Historisk arkiv

Om kristendomskunnskap i skolen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren

Om kristendomskunnskap i skolen

Svar på interpellasjon frå representanten Rolf Reikvam 20.01.98

Stortingets president

"Det nye faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering har skapt sterke reaksjoner fra ulike miljøer. De sterkeste reaksjonene har kommet fra ulike muslimske miljøer og fra grupper og personer knyttet til Human-Etisk Forbund. Også frikirkelige organisasjoner har gitt utrykk for at fritaksretten bør vurderes på nytt. De sterke reaksjonene omfatter både omfanget og praktiseringen av fritaksretten.

Sosialitisk Venstreparti beklager at det ikke var mulig å få til et felles fag som alle kunne akseptere. Vi viser også til den utredning lagdommer Erik Møse foretok på vegne av departementet der han konkluderte med at "det tryggeste er generell fritaksrett". Med det mangfold av religioner og livssyn som finnes i det norske samfunn, er ingen tjent med at store grupper føler seg overkjørt. Hvordan vil utdanningsministeren møte kravet om full fritaksrett?"

President

I interpellasjonen gir representanten Rolf Reikvam utrykk for at full fritaksrett er nødvendig for å kunne komme ulike livssynsmiljø i møte.

Faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering skal gi kunnskap om religionar og livssyn, men ikkje opplæring til ei bestemt tru. Faget skal vere ope, medverke til innsikt, respekt og dialog på tvers av trus- og livssynsgrenser og fremje forståing og toleranse i religiøse og moralske spørsmål.

Dette faget, som andre fag, er forankra i dei overordna måla og retningslinjene som er nedfelte i læreplanverket for grunnskolen. Her heiter det mellom anna at opplæringa skal byggje på kristne og humanistiske verdiar. Kristendommen utgjer ein djup straum i vår historie, og er ein sentral del av den norske og europeiske kulturarven.

Samtidig er dei humanistiske verdiane, representerte ved demokratiske og menneskerettslege prinsipp, ein naturleg og integrert del av verdigrunnlaget. Grunnskolen skal vere inkluderande og vise respekt for ulike kultur-, trus- og verdioppfatningar.

Dei ulike religionar og livssyn skal framstillast ut frå sin eigenart. Det er ikkje i strid med internasjonale konvensjonar at hovudvekta i faget skal leggjast på kristendommen, såframt også andre religionar og livssyn blir presenterte.

I arbeidet med lovreglane om fritak frå delar av undervisninga i faget kristendomskunnskap med med religions- og livssynsorientering har departementet vurdert fleire viktige omsyn. På den eine sida er det teke omsyn til samfunnsinteresser gjennom at alle barn, uavhengig av religion og livssyn, skal få grunnleggjande kunnskap om og kjennskap til kulturen vår og dei religiøse tradisjonane våre. På den andre sida er det teke omsyn til den retten foreldra har til at barna deira skal få ei undervisning som er i samsvar med foreldra si religiøse overtyding, og den retten dei har til å ta avgjerder om desse aktivitetane for barnet.

I lovvedtaket om fritaksretten i faget har Stortinget slått fast at faget er eit skolefag som normalt skal samle alle elevar.

Eg legg stor vekt på at Noreg held det vi har forplikta oss på internasjonalt. Dette er ikkje til hinder for at kunnskap om religionar, generell religionshistorie og etikk blir gjord obligatorisk. Føresetnaden for at slik kunnskap blir formidla, er at formidlinga skjer på objektiv vis. Undervisninga skal tilfredstille krava om objektivitet, vere kritisk og pluralistisk. I den samanheng viser eg til at det er lovfesta at undervisninga i faget ikkje skal vere forkynnande og at det er eit ordinært skolefag. Stortinget har lagt til grunn at det skal vere differensiering av aktivitet og ikkje av kunnskap.

Sjølv om faget skal vere eit ordinært skolefag, kan det for somme foreldre kjennast vanskeleg at barna deira skal ta del i undervisninga. Grunnskolelova § 13 nr 10 opnar av den grunn for at foreldre/føresette i skriftleg melding kan be om at barna deira får fritak frå dei delane av undervisninga ved den enkelte skolen som det ut frå deira eigen religion eller deira eige livssyn er rimeleg å oppleve som utøving av annan religion eller tilslutning til anna livssyn.

Dette kan mellom anna vere religiøse aktivitetar i eller utanfor klasserommet. Eksempel på aktivitetar som kan utløyse fritak, er å seie fram truvedkjenningar eller bønner, lære utanåt religiøse tekstar, delta i salmesong og vere til stades i ritual eller gudstenester.

Eg legg vekt på at når foreldre krev fritak frå klart religiøse aktivitetar, skal det givast fritak frå desse aktivitetane. I slike tilfelle er det ikkje noko krav om grunngiving frå foreldra. Når det gjeld spørsmål om fritak utover dei klart religiøse aktivitetane, må det stillast større krav om grunngiving. Vi er da utanfor hovudregelen om kva det kan krevjast fritak frå, og forarbeida legg her opp til at skolen skal vurdere om det er rimeleg grunn til å be om fritak.

Eg viser her til forarbeida der det heiter: “ Fleirtalet meiner elevane skal få fritak frå dei delar av undervisninga ved den einskilde skole som det ut frå deira eigen religion eller eige livssyn er rimeleg å oppleve som utøving av annan religion eller tilslutning til anna livssyn.”

Etter internasjonale konvensjonar har foreldre krav på at barna deira får ei undervisning som er i samsvar med foreldra si overtyding. Internasjonal domspraksis stiller likevel krav om at foreldra si overtyding er av seriøs karakter, og opnar såleis for ei viss vurdering av dei grunnane foreldra gir for kravet om fritak. Men eg understrekar at ved klart religiøse aktivitetar har elevane automatisk krav på fritak dersom foreldra sender melding om det.

Utgangspunktet for vurderinga er kva foreldra opplever som utøving eller tilslutning til annan religion eller anna livssyn, og ikkje kva skolen finn å kunne akseptere. Det må likevel gjerast ei vurdering av om ein står overfor aktivitetar eller handlingar med religiøst innhald som det er rimeleg å be seg friteken frå.

Dersom elevane utan vidare skulle fritakast frå alle aktivitetar i skolen som foreldra opplever som religiøse/etiske problem, ville det vore umogleg å gi den kunnskapen som læreplanen legg opp til, og som internasjonale konvensjonar ikkje er til hinder for at elevene får tileigne seg. Vidare viser eg til at elevane etter barnekonvensjonen har ein sjølvstendig rett til opplæring.

Vi må likevel ta omsyn til at spørsmål om tru og livssyn etter mange foreldre si meining ligg innanfor privatlivets fred. Retten til privatlivets fred er også verna etter internasjonale konvensjonar. Det vil seie at vi ikkje kan krevje at foreldra skal gjere greie for si tru og sitt livssyn på nokon omfattande måte. Det må vere balanse mellom kravet om at fritaket skal vere rimeleg og retten til privatlivets fred.

Når foreldra legg fram si grunngiving, må skolen dessutan ta omsyn til at ikkje alle foreldre beherskar det norske språket like godt. Foreldra si religiøse og filosofiske overtyding skal respekterast i heile undervisningsopplegget i skolen. Det vil seie at fritaksreglane gjeld for all obligatorisk grunnskoleopplæring.

Når foreldra ønskjer fritak, er løysinga differensiert undervisning og lokal tilpassing av læreplanen.

Grunnskolelova § 13 nr 10 slår fast at skolen ved melding om fritak, så langt råd er og særleg på småskoletrinnet, skal søkje å finne løysingar ved å leggje til rette for “differensiert undervisning innanfor læreplanen”.

Den differensierte undervisninga som er omtalt i lova, har nær samanheng med prinsippet om tilpassing av opplæringa, som læreplanverket (L97) generelt legg vekt på og som er nedfelt i grunnskolelova § 7. Læreplanen understrekar prinsippa om fellesskap og tilpassing innanfor rammene for einskapsskolen. Individuell tilpassing av undervisninga - det vi kan kalle differensiert undervisning - er altså ein ordinær del av opplæringsverksemda i skolen.

I det lokale arbeidet med læreplanar for faga er det gitt høve til

  • å konkretisere, vekte og koordinere innhald frå hovudmoment
  • tilval som utfyller hovedmoment
  • val av arbeidsmåtar og organiseringsformer

Dette vil seie at lokale prioriteringar kan ha innverknad på profileringa av lærestoffet. Tilpassing til elevføresetnader og eleverfaringar er særleg viktig i dette faget når det gjeld å konkretisere, utfylle, utdjupe og levandegjere innhaldet.

For å finne gode lokale løysingar er det nødvendig å sjå moglegheitene for differensiering og lokal tilpassing i samanheng.

Det differensierte tilbodet skal ta omsyn til elevane sin religiøse eller livssynsmessige bakgrunn, og skal så langt råd er, medverke til at alle elevar har arbeidd med dei same kunnskapsområda på dei aktuelle årstrinna, men med tilpassa arbeidsmåtar.

Det er uttalt i forarbeida til lova at den differensierte undervisninga skal skje etter same læreplan, og at det ikkje skal vere differensiering av kunnskap, men differensiering av aktivitet. Ingen som ikkje ønskjer det, er tvinga til å lære utanåt dei ti boda, men å ha kunnskap om dei ti boda kan ein likevel ikkje fritakast frå.

Når avgrensa fritak er aktuelt, er alternativet såleis ikkje eit anna fag og ein annan læreplan, men andre aktivitetar og måtar å arbeide med stoffet på innanfor KRL.

Differensiert undervisning kan mellom anna innebere at opplæringa blir organisert på ulike måtar.

Val av former for differensiert undervisning i KRL må ein mellom anna sjå i samanheng med det som er sagt i lova: at faget normalt skal samle alle elevar. Ein bør derfor så langt råd er, prøve å tilfredsstille behovet for differensiert undervisning innanfor ramma av vanleg klasse og fellesundervisning i faget (pedagogisk differensiering).

Dersom dette ikkje tilfredsstiller behova hos enkelte foreldre og elevar, kan det, særleg på småskoletrinnet, leggjast til rette for organisatoriske løysingar gjennom differensiert undervisning i eigne grupper (organisatorisk differensiering).

Men også der det er elevar frå fleire religionar og livssyn i same klasse, vil mange utfordringar kunne møtast innanfor ramma av klassen gjennom vanleg pedagogisk differensiering.

Differensiering kan mellom anna innebere at elevane, enkeltvis eller i grupper, arbeider med ulike oppgåver eller med ulike arbeidsformer innanfor ramma av same hovudmoment/tema. Vidare kan differensiering innebere at enkelte elevar kan bruke mindre tid på dei delar av læreplanen dei ønskjer delvis fritak frå. Dette opnar igjen for at elevane kan få tilbod om ei viss fordjuping i eigen religion eller eige livssyn.

Det er både vanleg og mogleg å stille seg annleis til sin eigen kulturelle og religiøse tradisjon enn til den tradisjon andre har. Eg viser til at Stortinget har lagt til grunn at “lokal tilpassing og høve til differensiert undervisning kan fungere godt for alle elevar, mellom anna med å bruke perspektivet og rolla som deltakar eller tilskodar til lærestoffet.” (Innst O nr 95 (1996-97))

For at foreldra skal vere trygge på at undervisninga i faget ikkje strider mot deira overtyding, meiner eg det er nødvendig at skole og heim samarbeider.

Skolen kan gjennom kjennskap til foreldra sin religiøse og livssynsmessige bakgrunn søkje å tilretteleggje undervisninga slik at behovet for fritak blir minst mogleg. Skolen bør så tidleg som mogleg utarbeide ein plan for undervisninga i faget. I planen bør skolen gjere greie for kva han generelt kan tilby når det gjeld differensiering i forhold til elevar med ulik religiøs og livssynsmessig bakgrunn. Skolen legg planen fram for foreldra, som da får høve til å vurdere eventuelle behov for fritak knytte til konkrete aktivitetar.

Når foreldra ber om avgrensa fritak, skal det sendast skriftleg melding om det til skolen. Foreldra må oppgi kva aktivitetar i undervisninga som blir opplevde som utøving av annan religion eller tilslutning til anna livssyn. Foreldra bør da ta stilling til om dei ønskjer det generelle tilbodet om differensiering som skolen eventuelt har lagt fram, og om dei eventuelt i tillegg ønskjer eit meir individuelt tilpassa tilbod om differensiering.

Gjennom den dialog som slik blir oppretta mellom heim og skole, vil det konkrete undervisningstilbodet for elevane bli fastlagt.

Dersom foreldra melder frå om at dei ønskjer fritak frå dei klart religiøse aktivitetane, slik desse er beskrivne i forarbeida, vil denne meldinga kunne gjerast generelt gjeldande for undervisninga i faget. Det skal såleis ikkje vere nødvendig med eiga melding for den enkelte religiøse aktiviteten.

I samarbeidet med heimen må skolen vise respekt for at elevar har ulik religiøs bakgrunn. Dette må skolen særleg vere bevisst på i kontakten med språklege og kulturelle minoritetar.

Med faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering kan elevar med ulik trus- og livssynsmessing bakgrunn møtast for å diskutere spørsmål av religiøs eller filosofisk art. Dette er eit viktig aspekt ved vårt stadig meir fleirkulturelle samfunn. Vi bør sjå dei moglege nye vegane dette faget gir, og arbeide for at faget kan gjennomførast på ein måte som ulike trus- og livssynsmiljø kan akseptere.

Gjennom tilbakemeldingar om klagesaksbehandlinga ved statens utdanningskontor, gjennom foredrag for skoleleiarar og gjennom møte med representantar frå trus- og livssynsorganisasjonane har departementet vunne erfaring med korleis faget er blitt praktisert til no.

Departementet har såleis utarbeidd eit rundskriv til alle kommunane og grunnskolane med omfattande informasjon for å sikre at opplæringa i faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering skjer innanfor ramma av lova og læreplanen.

Det er viktig for meg å verne om foreldreretten, og det er naturleg at det tek tid før foreldre og skole er trygge på korleis det det her er tale om, kan gjerast i praksis. Det er mitt håp at desse spørsmåla kan få sine svar ved vel gjennomtenkt lokal tilpassing av lærestoffet og organisering av undervisninga.

Eg minner dessutan om at faget skal evaluerast etter tre år, slik Stortinget har bedt om.

Lagt inn 20. januar 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen