Historisk arkiv

Åpning av konferansen "Læring og verdiskapning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Åpning av konferansen ”Læring og verdiskapning ved overgangen til et nytt årtusen”

Kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Jon Lilletun

Åpning av konferansen ”Læring og verdiskapning ved overgangen til et nytt årtusen”

Lillehammer, 25. oktober 1999

Gode forsamling !

Det er ei stor glede og ære for meg å kunne ønskje dykk velkomne til den årlege konferansen om vidaregåande opplæring. KUF samarbeider i år med Høgskolen i Lillehammer om det praktiske arrangementet.

Vi går mot slutten av eit reformpolitisk tiår utan sidestykke i norsk skulehistorie. Det skuleåret vi nå er inne i, byggjer samstundes bru mellom to tusenår. Derfor krev denne ”tusenårskonferansen” at vi alle lyftar blikket og opnar for vidsynet og dei visjonære tankane. Samstundes er det nødvendig å ha begge beina godt planta på jorda, slik at visjonane ikkje blir eit draumspel.

Dei som har studert programmet, kan ikkje ha unngått å leggje merke til at forskarane er godt representerte her i dag. I tillegg er det mange røynde folk i salen som veit mykje om vidaregåande opplæring – anten dei er her som lærarar, eller dei representerer fylkeskommunar, opplæringsråd, lærar- eller elevorganisasjonar. Når eg ser utover denne forsamlinga, har eg ei kjensle av å stå framfor ein levande database som veit det meste som er verdt å vite om vidaregåande opplæring i dag. Slik sett burde tilhøva liggje godt til rette for ein kvalifisert debatt om prioriteringar og vegval inn i det neste tusenåret. Denne forsamlinga har dei beste føresetnadene for å nå dei måla vi har sett oss for denne konferansen – ”å løfte blikket og se framover” - som det står i programmet.

Sidan Reform 94 blei innført, så å seie frå første dag, har reforma vorte følgd opp av eit omfattande forskingsprogram. Denne forskinga har sett oss i stand til å ta pulsen på ”Skule – Noreg” frå dag til dag. Dette er så vidt eg veit heilt eineståande i norsk utdanningshistorie. Skal ein kunne stake ut utdanningsvegen vidare, må ein vite kor ein står – på kva område Reform 94 har lukkast, og kor det er nødvendig å justere kursen. Eg vil difor i dag nytte høve til å takke forskarane for at dei har gjort det mogleg for oss å arbeide konstruktivt og målretta med å føre Reform 94 eit steg vidare.

Ei kvalifisert og meiningsfull ordveksling om skule, kompetanse og samfunn krev solid kunnskap. Det er difor ei glede for meg i dag å kunne offentleggjere den tredje og siste artikkelsamlinga frå følgjeforskinga knytt til evalueringa av Reform 94. Artikkelsamlinga ”Videregående opplæring – ved et vegskille?” er gitt som gåve til alle på denne konferansen. Eg håper artiklane vil vere til nytte.

Vi skyldar sjølvsagt også alle dei andre aktørane i vidaregåande opplæring stor takk når det gjeld innføringa av Reform 94. Likevel er det ei gruppe som meir enn andre har fått føle reforma på kroppen i det daglege arbeidet. Det er lærarane. Det er dei som så å seie frå dag til dag - eller frå time til time - har bore reforma på ryggen og omsett reformidéar til handling i skulekvardagen. Utan støtte frå eit lojalt og dyktig lærarkorps hadde det ikkje vore mogleg å nå dit vi er i dag. Vi er difor sterkt avhengig av å spele på lag med denne gruppa når vi nå skal føre reforma inn i ein ny fase.

I mange foredrag har eg sagt at vi lever i ei tid prega av rask endringstakt som stiller store krav til omstilling, fleksibilitet og fornying. Og det meiner eg sjølvsagt er rett. Men pedagogikken har også ei omskifteleg historie. Prosjektarbeid er viktig, seier vi, for det er den rette arbeidsmåten både i dag og for framtida. Vi må likevel ikkje sjå oss heilt blinde på at vi forvaltar den fulle og heile pedagogisk sanninga, for det kan snarare hindre enn fremje den omstillinga og fleksibiliteten vi ser som ein føresetnad for å lukkast med vidaregåande opplæring i det neste tusenåret. Det er viktig å kunne ha fleire tankar i hovudet på ein gong og ikkje tape perspektivet av syne – vi må kunne sjå både framover og bakover på ein gong. I diktet ”Fylg tanken” skriv Olav H. Hauge:

Fylg tanken – men ikkje til
ytste egg
og plukk ikkje kvar ein blom
på nysprotten hegg.

Difor treng vi også dei pedagogiske tvilarane; dei som har Vinje sitt ”tvisyn”.

Regjeringa la i vår fram to stortingsmeldingar som dreier seg om vidaregåande opplæring. Stortingsmelding nr. 28 ”Mot rikare mål” og Stortingsmelding nr. 32 - ”Videregående opplæring”. Stortingsmeldinga om vidaregåande opplæring vart behandla i Stortinget 6. oktober. Resultatet av denne behandlinga stakar ut vegen for dei endringane og justeringane som er nødvendige for å føre Reform 94 eit steg vidare. Korleis vi vil følgje opp denne meldinga reint konkret, vil få brei plass på konferansen.

Mi von for denne konferansen er at meiningane skal brytast og idéane myldre. Vi skal vere visjonære, nøkterne og analyserande på same tid. Denne konferansen skal lyfte vidaregåande opplæring inn i det neste tusenåret. Eg har stor tru på at deltakarane vil greie den oppgåva.

Temaet mitt er ”Læring og verdiskaping ved overgangen til et nytt årtusen”

Eit slikt tema krev perspektiv, både tilbakeblikk på det førre tusensårsskifte og evne til å sjå i krystallkula kva som ventar oss i det neste og det er ikkje lett. I eit slikt tidsspenn er det lett å miste dei store linjene av syne.Vi har ein tendens til å tru at den tida vi lever i, er heilt eineståande og ulik alle tidlegare epokar og kan difor miste dei store linjene av syne. Likskapar og samanhengar kan fort bli borte.

Vi er så travle i vår tid. Alt skal skje så fort. Vår tid krev evne til omstilling, fleksibilitet og nytenking. Slik var det ikkje før, seier vi. Er vi nå så sikre på det ? Kanskje er det meir som bind menneska i fortid og notid saman enn vi trur.

Av alle latterlige ting i verden forekommer det meg det aller latterligste å ha det travelt”, sier Søren Kierkegaard. ”Hvad udrette de vel, disse travle Hastværkere ?”, spør han. ”Gaar det dem ikke som det gik hiin Kone, der i Befippelse over at der var Ild løs i Huset, reddede Ildtangen”.

Dette var omkring 1850. Kva vi nå vil med all vår hast, veit vi kanskje ikkje. Vi treng tid til ro og ettertanke, men blir styrte av krefter vi ikkje rår over.

Korleis var det nå for tusen år sidan ? Var det behov for å vere fleksibel og tilpassingsdyktig på den tida ?

Ta nå til dømes Olav Trygvason. Han for ut i viking som heidning det eine året og kom att som kristen det neste. Sterkare evne og vilje til omstilling kan ein knapt tenkje seg.

Som idrottsmann synte han sin balansekunst ved å gå på årene utabords mens mennene rodde. Som politikar var han mindre heldig med å balansere mellom ulike interesser, og difor kom Svolder med nederlag og undergang.

Sjølv om eg ikkje driv Olavs idrott, føler eg nok av og til at eg må meistre ein balansegang som er like krevjanda, med krav frå alle hald. Eg er såleis glad for at eg lever i ei mildare tid, og at eg vil få ein blidare lagnad enn det som blei Olav til del. På visse område synest det som om utviklinga har gått i positiv lei i løpet av dei siste tusen åra.

Skulereformene

Skulereformene på 90 talet var eit stort kompetanse- og kunnskapslyft. Dei erfaringane vi hittil har hausta og evaluert i ein brei prosess med alle involverte partar, syner at Reform 94 var riktig og nødvendig. Vi treng difor ikkje å gjere grunnleggjande endringar, men må justere og mjuke opp reforma på nokre område. Utfordringane i vidaregåande opplæring er nå i hovudsak knytte til utviklinga av innhaldet i og tilrettelegginga av opplæringa. For å styrkje og utvikle arbeidet med tilrettelegging, differensiering og yrkesretting av allmenne fag har vi difor teke initiativet til eit treårig nasjonalt utviklingsprosjekt.

Utover dette vil eg ikkje gå nærmare inn på konkrete tiltak i denne samanhengen , men nytte høve til å understreke at det er brei politisk semje om kva for endringar som er nødvendige.

Kompetanseomgrepet – kvifor viktig med kompetanse

Den viktigaste ressursen vi har i dag, og ikkje minst i framtida, er folk med brei kompetanse og evne til å meistre endringar.

Vidaregåande opplæring skal møte utfordringane på ein slik måte at dei som får opplæring, ikkje berre skal vere i stand til å gå ut i arbeids- og samfunnslivet i dag. Dei skal også kunne delta aktivt i ei framtid vi ikkje veit meir om enn at ho er ulik den tida vi lever i nå. Kva må dei så kunne ? Jo, dei må mellom anna kunne sortere og orientere seg i ein stadig aukande informasjonsflaum. Ikkje minst er det viktig å forkaste det som ikkje held akseptabel etisk standard. Difor er verdiar og verdival viktig i all opplæring.

Som kjent har regjeringa oppnemnt ein verdikommisjon. Hovudmålet med verdikommisjonen er å bidra til ei brei verdimessig og samfunnsetisk mobilisering. Vi meiner dette kan bidra til å styrkje positive fellesverdiar i samfunnet. Ved å setje verdiar på dagsorden kan vi motverke likesæle og fremje personleg ansvar.

Gjennom media og andre informasjonskanalar veit vi at den norske skulekvardagen byr på store utfordringar.

Desse er blant anna knytte til vald, mobbing og rasisme, men det kan også dreie seg om på mangel på normer og danning blant ungdommen. For å finne ut meir om korleis vi kan møte slike problem, set nå regjeringa i gong eit treårig prosjekt i skulemekling i vidaregåande oppløring.

Regjeringa meiner at også skulen i større grad enn hittil må fokusere på å utvikle aktive, sjølvstendige og ansvarsbevisste menneske. Dette er ikkje noko nytt i norsk skule. Gamle lærebøker i tysk frå 1800-tallet bygde inn moral frå første kasus. Ordspråk og gamle visdomsord vart ofte nytta. Skulle ein øve inn dativ, sørgde ein samstundes for å leggje inn litt moralsk ballast: ”Wer lügt, dem geht es schlecht”. Den som lyg, går ille.

Tidleg på 1900-talet var det ein lektor ved Hamar Katedralskole som det lenge gjekk fråsegn om. Han formante "disiplane" sine om korleis det å lyge kunne forderve eit menneske. Han blei da spurd om det ikkje var noko som heitte nødløgn. ”Er ikkje det tillate?” ”Jo”, svarte han, ”det er det”, og illustrerte med følgjande døme:

”Når du befinner deg alene i en hytte, om natten, i en mørk og dyster skog. Og der kommer tyver og mordere med øks og sverd og banker på døren og spør: ”Er her nogen ?” Da er der lov at svare: Nei, her er ingen.”

Kompetansereforma

Grunnutdanning og etter- og vidareutdanning må sjåast i samanheng. Denne regjeringa har teke konsekvensen av at dei vaksne også har eit stort utdanningsbehov. Det gjeld både grunnopplæring og etter- og vidareutdanning. Vi ser at vi treng å minske kompetansekløfta mellom delar av den vaksne generasjonen og dei unge som har utdanning av nyare dato. Kompetansereforma er resultatet av dette. Reforma er ikkje ei vaksenopplæringsreform i snever forstand. Saman med skulereformene utgjer eit opplæringstilbod som gjer det mogleg for unge og vaksne å tileigne seg kunnskap heile livet. Livslang læring har stått på dei politiske programma i årevis. Kompetansereforma omset denne tanken frå idé til handling. Den er ei praktisk-politisk reform for livslang læring, der omstilling igjen er nøkkelordet. I et samfunn i stadig endring må også vaksne stadig lære nytt.

Svært mange må dagleg løyse arbeidsoppgåver som dei ikkje er utdanna for. Når det går bra, er det sjølvsagt fordi dei har ein brei kompetanse som dei har tileigna seg både gjennom utdanning og praktisk arbeid, og i kontakt og samarbeid med andre menneske.

Som de veit, har eg sjølv lite formell utdanning. Som så mange før meg har eg lært meg å lære i livets skole. Gjennom å møte arbeidsoppgåver som krev at ein tileignar seg kunnskap, gjennom å samarbeide med andre for å komme vidare, gjennom å bruke både hjerne og hjarte. Det har ikkje alltid vore like enkelt, men det har lært meg at læring kan skje over alt og i alle situasjonar. Livet har lært meg at kompetanse byggjer ein ikkje berre gjennom formell utdanning. Men livet har og lært meg at vegen til kompetanse kan bli lettare når den kan byggjast på formell utdanning. Mitt ønske for framtida er at vi kan ta med oss det beste i den tradisjonen som formell utdanning byggjer på og supplere og vidareutvikle den med verdiar og læringsmåtar frå arbeidslivet, der menneske finn praktiske løysingar. Det er slik vi kan smelte saman teori og praksis - og det er slik vi lærer best.

For regjeringa har det vore viktig å byggje vidare på det kunnskaps- og verdigrunnlaget som skulereformene representerer. Kompetansereforma er utvikla og iverksett som eit fellesskapsprosjekt mellom dei politiske styresmaktene og partane i arbeidslivet. Regjeringa ser det som viktig at vi kan få til et nært samarbeid med arbeidslivet i utdanningsspørsmål. Ikkje minst fordi det er arbeidslivet som bruker denne kompetansen.

Gjennomføringa av Kompetansereforma illustrerer kor viktig det er at vesentlege samfunnsinteresser er med og utformar politikken og finn fram til konkrete løysingar på ulike samfunnsområde. At vi tek avgjerder i nært samarbeid med dei som saka mest vedkjem, viser at dei demokratiske prosessane fungerer i samfunnet vårt. Og det er eg stolt av.

Regjeringa set i verk mange tiltak for å realisere denne reforma. Vaksne som ikkje har fullført den vidaregåande opplæringa, vil for eksempel få rett til slik opplæring. Vi arbeider også med eit prosjekt for dokumentasjon av realkompetanse. Men vi har ein lang veg å gå før vi kan seie at reforma er på plass.

For å lykkast med Kompetansereforma er vi avhengige av eit godt samarbeid med fylkeskommunane. Ikkje berre vidaregåande skular, men også ressurssentra vil spele ei avgjerande rolle i gjennomføringa av denne reforma. Difor har departementet nå løyvd midlar som fylkeskommunane kan søkje på for å utvikle kompetansesenter. Vi vonar dette skal setje slike senter betre i stand til å møte dei opplæringsbehova som denne reforma krev.

Lokalt initiativ/fristilling/fleksibilitet

Medbestemming, medansvar og fridom er vesentlege føresetnader for initiativ, kreativitet, fleksibilitet og evne til å tenkje nytt. Vi meiner at for sterk sentralstyring kan hemme positive og skapande krefter ute på den enkelte skule. Denne regjeringa ønskjer difor vide rammer, enkle sentrale reglar og utvida handlingsrom som kan stimulere til lokalt mangfald. Vi treng ein skule som evnar å fornye og utvikle seg. Vår tid krev også nye pedagogiske metodar, der eleven sjølv søkjer kunnskap, og læraren i større grad opptrer som rettleiar og regissør enn tilfelle har vore til nå. Aktiv bruk av IKT må vere ein sjølvsagt del av denne skulekvardagen. Slik læring trur vi best kan utviklast dersom vi overlet initiativet til den einskilde skule. Det vil også gi elevane den ballast av sosial tryggleik og evne til omstilling som dei treng for å meistre framtida. Vi har difor i større grad opna for lokalt utviklingsarbeid. Eg vil gi nokre konkrete døme på korleis denne regjeringa legg vekt på fleksibilitet, fridom og lokalt initiativ:

I samband med behandlinga av Stortingsmelding 32 har Stortinget vedteke at det nå skal bli lettare å opprette særløp. Dette er både for å verne om små fag og gjere det lettare å tilpasse opplæringa til behova til den einskilde elev og lærling.

Dette er i tråd med det regjeringa ønskjer.

Regjeringa oppfordrar skuleleiarar, lærarar og elevar til å utnytte de rammene som ligg i lover, forskrifter og læreplanar til kreativitet og nyskaping. Vi opnar også for forsøk som går utover dei ordinære rammene i Opplæringslova. Dette vil utvide det lokale handlingsrommet og bidra til auka fleksibilitet.

Det er krevjande å velje – ikkje minst dersom ein skal velje rett. Det gjeld både vaksne og unge. I vidaregåande opplæring – som elles i livet – er det ein del elevar som har behov for å velje på nytt. Desse elevane vil nå få rett til eit ekstra opplæringsår for å kunne fullføre opplæringsløpet. Hittil har det vore slik at retten til 3-årig vidaregåande opplæring må takast ut i løpet av 4 år. Nå blir han utvida til 5 år. Det vil seie at dei nå kan få den tenkjepausen dei treng. Denne kan dei mellom anna nytte ute i arbeidslivet. Dei kan dermed få eit nødvendig pusterom og få den modninga og motivasjonen som gjer dei i stand til å velje rett utdanningsveg og yrke.

Oppheving av den statlege godkjenningsordninga for lærebøker

Etter det eg nå har sagt om handlingsrom og fleksibilitet, vil eg gå inn på ei sak som ligg i same gate, og som er gjort kjent i pressa i dag. Det gjeld godkjenning av lærebøker. Som kjent er det i dag ei statleg godkjenningsordning for lærebøker i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. Det er i dag Nasjonalt læremiddelsenter som har ansvaret for å godkjenne lærebøkene. Regjeringa går inn for å oppheve denne ordninga. Men eg vil understreke at vi ikkje vil fravike kravet om at lærebøker på nynorsk og bokmål skal ligge føre til samme tid og til samme pris. Vi vil heller ikkje dempe på kravet til kvalitet, anten det gjeld innhald eller språk. Likestillingskravet vil vi heller ikkje fire på.

Det er fleire grunnar til at vi ønskjer å oppheve den godkjenningsordninga vi har i dag. For det første vil det føre til mindre kontroll og byråkrati. Det er i tråd med regjeringa sin politikk om å skape eit ”Enklare Noreg”. Vidare har vi tillit til at både forfattarar og forlag utviklar lærebøker som oppfyller kvalitetskrav i samsvar med måla i læreplanen. Vi treng ikkje kontrollere og overprøve dei. Ei liberalisering vil også kunne føre til større spennvidde og mangfald i læreboktilbodet, utan at det går utover kvaliteten, snarare tvert imot. Og sist, men ikkje minst. Lærebøkene er berre eitt av mange hjelpemiddel for å nå måla i læreplanen. Det er framleis ei utbreidd oppfatning blant elevane at læreboka er identisk med pensum frå a til å. Slik skal det ikkje vere. Det er denne regjeringa si klare oppfatning at det er måla i læreplanen som skal styre opplæringa.

Verdiskapning

Den økonomiske røyndomen i framtida ser i grove trekk slik ut : Inntektene frå oljesektoren går ned. Samstundes aukar andelen av eldre. Difor vil Noreg i større grad enn i dag vere avhengig av ein konkurransedyktig fastlandsøkonomi for å kunne oppretthalde velferdsstaten på eit høgt nivå. Dette er ein realitet vi må lære oss å meistre. Noreg kan korkje styre eller legge premissane for ”den globale turbokapitalismen”.

Vi skal leve av dei verdiane vi er i stand til å skape. Sjølv om vi har vent oss til å hauste av ein rik natur, veit vi at framtida blir skapt av kunnskap, kompetanse, innovasjon og entreprenørskap – ikkje berre av gåver frå naturen. Vi veit også at om lag 10 prosent av bedriftsmassen blir skifta ut kvart år. Dersom denne utviklinga held fram, vil berre 15 prosent av dei bedriftene vi har i dag, eksistere i 2020. Det inneber at ca. 800 000 vil vere sysselsette i bedrifter som i dag ikkje finst. Den menneskelege kapitalen vil difor bli ein enda viktigare ressurs i åra som kjem. Heldigvis er denne ressursen er fornybar, og vi må bruke han til å byggje opp ein kompetanse som i set oss i stand til å tenkje nytt og til å ha vilje og evne til omstilling.

Utdanning og opplæring skal gi kunnskapar for å skape dei materielle verdiane som sikrar alle ein god levestandard.

Men samtidig må vi slåss for å få til ei meir rettferdig fordeling av samfunnsgoda, nasjonalt og globalt.

Vi skal ikkje gjere oss rike slik at det går ut over andre, men arbeide for å skape verdiar og fordele dei rettferdig. Oftast bruker vi ordet globalitet i samband med kapital og arbeidskraft som vandrar over landegrensene. Men det er også viktig å kunne delta i internasjonalt samarbeid. Grunnlaget for ei rettferdig fordeling er solidaritet og omtanke for andre. Men dette er ikkje kvalitetar som kjem av seg sjølv. Dei må dyrkast fram og trenast opp. Dette arbeidet må også i skulen. Og den vidaregåande skulen har jo ein flott tradisjon med Operasjon Dagsverk, som skal gjennomførast på torsdag. Eg gir all mi støtte til solidaritetsaksjonen til elevane.

Entreprenørskap

Denne regjeringa har lansert ei nasjonal satsing på entreprenørskap i skulen. I eit samfunn der arbeid og levemåtar vert endra og nye krav kjem til høgt tempo, er det viktig å utvikle ein handlingskompetanse som entreprenørskap. Vi meiner dette er ei riktig og nødvendig satsing, ikkje minst på bakgrunn av det eg tidlegare har sagt om behovet for ein konkurransedyktig økonomi.

Entreprenørskap inneber nyskaping, føretaksverksemd og etablering. Dette er det økonomiske aspektet. Men entreprenørskap er noko mykje meir enn å gå ut å ”gjere alle til kremmarar”. Entreprenørskap er ei livshaldning prega av handlings- og vågemot, både i sosial, kulturell og økonomisk forstand. Ei slik livshaldning vil fremje kreativitet og evne til fornying. Det inneber at elevane aktivt bruker og utviklar evnene sine i samarbeid med andre. Dermed vil entreprenørskap også kunne bli ein reiskap for ein meir open og nyskapande skule. Entreprenørskap vil seie at elevane ikkje berre lærer å meistre den økonomiske røyndomen på ein betre måte, men at dei også utviklar menneskelege verdiar i møte med kvardagen. Det er dette vi treng i vår tid - verdiskaping med eit menneskeleg ansikt.

Entreprenørskap på brei front krev aktiv medverking frå den einskilde skule. Det er ute på den einskilde skule, i samarbeid med det private, lokale næringsliv at entreprenørskap oppstår. Dette stiller både krav til nytenking og endring av arbeidsmetodar i skulen. Fylkeskommunane vil også spele ei viktig rolle som til retteleggjar og døropnar til det private næringslivet.

Budsjettsituasjonen/Lærerrekruttering

”Eg er trøytt eg, sa guten. Han skulle ha juling”. Eg kjenner meg mest i same situasjonen når eg nå skal gå over til å seie noko om budsjett. Eg går ut frå at forsamlinga forventar det.

Regjeringa har vorte utsett for hard og etter mi oppfatning til dels urettmessig kritikk når det gjeld utdanningsbudsjettet. Det blir til og med stilt spørsmål ved om utdanning framleis er eit prioritert satsingsområde for sentrumsregjeringa. Eg kan forsikre denne forsamlinga at det er det. Når mange meiner det blir satsa for lite på utdanning i det budsjettforslaget regjeringa legg fram, kan det være grunn til å minne om at fjoråret var eit turbulent år i norsk økonomi, med halvert oljepris, radikal renteauke og utsikter til auka arbeidsløyse. Varsellampene blinka. Men vi fekk ikkje den krasjlandinga mange spådde. Nå meiner vi å ha god kontroll over økonomien, og sidan til og med økonomane nå har friskmeldt norsk økonomi, da må det være sant. Men førre året ga oss ei påminning om kor nødvendig med eit stramt budsjett i ein oljeavhengig økonomi. Vi må for all del ikkje skusle bort det vi nå har vunne. Pris- og kostnadsveksten må ikkje sleppast laus.

Alle gode formål kan dessverre ikkje prioriterast på ein gong.

Det kan kanskje vere passande å gå inn på eit anna vanskeleg tema med det same. Det gjeld lærerrekruttering. Det er ei kjensgjerning at det i dag er problem med å rekruttere til ulike yrke innanfor offentleg sektor. Særleg gjeld dette helse- og omsorgsarbeidarar, men det er også problem med å rekruttere lærarar, særleg innafor fagområde der offentleg og privat verksemd konkurrerer om arbeidskrafta. Prognosane for framtida er heller ikkje lyse.

I boka ”Harry” av Are Kalvø som nyleg er komen ut, står det at det finst standardoppfatningar om dei fleste grupper i samfunnet. Ein myte er at alle lærarar er venstrefolk, skriv han. Han trekkjer denne konklusjonen: ”Sjølvsagt er det ikkje slik at alle lærarar er venstrefolk. I så fall må lærarmangelen her i landet vere langt meir akutt enn tidlegare antatt.”

Det kunne altså ha vore verre, og det skal vi vere glade for.

Likevel må vi innsjå at vi har eit rekrutteringsproblem. I denne situasjonen er det naturleg at det vert fokusert mykje på løn, og det finn eg naturleg. Mange meiner at lærarane tener altfor lite i forhold til lang utdanning, studiegjeld og ikkje minst det store ansvaret det er å sørgje for at den oppveksande slekt får med seg den nødvendige ballasten av kunnskapar, ferdigheiter og haldningar til å meistre det samfunnet dei veks opp i. Eg har ikkje problem med å seie at eg deler dette synet. Likevel er det viktig å være klar over at vi her talar om store og tunge yrkesgrupper, og at eit lønsløft som monnar, vil bli svært kostnadskrevjande både for stat og kommunar. Alle samanliknar seg som kjent med dei som tener meir, ingen med dei som tener mindre. Et lønsløft for lærarar vil derfor utløyse krav om meir løn også frå andre grupper. Regjeringa har ingen intensjonar om å foregripe lønnsforhandlingane når det gjeld spørsmålet om auka lærarlønn. Likevel kan eg forsikre om at vi tek rekrutteringsproblemet på alvor. Om kort tid vil vi leggje fram ei stortingsmelding om lærerrekruttering der vi drøftar og vurderer ulike tiltak som kan bidra til å stimulere til auka lærerrekruttering. Vi i Kristelig Folkeparti har framleis tru på at ”mennesket ikkje lever av brød aleine”, men at også andre forhold er avgjerande for val av yrkes- og utdanningsveg.

Eg vil avslutningsvis også minne om at det ved tariffoppgjøret i vår vart innført eit meir fleksibelt lønssystem i skuleverket. Dersom det er problem med å halde på eller rekruttere leiarar og undervisningspersonale, opnar nå tariffavtalen for lønsauke som monnar gjennom lokale forhandlingar. Eg vonar fylkeskommunane vil bruke dette systemet.

Avslutning

La oss prøve å vere visjonære og gløtte inn i år 2020. Korleis foregår læring da ? Er idealbilete framleis den aktive eleven som søkjer kunnskap med læraren som rettleiar ? Har prosjektarbeidet same status som i dag ? Er internett håplaust avlegs ? Har det levande ord, tavle og kritt igjen fått ein renessanse ? Har forelesaren fått tilbake sin posisjon i eit læringsmiljø der eleven igjen stoler blindt på det ”magisteren” seier. Eg veit det ikkje. Eg ønskjer kanskje heller ikkje å vite det, men eg har ein idé om at fornying og tradisjon må gå hand i hand. Ein skal ikkje utan vidare kaste vrak på fortida, men ta vare på det beste og ta det med inn i fornyinga.

Vi trur at den tida vi lever i er heilt unik. På mange vis er ho sjølvsagt det, men min påstand er også at menneskenaturen truleg er meir uforanderleg enn vi ofte er villige til å vedgå. Slik er det kanskje også med skulen. Likevel har eg stor tru på at denne konferansen vil bringe ”Skule –Noreg” eit stykke vidare på den rette vegen.

Vi skal nå dele ut to prisar:

Lagt inn 25. oktober 1999 av Statens forvaltningsteneste, ODIN-redaksjonen