Historisk arkiv

Svar på interpellasjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Jon Lilletun

Svar på interpellasjon frå representanten Einar Olav Skogholt

Stortinget 28. mai 1998

"Foreldreaksjonen "Grensen er nådd" i Kongsvinger, der samtlige foreldre/foresatte deltar, mener at deres barn ikke gis et likeverdig skoletilbud sammenliknet med tilbudet i andre kommuner.

Vil statsråden sørge for at det etableres en gruppe som gjennomgår skolesituasjonen i de ulike kommuner og følger opp med standardkrav som oppfyller enhetsskolen?"

President

Representanten Einar Olav Skogholt viser til foreldreaksjonen ”Grensen er nådd” i Kongsvinger, der foreldre og føresette deltek fordi dei meiner barna ikkje får eit likeverdig skoletilbod samanlikna med tilbodet i andre kommunar.

29. april møtte representantar for foreldreaksjonen frå Kongsvinger statssekretær Totland i departementet. Same dag møtte dei representantar frå utdanningskomiteen i Stortinget. Representantane frå Kongsvinger Kommunale Foreldreutvalg (KKFU) framstilte tilstanden i grunnskolen i Kongsvinger som kritisk. Dei fortalde mellom anna at skolane mangla midlar til å setje inn vikarar når lærarar var sjuke, slik at elevane risikerte å bli ståande utan undervisningspersonale i timane. Foreldrerepresentantene hevda vidare at elevar med behov for særskilt tilrettelagd opplæring ikkje fekk dette i tilstrekkeleg grad på grunn av ressursmangel, og at elevane i fleire fag ikkje fekk den opplæringa dei etter læreplanen burde ha. Foreldrerepresentantane meinte også at inneklimaet ved skolane var svært kritikkverdig.

Alle kommunar rapporterer årleg bruken av ressursar ved skolane til Grunnskolens Informasjonssystem. Av datamaterialet går det fram at ressursnivået i grunnskolen i Kongsvinger er relativt lågt når det gjeld årstimar til styrkingstiltak dvs timar til klassedeling og til spesialundervisning - utover det lovbestemde minstetimetalet. Samanlikna med andre kommunar med om lag like mange elevar i grunnskolen (mellom 1 500 og 2 500) har Kongsvinger inneverande skoleår (1997-98) det lågaste nivået på årstimar til delingstimar og spesialundervisning. Statens utdanningskontor i Hedmark melder i sin tilstandsrapport at Kongsvinger ligg lågast i fylket når det gjeld denne typen ressursar. Data viser at Kongsvinger har hatt ein monnaleg reduksjon i nivået på spesialundervisning og delingstimar frå førre skoleåret til det inneverande. Nivået er redusert med meir enn ein firedel.

Vurdert på grunnlag av andre ressursindikatorar, som td årsverk per klasse og årsverk per elev, er biletet av ressursnivået for Kongsvinger derimot annleis. Samanlikna med andre kommunar med om lag like mange elevar, og samanlikna med gjennomsnittet for heile landet, er nivået i Kongsvinger ikkje spesielt lågt. I samband med tilstandsrapporten har Statens utdanningskontor i Hedmark innhenta økonomidata frå alle kommunane i fylket. I gjennomsnitt bruker desse kommunane 42 900 kroner per elev. Kongsvinger ligg nær gjennomsnittet med 42 400 kroner per elev.

I Kongsvinger utgjorde elevar med spesialundervisning om lag 6,6 prosent av det samla elevtalet i grunnskolen skoleåret 1996-97. Dette er på nivå med gjennomsnittet for Hedmark fylke, og noko over summen for heile landet, der elevar med spesialundervisning utgjorde om lag 6,2 prosent av alle.

Statens utdanningskontor har som oppgåve å føre tilsyn med at grunnskoletilbodet i kommunane er i samsvar med gjeldande lov og forskrift. Utdanningskontoret i Hedmark har vurdert situasjonen i Kongsvinger særskilt. Utdanningskontoret ser utviklinga som urovekkjande. På grunnlag av grunnskoledata og samtale med leiinga i kommunen konkluderer utdanningskontoret likevel med at skolen blir driven i tråd med grunnskolelova og forskrifta.

Når det gjeld årsakene til den stramme ressurssituasjonen i grunnskolen i Kongsvinger, har foreldrerepresentantane peikt på at utgiftsbehovet er større, og inntektene lågare, enn i andre kommunar det er naturleg å samanlikne seg med.

Finansielle indikatorar for økonomien i kommunen tyder på at situasjonen i Kongsvinger ikkje er spesielt svak, men noko under gjennomsnittet. Dersom ein samanliknar pårekna frie inntekter, dvs inntekter frådregne pårekna utgiftsbehov per innbyggjar, er nivået i Kongsvinger ca 10 prosent lågare enn gjennomsnittet for alle kommunane i landet. Men Kongsvinger er langt frå aleine om å liggje under gjennomsnittet.

Det er heller ikkje slik at det er nokon eintydig samanheng mellom ressursnivået i grunnskolen og nivået på frie inntekter.

Dei frie inntektene per innbyggjar har vakse med ca 4,8 prosent per år i Kongsvinger i perioden 1985 97. Dette er ein noko større vekst enn gjennomsnitttet for dei andre kommunane i fylket, og noko høgare enn gjennomsnittet for heile landet, som var ca 4,4 prosent i same perioden.

Det er viktig for staten å sikre at dei nasjonale måla for det kommunale tenestetilbodet blir tryggja. Dette gjeld både grunnskolen og andre sektorar. Det er likevel kommunane som har ansvaret for å gi grunnskoleopplæring til alle barn og vaksne som etter grunnskolelova har rett til det. Dei statlege verkemidla må tilpassast både til dei verdiane som er knytte til lokal sjølvråderett, og til dei nasjonale måla om likeverd. Staten har i dag fleire verkemiddel som skal medverke til å sikre likeverdet i opplæringstilbodet. Lover og forskrifter, læreplanverk, lærarutdanning, etterutdanning og kompetanseutvikling, tilskottsordningar, evaluering og rapportering er sentrale verkemiddel.

Ot. prp. nr. 46 (1997-98) Om lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) inneheld forslag til ei ny felles lov for grunnskolen og vidaregåande opplæring. Lovutkastet inneheld i hovudsak dei same nasjonale standardane som dagens lovgiving. Mellom anna blir standardar for elevtalet i klassen vidareførte, og departementet skal framleis ha heimel for å gi forskrifter om undervisningtimetalet. Lovutkastet styrkjer den statlege oppfølginga av skoletilbodet, gjennom klarare føresegner om tilsyn. Utkastet gjer det klart at den statlege tilsynsmyndigheita kan gi pålegg til kommunen når forhold i skolen ikkje er i samsvar med lov eller forskrift. I tillegg skal staten framleis behandle klagar på enkeltvedtak.

Utkastet til ny opplæringslov inneber også styrking av den retten eleven har til eit likeverdig opplæringstilbod, gjennom klargjering av lovreglane om spesialundervisning, mellom anna for å sikre interessene til elevane og foreldra i slike saker. Vidare sikrar heimel til læreplanforskrift og forskrift om lærarkompetanse ein minstestandard på undervisninga i heile landet. Lovutkastet krev at alle som skal tilsetjast i undervisningsstillingar, skal ha relevant kompetanse. Det er berre når det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar at skolen kan gå til mellombels tilsetjing av personar som ikkje oppfyller kompetansekrava.

I samband med behandlinga av den utdanningspolitiske utgreiinga 5. juni 1997 gjorde Stortinget dette vedtaket: “Stortinget ber Regjeringen foreta en analyse av grunnskoletilbudet for å få kartlagt om elevene får et likeverdig skoletilbud i tråd med enhetsskolens prinsipper. Analysen må inneholde en vurdering av hva årsakene til forskjellene i skoletilbudet skyldes. Økonomiske betingelser og endringer i lovverket for grunnskolen og kommunene er elementer som må vurderes i denne sammenheng. Saken legges fram for Stortinget som melding.”

I budsjettproposisjonen for 1998 vart denne meldinga knytt til utviklinga av eit nasjonalt vurderingssystem. I proposisjonen heiter det: “Utviklingen av et nasjonalt vurderingssystem for grunnskolen er et virkemiddel for å heve kvaliteten på opplæringen og for å ivareta enhetsskolens prinsipper. Departementet vil derfor se Stortingets ulike vedtak om nasjonalt vurderingssystem og kartlegging av grunnskoletilbudet i sammenheng, og legge dette fram for Stortinget som en samlet melding ...”

Hovudproblemstillinga i denne meldinga vil vere om elevane får eit skoletilbod etter prinsippa for einskapsskolen, og korleis ulike styringsverkemiddel, deriblant eit nasjonalt vurderingssystem, kan medverke til å sikre det likeverdige skoletilbodet. Meldinga vil gi ein utdjupande analyse av einskapsskolen og ei framstilling av korleis regjeringa ser på det nasjonale vurderingssystemet som verkemiddel til å realisere einskapsskolen og sikre det likeverdige skoletilbodet.

På denne bakgrunnen ser eg det slik at Stortinget gjennom sine vedtak har lagt premissane for korleis denne saka skal behandlast.

Lagt inn 2. juni 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen