Historisk arkiv

Norsk forskningspolitikk - visjoner og kroner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Statsråd Jon Lilletun

Norsk forskningspolitikk - visjoner og kroner

Foredrag til NFR-konferansen "Prioriteringer i norsk forskningspolitikk" 29. april 1998

Kjære vener,

Etter at den kalde krigen tok slutt var det mange som fekk det føre seg at no var historia komen til ein ende.

Men om nokon hadde trudd at forskingspolitikken skulle finne si endelege form ein eller annan gong i vårt hundreår ja, slik at forskarane kunne få forske i fred då tok dei sørgjeleg feil.

Vi arbeider framleis med å få fram eit godt bilete av vitskapen sin natur og den rolla forskinga skal spele i eit moderne samfunn. Og samfunnet forandrar seg så raskt at vi heile tida møter nye problem som krev svar frå både forskar og politikar.

Forskingsmeldinga

I Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet arbeider vi no med den neste stortingsmeldinga om forsking. Om alt går som det skal vil ho bli lagt fram for Stortinget seinhaustes, slik at Stortinget kan drøfte ho i vårsesjonen.

Eit slikt arbeid er nyttig av fleire grunner:

Vi må ta eit skritt tilbake for å tenke over det vi har gjort. Korleis er den forskingspolitiske røyndomen anno 1998? Alle som har sett litt på Forskingsrådet sin nye statistikk- og indikatorrapport veit at det slett ikkje er noko enkel oppgåve å tolke tala. Det er mange fotnotar og mange nyansar.

Men dette er ikkje det viktigaste. Det viktigaste er å få fram ein god politikk som kan føre Forskings-Noreg inn i det neste hundreåret. Vi må få klargjort dei overordna måla for forskingspolitikken og kome med klåre, konkrete forslag til politiske tiltak.

Når Forskingsrådet har bede meg snakke om ”visjonar og kronar” er nok det ut frå mistanken om at vi politikarar kan vere gode på visjonane, men manglar evna til å hoste opp kronene. Det er sikkert nokon der opp i Stensberggata som har sagt at no gjeld det å få Statsråden til å binde seg opp til konkrete politiske løfter. Få han til å snakke om kroner, har dei sagt.

Kroner

Javel! Eg skal snakke om kronene .

De veit like godt som meg at politikk er kunsten å gjere det som er mogleg. Vi er svært rike her oppe i nord, men sjølv vi er underlagt visse økonomiske lover og grenser som vi berre må ta omsyn til. Dette er ikkje noko eg seier for å glede Gudmund Restad. Eg ville vere uansvarleg om eg sa noko anna. Som på så mange andre område i livet kan det med andre ord vere greitt å vere litt nøktern.

Men det er ein viktig forskjell mellom investeringar i FoU og utgifter til mange andre gode formål. Å sette pengar i forsking er ei investering i framtida. Det er ei ”utgift til inntekts erhverv” som det heiter her i byen. Bruker vi pengane på ein fornuftig vis, får samfunnet fleirfald igjen, både økonomisk og kulturelt.

Det er naturlegvis derfor regjeringspartia ynskjer å auke i FoU-investeringane. I Voksenåsen-erklæringa sa vi at sentrumsregjeringa ville auke løyvingane til forskingsformål med sikte på å nå gjennomsnittet for OECD-landa, og samstundes vurdere tiltak for å auke innsatsen i næringslivet.

Det kan ta tid, men målet står fast.

Vi kan ikkje investere noko mindre i FoU enn dei landa som står oss nærast. Det er ikkje nok å importere nye forskingsresultat frå andre land. Då vil vi ikkje ligge i forkant av utviklinga, men fleire kabellengder baketter. Med den raske utviklinga vi ser i dag vil ikkje det vere godt nok.

Det er dessutan svært vanskeleg å ta til seg ny kunnskap om ein ikkje har gode forskingsmiljø som skjønar metodane og som veit kva dei skal sjå etter. Dette er spesielt viktig i eit lite land som Noreg, med mange små lokalmiljø og eit næringsliv dominert av små bedrifter som har vanskeleg for investere stort i FoU.

Vidare er det dei norske forskingsmiljøa som har den beste kunnskapen om lokale natur-, kultur- og næringstilhøve. Ei god innsikt i "heimstadlæra" kan faktisk vere med på å avgjere om eit forskingsprosjekt lukkast. Det gjeld alt frå forsking for innovasjon i næringslivet, via miljøvernprosjekt til forsking på svakstilte grupper.

Eg treng ikkje minne dykk om at forskinga legg grunnlaget for kvaliteten i høgre utdanning.

Som eit av verdas rikaste land har vi dessutan eit moralsk ansvar for å bygge opp verda sin kunnskapsbase. Vi står overfor ei rekke viktige problem som vi berre kan løyse om vi ror i takt.

Forskingsmiljøa er med andre ord ein integrert del av det vi kan kalle kunnskapsallmenningen eller kunnskapssystemet. Det er i dag brei semje om at Noreg skal bli ein sterk kunnskapsnasjon. Vi har alt gjort enorme løft på utdanningssida, noko vi vil ha stor glede av i åra som kjem. No bør vi sikre forskinga.

Som politikarar har vi nok ikkje vært nok opptekne av norsk forsking dei siste åra. Eg vil ikkje legge skjul på det. Dei samla løyvingane har kanskje ikkje gått ned, men når utgangspunktet ikkje er godt nok er ikkje det så mykje å skryte av.

Interessa for forskingspolitikk

Men eg har med glede merka meg ei aukande interesse for forskingspolitiske spørsmål i Stortinget. Det ser no ut til at nesten alle partia går inn for ei styrking av norsk forsking. Dette gjeld spesielt den grunnleggjande forskinga. Dette skuldast nok mellom anna at forskinga er komen lengre opp på dagsorden generelt.

I departementet gler vi oss stort over den nye forskingspolitiske avisdebatten, også når vi får kjeft. Debatten aukar nemleg kunnskapen om forskinga si rolle og verdi. Den fører til at forskinga ikkje blir borte i kvardagsbråket. Regjeringa set dessutan alltid stor pris på å få gode råd i utforminga av forskingspolitikken. Den auka interessa for forsking og utvikling syner at det faktisk er mogleg å få til eit godt løft for norsk forsking, så hald frem med skrivinga!

Eg vil gjerne få takke Forskingsrådet for den innsatsen dei har gjort for å få forskingspolitikken opp på dagsorden.

I arbeidet med Forskingsmeldinga har vi også stor glede av Forskingsrådet sitt arbeid som forskingspolitisk rådgivar. Denne konferansen er berre eit av mange eksempel på gode tiltak.

Eg har óg med interesse merka meg at Forskingsrådet har kome med ei tilråding når det gjeld forskinga si rolle ved dei statlege høgskolane. Eg håper den kan vere med på å skape ein god debatt om dette emnet.

Tema på konferansen

I dag har Forskingsrådet bede oss diskutere to sentrale forskingspolitiske spørsmål. Det første er prioriteringar på regjerings- og sektornivå. Det andre er universiteta si rolle som forskingsinstitusjonar.

Eg har ikkje tenkt å kome med sterke politiske føringer så tidleg i prosessen. I KUF er vi framleis inne i lyttefasen, og eg har bede medarbeidarane mine kvesse blyanten og notere flittig frå debatten her i dag.

Eg vil likevel seie nokre få ord.

Forskingspolitiske prioriteringar

Eg var saksordførar den gongen Stortinget vedtok forskingsrådsreformen og har følgt med barnet sidan den dagen det tok sine første skritt. No ser det ut til at mange av barnesjukdommane er over og at Forskingsrådet er i ferd med å finne si form. Det er derfor på tide å gå gjennom omorganiseringa og vurdere kva den har tydd for forskings-Noreg.

I Forskingsmeldinga vil vi omtale reformen og samstundes legge fram eit forslag til korleis den store evalueringa skal bli gjennomført.

Ein ting er sikkert: Med Forskingsrådet har vi fått eit organ som kan vere med på å samordne forskingspolitikken på det vi kan kalle det administrative mellomnivå. Om vi skal gjere noko meir her, må vel det vere innan UH-sektoren. Men no er søkelyset retta mot oss i departementa. Er vi like flinke til å sjå dei ulike forskingspolitiske tiltaka i samanheng?

Forskingsrådet har i sitt innspel til forskingsmeldinga gått inn for at departementa må koordinere sin forskingspolitikk på ein betre måte.

No er det faktisk grenser for kva vi kan seie i Forskingsmeldinga om dette. Vi pleier normalt ikkje å be Stortinget kommentere den interne organiseringa av arbeidet til regjeringa.

Like fullt er det klart at Forskingsrådet har peikt på ei problemstilling som fortener å bli drøfta nærare. I tronge tider kan det faktisk sjå ut som om den overordna forskingspolitikken ikkje er noko meir enn summen av forskingsbudsjetta til departementa.

For å få til ei betre samordning har regjeringa gjenoppretta Regjeringa sitt forskingsutval, som alt har hatt sitt første møte. Eg kan forsikre forsamlinga om at dette arbeidet har vakt stor interesse i regjeringa.

I tillegg møtest naturlegvis embetsverket i dei ulike departementa for å drøfte forskingspolitiske spørsmål, bilateralt eller i Departementa sitt forskingsutval.

No kan ein naturlegvis diskutere om dette er nok og det gjer vi då også. Men eg må be om forståing for at eg ikkje kan kommentere Forskingsrådet sitt forslag ut over dette.

Ulike typar av forsking

I tilknyting til arbeidet med forskingsmeldinga drøftar vi naturlegvis også korleis vi skal prioritere mellom ulike typar forsking og ulike tematiske område. Igjen vil eg helst ikkje føregripe konklusjonane i meldinga. Men eg har merka meg at når det gjelde dei ulike typane forsking synest det å vere brei semje om at den grunnleggjande forskinga bør styrkast. Eg kjem tilbake til dette.

Eg har naturlegvis også lest Forskingsrådet sitt forslag til tematiske satsingar med interesse. Tek vi med energi og helse, foreslår dei ikkje mindre enn åtte slike satsingar. Forskingsrådet kan vel hevda at ein med vekst i løyvingane faktisk kan auke innsatsen på så mange område. Kanskje det. Andre har meint at lista er eit godt eksempel på kor vanskeleg det er å prioritere når ein skal ta omsyn til ulike interesser og mange gode formål. Det vert vel ikkje enklare i regjeringa, seier desse.

Eg har no von om at vi skal få til ei klår profilering av forskingsinnsatsen.

Sjølv om vi også i framtida må satse breitt på mange fagfelt og ulike temaområde, må vi velje ut spesielle satsingsområde der dei norske forskingsmiljøa skal vere dei beste i verda. Vi har korkje økonomiske eller menneskelege ressurser til å seie ja takk til alle gode formål.

Rolla til universiteta

Eg har merka meg at Forskingsrådet er bekymra over situasjonen i norsk grunnforsking. Det er eg også. Internasjonalt vert det lagt stadig større vekt på kva grunnforskinga tyder for den kulturelle og økonomiske utviklinga og det er fleire og fleire som forstår at næringslivet ikkje aleine kan tilfredsstille kunnskapsbehova i samfunnet.

Det finst opplagte grunnar til det. Den første er naturleg nok at det er mange samfunnsoppgåver som næringslivet ikkje legg vekt på å løyse. Næringslivet er tross alt ikkje noko anna enn summen av ei heil rekke ulike verksemder. Ein kan ikkje gjere rekning med at ein slik sektor vil arbeide strategisk og altruistisk for å dekke alle behova i samfunnet.

Verksemdene er dessutan svært ofte nøydde til å setje seg kortsiktige mål og satser derfor mest på marknadsnær forsking og utvikling. Og dei bruker normalt langt meir tid på utvikling enn forsking i snever forstand.

Men nettopp derfor er dei avhengige av å ha tilgang til ein kunnskapsalmenning med institusjonar som har tid og råd til å drive med langsiktig, grunnleggjande forsking. Både bedriftene og dei offentlege institusjonane er avhengige av forskingsmiljø som er a jour med utviklinga, som kan hjelpe til med å løyse vanskelege problem og som kan tenke nytt.

No vert om lag tre fjerdedeler av grunnforskinga utført ved universiteta og høgskolane. Skal vi styrke grunnforskinga må vi med andre ord styrke desse institusjonane.

Eg er samd med Forskingsrådet i at ein både må styrke den frie forskinga og den strategiske grunnleggjande forskinga. Dette tyder ikkje at vi skal pusse opp elfenbeinstårnet. Skal vi ha glede av grunnforskingsmiljøa må dei virke saman med resten av samfunnet. Til dømes har både samfunnet og universiteta stort utbytte av oppdragsverksemda. Enkelte universitetsmiljø på teknologisida ville tape stort på å miste den direkte kontakten med næringslivet.

Vi må også legge forholda betre til rette for praktisk bruk av institusjonane sine forskingsresultat. Like fullt må ikkje omfanget av denne verksemda bli så stort at det går ut over primæroppgåvene. Desse vil alltid vere utdanning, grunnforsking og anvendt forsking av meir grunnleggjande art.

Forskingspolitiske strategiar i UH-sektoren

Eit av punkta på dagens program er spørsmålet om korleis ein kan gi forskinga ved universiteta ein posisjon på lik linje med utdanninga. Formelt sett har forskinga ein slik posisjon. Halvparten av grunnløyvingane skal gå til forsking. No kan ein naturlegvis diskutere om dei faktisk gjer det. Eg veit at mange vitskapelege tilsette meiner arbeidet med administrasjon og undervisning går ut over forskinga. Den samla forskingsinnsatsen ved institusjonane har likevel gått opp, om vi skal tru NIFU.

Engasjement både frå Stortinget og frå fagleg hald tilseier at det er behov for å sjå nærare på den budsjettmessige koblinga mellom forskning og studenttal. Gjennom det blir på sett og vis studentane dei viktigaste forskningspolitiske strategane i denne sektoren. På den eine sida finst det gode grunnar for dette. Undervisninga skal vere tufta på forskning. På den andre sida ser eg klart, slik Stortinget har vedtatt, at det er grunn for å vurdere nærare korleis ressurstildelinga til universiteta kan synleggjere og vektleggje forskningsdelen av den samla verksemda betre enn i dag. Eg vil ta dette engasjementet på alvor, sjølv om eg ser at saka er svært samansett og reiser mange spørsmål.

Avslutning

Igjen: Eg vil gjerne takke Forskingsrådet for at de har tatt initiativ til denne konferansen. Forskinga i Noreg treng dette debatten, og vi i KUF treng dei innspela de som er her i salen kan kome med. Lykke til!

Lagt inn 12. mai 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen