Historisk arkiv

Opning av Grunnskoleveka 1998

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Statsråd Jon Lilletun

Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG)

Opning av Grunnskoleveka 1998

Gran skole, Furuset, 02.11.98

Innleiing

Først vil eg takke for at eg fekk komme hit til Gran skole og opne Grunnskoleveka 1998! Noko av det eg likar aller best i arbeidet som statsråd er å få komme ut i skolane, møte og snakke med elevar, foreldre og lærarar, og fornemme litt av det yrande og pulserande livet i og rundt skolen.

Eg vil òg takke for at de stilte Gran skole til disposisjon for opninga! Dette er ein særs representativ skole for temaet i år: ”Du store verda!”. Eg har høyrt fortalt at Gran skole har elevar frå 28 nasjonar; det er dei Sameinte nasjonane i miniatyr.

Etter det eg har sett hittil, tyder alt på at Gran skole har gjort til røyndom det som står i læreplanen om at skolen skal vere aktiv som eit ressurs-, kraft- og kultursenter for lokalsamfunnet. Skolen ser ut til å vere det naturlege knutepunktet her. I ei tid med tendensar til normoppløysing er skolen kanskje den institusjonen, saman med heimen, som best kan verne om det kulturgrunnlaget og dei verdiane som samfunnet byggjer på.

I dag byrjar Grunnskoleveka over heile landet. Og eitt av hovudmåla med Grunnskoleveka er å synleggjere skolen i nærmiljøet, opne skoledørene for lokalsamfunnet og stimulere samarbeidet mellom heim, skole og nærmiljø. Dette er óg noko det nye læreplanverket legg stor vekt på.

Ramma om veka er alltid HEIM-SKOLE-SAMARBEID, men temaa er ulike frå år til år.

”Du store verda!”

Temaet for Grunnskoleveka 1998: ”Du store verda!” ber bod om at Grunnskoleveka rettar blikket ut over snevre grenser. Veka oppmodar til eit samarbeid der mangfald, kulturrikdom, menneskerettar og informasjons- og kommunikasjonsteknologi står i sentrum.

Lærarorganisasjonane, representantar frå menneskerettsfestivalen ”Dugnad ’98”, Nasjonalt Læremiddelsenter og den store kulturmønstringa som heiter ”Du store verda!” (som óg har gitt namn til veka), har vore med i førebuingane til Grunnskoleveka frå sentralt hald.

Vi håpar at Grunnskoleveka vil kunne synleggjere dei positive verdiane i det kulturelle mangfaldet og rikdommen i dei ulike kulturane. Vi har mykje å lære av kvarandre på tvers av grupper, kulturar og landegrenser. Derfor er det særs fint å vere her på Gran skole og oppleve på nært hald mangfaldet og kulturrikdommen.

Det ligg óg utfordringar her:

  • Kva for tiltak kan setjast i verk for å få eit breiare kulturelt mangfald blant dei tilsette i skolen?
  • Kva kan gjerast for å få representantar i arbeidsutvala i foreldreråda som samsvarar betre med dei fleirkulturelle foreldregruppene vi har i dag?

I 1998 er det 50 år sidan Verdserklæringa om menneskerettane vart vedteken. Dette skal markerast over heile verda, og sjølvsagt også i Noreg. Verdserklæringa etablerte eit universelt prinsipp som skulle gjelde alle menneske til alle tider, utan omsyn til kjønn, hudfarge, tru eller overtyding: Alle menneske har samemenneskeverd. Men det er dessverre ikkje slik at alle menneskerettar blir følgde opp, verken i Noreg eller andre stader i verda, vi treng derfor ein dugnad for menneskerettane.

Om elevar, foreldre og lærarar grip fatt i menneskerettsproblematikken, kan dei gjere 1998 til det året menneskerettane står særleg sentralt i skolen.

Nasjonalt Læremiddelsenter står bak Netd@ys 98 som er ei europeisk satsing for å kable skolar til nett, og for å utvikle og synleggjere det pedagogiske innhaldet som er tilgjengeleg via nettet. Grunnskoleveka har sjølvsagt, som alle andre med respekt for seg sjølv, heimeside på Internett. Her er det lenkjer til samarbeidspartane, informasjon om tilbod og aktivitetar i Grunnskoleveka og høve til informasjonsutveksling skolane imellom. Dette er det nok de elevar som beherskar best. Når det gjeld å utnytte dei moglegheitene som ligg i den nye informasjons- og kommunikasjonsteknologien, er eg sikker på at både foreldre og lærarar har mykje å lære av dei unge.

Det er mange aktørar som påverkar oppveksten til barn og unge, men eg trur ikkje det er nokon tvil om at heimen og skolen er to av dei viktigaste. Derfor er det så viktig at skolen og heimen står for dei same normene og verdiane; klar og tydeleg verdiformidling er god førebygging. Dette føreset at foreldre og lærarar kjenner kvarandre, at dei har ein open dialog og brukar tid saman på å skape eit trygt klasse- og skolemiljø. Målet med oppseding og opplæring både for heim og skole må vere: trygge barn med livskompetanse, det vil seie livsglade og livsdugelege barn som på eiga hand og saman med andre meistrar livet i og utanfor skolen.

Forskinga viser at det ”lønner seg” å ha eit godt foreldresamarbeid. ”Skoler som får gode resultater, har elever som støttes og oppmuntres av foreldre og venner”, seier Terje Ogden i boka om ”Kvalitetsbevissthet i skolen”. Ung-Forsk si undersøking frå 1993 der 6000 ungdomsskoleelevar deltok, konkluderer med at den viktigaste motivasjonsfaktoren for ungdommar i alderen 13 – 16 år når det gjeld skolegangen, er foreldra si interesse for skolearbeidet. At foreldra roser og oppmuntrer barna og gir konkret hjelp til heimearbeid, er viktigare for skolemotivasjonen enn sosial klasse, utdanningsnivået til foreldra eller om mor og far bur saman. Ung-Forsk seier i rapporten at foreldra utgjer ein stor ressurs og set spørsmål ved om foreldra som ressurs og potensial kan utnyttast enda betre enn det som er tilfellet i dag. Den utfordringa lèt eg gå vidare til FUG!

Avslutning

Grunnskoleveka er ei veke der heim-skole-samarbeidet står i fokus. Det jamne samarbeidet mellom heim og skole går sjølvsagt føre seg gjennom heile året, ved foreldremøte, konferansetimar, arbeid i rådsorgana og ved den uformelle kontakten mellom lærar, elev og foreldre. Men det er nyttig for alle partar å ha éi veke i året der samarbeidet blir konkretisert og gjort synleg på ein litt annan måte, og litt meir, enn elles i året. Grunnskoleveka har i fleire år snudd opp ned på skoledagen og opna skoledørene på vidt gap for innsyn og medverknad. Skolen har sett at foreldre både kan og vil engasjere seg, og foreldra har sett at deira engasjement er til beste for elevane.

Dersom vi, ved å velje ”Du store verda!” som tema for Grunnskoleveka i år, har fått elevar, foreldre og lærarar til saman å rette blikket utover og setje fokus på verdien av det kulturelle mangfaldet, har fått nokre fleire til å forstå kva respekt for menneskerettane har å seie for fridom, rettferd og eit verdig liv; da har vi nådd det målet vi sette oss.

Med dette erklærer eg Grunnskoleveka 98 for opna, og ønskjer lykke til vidare både med denne veka og det andre fine arbeidet de driv her ved Gran skole.

Lagt inn 5. november 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen