Historisk arkiv

Tale ved landsmøtet til Lærerforbundet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Statsråd Jon Lilletun

Tale ved landsmøtet til Lærerforbundet

Gardermoen, 11. november 1998

Eg takkar for innbydinga og helsar landsmøtet!

Eg er glad for å kunna møta tillitsvalde og dei som ber ”dagens byrde” ute i skulen.

Eg var på Lærarforbundet sitt landsstyremøte i fjor. Anders Folkestad lurte då på om eg hadde mot til å komma attende til dette landsmøtet. Det lovte eg at eg skulle gjera. Og her står eg.

Til grunn for spørsmålet frå Folkestad, låg det indirekte eit anna spørsmål: ”Trur du at du som statsråd får gjort noko med dette som det no kan synast som om me er einige om at det bør sjåast nærare på?”

I dag kan eg stå her og seia at eg har sett nærare på desse sakene. Ikkje alt er på plass, og ikkje alt er slik eg skulle ynskt det var. Men innafor dei rammene eg har hatt for mitt arbeid, vil eg kvittera ut sakene frå i fjor:

Elevtalet.

La meg ta det som de har framstilt som direkte løftebrot først. Eg sa eg ville redusera elevtalet på ungdomssteget til 28. Eg ser behovet for å styrkja lærarresursen for dei største klassane, sjølv om eg veit at det er ulike meiningar om i kva grad det har noko å seie for læringsutbytte til elevane. At eit lågare elevtal har noko å seia for at den einskilde eleven skal bli sett av læraren, og for at læraren skal kunne gi ei tettare oppfølging av den einskilde, er eg framleis ikkje i tvil om. Viss de les budsjettet, vil de finna ei formulering som eg meiner er rimeleg ærleg og direkte: ”Pga den økonomiske situasjonen er det ikkje foreslått å senke delingstalet for klassane i grunnskolen”. Ordvalet her var meint som ei stadfesting av at målsetjinga framleis står ved lag – ei målsetjing henta frå Voksenåsen som er eit program for ein fireårsperiode. Vidare i teksten viser eg og til at me vil ta spørsmålet med i stortingsmeldinga om likeverdig opplæring i tråd med prinsippa i einskapsskolen. Der vil me vurdera nærare ein modell for regulering av lærarressurs per klasse per elev som kan ta vare på behovet for klasse- og gruppedeling. Eg trudde, og vel framleis å tru, at dette er noko som og de kunne sjå som ei utfordring.

Teori

Eg var uroleg for teorimengda på nokre kurs. Det er eg framleis. Heldigvis ser karakterstatistikken ganske bra ut. Eg er likevel på jakt etter ”tala bak tala”. Kvifor valde nokon å hoppa av før dei kom til eksamen? Kva har opplevinga av å stryka i eit eller fleire fag gjort med ungdomane som opplever det? Reforma vår er ikkje vellukka før me med godt samvit kan seia at me har gjort det me kan for at dei som no får 0 eller 1 i karakter, enten skal kunne få hjelp til å klatra på karakterstigen, eller har fått kompetanse til bruk i eit framtidig yrke på anna vis.

I arbeidet med Stortingsmeldinga om evaluering av reforma vil dette bli drøfta. Eg vil ikkje konkludera i dag, men same kva konklusjonen blir, så kan eg i dag seia at det eg har sett så langt, gjer meg viss på at yrkesretting av allmennfag må vera eit satsingsområde framover.

Omval etter første grunnkurs.

Omval etter første grunnkurs utan å mista retten til fullført vidaregåande opplæring og å kunne ta ut retten over lengre tid var av dei sakene me drøfta i fjor. Det er og av dei spørsmåla som me kjem nærare inn på i stortingsmeldinga. Dessutan vil dette til sjuande og sist også bli eit spørsmål som kan sjåast i samanheng med kompetansereforma og livslang læring.

Eg sa også noko om lærarane og akkurat denne reforma i fjor. Det vil me og koma tilbake til.

Omfangsforskrifta.

Eg lova å gjera noko for å få fylkeskommunane til å følgja omfangsforskrifta. Eg har oppdaga at denne forskrifta ikkje lenger er nokon god styringsreiskap. Hardhendte initiativ for å nå 375 rundt om i fylkeskommunane vil i altfor stor grad føra til ein debatt om utrekningsmåtar, ulike forhold, sentralisering, og reelle og ikkje-reelle behov. Viss eg ikkje veg orda mine, vil me enda i den same debatten her i dag. Eg vel derfor å seia det slik:

  • Mitt mål er at dei vaksne som treng det, får tilbod om opplæring.
  • Fylkeskommunane må bruka midlane dei har fått til utdanning og opplæring for å nå det målet.

Læreplanen som forskrift.

Skal læreplanen ha forskriftsstatus? Spørsmålet blei lufta i fjor, og me drøfta det og i eit seinare møte med organisasjonane. Eg fekk då inntrykk av at det særleg var bindinga til årstrinna og mengda prosjektarbeid som var opplevd som problemet. Bindinga til årstrinn løyste seg ved vedtaket om opplæringslova slik at ein no kan sjå hovudstega under eitt. Når det gjeld ein fast prosent prosjektarbeid vil me seia noko om det når me no legg fram dei nye forskriftene til lova.

Opplæringsboka var også eit heitt tema. Den vil eg koma tilbake til. Her meiner eg me har fanga dei signala de gav på kva som skulle takast vare på og kva som ikkje var ynskjeleg.

I møte med ei forsamling som dette, er det utruleg mange skolepolitiske saker som det kunne vera interessant å ta med for å få innspel frå dykk i etterkant. Eg vil nemna ein del saker som no ”rør på seg”, men først vil eg dvela litt ved ”det skolepolitiske øyeblikket” me lever i. Me har bak oss fleire år med store endringar både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. Ved politiske vedtak og klare strukturendringar har mykje energi blitt omsett til handling og utvikling. No ligg strukturane der, og tida er komen til å fokusera på innhaldet. Innhaldet har vore med heile tida, i form av fagplanar og overordna mål, men no skal dei gjerast om til innsikt, kunnskap, kjennskap og oppleving. Og då held det ikkje lenger berre med vedtak. No skal me inn i klasserommet og verkstaden. Der må det som skal veksa fram få grobotn og næring.

Det er fleire grunnar til at me ikkje kan detaljstyra desse prosessane frå departementet:

  • Avstanden er for stor. Me kjenner ikkje rammefaktorane som gjeld for den einskilde klasse eller skole.
  • Politikken skal ikkje overta pedagogikken.
  • Føresetnadene for endring er motivasjon, og den kan ikkje vedtakast, men må skapast.

Derfor har dei fatta signala rett som no seier at eg har varsla nye tider.

Eg ynskjer mindre detaljstyring av det som skal skje på skolane. Men la meg skunda meg å leggja til: Det betyr ikkje at eg ikkje ynskjer styring eller endring og utvikling. Alle som har styringsrett må bruka skjønn, slik at me styrer på ein måte

  • som verkeleg gir utvikling og forbetring
  • som ikkje fører til unødvendig byråkratisering
  • som er formålstenleg, dvs ein får det resultat som er ynskjeleg utan at det gir ei rekkje bieffektar.

Å unngå detaljstyring, er å visa tillit. Eg har alltid hatt tillit til den norske lærarstanden, og eg har det framleis. Derfor kan eg ikkje sjå at det å leggja nokre avgjerder i hendene på lærarane, kan vera noko vågestykke. Det håper eg også at dei tillitsvalde og leiinga i Lærarforbundet er einige med meg i. Eg tar det derfor som sjølvsagt at ikkje de står klare til å overta den styringa me er villige til å gi ifrå oss. Me har tidlegare hatt ein avtale om at forsøk som går utover arbeidsavtalane som gjeld, skal godkjennast sentralt. Eg er innstilt på å føra vidare den ordninga når me no opnar for nye forsøk etter opplæringslova. Mi utfordring til dykk er at de er opne for ein del forsøk som kan gi nyttig erfaring og kunnskap for vidareutvikling av opplæringa også når det gjeld organisering, slik at lova kan fungera slik ho var tenkt. Eg håper at de vil gi dykkar medlemer den fridomen dei treng for prøva ut opplegg som dei er motiverte for. Elles nyttar det lite at me oppfordrar til nytenking.

Eg ynskjer tydelege nasjonale mål for opplæringa. Og det har me. Dei nasjonale måla er ein føresetnad for det lokale handlingsrommet eg snakkar om. For det er ikkje slik som ein del kan ha tolka det, at no skal alle få gjera nett som dei vil, eller aller helst; det dei alltid har gjort. Det trur eg heller ikkje at de som sit i salen ynskjer.

Kva ligg i omgrepet lokalt handlingsrom og val av løysingar? Eg vil bruke vurderingsforskrifta og komande FoU-prosjekt som døme på korleis eg tenkjer.

Då eg overtok som statsråd, fekk eg straks ei sak i fanget som var av stor interesse for Lærarforbundet. Prosessen med Opplæringsboka hadde køyrt seg fast, og det ante meg at temperaturen lett kunne stiga mange grader på begge sider av bordet. Situasjonen roa seg der og då, men historia om opplæringsboka har for så vidt gått vidare. Me har hatt ei ny vurderingsforskrift ute på høyring, og etter mange og lange drøftingar med alle involverte partar, er me no straks klare til å senda ut ei ny utgåve. Innafor den ramma som den gir, vil det vera rom for ulike løysingar.

I vinter sette åtte skolar i gang eit arbeid med å skaffa seg erfaringar med korleis ein kunne sikra elevsamtalen og elevmedverknad når det gjeld planlegging og gjennomføring av undervisninga. Det er interessant å lesa rapporten frå dette arbeidet. I utgangspunktet var mange lærarkollegium skeptiske til å gå inn i arbeidet. Men dei sette i gang, og tok utfordringa med å finna sine eigne løysingar innafor gitte rammer. Evalueringa i etterkant viser at dei som deltok blei meir positive etter kvart som dei jobba med prosjektet og fann sine eigne løysingar. Det vil bli sendt ut ei eksempelsamling frå KUF som viser kva prosjektskolane gjorde. Det er ikkje meininga at andre treng å gjera nett som dei, men det kan vera mange gode tips å henta.

Det er særleg rundt vurderingsforskrifta det har vore uro fordi ein fryktar auka byråkratisering av skolen. Og dersom kvaliteten på vurderinga skulle målast etter talet på skjema, har eg forståing for uroa. Læring er ein samansett prosess som vanskeleg kan finna plass i ferdige skjema. Styringsinstrumenta skal hjelpa oss å nå måla, ikkje hindra arbeidet. Me må sørga for å involvere elevane samstundes som me motarbeider byråkratisering ved å fjerna formålslause krav og rutinar. Og då må eg tilbake til det eg var inne på i stad, nemleg at styringsrett må brukast med skjønn. I samtalar med lærarar kjem det fram at det er laga svært mange ulike variantar av skjema til ulikt bruk. Og eg må vedgå at eg har spurt meg sjølv om det skjer ei skjerping og forsterking på vegen fram til læraren? Her må ansvarlege i alle ledd gå i seg sjølv, medrekna departementet.

FoU-prosjekt, vekselverknad mellom sentrale og lokale initiativ.

Kvalitetsutvikling er ein dynamisk, kontinuerleg prosess. Ein god skule er ein skule der eleven blir sett i fokus. Skulen er til for eleven, og skal fremja læring og utvikling for kvar enkelt på deira eigne vilkår. Klarer ikkje skolen den oppgåva, har me ingen skole å vera stolte av. Dette handlar også om kvalitet.

Når me no skal setja i gong nye FoU-prosjekt, kunne me ha laga eit prosjekt om kvalitetsutvikling, sidan det er eit felt der me treng erfaring. Det var faktisk også tanken. Men som eg nemnde innleiingsvis: Yrkesretting av allmennfag og differensiering er no dei store utfordringane i vidaregåande opplæring. Og kvifor ikkje då kopla fleire prosjekt saman, slik at me får eit større prosjekt der ein fokuserer på kvalitet i arbeidet med yrkesretting og differensiering. Og denne gangen skal me utnytta det lokale engasjementet. Departementet vil invitera fylkeskommunar til å delta. Tema og mål med prosjektet er gitt, men dei som deltar finn sine eigne løysingar som dei vil prøva ut. Mykje av den økonomiske satsinga vil vera å spreia erfaringane frå desse forsøka slik at me når ut til alle skolane, ikkje for at dei andre nødvendigvis må gjera det på same viset som prosjektskolane, men for at kreativiteten kan blomstra også andre stader. Og har nokon funne ei god løysing som lar seg overføra til andre, er det ikkje nødvendig at andre finn opp kruttet på nytt. Slik håper eg me kan finna ein ny modell for samarbeid som kan gi ein god vekselverknad mellom sentrale initiativ og lokal kreativitet og engasjement, slik at me kan stå saman om å utvikla ein endå betre skole.

Kanskje mange sit me tankar om kva dei ynskjer å prøva ut i klasserommet som ikkje passar inn i dette opplegget. Opplæringslova opnar for slike forsøk. Når me likevel tar initiativ til sentrale prosjekt no når me utfordrar det lokale mangfaldet, er det fordi me veit at på einskilde område treng me erfaring for å bli betre. Med kan faktisk ikkje setja oss ned å venta på at nokon har lyst å ta fatt på nettopp dei spørsmåla som med treng svar på.

Me skal altså både ha ein vekselverknad mellom sjølvstendige lokale og sentrale prosjekt, og prosjekt som er sentralt initiert, men får si utforming lokalt.

Me har tidlegare hatt forsøk med frikommunar. Utdanningsdirektør Toralf Tveiten, lanserte i sin avskilstale nyleg tanken om ”friskuleforsøk”. Kanskje treng vi det for å stimulere til meir dristig nytenking og innovative skular for meir aktivt å prøva ut og møta behovet for nye måtar å organisere og leggja til rette opplæringa på? Kanskje er det handlingsrommet som finnest når me leitar det fram, saman med dei nye mogelegheitene for forsøk, tilstrekkeleg for å realisera det Tveiten tar til ordet for? Eg har i alle høve funne det interessant, og me har kontakt med Tveiten for å sjå nærare på det.

Aktuelle skolepolitiske saker.

Stortinget har bede om ein analyse av grunnskuletilbodet,- ei kartlegging av om elevane får eit likeverdig skuletilbod i tråd med prinsippa for einskapsskulen. Regjeringa legg fram ei slik analyse i ei melding i vårsesjonen 1999.

Denne meldinga vil óg omfatta utviklinga av eit nasjonalt vurderingssystem for grunnskulen og vidaregåande opplæring. Eg veit at de ventar med blanda kjensler på denne meldinga. Frå vår side står med fast ved at eit vurderingssystem skal ha eit tydeleg læringsperspektiv, ikkje eit kontrollperspektiv.

Samstundes treng me å sjå skulen ”utanfrå”, med nye auge og eit kritisk blikk for å finna betringspotensialet. Skuleforskinga kan gi oss kunnskap om læringsmiljø, arbeids- og læringsprosessar og læringsresultat som kan vera til nytte nettopp i eit læringsperspektiv.

”Stortingsmelding om vidaregåande opplæring” er også under arbeid. Meldinga vil byggja både på røynsler og kunnskap i tillegg til følgjeforskinga, og vil nok bera preg av at me ynskjer nødvendige tilpassingar, ikkje omveltande endringar.

Utfordringane i meldinga er:

Tilbodsstrukturen. Mål: Eit fleksibelt opplæringstilbod i samsvar med kompetansebehova i arbeidslivet. System som kan tilpassast nye behov.

Innhaldet i opplæringa: Forskinga tyder på: Læreplanane spelar større rolle i opplæringa enn før. Men det er meir å gjera!

Kopling av teori og praksis: Det trengst nye måtar for differensiering og tilrettelegging for elevar og lærlingar med ulike evner og behov. Ei vidaregåande opplæring for alle stiller andre krav enn vidaregåande opplæring tradisjonelt har gjort.

Stikkord: delkompetanse, kompetansebevis.

Me drøftar saka med hovudsamanslutningane i arbeidslivet. At arbeidslivet tek imot arbeidskraft med slik kompetanse er det beste utgangspunktet for eit fruktbart vidare arbeid.

Utdanningsval: Mål: Reelle tilbod til begge kjønn så breitt som mogleg. Jenter og gutar vel fag like tradisjonelt som før reforma. Studieretning for helse- og sosialfag: Om lag 90 prosent jenter. Byggfag, mekaniske fag og elektrofag: Under 10 prosent jenter.

Eksamensordninga: Sjå på eksamensordninga. Korleis fungerer den i forhold til innhaldsreforma? Allereie forsøk med ope bok eksamen og bruk av IT under eksamen. Skal halda fram. Utvikla vidare.

*** Stortingsmeldinga om Reform 94 skal ikkje markera avslutninga av ein evalueringsprosess, men den skal danna grunnlag for utviklinga av vidaregåande opplæring framover. Me må våga å stilla spørsmål ved skulepolitiske, administrative og pedagogiske ”sanningar”. Utan prestisje må me søkja etter endå betre løysingar. Og også i det vidare arbeidet ynskjer me å halda god kontakt med brukarane.

Lærlingsituasjonen: Jamt over betre. Skilnader frå stad til stad. Frå det eine faget til det andre. Endelege tall for inntaket denne hausten føreligg ikkje, men trenden positiv. Prosentvis fleire enn året før har fått plass. Dessutan: Situasjonen betre enn tala fortel. Alle som har inngått kontrakt, er ikkje registrerte enno. Somme trekkjer søknaden. Nokre tar eit kvileår. Færre alternativt VK II i skule.

Ei spørjeundersøking fortel at dei fleste tek lærlingar for å sikra rekrutteringa. Bedriftene har eigainteresse av ei god fagopplæring. Det er i seg sjølv ein garanti for kvantitet og kvalitet.

Struktur: Det er ikkje aktuelt å endra hovudstrukturen for yrkes- og fagopplæringa. Me held på 2 + 2-systemet. Kombinasjonen skule og lærebedrift er det sentrale element i den nye vidaregåande opplæringa. Men: Det trengst justeringar. M a: Drøfta med fagpartane om lærlingordninga er det rette for alle fag. Og: Er dei faggrensene vi har i dag dei rette? Vurdera kursstrukturen og talet på kurs på grunnlag av faglege tilrådingar. Spesielt på VK I-nivå.

Handlingsplan for rekruttering til læraryrket.

Me er i gong med å laga ein handlingsplan for rekruttering til læraryrket. Planen vil vera ganske breitt lagt opp. Me må stilla spørsmåla om kvifor situasjonen er blitt slik den er. Samstundes må me makta å vera stolte av og sjå det positive i yrket. Svartmaling inspirerer ikkje unge til å velja yrket. Det gir heller ikkje lærarane status.

Internasjonalisering.

Kunnskap kjenner ingen grenser. Kontakt med omverda. Kulturelt og økonomisk. Mange utfordringar - t d miljøarbeid - kan vi berre løysa samman med andre. Samarbeid over landegrensene. Viktige impulsar til det norske samfunnet. Deltaking i internasjonale organ, m a EU sine program. Samarbeid med den tredje verda.

IT

IT: Teknologien speler ei stadig større og viktigare rolle i samfunnet. Alle - både jenter og gutar – bør arbeida med IT. Dei må både læra å bruka IT, og dei må drøfta etiske og juridiske problemstillingar. Kva er utfordringane og moglegheitene? Kva rolle bør teknologien spela? Kor bør vi trekkja grensene? Kva plass blir det att til mennesket i eit gjennomteknologisert samfunn? Blir mennesket overflødig? Kva bør vi læra for å styra teknologien og ikkje bli styrde? Desse spørsmåla må skulen konfrontera dei unge med.

Nytt fagutdanningstilbod på IKT-området. VK1 er etablert med rekruttering frå alle grunnkurs. Faget vil følgja 2+2-modellen og blir knytt til Opplæringsrådet for handels- og kontorfag. Det vil bli ei eiga referansegruppe med representantar frå partane og organisasjonane som skal følgja arbeidet med læreplanen. Rundskriv om faget går ut i desse dagar.

Frå neste haust vil me jobba med innovative og nyskapande skular. Det blir større IKT-prosjekt i fire fylkeskommunar der siktemålet er å bruka IKT som pedagogisk hjelpemiddel.

Handlingsplanen for IT i utdanninga blir revidert og kompetanseutvikling for lærarane, utvikling av læremateriell og pedagogiske opplegg held fram.

Kompetansereforma.

Me har eit samfunn i stadig endring som krev livslang læring frå vogge til grav. Vaksne har óg behov for kompetanseutvikling slik at me unngår apartheid mellom aldersgrupper. ”Kompetansereforma” ligg no og ventar på handsaminga i Stortinget. Det offentlege utdannings-systemet bør bli drivkrafta i utviklinga her, og dermed vil og vidaregåande opplæring få nye utfordringar.

Jarl Bengtson frå OECD på KUFs konferanse om vidaregåande opplæring på mandag 11.11.: Livslang læring noko heilt normalt for eit menneske, men ikkje for utdanningsinstitusjonane. Oppbygde for ungdom.

8 punkt om livslang læring:

  • Livslang læring er investering, ikkje kostnad.
  • Samarbeid mellom offentleg og privat sektor.
  • Læringa i sentrum. Konsekvensar for læraren. Kunnskapsrådgjevar.
  • Motivasjon for vaksne til å søkja utdanning.
  • Vaksenopplæring styrkar familien. Skaper sosial kapital for borna på sikt.
  • Fleksibelt evaluerings- og sertifiseringssystem. Utanfor etablerte institusjonar.
  • Rolla universitet og høgskular har når det gjeld tilbod til vaksne.
  • Statistikk og indikatorsystem som reflekterer livslang læring.

Dt er foreslått at fylkeskommunen skal ha plikt til å gi tilbod. Dette krev:

  • Meir fleksible kompetansetilbod tilpassa vaksne med annan bakgrunn og realkompetanse enn ordinære elevar.
  • Nye og opnare ordningar for fastsetjing av realkompetanse. Integrera ressurssenter i det samla opplæringstilbodet.
  • Eit velutvikla samarbeid med arbeidslivet.
  • Større satsing på arbeidsplassen som læringsarena.

Me vil halda kontakt med alle partar i det vidare arbeidet fordi dette blir ei utfordring også for fylkeskommunar, lærarar og lærarorganisasjonar. Dette vil sjølvsagt stilla nye krav, og de har etterlyst etter- og vidareutdanning for å ta utfordringa. Det har eg merka meg. Samstundes vil eg leggja til at eg jo trur at om nokon har føresetnader til å gå inn i dette arbeidet, må det vera den profesjonelle pedagogen.

Avtaleverket.

Lærarane sine arbeidsforhold - avtaleverket. Den 24. mars 1998: På mange måtar ein merkedag for dei som har ansvaret for forhandlingane i departementet. Partane samde om å oppretta 12 nye særavtalar for skuleverket. Dei nye avtalane erstattar mange gamle avtalar og nemndsavgjerder. Vil gjera det enklare å nytta dei avtalane som det no er semje om.

Dei nye særavtalene kom i stand etter eit vanskeleg og tidkrevjande arbeid. M.a. måtte det nyttast mykje tid og krefter på å finna ut kva for avtalar som framleis gjaldt og kva for avtalar som er erstatta av andre. For å sikra dette viktige arbeidet, blei det oppretta ei arbeidsgruppe der nokre av lærarorganisasjonane var med. Arbeidsgruppa la ned ein stor innsats gjennom fleire år. Eg vil nytte dette høvet til å takke for det gode arbeidet som Lærarforbundet la ned i denne gruppa.

Eg er merksam på at lærarar flest har sterke meiningar om lønnsnivået og arbeidsbøra for lærarane. I departementet står ein m.a. framfor lokale forhandlingar for skuleverket p.r. 01.09.98, og forhandlingar om ny tilpassingsavtale til hovudtariffavtalen og ferielova.

Eg ønskjer ikkje å kommentera slike forhandlingar medan dei er i gang. Eg vil derimot gjerne seia noko om det arbeidet som blir gjort i tilknyting til desse forhandlingane. Departementet er svært nøgd med det arbeidet som m.a. Lærarforbundet legg ned i dei arbeidsgruppene vi har i samband med slike forhandlingar. Departementet og Lærarforbundet er nok ikkje alltid samde om måla for forhandlingane, men det er ikkje tvil om at departementet har stor nytte av den kunnskapen Lærarforbundet har om skuleverket.

Elles vil eg minna om at me faktisk la inn store summar til tid til leiing i budsjettet sist, - berre i tilfelle de har gløymt de. Når me snakkar om kva som blir gjort og ikkje gjort for arbeidstilhøva, kunne nok både de og eg ha marknadsført den styrkinga betre i arbeidet for rekruttering av leiarar.

Til slutt: Litt om spesielle forhold i grunnskulen

Tenkja nytt om læringsformer og læringsarenaer, kunnskap og bruken av kunnskapen. Ei utfordring for vidareutvikling av ungdomssteget i grunnskulen. Ikkje møta dei unge berre med fagleg fordjuping og teori. Praktiske og kulturelle aktivitetar, handlingsretta oppgåver, skapande verksemd og kreativitet må ha ein sentral plass i opplæringa. I forsøks- og utviklingsarbeid i grunnskolen vil vi særleg leggje vekt på tiltak retta mot ungdomstrinnet.

Det er med uro me har registrert nye valdsepisodar i skolen. Det er urovekkjande at skolen enkelte stader er blitt arena for konflikt og uro. Når kriser og konfliktar oppstår i og utanfor skolen, og når hjelpetiltak ikkje fungerer eller er utilgjengelege, må likevel skolen og lærarane handtera situasjonen der og då.

Lærarforbundet har på ein konstruktiv og god måte tatt initiativ til styrking av oppvekstmiljøet. I brev og møte med fleire departement har Lærarforbundet komme med forslag til å gjennomføra eit forsøksprosjekt der skolen, det kommunale støtteapparatet og sentralleddet er med. Vi ser på dette som eit godt innspel, g vil gjennomføra dette prosjektet i nokre skolar. Og vi ønskjer å starta no! Derfor vil KUF og Barne- og familiedepartementet innkalla lærarorganisasjonane, KS og andre departement for snarast råd å koma gong. Vi har sett av 400 000 allereie for 1998, og i 1999 er oppvekstmiljø eit prioritert område i KUF’s budsjett. Dette arbeidet vil me sjå i samanheng med eit utviklingsprogram for styrking av oppvekstmiljøet som fleire departement samarbeider om.

Planen for ”Entreprenørskap i opplæring og utdanning” vil bli vidareført og styrkt i samarbeid med andre departement, SU og andre instansar. Det er viktig og positivt at skolane samarbeider nært med mellom anna det lokale kultur- og arbeidslivet for å fremje verdiskaping og etablering, nytenking og lokal ressursforståing. Frå sentralt hald vil me understreka at entreprenørskap like mykje er ein tenkjemåte som eit tiltak, og at dei ulike tiltaka ikkje må opplevast som konkurrerande.

Departementet vil leggje til rette for utviklingstiltak og kompetanseutvikling retta mot det pedagogiske arbeidet i fådeltskulen. I samarbeid med Landslaget for udelte og fådelte skolar (LUFS) vil vi også medverke til utarbeiding av informasjons- og rettleiingsmateriell for praktisk arbeid i fådeltskulen. Det er viktig å leggje vekt på utvikling av fådeltskulane som lokale kultur- og serviceinstitusjonar, og også for utvikling av ulike former for bruk av IT.

Nettverk for miljølære som skal støtte miljøopplæringa i grunnskolen. Alle skolar blir inviterte til å delta i ein landsomfattande konkurranse om det beste miljøundervisingsprosjektet. Ansvaret for dei sentrale miljøprogramma er delegerte til Nasjonalt læremiddelsenter.

Avslutning:

Utdanningssystemet har kraftige historiske røter; tradisjonelle organisasjonsformer, arbeidsformer og oppfatningar av kva kompetanse er. Min bodskap: Ta vare på det beste frå tradisjonen. Men óg tenkja nytt. Etterprøva med ope sinn. Utan prestisje. Mål: Best mogleg opplæring for individ og samfunn. Eit samarbeidsprosjekt. Utan dykk blir vedtaka berre vedtak og planane berre planar.

Lagt inn 12. november 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen