Historisk arkiv

Forsking ved eit tidsskilje

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Kirke-, undervisnings- og forskningsminister Jon Lilletun

NIFU

Forsking ved eit tidsskilje

Konferanse om Regjeringa si forskingsmelding, Voksenåsen, 27. september 1999

Kjære forskingsvener,

Det er som alle veit ikkje første gong eg er på Voksenåsen. Det er heller ikkje første gong eg har gleda av å meine noko om forskinga akkurat på denne staden.

"Kunnskap er nøkkelen til det neste årtusen," skreiv vi i Voksenåsenerklæringa. Litt dramatisk kanskje, men likevel sant. Kunnskap er nøkkelen til framtida, for oss sjølve og for barna våre. Det er her, i hovuda, at den viktigaste kapitalen vår ligg – ikkje i Nordsjøen eller i Noregs bank.

Denne visjonen har òg styrt arbeidet med forskingsmeldinga. Regjeringa valde å bruke mykje tid på arbeidet med denne meldinga. Mellom anna hadde vi – eg og dei gode kollegene mine i RFU eller Regjeringa sitt forskingsutval – lange og grundige drøftingar om ambisjonar, prioriteringar og verkemiddel.

Arbeidet med stortingsmeldingar tek alltid lengre tid enn vi trur. Siste fasen i arbeidet med forskingsmeldinga kom òg samstundes med viktige fasar i Regjeringa sitt budsjettarbeid og med alle fridagane i mai, slik at meldinga først vart lagt fram 11. juni. Dette var eit par veker etter den tidsplanen departementet la tidleg på nyåret. For Stortinget, regjeringa og departementa var desse to vekene ikkje noko stort problem. ”Men kva med seminaret til Skoie 8. juni?” sa embetsverket mitt i kor. Eg vil gjerne nytte høvet til å be Hans Skoie om årsak fordi eg ikkje kunne halde denne innleiinga 8. juni, slik eg hadde lova. Eg er glad for at eg har fått ein ny sjanse!

Denne hausten blir det mange konferansar om forskingsmeldinga—og det er eg sjølvsagt glad for. Meldinga er den første samla gjennomgangen som er lagt fram om norsk forsking og forskingspolitikk på seks år. Skal vi tru det vi høyrer – frå næringslivet og frå forskarmiljøa – har dette vore magre år for norsk forsking. Eit positivt trekk dei siste åra er at vi har fått ein forskingspolitisk debatt. Generelt har interessa for kunnskap, forsking og innovasjon auka sterkt dei siste par åra. Forskarane har engasjert seg, og Forskingsrådet har òg gjort ein god jobb med å få forskinga opp på dagsorden. Debatten, som har gått i media, på møter og i Stortinget har vore interessant og viktig. Mange av dykk som er til stades i dag har teke del i debatten, og eg vil nytte høvet til å takke for engasjementet. Debatten har påverka innhaldet i meldinga, og er ein av grunnene til at vi no er i ferd med å snu den negative utviklinga for norsk forsking.

Om mål og tiltak i meldinga

Kva vil så Regjeringa gjere for å styrke den norske forskinga? La meg kort gjere greie for nokre av dei viktigaste punkta i forskingsmeldinga. I eit kort foredrag som dette, må eg sjølvsagt velje ut nokre tema, og eg kan difor ikkje ta opp alle sider ved meldinga. Ein liten sidekommentar: Nokre har kritisert meldinga fordi ho er for lang – samstundes som dei saknar drøfting av nokre tema. Denne stortingsmeldinga er ei sektorovergripande forskingsmelding. Det inneber på den eine sida at ho ikkje berre tek opp den forskinga som KUF har hovudansvaret for, det vil seie grunnforskinga. Det inneber på den andre sida at ho ikkje er ei melding om innovasjon. Og, som rimeleg kan vere, er hovudfokus på den offentleg finansierte forskinga: det er desse midla styresmaktene kan styre innretninga på. Og til sist: ei forskingsmelding kan ikkje, og skal ikkje, gripe rett inn i lønnsforhandlingar. Løns- og arbeidsvilkår for forskarane er difor berre drøfta på meir generelt grunnlag.

Regjeringa vil investere meir i forsking og utvikling

Regjeringa går inn for at forskingsinnsatsen skal styrkjast slik at Noreg i løpet av fem år kjem opp på nivå med gjennomsnittet i OECD-landa, målt som andel av BNP.

Dette er ei stadfesting av det målet vi sette opp i Voksenåsenerklæringa, der vi skreiv følgjande:

For å sikre konkurranseevnen trenger vi forskning av betydelig omfang og med god kvalitet. En sentrumsregjering vil øke bevilgningene til forskningsformål med sikte på å nå gjennomsnittet for OECD-landene og vurdere ulike tiltak for å øke næringslivets FoU-innsats.

Etter den tid har Stortinget bedt oss om det samme. I mars i år ba dei samrøystes om at Regjeringa skulle leggje fram ein plan for korleis norsk FoU-innsats skal kome opp opp på gjennomsnittlig OECD-nivå. Forskingsmeldinga er langt på veg denne planen.

Regjeringa tek i bruk nye mekanismar for å realisere vekstmålet

Regjeringa er oppteken av at handling skal følgje ord. Stundom handlar vi faktisk før vi legg fram løftene. I arbeidet med forskingsmeldinga såg vi tidleg at vi måtte få på plass nye mekanismar for å realisere og stimulere til vekst.

I Revidert nasjonalbudsjett for 1999, som kom ein månad før forskingsmeldinga, gjorde vi framlegg om å etablere eit fond for forsking og nyskaping, som eg straks skal seie litt meir om, og om å satse 100 mill kroner på prosjektretta teknologiutvikling i petroleumsindustrien. I april sette vi ned Hervik-utvalet, som skal vurdere og foreslå ytterlegare tiltak for å fremje forsking i bedriftene. Utvalet skal både vurdere direkte stimuleringstiltak der FoU i næringslivet utløyser offentleg støtte, og indirekte tiltak som ulike former for skatte- og avgiftslette. Utvalet er godt i gang med arbeidet, og skal legge fram innstillinga si innan 1. mars neste år. Den store debatten – og dei konkrete framlegga – som gjeld korleis vi skal få til veksten i næringslivet si finansiering av forsking, kjem med basis i den innstillinga. I tillegg arbeider vi med å innføre ei FoU-avgift for fiskeri- og havbruksnæringa, for å styrkje eit prioritert forskingsfelt, og med ei avgift på fellestiltak i skogbruket som òg vil bli nytta til å finansiere FoU-tiltak.

Forskingsfondet

I Revidert nasjonalbudsjett la altså Regjeringa fram eit forslag – som Stortinget vedtok - om at staten skal opprette eit eige fond for forsking og nyskaping. Fondet vart etablert frå den 1. juli i år, med ein fondskapital på 3 milliardar kroner. Fondskapitalen kjem frå inntektene ved sal av statlege aksjar. Eg kan love at Regjeringa seinare vil vurdere å auke fondskapitalen. Etableringa av fondet er ei oppfølging av det forslaget som regjeringspartia fremma i Voksenåsenerklæringa og i tråd med det vedtaket Stortinget fatta i samband med handsaminga av statsbudsjettet for 1999.

Fondet skal vere med på å sikre ein samla auke i den norske forskingsinnsatsen. Men Fondet skal òg vere med på å sikre ei meir heilskapleg offentleg finansiering av norsk FoU. Regjeringa ønskjer rett nok å føre vidare sektorprinsippet i den norske forskingspolitikken: Det vil seie at dei ulike departementa har ansvar for forskinga innafor sitt eige ansvarsområde. Men vi treng også mekanismar som kan verke på tvers av desse skiljelinjene. Vi treng verkemiddel som går ut over det formelle og uformelle samarbeidet som allereie finn stad mellom departementa. Fondet skal vere med på å realisere overordna, tverrgåande, forskingspolitiske prioriteringar.

Fondet skal såleis vere ein reiskap som kan sikre meir stabile rammer rundt den langsiktige, grunnleggjande forskinga. Denne forskinga treng tålmodig kapital. Det tek som kjent tid før forskinga syner konkrete resultat, og det tek år å byggje opp sterke forskingsmiljø. Når det gjeld langsiktig forsking kan ein ikkje trykkje på pauseknappen kvar gong ein har eit dårleg år. Og den langsiktige grunnleggjande forskinga er naudsynt for å leggje grunnlaget for nyskaping på lang sikt. For å sitere næringsministeren: Det er mykje nyskaping i god grunnforsking!

Forskingsfondet og Hervik-utvalet er to viktige tiltak som må sjåast i samanheng. Fondet skal tilgodesjå forsking som fell inn under det offentlege sitt hovudansvar, medan spesielle tiltak for å utløyse auka privat finansiering vil bli vurdert på bakgrunn av forslag frå Hervikutvalet.

Regjeringa prioriterer det langsiktige

Kva skal så auka statlege løyvingar brukast til?

Vi legg stor vekt på å styrkje den langsiktige, grunnleggjande forskinga, fordi vi er overtydde om at denne forskinga speler ei svært viktig rolle i det norske kunnskapssystemet. Vi seier klart frå: Dette er det offentlege si oppgåve nummer 1. Og eg må seie eg er overraska over kor vanskeleg det har vore for lesarane av meldinga å fatte denne hovudprioriteringa. Berre i samandraget har vi jo sagt det på ulike måtar heile 6 gongar! Det trøystar meg at iallfall nokre stortingsrepresentantar, som Helene Falch Fladmark, har fått med seg hovudprioriteringa.

Den langsiktige, grunnleggjande forskinga omfattar sjølvsagt grunnforskinga, og den meir strategisk retta forskinga, ved universitet og høgskular. Men den omfattar meir. Delar av forskinga ved forskingsinstitutta må vere både langsiktig og grunnleggjande for å sikre kunnskapsbasen for den brukarretta verksemda deira.

Denne forskinga er mellom anna med på å få fram ny kunnskap og nyutvikla teknologi som kan leggje grunnlaget for å løyse sentrale samfunnsoppgåver. Forskingsinstitusjonane er ikkje den einaste arenaen for innovasjon og nytenking, men mange av miljøa der skal ha den fordelen at dei kan utforske saker på ein grundig måte og utan å måtte ta omsyn til kortsiktige behov.

Den grunnleggjande forskinga skal også gi oss forskingsmiljø som er oppdaterte med den internasjonale utviklinga innafor eigne og nærliggjande fagområde og sikre landet ein kunnskapsbase ein kan ta i bruk når ein skal løyse både kjente og ikkje minst uforutsette problem.

Men den grunnleggjande forskinga har ikkje berre praktisk nytte. Det er gjerne slik at den kulturelle rolla til forskinga kjem i skuggen i den politiske debatten. Vi lever i ein kultur der ordet verdiskaping tyder økonomisk vekst og der det ein ikkje kan måle i kroner og øre mest ikkje er verkeleg.

Forskinga tyder mykje for korleis vi forstår oss sjølv i forhold til andre menneske og naturen. Forskinga har også ei kritisk rolle vi ikkje må gløyme i vår jakt på praktiske løysingar: Forskinga skal fri oss frå fordommar og seie oss dei sanningane vi helst ikkje vil høyre. Forskinga er derfor viktig for heile kulturlivet og for den demokratiske debatten.

Og til sist – men ikkje minst - skal forskinga ved universitet og høgskular gje basis for god høgare utdanning som kjem heile samfunnet til gode.

Tiltak for å styrkje det langsiktige

Korleis vil vi styrke den langsiktige forskinga?

Vi vil styrke midla til langsiktig, grunnleggjande forsking, m.a. ved hjelp av avkastninga frå Forskingsfondet. Dette vil m.a. gjere det mogleg å realisere den fagleg breie satsinga på grunnforsking, med stor vekt på internasjonalisering, som Forskingsrådet har gjort framlegg om. Det må setjast av meir til vitskapleg utstyr, og vi ønskjer å auke basisløyvingane til ein del forskingsinstitutt. Det gjeld særleg ein del av dei teknisk-industrielle.

Dessutan er det viktig å sikre rekrutteringa til norsk forsking. Vi møter allereie store problem på fagområde som medisin, informatikk og jus. Vi vil derfor at talet på rekrutteringsstillingar i snitt skal auke med 150 per år over ein femårsperiode. Den planlagte auken i forskingsløyvingar gjer dette til eit realistisk mål. Vi har også opna opp for at ein skal kunne ta doktorgrad innafor særskilte fag ved enkelte av dei statlege høgskolane.

Eit viktig grep for å styrke den langsiktige forskinga ved universitet og høgskular er elles framlegget om eit nytt finansieringssystem.

Det har vore hevda at studentane er dei fremste forskingpolitikarane våre. Dit dei går kjem det også pengar til forsking. Vi ønskjer at det i større grad skal vere mogleg å gjere forskingsstrategiske prioriteringar og foreslår ei ny grunnfinansieringsordning for forsking i universitets- og høgskolesektoren. Den nye ordninga skal samstundes vere med på å sikre meir stabile og langsiktige rammer rundt forskinga.

Vi har ikkje gjort framlegg om revolusjon når det gjeld finansieringa av universitet og høgskular. Det vi vil, er å rekne ut budsjetta slik at det er mogeleg å skjerme forskinga, dersom student-tala går ned. Både demografi og arbeidsmarknad tilseier at ein slik nedgang er sannsynleg, og vi har sett den i søkjar-tala til høgre utdanning i år.

Vi meiner vi framleis bør ha ei felles løyving til undervisning og forsking. Men i framtida ønskjer vi at denne grunnløyvinga skal vere sett saman av to klart definerte deler: ein del til undervisning og ein del til FoU. Når ein reknar ut forskingsdelen, vil hovudfagsstudentar og stipendiatar telje meir enn andre studentar. Ein vil òg sjå til såkalla særskilde kriterium. Desse kan til dømes vere forskingspolitiske målsetjingar, kvalitetsfremjande tiltak, og ulike behov som er kartlagt i rapportar og evalueringar. Departementet vil i samarbeid med institusjonane arbeide vidare med den utrekningsmodellen som skal ligge til grunn for ordninga.

Regjeringa ønskjer ei betre kommersiell utnytting av patenterbare oppfinningar frå universitet og høgskular. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil kome med framlegg til naudsynte lov- og regelendringar for å få dette til. Eg har merka meg at Forskerforbundet ikkje likar dette. Og igjen er eg overraska. Eg høyrer ofte at den frie grunnforskinga er den nyttigaste for samfunnet. Og vi vil ikkje med dette avgrense forskaren sin rett til å velje tema og metodar. Vi vil heller ikkje avgrense retten til å publisere. Men når fri forsking finansiert av middel frå fellesskapet gir resultat som har kommersielt potensial, meiner eg det er rett og rimeleg å nytte dette potensialet. Eg er sjølvsagt open for at dette kan skje på ulike måtar, og eg vil om kort tid setje ned eit eige utval som skal sjå på problemstillinga.

Tematiske satsingar

Satsinga på langsiktig, grunnleggjande forskinga er ei hovudprioritering. I tillegg har Regjeringa prioritert auka forskingsinnsats på fire temaområde, der landet står overfor særskilde utfordringar. Dette er mellom anna område der potensialet for verdiskaping er stort og der samfunnet må gjennom store omstillingar. Eg er stolt over at Regjeringa har greidd å samle seg om så få og så sentrale tema.

Med store havområde og lange tradisjonar for fiske og fangst har vi særs gode vilkår for fiske og havbruk. Vi går derfor inn for ei tematisk satsing på marin forsking. Når vi vil auke satsinga på informasjons- og kommunikasjonsteknologi, er det ikkje berre av omsyn til IKT-næringa, men fordi denne nye teknologien påverkar alle delane av samfunnet. Satsinga på forsking for medisin og helse skal hjelpe oss til å møte dei store velferdsbehova vi har på dette området. Satsinga vil også vere med på å sikre oss næringsutvikling innafor farmasi og helsetenester. Satsinga i skjæringsfeltet mellom miljø og energi skal mellom anna legge grunnen for meir miljøvenleg produksjon og bruk av energi – slik at Noreg kan greie å kombinere rolla som stor energiprodusent med å vere ein pådrivar i internasjonalt miljøarbeid.

Om kvalitet og internasjonalt samarbeid

Forskinga og (store delar av) næringslivet har ein ting til felles. Det finst eigentleg berre ein divisjon – og den er internasjonal. Kvalitet blir berre viktigare i åra som kjem. Forskingsmiljøa må vere budde på sterkare konkurranse om forskingsressursane – frå internasjonale og nasjonale kjelder og frå næringslivet.

Ulike sider ved kvaliteten i norsk forsking er vurdert dei seinare åra. Biletet det gir er samansett. Spissformulert er eit hovudinntrykk at mykje er godt, men for mykje er grått.

Kvaliteten i norsk forsking skal auke. Alle norske fagmiljø må halde eit nivå som gjer dei i stand til å nyttiggjere seg den fremste utanlandske forskinga. Nokre – gjerne mange, og i alle fall fleire enn i dag – skal hevde seg i forskingsfronten.

Internasjonalt samarbeid er ein strategisk veg mot betre kvalitet. Deltakinga i EU sitt rammeprogram er viktig. Likeleis forskar-til-forskar samarbeidet. Der føresetnadane er gode, skal vi i sterkare grad enn i dag utnytte potensialet for internasjonalt samarbeid på norsk jord.

I tillegg ønskjer vi at faglege leiarfunksjonar og forskingsstrategiar ved institusjonane skal styrkjast. Dette blir store og viktige utfordringar for forskarane og for forskingsinstitusjonane – som ikkje blir løyst ved rundskriv frå departementet. Vi lovar meir pengar, men seier på same tid at det vil bli stilt strengare krav til kvalitet. Spesielt gode og spesielt lovande forskingsmiljø skal få betre vilkår enn gjennomsnittet. Og meldinga gir Forskingsrådet i oppgåve å foreslå eit opplegg med sentra for framifrå forsking.

Forskingsetiske spørsmål

Regjeringa vil styrkje det forskingsetiske arbeidet. Dette er eit sentralt bodskap i meldinga. Denne styrkinga meiner vi bør skje hovudsakleg gjennom dei forskingsetiske komiteane. Vi har eit godt og innarbeidd system, og dette bør vi byggje vidare på. Også internasjonalt har dette systemet blitt lagt merke til.

Komiteane har fleire viktige oppgåver: dei skal vere rådgjevarar, dei skal lage retningslinjer og dei skal skape debatt. Regjeringa ønskjer at dei skal leggje enda meir vekt på dei to sistnemnde. Derfor er det sagt i meldinga at det bør utarbeidast forskingsetiske retningslinjer på alle fagområde som skal vere til hjelp for forskarar. Institusjonane bør på si side følgje opp dette og vere aktive pådrivarar for ein intern debatt i forskingsmiljøa. Det viser seg gong på gong at forskarar ikkje er særleg opptekne av etiske spørsmål. Dette bør vi prøve å gjere noko med.

Samstundes vil vi at debatten ikkje berre skal bli intern. Vi ønskjer ein samfunnsdebatt, og derfor må dei forskingsetiske komiteane vende seg meir mot publikum. Her kjem Bioteknologinemnda og det nyoppretta Teknologirådet inn som viktige samarbeidspartnarar. Når desse ulike organa samarbeider, har eg stor tru på at både kunnskap og debatt om forsking og teknologi vil få eit skikkeleg løft.

Dei forskingsetiske komiteane har òg ei viktig rådgjevarrolle. Derfor vil vi at komiteane skal greie ut etiske spørsmål i samband med oppdragsforsking. Eg har lenge vore oppteken av dette, og har ønskt ei utgreiing. I meldinga har vi peika på nokre av dei problemstillingane som oftast kjem opp i tilhøvet mellom forskar og oppdragsgjevar. No ser eg fram til ei god utgreiing som vil dekkje fleire fagområde og som kan hende i neste omgang kan føre til konkrete tiltak. Men når det gjeld tilhøvet mellom departementa som oppdragsgjevarar og forskarane, vil eg straks setje i verk dei tiltaka som er nemnde i meldinga. Eitt av desse er å lage eit sett med retningslinjer for korleis departementa skal handtere forskingsoppdrag. Her er det eit klart behov for meir koordinering.

Endeleg skal komiteane – i lag med Forskingsrådet, Universitetsrådet og Høgskolerådet – kome med forslag til korleis vi skal organisere handteringa av saker om fusk i forsking. Dette er ei problemstilling som har fått stadig sterkare søkjelys på seg. I Noreg har vi hittil vore sparte for dei store skandalane i så måte, men eg ser det som viktig å ha eit apparat for dette – ikkje minst for informasjon og rådgjeving.

Det kan vel tenkjast at mange forskarar opplever dei ulike organa vi no har fått som kontrollorgan, som er ute etter å kikke over skulderen deira. Eg vil nok tru at det er behov for dette òg, men det er på ingen måte hovudargumentet for å opprette dei. Grunngjevinga ligg i samfunnet sitt behov for å styre utviklinga i rett lei og samstundes prøve å sikre at det skjer med metodar som vi kan godta. ”Utviklinga” må ikkje gå på bekostning av dei grunnleggjande verdiane i samfunnet vårt. Sett frå denne synsvinkelen handlar det om kvalitet i forsking.

Det handlar også om at folk flest skal få vere med og diskutere. Det er ikkje berre fagfolka – teknologane og forskarane – som skal styre. Alle skal kunne få innsyn og få seie si meining, direkte eller indirekte. På den måten kan vi òg redusere folks redsle for det som ofte kan verke nytt og skremmande. Men forskarane må nok innstille seg på at andre vil vite kva dei gjer. Hemmeleghald er noko som mange yrkesgrupper kunne lempe litt på, til beste for samfunnet. Og då meiner eg sjølvsagt ikkje den slags hemmeleghald som er strengt naudsynt og lovbestemt.

Mange har spurd seg: Har vi ikkje nå for mange av desse organa som skal passe på forsking og teknologi? Kunne det ikkje ha vore nok med eitt ? Kvar har det vorte av fridomen ? Til det vil eg seie: vi kan aldri få nok debatt – det trur eg historia har vist oss. Dessutan er eg overtydd om at så lenge fridomen blir brukt på ein vettug måte, så er han der. Ut frå ein slik tankegang har vi i forskingsmeldinga gått inn for å styrkje det systemet vi har og sikre at dei ulike organa samarbeider. Enda fleire organ har eg likevel ikkje planar om, om det kan vere noka trøyst. Dessutan skal vi evaluere både dei forskingsetiske komiteane og Teknologirådet, når dei har fått verke nokre år. Og etter dette må vi sjå fordomsfritt på heile systemet.

Om styring og organisering

Meldinga legg altså stor vekt på kvalitet og på å styrke den langsiktige forskinga. Meldinga seier etter måten lite om styring og organisering, t.d. om ho blir samanlikna med den forskingsmeldinga som kom for 10 år sidan. Norsk forsking har sidan den gongen vore gjennom ein periode med institusjonell forenkling. Den mest drastiske forenklinga skjedde på forskingsrådsnivået, då dei fem gamle råda vart lagde ned, og Noregs forskingsråd vart etablert i 1993. Den store forskingsrådsreforma skal no bli evaluert, i samsvar med tidlegare planar. Her følgjer vi faktisk opp Langtidsprogrammet for 1998-2001 frå regjeringa Jagland, der det heiter:

”For å sikre at organisasjonen utvikler seg i tråd med de forutsetninger som lå til grunn da Norges forskningsråd ble etablert i 1993, legger Regjeringen opp til at det i løpet av den kommende langtidsprogramperioden foretas en evaluering av forskningsrådet og forskningsrådsreformen.”

Mange har meint mykje om Forskingsrådet. Det er viktig for meg at den evalueringa som no kjem, blir ei evaluering som får legitimitet, og gir styresmaktene eit godt grunnlag for å vurdere om det er naudsynt å gjere endringar i Forskingsrådet sin struktur og funksjon. Evalueringa skal vere brei, uavhengig og internasjonal. Eg er oppteken av at dei som får i oppdrag å evaluere Forskingsrådet får tid nok til å gjere ei grundig evaluering, til å setje seg inn i norsk forskingsrøyndom og til å få inn synspunkt frå forskingsmiljøa og brukarane av forsking.

Forskingsmeldinga varslar at evalueringa skal vere ferdig i løpet av 2001, altså i løpet av langtidsprogramperioden til Jagland. Det meiner eg er ei realistisk tidsramme. Og la meg seie til dei som uroar seg fordi evalueringa ikkje ligg føre til neste oppnemning av Hovudstyret til Forskingsrådet: Dersom evalueringa skulle syne at det er naudsynt å gjere endringar i Forskingsrådet, har faktisk Storting, Konge og regjering makt og mogelegheit til å gjere dette kva tid som helst. Men inntil evalueringa ligg føre, meiner vi at det ikkje er aktuelt å vurdere store endringar i Forskingsrådet sin struktur og sine oppgåver.

Vi har vald å gje Forskingsrådet ansvar for å fordele avkastninga frå Forskingsfondet. Dette er i samsvar med dei føresetnadene Stortinget la ved etableringa av Forskingsrådet. Stortinget understreka at finansieringsstrukturen måtte gje Forskingsrådet høve til å fremje samordning og heilskaplege løysingar. Vi ønskjer òg å unngå nye finansieringsinstitusjonar i norsk forsking no. Forskingsrådet vart jo etablert for å sikre forenkling fordi finansieringssystema var for kompliserte. Det realistiske alternativet til å gi Forskingsrådet ansvar for, og stor fridom til, å fordele fondsmidla, ville vere at departementa i større grad styrte pengane sjølve.

Nokre forskarar meiner at Forskingsmeldinga inneber ei prinsipiell endring i tilhøvet mellom universitet og høgskular på den eine sida og Forskingsrådet på den andre sida, der at universitets- og høgskuleinstitusjonane blir Forskingsrådet sine undersåttar. Det er ikkje rett. Forskingsrådet fekk allereie då det ble etablert ei sentral stilling i norsk forsking. Den skal rådet framleis ha. Men samstundes legg meldinga vekt på at institusjonane må ta eit større ansvar for å utvikle eigne strategiar og syte for prioriteringar og kvalitetsutvikling. Dette er viktige utfordringar til institusjonane. I så måte har til dømes rektor ved Universitetet i Oslo teke tak i ei viktig problemstilling når han vil dimensjonere for kvalitet.

Framover

Neste stopp for meldinga er Stortinget. Det har dei siste åra vore gode forskingspolitiske diskusjonar der. Eg har tru på at både drøftinga og handsaminga av forskingsmeldinga blir god. Det synest å vere ei brei politisk erkjenning av at vi no må få til ei satsing på forsking.

Når Stortinget har sagt sitt, kan vi for fullt kome i gang med å styrke norsk forsking. Skal vi klare det må vi krumme nakken og løfte saman. Eg vonar at dei gode forskingspolitiske debattane vil halde fram slik at alle forstår kor viktig satsing på forsking er. Men samstundes har eg ei åtvaring: dersom den forskingspolitiske debatten no blir redusert berre til ein indre kamp om struktur og maktbalanse, vil det bli vanskelegare å få til det løftet som Regjeringa har som mål og som norsk forsking treng.

Neste stopp for forskinga er sjølvsagt det budsjettframlegget som blir lagt fram om ei veke. Valkampen er over, og eg vil ikkje lekke frå budsjettet. Men eg kan love at Regjeringa har gjort det som er mogeleg for å styrkje forskinga innafor stramme budsjettrammer.

Takk!

Lagt inn 29. september 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen