Historisk arkiv

Forvaltninga av kunnskapsallmenningen - Kunnskapen si rolle i økonomien, samfunnet og kulturen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Tale av Statsråd Jon Lilletun

Forvaltninga av kunnskapsallmenningen

Kunnskapen si rolle i økonomien, samfunnet og kulturen

Kontaktkonferansen for universiteta og høgskolane 13. januar 1998
Festsalen i Ingeniørenes Hus, Oslo

Kjære vener av kunnskapsallmenningen!

Statsministeren har alt gjort greie for kor viktig kunnskapen er for velferd, vekst og virke, og vi snakkar alle om "det kunnskapsbaserte samfunnet" og "den kunnskapsbaserte økonomien". Betyr det at samfunna i tidlegare tider ikkje var kunnskapsbasert?

Slett ikkje. Også middelaldermennesket levde i eit kunnskapsbasert samfunn, der kjennskapen til jordbruk, jakt og sanking var avgjerande for om du skulle komme deg gjennom kvardagen. Arkitektane bak dei store katedralane viste ei enorm evne til nyskaping og teknologisk meistring.

Forskjellen er at vi møter ein teknologi i kontinuerleg og rask endring. Det samfunnet vi lever i i dag er svært forskjellig frå den verda vi møtte som barn. Ja, den datamaskina som står på kontoret mitt i dag, vil sannsynlegvis vere gammaldags allereie om to år (om ho då ikkje stryk med i år 2000-sjuka).

Å spå om framtida

Tempoet i utviklinga gjer at det er vanskeleg å spå om framtida.

"Fonografen har ingen kommersiell verdi!" sa Thomas Alva Edison i 1880. Og det var faktisk han som fann opp fonografen.

Vitskapen sine menn og kvinner er ikkje nødvendigvis noko meir framsynte. Den berømte engelske matematikaren og fysikaren Lord Kelvin hadde (på same måte som Edison, faktisk) inga tru på radioen. Radioen har ikkje noka framtid, sa han. I 1895 påstod han like godt at det ville vere umogleg å lage flygande maskiner som var tyngre enn luft.

"Ikkje noko tyder på at vi nokon gong vil kunne skaffe oss atomenergi," sa Albert Einstein i 1932, "for det ville jo innebere at ein kunne spalte atomet…"

Det er lett å le av desse spådommane. Men dei fortel oss noko viktig om det moderne kunnskapsbaserte samfunnet. Mennesket sin kreativitet og skaparevne kastar så mange ukjente variablar inn i reknestykket at det er svært vanskeleg å spå om kva framtida vil ta med seg. Og det gjeld også dei som surfar fremst på kunnskapsbølgja — slike som Edison og Einstein.

Det er ei spanande tid å leve i, og for den som elskar nye utfordringar er det ei tid for personleg utvikling og nye tankar. Men det er også ei tid for uro og uvisse. Når ein ikkje veit kva som kjem er det vanskeleg å førebu seg. Derfor må vi ta høgde for det ukjente og vere opne for mange ulike "framtider". Ein slik fleksibilitet krev ein brei kunnskapsbase og ei stor evne til tilpassing.

Om kunnskapsallmenningen

Dette er ein av grunnane til at vi treng kunnskapsallmenningen.

"Kunnskapsallmenningen? Kva er no det for slags dyr?"

Vel, akkurat no finn vi faktisk dei fremste representantane for kunnskapsallmenningen her, i denne salen.

I Nynorskordboka står det at ein allmenning er "skog-, beite- eller fjellvidder som stat, kommune eller private eig, men der dei einskilde gardane har bruksrett".

Kunnskapsallmenningen består på same måte av forskingsbaserte kunnskapsinstitusjonar som staten eller private eig, og der borgarane, institusjonane og foretaka har bruksrett.

Dei fleste av oss er så opptekne av dei problema vi skulle ha løyst i går, at vi ikkje har tid til å planleggje for morgondagen. I kunnskapsallmenningen finn vi menneske som har tid til å vandre nyfikne inn i ukjent terreng og som kjenner til landskap vi andre ikkje har hatt tid til å utforske. Og i det landskapet ligg kanskje løysinga på problema våre. Ikkje berre det: I det landskapet finn vi også kimen til nye idear som kan forandre verda.

Kunnskapsallmenningen sikrar oss ein infrastruktur for læring. Her — i dette opne fellesområdet — skal folk ta til seg den kunnskapen dei treng i møte med eit samfunn i stadig forandring. Her skal dei lære seg den kunnskapen andre har funne fram til, og her skal dei lære seg å finne ny innsikt og nye forestillingar.

Eg overraskar vel ingen om eg seier at kjerneinstitusjonane i allmenningen er universiteta, høgskolane og forskingsinstitutta. I dag har eg av naturlege grunner tenkt å konsentrere meg om UH-sektoren.

Kunnskapsallmenningen, oppgåver

Institusjonane i kunnskapsallmenningen har ei rekkje oppgåver:

  • Institusjonane skal sikre landet grunnforsking og langsiktig kompetanseoppbygging.
  • Institusjonane skal gje sitt til menneska si jakt på ny kunnskap og hjelpe oss til å forstå kulturen, naturen og mennesket på ein betre måte.
  • Institusjonane skal bidra med ny kunnskap og nyutvikla teknologi som kan bli brukt i løysinga av sentrale samfunnsoppgåver.
  • Institusjonane skal sikre landet ein kunnskapsbase som kan brukast i arbeidet for å løyse kjente og uventa problem i samfunnslivet, kulturlivet og i næringane.
  • I kunnskapsallmenningen skal det finnast miljø som har tid, evne og kompetanse til å kome med sjølvstendige, kritiske analysar av det som skjer i samfunnet.
  • Miljøa skal sikre at forskarane har ei kritisk, open haldning til det dei studerer og diskuterer og at dei følgjer vitskapen sine metodar og allmenne etiske retningslinjer.
  • Og til sist: Institusjonane skal sikre at samfunnet får tilgang på kunnskapsrike og kreative menneske som kan bidra på sin måte til utviklinga av samfunnet.

Behovet for grunnforsking

Dei fleste av desse oppgåvene er avhengige av at det vert utført langsiktig, grunnleggjande forsking av høg kvalitet.

Gjennom 1998 fekk vi klåre signal frå både Forskingsrådet, universiteta, høgskolane og forskingsinstitutta om at grunnforskinga er i ferd med å bli svekkja.

Samstundes syner nyare forsking om forsking at den grunnleggjande forskinga speler ei sentral rolle for samfunnet si evne til å nyskaping og kunnskapsoppbygging. Vi treng denne forma for langsiktig kunnskapsoppbygging, kanskje meir enn nokon gong før.

Foretaka i næringslivet og institusjonane i offentleg sektor kan rett nok vere nyskapande utan å forske sjølv og utan å be andre om å forske for seg. Men denne nytenkinga kviler likevel til sjuande og sist på den kunnskapen som allereie finst i samfunnet. Og mykje av den kunnskapen og læringsevna er utvikla i nettopp kunnskapsallmenningen.

Forskinga speler den avgjerande rolla i kunnskapsutviklinga ved universiteta og høgskolane. Dette gjeld konkrete forskingsresultat, det gjeld utviklinga av dei vitskaplege metodane og instrumenta og det gjeld den generelle kompetansehevinga som følgjer med forskingsarbeidet.

Samfunnsnytten av grunnforsking

Denne kunnskapsutviklinga får igjen direkte følgjer for samfunnet utanfor allmenningen.

Universiteta, høgskolane og institutta utviklar idear, produkt, prosessar, metodar og instrument som kan takast i bruk i samfunnet og næringslivet.

Det mest opplagte eksemplet finn vi i IT-industrien. Her utviklar ein ny teknologi — og forbetrar gamal — i eit tempo som kan ta pusten frå dei fleste av oss.

Og institusjonane i kunnskapsallmenningen er med. Dei har mellom anna medverka med ny kunnskap innafor materialteknologi, kybernetikk og kommunikasjonsteknologi, noko som har vore heilt vesentleg i utviklinga av informasjonsteknologien. Alt dette har igjen gitt oss auka produktivitet og lågare prisar på databrikker og datamaskiner og ført til at vi bruker slik teknologi på mest alle område i livet.

Merk dykk: Eg seier ikkje at universiteta, høgskolane og institutta skal ha æra for all innovasjon. Svært mykje av det teknologiske nybrottsarbeidet finn stad i næringslivet sine verkstader og laboratorium. Det eg seier er at desse institusjonane er ein avgjerande del av det kreative samspelet som finn stad mellom verksemder, organisasjonar og enkeltmenneske. Dei er ein integrert del av den prosessen som fører fram mot slik nyskaping.

Utan institusjonane i kunnskapsallmenningen ville utviklinga ha stagnert. Dei kreative menneska du finn rundt om i bedriftene og institusjonane er trass alt gjerne utdanna ved desse institusjonane. Dei hentar ny kunnskap der. Dei les i vitskaplege artiklar og bøker. Dei søkjer i allmenningen sine databasar og dei ber det vitskaplege personalet der om hjelp og råd.

FoU-institusjonane sørgjer også for ei viktig teoretisk kunnskapsoverføring. Svært mykje av konstruksjons- og ingeniørkunsten avheng i dag av eit godt kjennskap til fagdisiplinar som hydrodynamikk, akustikk, molekylærbiologi og matematikk. Grunnforskingskomponenten i denne kunnskapsbasen er svært høg.

I tillegg må vi ta høgde for at den såkalla "tause" kunnskapen, det vil seie den erfaringa som følgjer med det einskilde menneske og som ikkje er nedskriven i skriftleg form. Ønskjer foretaka eller institusjonane å få tilgang til kunnskap av denne typen, må dei anten rekruttere fagfolk med den rette forskingskompetansen og erfaringa eller byrje å samarbeide med andre miljø.

Eit slikt samvirke hjelper også på kulturen i dei ulike institusjonane. Dei fleste organisasjonane har ein tendens til å stivne til i tilvante forestillingar og tenkjemåtar. Mange foretak er til dømes så spesialiserte og har så lite tid og ressursar at dei må konsentrere seg om eit relativt smalt arbeidsområde. Då kan rekruttering og samarbeid utvide perspektivet og opne opp for nye idear og nye løysingar.

Dei vitskaplege grunnforskingsmiljøa skal ha tid og rom til å kunne utvide rammene for korleis vi ser på verda. Grunnforskaren er ikkje alltid så oppteken av dei praktiske følgjene av denne forskinga, men for foretaka og institusjonane kan ho vere gull verdt. Grunnforskinga kan gje dei eit nytt og meir detaljert kart som gjer det mogleg å finne fram til nye stigar og nye løyper. Desse kan føre fram til radikale innovasjonar og nye problemløysingar.

Den frie forskinga

Eg veit at mange av dykk får pusteproblem når ein knyter verdien ved grunnforskinga så tett opp mot den praktiske nytten.

Eg kan forstå denne reaksjonen. Det finst trass alt mange menneske der ute som ikkje forstår vitskapen si kulturelle rolle. Dei ser ikkje skilnaden mellom teknologiutvikling og disiplinutvikling, mellom Edison og Einstein. Det finst kremmar- og byråkratånder der ute som ikkje kjenner trekken frå universet og som har nasen så djupt begrava i bokføringa at dei aldri ser stjernene. Dei bryr seg ikkje om kunnskapen for kunnskapen si skyld. Dei vil ha praktiske resultat, og det no — med ein gong!

Eg meiner oppdagarlysta vår er ei gudgitt gave som vi bør og må bruke. Vi utviklar oss som menneske når vi søker ny kunnskap.

Det inneber ikkje at all kunnskap er god kunnskap og at vitskapen sit inne med alle svara. Slett ikkje! Historia har vist at vitskapen kan få alvorlege følgjer. Pasifisten Einstein klarte faktisk å spalte atomet. Resultatet blei atombomba. Vitskapsfolk har dessutan som andre menneske ein lei tendens til å bli både dogmatiske og sneversynte. Slik hender det at dei snevrar inn rommet for ny kunnskap, i staden for å utvide det.

Alt i alt er eg likevel overtydd om at vitskapen utvidar kulturen sitt virkefelt og gjer oss til rikare menneske.

Eg stør derfor sterkt kravet om eit rom for fri, forskarinitiert forsking. Eg forstår berre ikkje kvifor vi skal bruke nytteaspektet som ein målestokk på om forskinga er fri eller ikkje. Fri forsking kan godt ha eit anvendt siktemål. Den medisinske grunnforskinga er då ikkje mindre fri om forskaren ønskjer å gjere folk friske. Hovudskiljet bør ikkje gå mellom "nyttig" og det nokon kallar "unyttig" forsking.

For meg er fri forsking forsking der forskaren eller forskingsmiljøet har lov til å utforske område av røyndomen som dei meiner er interessante og som vil vere med på å utvide fagdisiplinen på ein vesentleg måte. Om forskaren ser eit praktisk endemål for forskinga er eit sekundært spørsmål. Forsking som er med på å utvikle fagdisiplinen er nyttig forsking. All god forsking er nyttig. Punktum.

Det kan heller ikkje vere slik at all den forskinga som finn stad ved universiteta og høgskolane skal vere forskarinitiert. Fellesskapet har òg bruk for større strategiske satsingar på grunnforsking, som — til sist — kan vere med på å løyse viktige samfunnsbehov, om no dette er å finne ein vaksine mot AIDS eller ei berekraftig utnytting av marine ressursar. Forskinga sin legitimitet kviler faktisk i stor grad på slike satsingar. For når folk ser at dei kreftsjuke barna deira blir friske igjen — då veit dei at forskinga er verdt pengane.

Forskarane skal heller ikkje sjå seg for fine til å drive med oppdragsforsking. Det ligg i allmenningen sin natur at folk skal ha lov til å gå dit for å sanke kunnskap. Alt tyder på at samfunnet får større utbytte av den kunnskapsoppbygginga som finn stad ved desse institusjonane om foretaka og dei offentlege institusjonane kan få hjelp av desse forskarane til å løyse ulike problem. Forskarane vil også ha nytte av slike oppdrag — ikkje berre fordi dei gir meir pengar i forskingskassen — men også fordi forskarane får eit betre innsyn i det som skjer på utviklingsfronten der ute i samfunnet. Det er vel det som på godt norsk blir kalla ein "reality-check".

Eg synest det er på tide å leggje krangelen om fri grunnforsking versus anvendt forsking bak oss. Kunnskapsallmenningen skal innehalde alle typar forsking og utvikling. Ja, han innehalde desse formene, for dei utfyller kvarandre. Men vi må heile tida vurdere balansen mellom dei. Eg trur til dømes at det fortsatt er rom for meir oppdragsforsking ved mange av universiteta og høgskolane. Men det må ikkje bli for mykje av ho, for det vil gå ut over den langsiktige forskinga.

I dei nærmaste åra blir det i alle fall ei særs viktig oppgåve styrkje grunnforskinga. For vi må pleie allmenningen. Vi må få det til å gro.

Samstundes må vi stille større krav til institusjonane. De må intensivere arbeidet med FoU-strategiane og vere tøffare når det gjeld prioritering mellom og innafor fagområde og stille krav til kvalitet.

Institusjonane må leggje vekt på å påskjønne dei beste miljøa. Ein slik politikk fører i praksis med seg klårare prioriteringar og auka konsentrasjon. Dei beste forskarane og dei beste forskingsmiljøa bør få dei beste arbeidsvilkåra

Universiteta og høgskolane som utdanningsinstitusjonar

I Noreg er vi så heldige at ein stor del av folket studerer nokre år på landets universitet- og høgskolar. På den måten blir dei a jour med nyaste kunnskapen innafor sine fagområde og lærer seg den vitskaplege arbeidsmåten.

Hovudutfordringane for universiteta og høgskolane som utdanningsinstitusjonar vil vere å omstille seg til eit system som i langt større grad inneber fleksibel læring. Det vil krevje endringar både i studieformer og studietilbod. Ein annan viktig utfordring er auka konkurranse om studentane både mellom utdanningsinstitusjonane innanlands og ikkje minst internasjonalt.

Ønskjer vi at institusjonane — med stadig betre informasjons- og kommunikasjonsteknologi — skal vere tilgjengelege 24 timar i døgnet og 365 dagar i året? Kva seier vi når potensielle studentar krev at grunnfag i statsvitskap eller historie må modulariserast og leggjast ut på nettet? Og kva om det også kjem krav om at progresjonen må kunne vere meir fleksibel enn det den er i dag?

Teknologien vil truleg tillate alt dette, men kva blir dei faglege konsekvensane om dette blir ein realitet? Av dei resultata eg har sett er det ingenting som tyder på at resultata frå såkalla ”nettstudentar” er dårlegare enn for studentar som følgjer ordinær undervisning. For mange vil dette bryte med tradisjon og kulturell bakgrunn. Men er det ikkje vår oppgåve og vår plikt å tenke gjennom korleis dette vil påverke kvardagen ved institusjonane om det blir ein realitet?

Og for å fortsette litt i same bane. Skal vi ta utfordringa om livslang læring på alvor, bør vi ikkje då vurdere om den såkalla grunnutdanninga kan kortast ned og heller legge til grunn at kandidatane kjem tilbake til universitet og høgskolar for fagleg påfyll med jamne eller ujamne mellomrom? Er det slik at du for å vere moden for arbeidslivet, må ha brukt 6 til 7 år for å gjere ferdig eit hovudfag?

Når ein legg fram slike tankar møter ein lett argumentar som at kortare studium ikkje vil være med på øve opp studentane sine evner innafor metodikk, analyse, systematikk, abstraksjon, kjeldegransking, heilskapstenking og kritisk refleksjon på same måte som i dag. Dessutan hevdar mange at det ikkje er mogleg å gje studentane tilstrekkeleg fagleg ballast på kortare tid enn i dag.

Vel, samfunnet har endra seg og spørsmålet blir om utdanningssystemet har tatt dette inn over seg. Og når eg seier utdanningssystemet så inkluderer eg og departementet.

Som de vel er kjende med har OECD i ein rapport kritisert utdanningsinstitusjonane våre for å leggje for mykje vekt på eksamen som reiskap for evaluering, og for lite vekt på undervisninga. Eg er òg oppteken av at vi får til ein debatt om undervisninga ved institusjonane våre, og vonar at dei einskilde institusjonane og fagområda får i gang ein debatt om undervisning og eksamensform.

Som eit ledd i internasjonalisering meiner eg det no er på tide å vurdere ei omlegging av gradssystemet. Talet på norske studentar som dreg ut for å studere er langt større enn talet på utanlandske studentar som kjem til Noreg. Utanlandske studentar blir gjerne tekne opp til mastergradsstudium som er oppretta spesielt som eit ledd i internasjonalisering av utdanninga. Det kan vere grunn til å spørje om vi bør halde fram med spesielle gradsstudium for dette føremålet. Sjølv har eg tatt til orde for at vi bør vurdere å erstatte cand.mag.-graden og hovudfag med bachelor- og mastergradsstudium.

Dimensjonering og omstilling.

Studentveksten som kom på slutten av 1980-talet sette universiteta og høgskolane under eit sterkt press. Studenttalet blei nesten fordobla mellom 1987 og 1995, frå 95 000 til 170 000. Det var langt meir enn forventa. Veksten førte naturleg nok med seg nye ressursar over grunnbudsjetta. Desse vart først og fremst brukt på å tilsetje nytt vitskapleg personale — noko som kom både undervisninga og forskinga til gode. I dag er Noreg det landet i Europa med den største andelen høgt utdanna personer. Det kjem vi til å nyte godt av nå som vi skal utvikle det norske kunnskapssamfunnet vidare. Og forskinga fekk sin del av auken. Den samla grunnforskingsinnsatsen i UH-sektoren auka med 75 pst mellom 1981 og 1995.

Auken har imidlertid flata ut dei seinaste åra. For universiteta var til dømes den økonomiske situasjonen i 1998 prega av verknaden av budsjettkuttet knytt til reduksjonen av 2000 studieplassar. Dette kuttet har også slått ut i reduksjonar på fakultet og studium som ikkje har fått redusert studenttalet, og det kan difor ha ramma mellom anna forskingsressursar. Dette syner at brå endringar i budsjetta skapar uventa verknader, fordi så mykje av ressursane er bundne opp i faste kostnader som det tar tid å redusere.

I budsjettet for 1998 og 1999 har det vore ein reduksjon i talet på studieplassar innanfor einskilde fagområde, medan det har vore ein auke innanfor andre fagområde. Totalt sett har det likevel vore ein netto tilvekst av studieplassar. Ein reduksjon i talet på studieplassar innanfor eit fagområde inneber naturleg nok også ein reduksjon i løyvingane. Med bakgrunn i erfaringane frå 1998 har departementet frå 1999 lagt til rette for ein planmessig omstilling ved reduksjonar i talet på studieplassar. Ein planmessig omstilling inneber at budsjettreduksjonen er fordelt over fleire år. Dette gir institusjonane tid til ein gradvis nedbygging av einskilde fagområde.

Det kan også vere at institusjonane kunne ha tent på ein noko meir langsiktig planlegging av undervisnings- og forskingsaktiviteten. Det kan hende at det har vore lagt inn litt lite slakk for tilpassing og fleksibilitet.

Eg er glad for at vi i budsjettframlegget for 1999 greidde å få til eit framlegg som har skjerma høgre utdanning for store nedskjeringar.

Forsking er ein kritisk faktor i kunnskapssamfunnet og for velferdssamfunnet i framtida. Eg ser difor viktige utfordringar for oss som skal leggje tilhøva til rette for forsking i framtida.

Nye forskarar blir i all hovudsak rekruttert blant uteksaminerte doktorgradskandidatar. Talet på uteksaminerte doktorgradskandidatar har auka frå om lag 400 i 1991 til om lag 600 i 1997. Auken i talet på stipendiatar innanfor rekrutteringsstipendprogrammet har positiv verknad både på rekrutteringssituasjonen og forskingsinnsatsen. Det same vil gjelde for dei nyoppretta post-doc stillingane ved universiteta og dei vitskaplege høgskolane. Den sterke auken i talet på doktorandar er ei viktig forklaring på at det ikkje er registrert eit generelt rekrutteringsproblem for forskarar. Unntaka frå dette er meir avgrensa fagområde som medisin, IT og jus. Mellom anna for å møte denne type utfordringar er institusjonane gitt adgang til å nytte lønssystemet meir fleksibelt enn tidlegare.

Avansert teknologisk utstyr er ein føresetnad for å drive forsking og undervisning innan medisin, naturvitskap og teknologi, men løyvingar til investeringar i vitskapleg utstyr til sektoren er redusert i dei seinare åra. Kartlegging av utstyrssituasjonen ved universitet og høgskolar viser også ein generelt lågare teknisk standard enn for samanliknbare land, og at det er eit stort akkumulert investeringsbehov. Eg er merksam på behova for utstyrsinvesteringar i UH-sektoren og vil freiste å kome tilbake til desse spørsmåla i framtidige budsjett.

Samstundes vil eg peike på dei store investeringane i infrastruktur som har skjedd i UH-sektoren i dei seinare år. Nytt realfagbygg i Trondheim, farmasibygg i Tromsø, BBB-bygg i Bergen, nytt universitetsbibliotek i Oslo, nytt høgskolebygg i Ålesund, Nord-Trøndelag og Volde er nokre få eksemplar på nye bygg i sektoren. Investeringar i infrastruktur er med på å legge tilhøva til rette for undervisnings- og forskingsverksemd av høg kvalitet.

Frå arbeids- og næringsliv blir det stundom reist kritiske spørsmål om relevansen til ulike utdanningar, både innafor etter- og vidareutdanning og grunnutdanning. No har ikkje eg noko inntrykk av at dette er eit svært stort problem i dag, men ettersom samfunnet utviklar seg vil spørsmålet truleg bli meir og meir aktuelt. Her veit eg at det er ulike tradisjonar innafor ulike fag, men eg trur at kontakt mellom utdanningssystem og arbeids- og næringsliv er et samkvem som begge partar vil nyte godt av, uansett fagområde. Eit sterkare samarbeid vil kanskje òg føre med seg at arbeids- og næringslivet oppdagar at dei i dag går glipp av mykje relevant kompetanse som dei tradisjonelt ikkje har tenkt dei kunne nytte seg.

I eit utvida samarbeid mellom universitets- og høgskolesektoren og arbeids- og næringslivet legg eg sjølvsagt til grunn at universiteta og høgskolane skal ha den endelege avgjerda når det gjeld det faglege innhaldet i ulike studiar. Likevel: kanskje kan resultatet bli enda betre om ein får impulsar frå nokon som står litt utanfor utdanningssystemet.

Vi må ta til oss at på enkelte område har utdanningsinstitusjonane avgrensa med innsikt i kva som rører seg i arbeids- og næringslivet og behova der ute. Samstundes har eg og inntrykk av at arbeids- og næringslivet i mange tilfelle har ein avgrensa tingingskompetanse når det gjeld nye studietilbod og ny kompetanse. Skal ein oppnå gode resultat må ein derfor samarbeide.

Korleis ein skal gjere universiteta og høgskolane i stand til lettare å kunne omstille seg i takt med ein skiftande etterspørsel er ei stor utfordring. Både Noregsnettrådet og Mjøs-utvalet vil gje departementet råd når det gjeld prinsippa for dimensjonering. Dette vil også bli teke opp i dimensjoneringsmeldinga som blir lagt fram for Stortinget no i vårsesjonen. Sjølv håper eg på ein aktiv dialog med institusjonane om desse problema.

Når det er sagt, vil eg likevel understreke at ein ikkje kan knytte profileringa av utdanningstilboda einsidig opp mot dagens behov. Interessene til studentane skal tele med. Om ti år står vi dessutan sannsynlegvis overfor ein del andre kunnskapsbehov enn vi gjør i dag. Eit breitt spekter av utdanningstilbod fører til at vi står betre rusta til å møte slike ukjente utfordringar.

Forskingsfinansiering

I ein oppbyggingsfase har det vore eit gode for institusjonane at løyvingane har vore knytt opp til studenttalet. I ein periode med stabile eller synkende studenttal vil det vere viktig å halde på ressursane til forsking.

KUF-komiteen på Stortinget har vore inne på det same. Dei har bede (eg siterer): “Regjeringa vurdere alternative modellar for å fastsetje dei økonomiske rammene for universiteta, og kome attende til Stortinget i samband med forskingsmeldinga.”

I forskingsmeldinga vil vi difor presentere ein finansieringsordning som gjer det mogeleg å gjere forskingsdelen meir synleg. Eg ønskjer å bruke den nye finansieringsmodellen til å sikre FoU-løyvingane til denne delen av kunnskapsallmenningen.

Arbeidsdelinga mellom universitet og statlege høgskolar

Eit rikt land som Noreg har avgrensa med ressurser. Det er heller ikkje slik at alle problem kan løysast ved at du pøser inn på meir pengar. Strammare rammer kan i nokre tilfelle skjerpe både kreativiteten og tiltakslysta. I alle fall er vi nøydde til å utnytte ressursane på ein så god og effektiv måte som mogleg. Institusjonane må samarbeide og dele arbeidet mellom seg. Alle kan ikkje bli like gode i alt. Vi er trass alt berre fire og ein halv millionar menneske i dette landet.

Regjeringa ønskjer å styrkje kvaliteten i utdanning og forsking ved hjelp av samarbeid og arbeidsdeling mellom institusjonane i Noregsnettet. Noregsnettet skal bidra til ein medviten bruk av ressursane til høgre utdanning og forsking. Dette gjeld både dei økonomiske ressursane og ikkje minst dei menneskelege.

Noregsnettrådet vart etablert i april i fjor, og departementet arbeider for å presisere og avgrense kva for oppgåver det nye rådet skal ha. Ein del arbeidsoppgåver er på plass – andre må komme etterkvart, basert på ein dialog mellom departementet, sektoren og Noregsnettrådet.

Mange ser ein fare for at den nasjonale styringa av dimensjonering og arbeidsdeling som ligg i tanken om Noregsnett og knutepunktfunksjonar fører til mindre konkurranse mellom institusjonane og at Noregsnettet derfor ikkje bidrar til å auke kvaliteten.

Eg trur at eit element av sunn fagleg utfordring og konkurranse i eit nettverkssamarbeid kan verke stimulerande for fagleg utviklingsarbeid generelt, og ikkje minst auke lyst og evne til samarbeid. Og når institusjonane samarbeider, forpliktar dei seg nettopp på ein av dei fundamentale føresetnadene for Noregsnett-tanken. Derfor trur eg òg at den enkelte forskaren i det einskilde utdanningsmiljøet vil bli fagleg stimulert ved å vere ein del av det integrerte nettverket Noregsnettet er.

Noregsnettrådet er tillagt eit generelt ansvar for å gje departementet råd når det gjeld sektorovergripande faglege saker. Utdanningsinstitusjonane står overfor mange utfordringar i tida som kjem. Nokre av desse blir behandla av Mjøs-utvalet, medan Noregsnettrådet har eit permanent ansvar for å gje oss råd om utviklinga av høgre utdanning.

Eg er òg innstilt på å gi institusjonane større fridom og avskaffe ein del av detaljreguleringa. Men med større fridom følgjer større ansvar. Er de klare for å ta dette ansvaret?

Departementet har den seinare tida handsama etableringssøknader for nye studietilbod som eg vanskeleg kan sjå har den kvaliteten som ein kan vente seg av høgre utdanningsinstitusjonar. Eg, og andre med meg, har understreka gong på gong at kvalitet skal vere eit varemerke på dei tilboda som norske universitet og høgskolar tilbyr. Går vi på akkord med kvaliteten trur eg vi er ute på ville vegar.

Har ein ikkje kompetanse får ein heller takke nei til oppdraget – om dette no er grunnutdanning eller etter- og vidareutdanning – og heller vise til andre institusjonar i Noregsnettet som har den kompetanse folk spør etter.

Samarbeid og arbeidsdeling inneber at institusjonane ikkje skal tilby dei same faga eller utvikle den same kompetansen på alle område. Men det synes som om dei fleste institusjonane ønskjer å utvikle seg i bredden og tilby nye fag. Institusjonane synes tru at dei ”manglar” fag for å bli eit fullgodt universitet eller høgskole, og prøver å få etablert fag utifrå mål om å bli ein ”fullverdig” institusjon.

Det er ikkje institusjonane tent med. I ei tid med fallande studenttal og dermed svekka løyvingar til undervisningsformål, kan ekspansjonstrongen føre til at høgskolane og universiteta spreier ressursane for tynt.

Det er derfor viktig at institusjonane tek Noregsnett-tankegangen på alvor og utviklar seg på dei områda der dei er gode. Målet skal ikkje vere å bli størst, men å bli best. Innan Noregsnettet vil alle institusjonane ha sjansen til å bli best innan sine fagområde. Satsing på kvalitet i utdanning og forsking vil derfor stå heilt sentralt i den vidare utvikling av Noregsnettet og den enkelte institusjon sin fagprofil.

Evaluering og kvalitetssikring

Ei viktig oppgåve for Noregsnettrådet er å sjå til at utdanningsinstitusjonane utviklar system for kvalitetssikring av utdanning og forsking, og rådet skal evaluere institusjonane sitt kvalitetssikringarbeid. Det skal også ta initiativ til evaluering av utdanningar.

Den fokuseringa på kvalitetssikring og evaluering som byrja tidleg på 1990-talet fall saman med ein sterk auke i talet på studentar og eit stort press på utdanningsinstitusjonane. Då var det viktig å sikre at studenttilstrøyminga ikkje førte til dårlegare studiekvalitet.

Talet på søkjarar til høgre utdanning går no ned. Utdanningsinstitusjonane må i langt større grad enn for berre nokre få år sidan konkurrere om studentane. Institusjonane vil også av den grunn tene på å vurdere verksemda si på ein systematisk måte og sette konkrete mål for korleis ein kan betre kvaliteten.

I Noreg bruker vi normalt eksamen til å kontrollere at studentane har oppnådd dei faglege måla som er sette for studiet. Vi stiller derfor strenge krav til kompetansen til sensorane og krev at ein nyttar eksterne sensorar. Dette har vore den mest institusjonaliserte forma for kvalitetssikring av utdanninga i Noreg.

Noregsnettrådet har no fått som ei av sine viktigaste oppgåver å sjå til at universiteta og høgskolane utviklar ordningar for kvalitetssikring. Det er særs viktig at arbeidet med å utvikle kvaliteten i utdanning og forsking blir ein integrert del av verksemda ved alle institusjonane våre. Kvalitetssikring er også nødvendig om ein skal gi større fridom til institusjonane og mindre detaljstyring frå departementet.

Vi har lite erfaring med evaluering av heile universitet og høgskolar i Noreg. Institusjonsevalueringar som inkluderer både undervisning, forsking, administrasjon og leiing er svært krevjande, men eg trur eg kan vere nyttig både for institusjonane og for departementet. Bruk av institusjonsevaluering bør derfor kunne inngå som eit ledd i Noregsnettrådet sitt arbeid med kvalitetssikring.

Noregsnettrådet skal også evaluere erfaringane med knutepunktfunksjonen og korleis institusjonane tar vare på desse. Rådet vil og ha ei sentral rolle i den vidare utvikling av innhaldet i Noregsnett-tankegangen. I den samanhengen vil Noregsnettrådet vere avhengig av at institusjonane deltek aktivt.

Det er kan hende nødvendig å minne om at eit nasjonalt knutepunktansvar for eit fag eller ein spesialitet, ikkje inneber eit monopol for institusjonen. Tvert om, det betyr eit ekstra ansvar for å trekkje med andre fagmiljø og fagfeller inn i eit nettverkssamarbeid og for å kanalisere impulsar og kontaktar frå utlandet inn i det nasjonale nettverket.

Eg vil òg minne om at ein knutepunktfunksjon ikkje er tildelt for all framtid. Det skal koste intern prioritering og krevje fagleg innsats å forvalte eit slikt ansvar.

Også når det gjeld forsking har høgskolane i aukande grad konsentrert forskingsinnsatsen i forhold til sine knutepunkt. Sjølv om tildeling av knutepunkt i seg sjølv ikkje medfører noka ressurstildeling, vil det å ha knutepunktfunksjon utløyse ressursar til FoU mellom anna i form av stipendiatstillingar og oppretting av professorat.

Kan hende utviklinga går i retning av at knutepunktfunksjonen — eller eit tilsvarande strategisk verkemiddel for fagleg prioritering — blir eit like viktig (eller kanskje viktigare) kriterium for fordeling av FoU-midlar som for etablering av nye studiar. Særleg dersom høgskolane får delegert styresmakt til å etablere utdanningar opptil eit høgre nivå enn i dag.

Også Forskingsrådet har i sitt dokument om FoU for statlege høgskolar lagt vekt på at forskingsmidlane til høgskolane må sjåast i samanheng med knutepunktfunksjonane deira. Forskingsrådet har også sagt at høgskolane bør satse på å utvikle spisskompetanse innan fagfelt som i liten grad er utbygde i universitetssektoren. Eg er i grove trekk samd med Forskingsrådet i dette.

Eg trur òg at høgskolane kan få ei viktig oppgåve i å utvikle forskingsbasert kunnskap knytt til profesjonsstudia ved høgskolane. Slik forsking vil kunne styrkje undervisninga og auke kunnskapen vår på område som utdanning og helse. For å få til ei slik satsing er det naudsynt at personalet hever sin kompetanse, og det er dei også i ferd med å gjere.

Målet for kompetansehevinga er ikkje berre at personalet skal vere kvalifisert til å drive FoU-arbeid. For å få god kvalitet på den forskingsbaserte utdanninga er det viktig at personellet har forskarkompetanse. Det er derfor viktig for undervisninga ved skolen at personalet deltek i kompetanseutviklingsprogram.

Universiteta må vere med på å byggje opp kompetanse ved høgskolane, indirekte ved at det vitskaplege personalet ved høgskolane får grunnutdanninga si ved universiteta, som til dømes i helsefag hovudfag, og direkte ved at høgskolane inngår samarbeidsavtalar med høgskolane om hovudfags- og doktorgradsutdanning.

Men som eg har sagt ved fleire høve: Forsking av høg kvalitet bør få støtte uansett om forskinga finn stad ved eit universitet eller ved ein høgskole.

Som eg alt har vore inne på, opnar lova for at høgskolane kan dele ansvar for grunnforsking og forskarutdanning med universiteta og dei vitskaplege høgskolane. Dette gjeld på spesielle område der høgskolane har særskilt kompetanse. Fleire høgskolar bidrar til dømes med rettleiing av kandidatar i doktorgradsutdanning, og fleire høgskolar tilbyr hovudfag innan område der dei har spesiell kompetanse.

Som de vel er kjende med, har Noregsnettrådet utarbeidd kriterium for kva som skal til for at ein høgskole kan seiast å ha god nok kompetanse til å ta det fulle ansvar for doktorgradsutdanninga på særskilde område. Det er òg sett ned komitear som skal vurdere søknader frå tre høgskolar om å få tildele doktorgrad.

Dette er eit døme på at det er kvaliteten på institusjonen og fagmiljøet som er avgjerande for kva rolle institusjonen skal ha i Noregsnettet. Det viser også at institusjonar som ønskjer å ta på seg nye oppgåver innan Noregsnettet vil bli evaluert og vurdert ut i frå kvalitet. Evaluering er ikkje lenger berre eit middel for den enkelte institusjonen sin interne kvalitetsutvikling, men eit viktig verkemiddel i tildelinga av funksjonar innan Noregsnettet. I så måte er evaluering blitt eit reiskap for styring.

Avslutning

Ein mann med min bakgrunn kunne naturlegvis ha sagt mykje om kunnskapens tre, men har vi no først tatt ein bit av fruktene, kan vi likegodt gjere det beste ut av situasjonen.

Eg kan ikkje forstå anna at det må vere morosamt for menneske som dykk å oppdage at det no er dykk dei ser til, dei som vil finne løysinga på alle problema i samfunnet. For kven skal vel byggje kunnskapssamfunnet om det ikkje er universiteta og høgskolane?

Vi ser det i avisene, vi ser det i samfunnsdebatten og vi høyrer det i den måten vi ordlegg oss på. Borte er alt snakket om femårsplanar med stål og maskiner. Det er ikkje lenger berre båtane, jernbanen og bruene som skal knytte oss saman, men Noregsnettet og internett. Samfunnsmaskineriet vert ikkje lenger drive av olje og vasskraft, men av kreativitet, tanker og visjonar.

Jau då, kunnskapssamfunnet kan lett ende opp som ein parodisk klisjé. Men klisjear blir klisjear fordi dei seier noko viktig om den kulturen dei veks ut av. Kunnskapen er viktig, og kunnskapsallmenningen er eit av samfunnet viktigaste område for læring, kunnskapsutvikling og nyskaping.

Samfunnet treng dykk. Og innafor dei grensene som røyndomen set, må vi også gjere vårt beste for at de får dei ressursane og den fridomen de treng for å utføre arbeidet dykkar.

Men tru ikkje at dette blir ein dans på roser. Det følgjer sterke krav og store forventningar med alle godorda. Og når folk først blir interessert i det de driv med, ser de også lettare alt som går gale. For på tross av det som har stått i mange av Dagblad-kronikkane, har ikkje politikarane skulda for alle manglane i kunnskapsallmenningen.

Eg ser fram til eit spanande kunnskapspolitisk år og reknar med at de deltar like aktivt i debatten i år som de gjorde i 1998.

Takk skal de ha!

Lagt inn 14. januar 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen