Historisk arkiv

Forskingsmeldinga i hovudtrekk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Kirke-, undervisnings- og forskningsminister Jon Lilletun

Forskingsmeldinga i hovudtrekk

Forskingspolitisk seminar, 13. oktober 1999, Oslo Plaza Hotel

Gode forskingsvener,

Forskingspolitisk seminar har sidan midten av 70-åra utvikla seg til å bli ein av dei viktigaste møteplassane for oss som på ulikt vis har ei rolle å spele i forskings-Noreg. Sidan midten av 70-talet har vi også hatt forskingsmeldingar i Noreg. ”Forsking ved eit tidsskilje” er den siste i rekka og samstundes den første samla gjennomgangen som er lagt fram om norsk forsking på seks år.

Det er gått ei tid sidan meldinga vart lagd fram. Så langt har reaksjonane i hovudsak vore positive - og det frå ei gruppe som har den kritiske dialogen som arbeidsform. Varme, lune fønvindar er elles ikkje den vêrtypen vi statsrådar oftast opplever. Mottakinga har vore ei oppmuntring, men eg ser det òg som eit uttrykk for det gode og konstruktive forskingspolitiske klimaet vi har hatt dei siste åra.

Etterkvart har vi også fått noko debatt rundt meldinga. Slik skal det vera. Ei melding stakar ut sentrale vegval og løftar fram sentrale problemstillingar. Desse bør drøftast.

Kva er ei forskingsmelding?

Dei norske forskingsmeldingane er sektorovergripande. Det inneber mellom anna at dei ikkje berre tek opp den forskinga som KUF har hovudansvaret for, men all forsking. Som rimeleg kan vere, er likevel hovudfokus på den offentleg finansierte forskinga: det er desse midlane styresmaktene kan styre innretninga på. Når det gjeld denne meldinga, er det òg viktige tema som ikkje er drøfta fordi dei går inn i mandatet til Mjøs-utvalet.

Forskingsmeldingar kan ha eit ulik preg. Denne gongen vart vi raskt samde om at meldinga skulle vere kort, konkret og politisk. Det første er eg usikker på om vi makta, men meldinga set klare politiske mål og er ganske klar på korleis vi skal realisere desse.

Eg ser av programmet at det først og fremst er pengar og økonomiske forhold arrangøren vil at vi politikarar skal snakke om. Det skal eg gjere – litt seinare. Men la meg først få seie nokre ord om eit par andre sentrale spørsmål som blir adresserte i meldinga.

Kvalitet

Dei aller fleste av oss er sikkert samde om at auka kvalitet bør vere eit av hovudmåla for norsk forsking. Og vektlegginga av kvalitet er eit særtrekk ved den nye forskingsmeldinga. Eg trur vi skal makte å få noko til på dette området. Målet må vere at forskingsmeldinga om tjue år ikkje gir følgjande karakteristikk av norsk forsking: ”Mykje er godt, men for mykje er grått.”

Det er slik vi spissformulerer det i ”Forskning ved et tidsskille”. Vi har ikkje sagt – eller meint å seie – at kvaliteten i norsk forsking på dei fleste område er katastrofalt dårleg. Andre har gått ut med ein slik generell karakteristikk den siste tida – og eg kan ikkje forstå at karakteristikken er rett. Til dømes talar dei gode norske resultata under EU sitt rammeprogram – der kvalitetsomsyn veg tungt – mot eit slikt heilsvart bilete. På dette stadiet i søknadsprosessane i det Femte rammeprogrammet ser det ut til at norske forskarar etter måten kjem svært godt ut. Eg er òg kjend med evalueringar av fagfelt som er særs positive. Det er mange gode forskarar og forskargrupper i Noreg! Eg vil òg åtvare mot altfor mykje svartmaling: Det er i all fall ikkje slik forskinga trekker til seg den dyktige ungdommen.

Biletet er samansett, sa vi i meldinga – og kvaliteten må bli betre. Alle norske fagmiljø må halde eit nivå som gjer dei i stand til å nyttiggjere seg den fremste utanlandske forskinga. Nokre – gjerne mange, og i alle fall fleire enn i dag – skal hevde seg i forskingsfronten. Meldinga varslar at kvalitet skal stimulerast og premierast. Spesielt gode og spesielt lovande forskingsmiljø skal få betre vilkår enn gjennomsnittet. Auka løyvingar skal i stor grad brukast til kvalitetsfremjande tiltak. Vi varslar meir systematisk bruk av evalueringar og ei ordning med sentra for framifrå forsking. Internasjonalt samarbeid – både ute og på heimebane – skal styrkjast.

Ansvaret for kvalitetsutvikling ligg på fleire nivå. Kva institusjonane sjølve gjer er ikkje minst viktig. Vi seier i meldinga at ”det viktigste kvalitetssikringstiltaket innenfor universiteter og høgskoler vil være å videreutvikle de faglige ledelsesfunksjonene på alle nivåer”. Strategiar for å fremje spesialisering og konsentrasjon og auka vektlegging av kvalitet ved intern tildeling av forskingsmidlar er andre tiltak.

Kvalitet må blir meir enn eit honnørord. Det er derfor viktig at vi heile tida har ein løpande debatt. Og det er viktig at vi konkret finn fram til gode måtar å styrke kvalitet på. Rektor ved Universitet i Oslo legg i sin årstale vekt på at universitetet må dimensjonerast slik at ein kan få til høg kvalitet i undervisning og forsking. Kvalitet får stor plass i Vitskapsakademiet sitt strategiskrift ”Norsk forskning ved sekelskiftet”. ”Bygg sterke miljøer” seier forskingsdirektør Bjørn Sund i Norsk Hydro. Og sist, men ikkje minst: Det er både positivt og viktig at Forskarforbundet gir kvalitet så stor merksemd i dag.

Forskingsetiske spørsmål

Forsking er viktig for samfunnet. Det er ikkje minst derfor vi har som mål å satse ein større del av samfunnets sine ressursar på forsking. Forsking er ei viktig drivkraft i samfunnsutviklinga. Dette gjer det nødvendig å få framtidsorienterte analysar og diskusjonar om konsekvensane av forsking og teknologi.

På spørsmål om kva som er regjeringa sin spesielle profil i meldinga, har eg tidlegare svara at det nettopp ligg i den sterke understrekinga av forskingsetiske spørsmål. Regjeringa vil styrkje det forskingsetiske arbeidet. Denne styrkinga meiner vi bør skje hovudsakleg gjennom dei forskingsetiske komiteane. Vi har eit godt og innarbeidd system, og dette bør vi byggje vidare på. Også internasjonalt har dette systemet blitt lagt merke til.

Komiteane har fleire viktige oppgåver: Dei skal vere rådgjevarar, dei skal lage retningslinjer og dei skal skape debatt. Regjeringa ønskjer at dei skal leggje enda meir vekt på dei to sistnemnde. Derfor er det sagt i meldinga at det på alle fagområde bør utarbeidast forskingsetiske retningslinjer som skal vere til hjelp for forskarar. Institusjonane bør på si side følgje opp dette og vere aktive pådrivarar for ein intern debatt i forskingsmiljøa. Mange forskarar er ikkje særleg opptekne av etiske spørsmål. Dette bør vi gjere noko med.

Samstundes vil vi at debatten ikkje berre skal bli intern. Vi ønskjer ein samfunnsdebatt, og derfor må dei forskingsetiske komiteane vende seg meir mot publikum. Her kjem Bioteknologinemnda og det nyoppretta Teknologirådet inn som viktige samarbeidspartnarar.

Vi vil at komiteane skal greie ut etiske spørsmål i samband med oppdragsforsking. I meldinga har vi peika på nokre av dei problemstillingane som oftast kjem opp i tilhøvet mellom forskar og oppdragsgjevar. Når det gjeld tilhøvet mellom departementa som oppdragsgjevarar og forskarane, vil eg straks setje i verk dei tiltaka som er nemnde i meldinga. Eitt av dei er å lage eit sett med retningslinjer for korleis departementa skal handtere forskingsoppdrag. Her er det eit klart behov for meir koordinering.

Komiteane skal òg – i lag med Forskingsrådet, Universitetsrådet og Høgskolerådet – kome med forslag til korleis vi skal organisere handteringa av saker om fusk i forsking. Dette er ei problemstilling som har fått stadig sterkare søkjelys på seg. I Noreg har vi hittil vore sparte for dei store skandalane i så måte, men eg ser det som viktig å ha eit apparat for dette – ikkje minst for informasjon og rådgjeving.

Ambisjonar, prioriteringar og finansiering

Ambisjonar, prioriteringar og finansiering har vore eit fast punkt på dagsorden når meldinga har blitt drøfta i Regjeringa sitt forskingsutval og i regjeringa. Vi vart tidleg samde om at meldinga skulle presentere eit konkret opplegg for korleis måla skal realiserast.

Det er blitt reist spørsmål om evna vår til å følgje opp. Ein redaktør skreiv: ”Jon Lilletun er en velmenende mann”. Det skulle ikkje vere nødvendig å sitere meir. Når vi i meldinga faktisk set eit konkret vekstmål, ikkje prioriterer alle gode føremål på ein gong, innfører nye ordningar for finansiering og set i gang andre prosessar – så er tanken bak: Denne regjeringa og denne forskingsministeren vil meir enn å meine vel. Vi ønskjer å sjå resultat.

Ambisjonen

Regjeringa går inn for at forskingsinnsatsen skal styrkjast slik at Noreg etter fem år er på nivå med gjennomsnittet i OECD-landa, målt som andel av BNP.

Vi har fått høyre at dette er ei litt puslete målsetting. Noreg burde ta mål av seg å vere blant dei fremste – og i det minste på nivå med dei andre nordiske landa.

Mitt svar er: Det vil krevje ein sterk og samla innsats frå mange gode krefter om vi skal kome opp på OECD-gjennomsnittet. La oss først vise at vi maktar det. Så får vi drøfte om vi skal løfte blikket endå høgare i neste omgang.

Eg har god tru på at vi skal kome i mål. Forslaget frå Regjeringa til statsbudsjett gir ein auke i forskingsløyvingane på om lag 650 millionar kroner. Det er ein vekst på drygt 7 prosent samanlikna med det budsjettet som vart vedteke for 1999. Dei offentlege investeringane i forsking vil då nesten gå opp i 10 milliardar kroner. Løyvingsauken har i liten grad samband med tekniske endringar, men er knytt til reell styrking, noko eg etter kvart skal gjere nærare greie for. Forslaget til statsbudsjett for år 2000 inneber at vi på dette punktet held skjemaet Forskingsrådet har gitt oss for opptrapping av den offentlege forskingsinnsatsen.

Hervik-utvalet og Fondet

I samband med arbeidet med forskingsmeldinga såg Regjeringa tidleg at det var nødvendig med nye mekanismar for å realisere og stimulere til vekst.

I april 1999 sette vi ned Hervik-utvalet, som skal vurdere og foreslå tiltak for å fremje forsking i bedriftene. Utvalet skal både vurdere direkte stimuleringstiltak der FoU i næringslivet utløyser offentleg støtte, og indirekte tiltak som ulike former for skatte- og avgiftslette. Utvalet er godt i gang med arbeidet, og skal leggje fram innstillinga si innan 1. mars neste år. Debatten om korleis vi skal få til veksten i den næringslivsfinansierte delen av forskinga, kjem med basis i den innstillinga.

I Revidert nasjonalbudsjett, som kom ein månad før forskingsmeldinga, la Regjeringa fram eit forslag om å opprette eit eige fond for forsking og nyskaping. Stortinget slutta seg til framlegget, og Fondet vart etablert frå den 1. juli i år, med ein fondskapital på 3 milliardar kroner.

Forskingsfondet og Hervik-utvalet er to viktige tiltak som må sjåast i samanheng, og som skal utgjere eit heilskapleg opplegg. Fondet skal tilgodesjå forsking som fell inn under det offentlege sitt hovudansvar, medan spesielle tiltak for å utløyse auka privat finansiering vil bli vurdert på bakgrunn av forslag frå Hervikutvalet.

Det nye fondet skal vere med på å sikre ein samla auke i den offentlege norske forskingsinnsatsen. Fondet skal òg vere med på å sikre ei meir heilskapleg offentleg finansiering av norsk FoU, på tvers av skiljelinjene mellom departementa. Fondet skal såleis vere med på å realisere overordna, tverrgåande, forskingspolitiske prioriteringar.

Vi har vald å gje Forskingsrådet ansvar for å fordele avkastninga frå Forskingsfondet. Dette er i samsvar med dei føresetnadene Stortinget la ved etableringa av Forskingsrådet. Stortinget understreka at finansieringsstrukturen måtte gje Forskingsrådet høve til å fremje samordning og heilskaplege løysingar. Vi ønskjer òg å unngå nye finansieringsinstitusjonar i norsk forsking no. Forskingsrådet vart nettopp etablert fordi finansieringssystema var for kompliserte. Det realistiske alternativet til å gi Forskingsrådet ansvar for, og stor fridom til, å fordele fondsavkastninga, ville vere at departementa i større grad styrte pengane sjølve.

Fondet gir avkastning som skal setjast ut til beste for norsk forsking frå årskiftet. 90 millionar friske, nye kroner i 2000, medan årsverknaden er 180 mill. kroner. Regjeringa vil i dei årlege statsbudsjetta vurdere storleiken på fondet i lys av regjeringa sine ambisjonar slik dei er presenterte i forskingsmeldinga, og tek sikte på å auke fondskapitalen med 1 milliard kroner i år 2000.

Samstundes seier vi klart i Forskingsmeldinga at forskinga òg skal styrkjast gjennom dei ordinære løyvingane over statsbudsjettet. Eg siterer frå kapittel 2.3: ”Veksten i offentlige midler vil dels komme gjennom økte ordinære bevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet, dels gjennom avkastningen av et fond for forskning og nyskaping.”

Kva skal vi leve av i framtida?

Seier Fast, Opera, Clustra eller Troll Tec forsamlinga noko? Vel – det er alle forholdsvis nye norske selskap innan datateknologi og programvare. Kanskje blir dette dei nye norske flaggskipa? Selskapet Fast vart tidlegare i år verdsett til 6 milliardar kroner. Eller kanskje vi skal leve av kveite eller steinbit? Eller kanskje det blir vi som maktar å finne løysinga på korleis ein skal lage kraft av gass utan å forureine?

Kva har data og fisk til felles? I begge tilfelle må vi liggje langt framme kunnskapsmessig om vi skal lykkast – vi må vere blant dei beste. Og det vil gjerne ligge komplekse kunnskapsbasar bak. Havbruksnæringa har m.a. utnytta eksisterande damteknologi, moderne overvakingssystem, ernæringsteknologi, veterinærmedisin, sonarar og robotar. Det er løysingar og kunnskap som i stor grad er henta frå det som i meldingssamanheng er kalla institusjonane i kunnskapsallmenningen – universiteta, høgskulane og forskingsinstitutta.

Kva skal vi leve av i framtida? Vi veit at ein viktig føresetnad – kanskje den viktigaste føresetnaden – er sterke forskingsmiljø på ei rekke fagområde. Vi prioriterer å styrkje den langsiktige, grunnleggjande forskinga fordi han spelar ei avgjerande rolle i kunnskapssystemet. Vi seier klart frå: Dette er oppgåve nummer 1 for det offentlege.

Det overraskar nokre kommentatorar at vi legg så vidt stor vekt på nyskaping og forsking som konkurransekraft. Den som har følgt med ei stund, veit at sentrum representerer eit heilskapleg alternativ. Vi er også opptekne av å skape materielle verdiar – sjølve grunnlaget for velferden.

Samtidig er det all grunn til å understreke at forsking har ei rolle ut over det reint materielle. Forskinga gir oss ei større forståing av oss sjølve i forhold til andre menneske og av vårt forhold til naturen. Forskinga har også ei kritisk rolle vi ikkje må gløyme i jakta på praktiske løysingar: Den skal fri oss frå fordommane og seie oss dei sanningane vi helst ikkje vil høyre. Forsking er både kultur, demokrati – og nytte.

Tiltak for å styrkje det langsiktige

Korleis vil vi styrkje den langsiktige forskinga?

Vi vil styrkje midla til langsiktig, grunnleggjande forsking, m.a. ved hjelp av avkastninga frå Forskingsfondet. Fondet har fått namnet ”Fondet for forsking og nyskaping”. Det har gitt opphav til mistydingar. La meg høgt og tydeleg få presisere ein gong for alle: Det er den langsiktige, grunnleggjande forskinga fondet skal stø. Slik forsking er viktig for å styrkje det nyskapande Noreg! Nyskaping blir her kort og godt forstått som langsiktig, grunnleggjande forsking. Vi legg den sponheimske forståinga til grunn, og eg siterer Næringsministeren: ”Det er mykje nyskaping i god grunnforsking!”

Den fagleg breie satsinga på grunnforsking, med stor vekt på internasjonalisering, som Forskingsrådet har gjort framlegg om, skal bli realisert. Eg vil her understreke det fagleg breie perspektivet: dette tyder at satsinga òg t.d. vil kunne stø humanistisk forsking.

I løpet av perioden må det setjast av meir til vitskapleg utstyr, og vi ønskjer å auke basisløyvingane til ein del forskingsinstitutt. Det gjeld særleg ein del av dei teknisk-industrielle.

Dessutan er det viktig å sikre rekrutteringa til norsk forsking. Vi møter alt no store problem på fagområde som medisin, informatikk og jus. Vi vil derfor at talet på rekrutterings-stillingar i snitt skal auke med 150 per år over ein femårsperiode. Vi har også opna opp for at ein skal kunne ta doktorgrad innafor særskilde fag ved enkelte av dei statlege høgskolane.

Kva så med statsbudsjettet for 2000? Kor kjem den lova satsinga? Forskingsfondet skal styrkje den langsiktige, grunnleggjande forskinga. Dei direkte løyvingane til institusjonane i universitets- og høgskulesektoren får ein viss auke. Nytt realfagbygg i Trondheim vil gi eit løft for utstyrssituasjonen ved ein viktig institusjon. Det følgjer kroner med nye – og fullbudsjetterte - studieplassar innan IKT og helse. Og kanskje viktigast –dei institusjonane som får reduksjonar i talet på studieplassar, får berre redusert budsjetta med 50 pst av ressursane som er knytt til dei nedlagde studieplassane. Dette skal hjelpe til å skjerme forskingsverksemda.

Når det gjeld talet på rekrutteringsstillingar, veit vi ikkje på førehand kor mange nye vi får i 2000, og om vi vil nå målet på 150. Men at avkastninga frå Fondet og auka løyvingar elles vil gi fleire stipendiatar, er eg viss på. Forskingsrådet har alt varsla offentleg at fondsmidla m.a. vil bli nytta til stipendiatar og vitskapleg utstyr.

Eit viktig grep for å styrkje den langsiktige forskinga ved universitet og høgskular er elles framlegget om eit nytt finansieringssystem. Vi ønskjer at det i større grad skal vere mogleg å gjere forskingsstrategiske prioriteringar og foreslår ei ny grunnfinansieringsordning for forsking i universitets- og høgskolesektoren. Den nye ordninga skal samstundes vere med på å sikre meir stabile og langsiktige rammer rundt forskinga.

Vi har ikkje gjort framlegg om revolusjon når det gjeld finansieringa av universitet og høgskular. Det vi vil, er å rekne ut budsjetta slik at det er mogeleg å skjerme forskinga, når student-tala går ned. Både demografi og arbeidsmarknad tilseier at ein slik nedgang vil halde fram. I budsjettframlegget for 2000 har vi på sett og vis forskottert eit slikt nytt finansieringssystem.

Vi meiner vi framleis bør ha ei felles løyving til undervisning og forsking. Men i framtida ønskjer vi at denne grunnløyvinga skal vere sett saman av to klart definerte delar: ein del til undervisning og ein del til FoU. Når ein reknar ut forskingsdelen, vil hovudfagsstudentar og stipendiatar telje meir enn andre studentar. Ein vil òg sjå til såkalla særskilde kriterium. Desse kan til dømes vere forskingspolitiske målsetjingar, kvalitetsfremjande tiltak, og ulike behov som er kartlagt i rapportar og evalueringar. Departementet vil i samarbeid med institusjonane arbeide vidare med den utrekningsmodellen som skal ligge til grunn for ordninga.

Regjeringa ønskjer ei betre kommersiell utnytting av oppfinningar frå universitet og høgskular. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil kome med framlegg til nødvendige lov- og regelendringar for å få dette til. Vi vil ikkje med dette avgrense forskaren sin rett til å velje tema og metodar. Vi vil heller ikkje avgrense retten til å publisere. Men når fri forsking finansiert av midlar frå fellesskapet gir resultat som har kommersielt potensial, meiner eg det er rett og rimeleg å nytte dette potensialet. Eg er sjølvsagt open for at dette kan skje på ulike måtar, og eg vil om kort tid setje ned eit eige utval som skal sjå på problemstillinga. Målet mitt er at utvalet skal leggje fram innstillinga si før sommaren.

Tematiske satsingar

Satsinga på den langsiktige, grunnleggjande forskinga er ei hovudprioritering. I tillegg har regjeringa prioritert auka forskingsinnsats på fire temaområde, der vi møter særskilde utfordringar. Temaområda er marin forsking, informasjons- og kommunikasjonsteknologi, medisin og helse og forsking i skjeringsfeltet energi/miljø. Dette er mellom anna område der potensialet for verdiskaping er stort og der samfunnet må gjennom store omstillingar. Dei vil òg vere viktige for utviklinga i distrikta.

Eg er stolt over at regjeringa har greidd å samle seg om så få og så sentrale tema. Og eg er uroa over å høyre at Universitetsrådet ønskjer å utvide lista med eit temaområde til. Når vi politikarar har greidd å prioritere, må ikkje forskingsmiljøa syte for å spreie ressursane tynt utover! Dersom nye område skal inn, bør nokre av dei Regjeringa har gjort framlegg om, gå ut.

I budsjettforslaget vil alle dei tematiske områda bli styrkja. Regjeringa vil etablere eit senter på Fornebu for framifrå forsking på IKT-området, og legg i tillegg opp til vekst i andre løyvingar til IKT-forsking. Vi foreslår å styrkje forskinga i skjeringsfeltet energi-miljø monaleg. Vi set av pengar til nytt havforskingsfartøy i Bergen, vi aukar løyvingane til Havforskingsinstituttet og Fiskeriforsking, og Fiskeridepartementet arbeider vidare med ei lovheimla FoU-avgift for å fremje næringsretta marin FoU. Ein viss auke kjem også innanfor medisin og helse, mellom anna til telemedisin i Tromsø. Deltakinga i EU sitt rammeprogram er både kvalitetsfremjande og styrkjer forskinga på dei prioriterte områda. Prosjektretta teknologiutvikling i petroleumssektoren og styrking av samspelstiltak i kunnskapssystemet er andre viktige tiltak.

Budsjettframlegget for 2000 gir gjennom desse satsingane ein monaleg vekst til offentleg finansiert forsking av stor relevans for næringslivet. Det er såleis vanskeleg å forstå dei kommentarane som t.d. er komne frå Forskingsrådet på dette punktet.

Trass i at Stortinget enno ikkje har handsama meldinga, er vi i gang med å oppfølginga. Vi legg fram eit forslag til budsjett som – sett med forskingsauge – er det beste på mange år. Ikkje sidan 1993 har framlegget til statsbudsjett hatt ein så stor auke i løyvingane til forsking.

Forskingsrådet

Meldinga seier forholdsvis lite om styring og organisering. På 90-talet har vi vore gjennom ei institusjonell forenkling. Den mest drastiske forenklinga skjedde på forskingsrådsnivået, då dei fem gamle råda vart lagde ned, og Noregs forskingsråd vart etablert i 1993. Forskingsrådet har altså fått fungere i snart sju år. Det er ikkje veldig lenge, men det er no tid for å vurdere kva som har kome ut av reformen, og korleis vi best skal ordne forskingsrådsfunksjonane i tida framover.

Forskingsrådet har ei sentral plassering i det norske forskingsstrategiske landskapet – i rommet mellom forskingsmiljøa, brukargruppene og departementa. Forskingsrådet står midt i den forskingspolitiske skuddlinja.Eg trur ikkje at eg tek mykje feil dersom eg påstår at alle som er samla her i dag har meiningar om Forskingsrådet.

I meldinga presenterer vi eit opplegg for evaluering av reformen. Evalueringa skal gi eit godt vurderingsgrunnlag. Det betyr at vi vil ha ei grundig evaluering, ei uavhengig internasjonal evaluering, ei vurdering som skal underbyggjast empirisk og som skal fremje konkrete tilrådingar om mogelege endringar av Forskingsrådet.

Vi går no i gang med å utarbeide tilbodsdokumenta for evalueringa av Forskingsrådet. Eg legg stor vekt på at vi skal kome fram til eit opplegg som gir legitimitet. Det er viktig for meg at den debatten som kjem om Forskingsrådet ikkje blir synsing, men har ei god evaluering som grunnlag. Derfor har eg òg varsla at eg vil ha ei brei drøfting av mandatet for evalueringa, slik at vi er samde om at den svarar på dei rette spørsmåla.

Så skal vi finne fram til ”kunnige som står utanfor det norske miljøet”. Mange av dykk vil nok kunne få besøk eller på anna vis få lette hjartet i den neste fasen – den empiriske undersøkinga. Vi varslar at ei ferdig evaluering skal liggje på bordet ein gong i år 2001.

Dette er i tråd med det som tidlegare har blitt varsla. Det bør vere realistisk. Og la meg seie til dei som uroar seg fordi evalueringa ikkje ligg føre til neste oppnemning av Hovudstyre til Forskingsrådet: Dersom evalueringa og den diskusjonen som følgjer, skulle vise at endringar er nødvendige, kan vi gjere dette kva tid som helst.

Framover

Neste stasjon for både melding og budsjett er Stortinget. Sjølv vil eg no lytte nøye til kva stortingsrepresentant Grete Knutsen har å seie.

Vi har dei siste åra fått ein forskingsdebatt i Noreg. Det har sett sitt preg på meldinga. Debatten har vore konstruktiv og god. Ein treng ikkje vere spåmann for å sjå at vi vil få store og viktige debattar også i åra som kjem – eg kan på strak arm gi eit par forslag for neste års forskingspolitiske konferanse, der de kan debattere t.d. Mjøs-utvalet eller Hervik-utvalet. Om to år håpar og trur eg at forskingsrådsreforma kan vere ein god kandidat.

Om fem år – eller når statistikken for 2004 eller 2005 måtte vere klar – håpar eg at Noreg minst ligg på eit gjennomsnittleg OECD-nivå.

Om tjue år – håpar eg at dei grepa vi var med på å ta ved tusenårskiftet har gitt synlege resultat. At desse åra faktisk innvarsla eit tidsskilje.

Takk!

Lagt inn 22. oktober 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen