Historisk arkiv

Verdien av samarbeid mellom universitet/høgskolar og næringslivet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Verdien av samarbeid mellom universitet/høgskolar og næringslivet

Statsråd Jon Lilletun

Verdien av samarbeid mellom universitet/høgskolar og næringslivet

Foredrag på Verdiskapingsarenaen 1998, Royal Garden Hotel 21. oktober 1998 kl 17.00

Arrangør: Forum Trøndelag

Kjære konferansedeltakarar – mine damer og herrar.

Først må eg få lov til å takke for invitasjonen frå Forum Trøndelag, for at eg vart invitert her i dag, og har fått oppgåva å halde opningsforedraget på konferansen.

Eg har forstått det slik at Forum Trøndelag har som mål å bidra til auka verdiskaping og såleis til auka sysselsetting i Trøndelag-regionen. Dette skal ein gjere ved å initiere forpliktande samspel mellom sentrale aktørar innafor næringslivet, forskings- og utdanningsmiljøa og offentleg sektor i Trøndelag. Ein baserer seg på å utvikle nettverk, kompetanse og regionen sine næringsmessige føremon.

Gjennom sitt mål og sin strategi har Forum Trøndelag tatt på alvor dei utfordringane som ikkje berre Trøndelag-regionen, men som heile Noreg står framfor, nemleg at:

Kunnskap er nøkkelen til neste årtusen.

Synes de at dette verkar kjent – har de høyrt utsegna før? I så fall er ikkje det så rart, for dette er innleiinga på det kapitlet i Voksenåsen-erklæringa som handlar om utdanning og forsking. Men det kunne vel så gjerne ha vore innleiinga på kapitlet om næringspolitikk.

Eg er sjølvsagt ikkje komen her i dag for å innleie til ein politisk debatt i ei hektisk budsjettid – det skal eg skåne dykk for. Men eg vil påstå at Sentrumsregjeringa, i sitt budsjettframlegg, har tatt utsegna om at ”kunnskap er nøkkelen til nest årtusen” på alvor. Som statsråd for Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet er eg svært nøgd med å ha fått til eit så godt budsjett for forsking og utdanning - i ei elles vanskeleg tid for landet.

Eg synest det er interessant at det er ein minister som både har ansvar for basisfinansiering til utdanningssystemet, inkludert universitet og høgskolar, og som samstundes har det overordna ansvaret for forskings- og utviklingspolitikk, som har fått invitasjon til å halde opningstalen her i dag. Dette reflekterer kanskje den auka vektlegginga av kva det såkalla vitskapssystemet kan bidra med i eit samfunn der innovasjon og nytenking er viktig. Eg håper og trur at dette også reflekterer måten vi nå begynner å forstå prosessane i ein økonomi som blir stadig meir kunnskapsbasert.

Norsk arbeids- og næringsliv er heilt avhengig av å kunne rekruttere velutdanna kandidatar med kompetanse innafor relevante fagområde. I eit samfunn

  • der den teknologiske utviklinga går raskare og raskare
  • der vi vert bombardert med informasjon som blir stadig lettare tilgjengeleg gjennom den informasjons- og kommunikasjonsteknologiske utviklinga
  • der internasjonalisering og globalisering blir stadig viktigare
  • der det vert sett nye krav til samarbeid og tverrfagligheit
  • der miljøproblematikken må takast på alvor
  • og, - der vi blir stilt ovanfor stadig fleire og komplekse etiske og moralske verdispørsmål

I eit slikt samfunn står ikkje berre næringslivet framfor store utfordringar – det same gjer utdanningssystemet. Eg våger å påstå at det norske utdanningssystemet er eit av dei beste i verda og at det leverer kandidatar til arbeids- og næringsliv med svært høg kompetanse. Men utdanningssystemet må ikkje bli statisk. Dagens system er likevel eit godt utgangspunkt for vidare utvikling i eit stadig meir utfordrande og krevjande samfunn.

Regjeringa har sett ned eit utval som på breitt grunnlag skal greie ut høgare utdanning her i landet etter år 2000. Utvalet skal analysere status innan høgre utdanning og situasjonen for norske universitet og høgskolar som utdannings- og forskingsinstitusjonar. Med i utvalet, som vert leia av professor Ole D. Mjøs, er også organisasjonane i arbeidslivet med både nestleiar i LO Gerd Liv Valla og viseadministrerande direktør i NHO Gro Brækken. Det er viktig for Regjeringa at sentrale aktørar i arbeids- og næringsliv bidreg når vi skal utvikle utdanningssystemet vidare.

I mandatet til utvalet, som for øvrig femner svært vidt, er det mellom anna presisert at ein skal vurdere forholdet mellom universiteta og høgskolane og arbeidslivet, m.a. i lys av OECD sin gjennomgang av norsk høgre utdanning. Ein må her ta omsyn til den viktige regionale og næringspolitiske rolla universitet og høgskolar speler. Vidare skal ein leggje vekt på å sikre tilgang på den høgre utdanna arbeidskraft arbeidslivet etterspør, og å leggje til rette slik at den kompetansen kandidatane har kjem til nytte i samfunnet.

  • På grunn av den stadig raskare teknologiske utviklinga, ein IT-revolusjon og ei internasjonalisering som vi alle vert prega av
  • På grunn av at arbeid i dag blir organisert på nye måtar der samarbeid skjer over faggrenene
  • På grunn av at arbeidsplassar blir lagt ned og erstatta med nye i eit stadig større tempo
  • På grunn av at arbeidslivet no i stadig større grad stiller krav om ny og oppdatert kunnskap

På grunn av alt dette - er det altså slutt på den tida då ein var utlært etter ei 12, 15 eller 20 år på skolebenken og kunne surfe gjennom eit heilt arbeidsliv utan ytterlegare kompetansepåfyll. Utviklinga i arbeids- og næringslivet og i heile samfunnet kjem i stadig større grad til å krevje at ein kontinuerleg blir tilført ny og oppdatert kunnskap. Berre på den måten kan den enkelte i framtida vere sikra eit arbeid og nasjonen sikra ei positiv utvikling.

I stortingsmeldinga om kompetansereforma, som Regjeringa la fram i vår og som skal handsamast av Stortinget seinare i haust, har vi nettopp prøvd å skissere denne utviklinga og gje eit riss på korleis ein skal møte utfordringane.

Mykje av kompetanseutviklinga skjer og skal skje i det daglege arbeidet og i regi av verksemdene. Men i stortingsmeldinga har vi og lagt vekt på at universiteta og høgskolane skal spele ein viktig rolle i den vidare kompetanseutviklinga i arbeids- og næringsliv.

Som leiande kunnskapsinstitusjonar har universitet og høgskular eit sjølvsagt ansvar også på dette området, og i tråd med den auka vekta på livslang læring er dette ansvaret synleggjort i lov om universitet og høgskolar. Slik kan ein òg nyttiggjere seg Noregsnettet.

Med spisskompetanse basert på forsking representerer universitet og høgskolar den fremste kunnskapen i landet på svært mange område. Det er denne oppdaterte kunnskapen arbeids- og næringslivet treng for å kunne løyse ulike samfunnsoppgåver og for ikkje å sakke etter internasjonalt. Eg tenkjer ikkje berre på rein oppdatering av yrkeskompetanse i form av t.d. opplæring i bruk av ny teknologi eller behandling av nye sjukdommar eller pasientgrupper, men det eg vil kalle omstillings- og endringskompetanse i vid forstand, inklusive oppdatert kunnskap om ulike sider ved samfunnsutviklinga.

Vidare vil den pedagogiske kompetansen som universitet og høgskular forvaltar, stå heilt sentralt. Dette gjeld både det vi kan kalle operativ og meir teoretisk kompetanse. Samtidig er det ved desse institusjonane at vi finn pedagogiske forskingsmiljø, spissmiljø som kan medverke til å utvikle nye læringsformer og metodar som er tilpassa dei nye målgruppene. Vaksenpedagogikk er eitt nøkkelord her, men eg tenkjer òg på utvikling av nye undervisningsformer som t.d. fjernundervisning og ulike typar IT-basert opplæring. Eg går ut i frå at dei fleste som er her i dag er kjent med det omfattande arbeidet som utdanningsinstitusjonane i Trøndelag har lagt ned på dette området.

Noreg har eit svært desentralisert utdanningssystem, og dei høgre utdanningsinstitusjonane har ei regional tilknyting som dei er seg bevisst. Institusjonane har som regel ein kunnskap om lokalmiljø og region som burde gjere dei særs godt i stand til å utvikle etter- og vidareutdanningstilbod tilpassa behova, anten det gjeld privat næringsliv eller offentleg sektor.

Men universiteta og høgskolane har mykje meir å tilby en god grunnutdanning og relevante etter- og vidareutdanningstilbod.

Universiteta og høgskolane speler ei viktig rolle i den innovasjonen som går føre seg i norsk næringsliv. Gjennom si forsking utviklar desse institusjonane ny kunnskap og ny teknologi og gjev oss med dette ny erkjenning. Dei har erfaring med problemløysing og ikkje minst held dei nasjonen Noreg oppdatert på kva resultater forskinga elles i verda kjem fram til.

Vår kultur og vår økonomi kan karakteriserast ved at vi konstant er på leiting etter nye idear, nye løysingar og betre produkt. Eg, og sikkert mange med meg, føler at utviklinga av og til går for fort og at vi blir litt for opptatt av å streve etter “det nye”. Men likevel er den teknologiske utviklinga basert på vår evne til å innovere, og nye produkt og prosessar, som til dømes nye medisinar, nye kommunikasjonsnettverk og nye driftsformer i landbruket, kan betre både vår og andre sin livskvalitet.

Her i teknologihovudstaden i Noreg er det eit utal døme på at arbeids- og næringsliv har samarbeidd med universitetet og høgskolane for å få fram nye produkt eller nye prosessar. Men å få fram nye produkt kan være ein langvarig prosess.

Tenk deg at du var en bedriftseigar for 80 år sida, og ein heller eksentrisk vitskapsmann kom opp til deg og sa han ønskje å forske på koherent monokromatisk stråling. ”Vel, kva kan eg gjere med denne strålinga” ville du vel ha spurt. Då ville du kanskje ha fått ei lengre utgreiing om relativitet og om fantastiske løyndomar i universet. ”Er det von om nokre praktiske bruksområder basert på denne forskinga”, ville du truleg ha spurt om. ”Eg veit ikkje”, ville kanskje svaret ha vore, ”men du veit aldri – det vil truleg bli bruk for det ein dag, kanskje om femti eller hundre år”.

- Prøv å sei det til aksjeeigarane!

Historia om koherent monokromatisk stråling - eller laserstråling - kjenner vel dei fleste av oss i dag. Albert Einstein oppdaga eksistensen av laseren så tidleg som i 1917, men denne nyvinninga blei ikkje tatt i praktisk bruk for på 50-talet. I dag finn vi laseren i bruk i vidt forskjellige områder – alt frå CD-spelarar til kirurgiske knivar.

Med denne historie har eg prøvd å synleggjere at universiteta og høgskolane, i tillegg til å samarbeide med næringsliv om nye produkt og prosessar - om innovasjon og nytenking, også må ha eit lengre perspektiv på forskinga enn det som umiddelbart ser relevant ut frå ein industrileiar sitt synspunkt.

Samarbeid mellom høgre utdanningsinstitusjonar og næringsliv går sjeldan ut på at vitskapsmannen ferdigutviklar eit produkt, kastar det over til en industrileiar og seier ”Her, masseproduser dette og bli rik”.

Snarare er det vel slik at ein vitskapsmann som har gjort ei interessant oppdaging, tar kontakt med industrien og seier ”Høyr her, eg har gjort ei fantastisk oppdaging, er du interessert”. Dersom industripersonen tenner på ideen, noko han eller ho sjølvsagt gjer, vil det vere mogleg å skaffe risikovillig kapital, bringe inn eventuelle partnarar osb. Enda meir vanleg er det kanskje at det er industrien som oppsøker vitskapsmannen for hjelp med utviklings- og forskingsoppgåver. Uansett kven som kontakter kven, så kan innovasjon vere - og er det i dei fleste tilfelle - eit fruktbart samarbeid mellom forskingsinstitusjon og næringsliv. Men for at vitskapsmenn og studentar skal kunne møte næringslivet, slik at innovative prosessar kan finne stad, er det viktig med møteplassar. I så måte er Forum Trøndelag eit glimrande døme til etterfølging.

Men det er ikkje berre gjennom direkte kontakt med universitet og høgskolar at næringslivet gjer seg nytte at den kunnskap som desse institusjonane utviklar. Vitskaplege resultat er i stor grad lett tilgjengeleg, og industrien og næringslivet kan gjøre seg bruk av nye resultat ofte ved berre å lese ei bok eller ein artikkel. Ei amerikansk undersøking har vist at verksemder som aktivt nyttar seg av ny kunnskap som blir publisert av ulike forskingsinstitusjonar, kan vise til fleire patentar og større inntening en verksemder som ikkje nyttar seg av ny kunnskap. Vi har altså fått det slått fast ein gong for alle: Dei beste foretaka blir rike av å nytte kunnskap produsert av det offentlege forskingssystemet.

Men vi skal vere klar over at for at næringslivet skal kunne ta i bruk ny kunnskap og nye forskingsresultat – som i stor grad er heilt gratis -, så er det heilt avgjerande at næringslivet også har tilstrekkeleg og relevant kompetanse. Utan slik kompetanse vil næringslivet berre i avgrensa grad ha nytte av den nye kunnskapen.

Og då er eg tilbake der eg starta. For at norsk arbeids- og næringsliv skal gjere det godt i tida som kjem, er vi heilt avhengig at vi held oppe og vidareutviklar eit utdannings- og forskingssystem som vi kan vere stolte over og som tar på alvor at ”Kunnskap er nøkkelen til neste årtusen”.

Lagt inn 5. november 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen