktig - både kulturelt og økonomisk. Ein internasjonal arbeidsmarknad og stor mobilitet stiller krav til innholdet i utdanninga og til godkjenninga av kvalifikasjonar. Planane for internasjonalisering og større satsing frå fylkeskommunane og skulane si side vitnar om at dei er i ferd med å ta konsekvensane av desse utfordringane.

I debatten i går var det fleire som nemnte at det kunne vere gode grunnar til å revidere den internasjonaliseringsplanen som departementet sendte ut til fylka i 1990. Departementet handlar som de veit raskt, og eg har allereie i samråd med medarbeidarane mine i departementet bestemt at det vil vi gjere. Vi vil og omtale desse spørsmåla i den stortingsmeldinga som kjem til våren. Eg vonar at ein revidert plan vil bli møtt med den samme entusiasme og vilje til praktisk handling i fylka som planen fra 1990. Eg er imponert over det arbeidet som vert gjort på dette feltet i mange fylke. Og ikkje minst her i Hordaland er det gjort mykje. Ei reise til Litauen i vår saman med Hernes her fra Hordaland ga meg synleg prov for dette.

Noreg har sagt nei til den europeiske unionen, men ikkje nei til Europa - og resten av verda. Kunnskap kjenner ingen grenser. Me må løysa utfordringene våre sammen med andre. Samarbeid gir viktige impulsar til det norske samfunnet. Difor deltar me aktivt i ei lang rekkje internasjonale organisasjonar.

Gjennom EU sine program, særleg Leonardo og Socrates, har Noreg teke del i eit omfattande europeisk samarbeid. Desse programma sluttar i 1999. EU drøftar no korleis utdanningsprogramma bør bli frå år 2000.

I Europarådet er Noreg aktiv deltakar. Denne hausten skal me vera vertskap for ein internasjonal konferanse om "Education for Democratic Citizenship". Statens utdanningskontor i Oppland tar seg av det praktiske arrangementet. Erfaring med demokratiske prosesser er viktig både i den vidaregåande opplæringa og i vaksenopplæringa. Dette er i tråd med Noreg si profilering av demokratiske verdiar på Europarådet sin ministerkonferanse i Kristiansand i fjor.

Engasjementet i desse internasjonale organa er mykje konsentrert om vestlege forhold. Regjeringa vil retta på dette ved å satsa sterkare på den tredje verda. Hjelpa til utvikling på utdanningsområdet skal aukast, og me drøftar med UD og NORAD korleis dette best kan bli gjort. Det er for tidleg å seia noko meir konkret om dette, men det opnar spanande perspektiv.

Lat meg óg minna om at andre land syner stor interesse for Reform 94. Me mottek stadig henvendelsar og spørsmål om opplysningar, og delegasjonar frå ulike land kjem hit for å læra om kva me har gjort.

Reform 94 har sameina ulike opplæringskulturar; vidaregåande skole og fagopplæringa. Det har vore mykje å tena på denne koblinga. Eg trur at me også i tida framover har mykje å læra av korleis ein tenkjer og vurderer utifrå kva ståstad ein har. Det gjeld elevane, lærlingane, lærarane og dei som tar ansvaret for opplæringa i bedriftene. Det gjeld skoleleiararne og bedriftsleiarane. Og det gjeld også utdanningspolitikarar og representantane i frå partane i arbeidslivet på nasjonalt plan.

Me har lært at noko kan me gjera på same måten. Men me har også lært at noko har sitt særpreg, og at dette særpreget må takast vare på for ikkje å gå på tvers av intensjonane. Paragraf 20-ordninga er eit godt døme på dette. Ordninga skal gjera det muleg å få avleggja teoretisk og praktisk prøve utan å følgja ordinært skoleløp, men i staden byggja på den praksisen ein har frå arbeidslivet. Eg ser at denne ordninga kunne passa betre inn i systemet som ei ordinær privatisteksamen, men eg ser også at det ville bryta med intensjonen bak heile ordninga. Derfor skal paragraf 20-ordninga få halda på sitt særpreg. Den er ikkje totalfreda mot endringar, men i samarbeid med partane vil eg syte for at den tener den hensikta den skulle ha.

I møte med ei forsamling som dette, er det nesten ikkje grenser for kva eg kunne ha orientert om, tatt opp til drøfting eller utfordra dykk på. Eg vel å ta med to hovudutfordringar til for skolen i tida framover, nemleg IT og Kompetansereforma.

Vimpelformuleringa "livslang læring" er i ferd med å få eit meir konkret innhald. Mot slutten av eit stort reformtiår, - med Reform 94, Reform 97 og høgskole-reforma -, er det tid for å sjå nærare på vaksne sine behov for kompetanseutvikling. Det vil nå skje gjennom Stortinget si handsaming av St meld nr 42, "Kompetanse-reformen", som Regjeringa la fram i slutten av mai.

Her ligg svært store utfordringar for vidaregåande opplæring, i hovudsak på 2 plan:

  • Mange vaksne ønskjer seg ein ny sjanse til å skaffe seg vidaregåande opplæring.
  • Yrkesaktive vaksne har i aukande grad behov for tilbod om oppdatering av kompetansen, primært i forhold til jobbsituasjonen.

Her ligg utfordringar både til arbeidslivs- og utdannings-aktørar. For å lukkast treng me engasjement og samhandling. Eg er opptatt av, og forventar, at det offentlege utdannings-systemet, ikkje minst vidaregåande opplæring, skal vere "dynamoar" i utviklinga av meir fleksible og brukartilpassa kompetansetilbod for vaksne.

Hovudutfordringa er å få til ein omfattande utviklingsprosess både nasjonalt og lokalt, - å gjennomtenkje og tilpasse regelverk, pedagogiske metodar, organisering og styring til prinsippa i ei kompetansereform for vaksne. Det vil m.a. handle om:

  • Å prøve ut nye og opnare ordningar for fastsetjing av realkompetanse i forhold til vidaregåande opplæring. Dette vart og nemnt som eit sentralt punkt i debatten i går.
  • Å utvikle tilbod med meir "skreddarsøm" – tilpassa spesielt for vaksne med ein annan bakgrunn og realkompetanse enn ordinære vidaregåande elevar.
  • Å vidareutvikle kontakten og samarbeidet med arbeidslivet, m.a. gjennom utviklingsprosjekt for å satse meir på arbeidsplassen som læringsarena og auke bruken av informasjons- og kommunikasjonsteknologi i opplæringa.
  • Å vidareutvikle ressurssenteraktiviteten som ein integrert del av det samla opplæringstilbodet på vidaregåande nivå.

Informasjons- og kommunikasjonsteknologien krev omfattande kompetansesatsing – både i utdanning og arbeidsliv. Eg har teke initiativ til å utvikla eit nytt fagutdanningstilbod i vidaregåande opplæring, og me er i god gjenge med å følgja dette opp praktisk og fagleg. (Eg er på jakt etter eit godt namn på faget dersom nokon har slike forslag.) Den nye teknologiskapte konkurransesituasjonen gjer det mogleg å velja mellom t.d. førelesingar frå Høgskolen på Lillehammer eller Harvard University på eigen dataskjerm. For å møta slike utfordringar vil det bli etablert eit elektronisk basert nasjonalt læringsnett for å fremja fornying og kvalitetsutvikling av utdanninga på alle nivå. Eit nasjonalt læringsnett skal gjera det lettare for brukarane å finne informasjon. Det eksisterer alt i dag ulike elektroniske læringsnett, t d Skolenettet i regi av Nasjonalt læremiddelsenter. Siktemålet med eit nasjonalt læringsnett er å leggja forholda til rette for nye læringsmiljø gjennom å samordna og vidareutvikla nettverka.

M a for å møta behovet for auka IT-kompetanse og vidareutvikla IT som verktøy i opplæringa på alle nivå reviderer me i løpet av året handlingsplanen for IT i utdanninga. Me vil satsa på bruk av IT som pedagogisk hjelpemiddel og på kompetanseutvikling for lærarane, men óg på utvikling av gode døme på læremateriell og pedagogiske opplegg på nettet og på forskings- og utviklingsarbeid som kan auke kunnskapen om IT som opplæringsverktøy.

Alle elevar og lærlingar bør få opplæring i å meistra ny teknologi, - først og fremst gjennom integrering av IT i faga. Dei bør læra kva teknologien kan brukast til og få drøfta etiske og juridiske problemstillingar. Fleire jenter bør engasjera seg i arbeid med IT.

Under ordskiftet i går nemnte fleire representantar behovet for godt og oppdatert IT-utstyr. Det er eg sjølsagt samd i. Men eg vil minna om at utstyrssituasjonen innan IT i vidaregåande opplæring i dag er god i dei fleste fylke. Problemet er nok snarare kompetansen til å ta utstyret godt nok i bruk i opplæringa. Arbeid er i gang for å betre denne kompetansen. Og når det gjeld utstyrssituasjonen framover, vil eg følgje godt med på korleis dette utviklar seg.

Også i tida framover vil vidaregåande opplæring vera eit dugnadsprosjekt. Når det gjeld fagtilbod, struktur, kombinasjon teori og praksis veit eg at mange av dykk har sterke meiningar. Eg vil lytta til fagmiljøa når me no skal evaluera reforma slik at me får ei utdanning som alle kan vera tente med.

Eg har merka meg reportasjen i Aftenposten på tirsdag 11. august om innhaldet i læreplanane i matematikk i R94. Der hevdar avdelingsleiar for Matematisk institutt ved Universitetet i Oslo at kunnskapsnivået i matematikk ikkje er i samsvar med dei krava universitetet stiller når det gjeld forkunnskapar. Dette vil eg ta på alvor. I løpet av hausten vil departementet ha vurdert behovet for aktuelle endringar i læreplanane i studieretninga for allmenne, økonomisk/administrative fag, mellom anna på grunn av dei nye læreplanane i grunnskolen.

Matematikk er eitt av dei faga som skal vurderast. Ved ei eventuell endring av læreplanane vil eg syte for at representantar fra universiteta blir trekte inn i arbeidet, på same nivå som da dei noverande planane vart laga.

Mi utfordring for tida framover er: Få i gang den pedagogiske debatten om kva som er dei gode løysingane, korleis de kan definera kvalitet på opplæring og korleis de kan skapa den kvaliteten. Utfordringa går til lærarar, skoleleiarar, utdanningsbyråkratar, utdanningspolitikarar, organisasjonsrepresentantar og opplæringsansvarlege i arbeidslivet.

Målet mitt er å få ei rett kobling mellom styring og eigne val. Sjølv om me kan bli svært ueinige om visse saker, håper eg me kan vera rause nok til å tru kvarandre på at me har gode motiver, eg trur nemleg alle som er her vil stå saman om å gi god opplæring til dei unge. Det fortener dei!

Lagt inn 13. august 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen