Historisk arkiv

Kompetansereforma-utfordringar for UH-sektoren

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Tale av statssekretær Svein Helgesen

Kompetansereforma-utfordringar for UH-sektoren

Kontaktkonferanse med universitet og høgskolar, 13.-14. januar 1999

Innleiing

Gode medarbeidarar !

Å vere siste innleiar på ein konferanse som denne, der alle ser at vi har toppa programmet og servert dei edlaste vinane først, er ingen ønskeposisjon. På den andre sida kan det jo hende at det siste er det som sit best igjen. I alle fall er dagens siste tema brennaktuelt, - og skikkeleg utfordrande, også kontroversielt. I så måte kan det passe godt å starte med eit lite knippe av fleire spissformulerte oppfordringar til herverande universitetsrektorar i dagens Aftenposten, frå professor Bernt Hagtvedt: - Rektorenes fremste oppgave blir å avtrivialisere universitetene…. Å tale kraftfullt for universitetenes særpreg betyr å forsvare det mot allehånde nyttekrav som truer med å forarme det. … Gjør universitetene til fora for motstrømstenking. Nå vokser behovet for etterutdannelse. Stå skamløst frem med begrepet dannelse , skriv han.

De kjenner rimeleg godt vegen fram hit vi står i dag i denne saka. Etter- og vidareutdanningsinitiativ i Stortinget av SV’s Øystein Djupedal. Oppfølging av Jagland i hans statsministertid. Det breitt samansette Buerutvalet som på dei aller fleste punkta arbeidde seg fram til ei konsensusinnstilling. Stort engasjement i høyrings-prosessen. Denne regjeringa sitt arbeid med stortingsmelding, med m.a. eige statssekretærutval og tett dialog med mange involverte partar, - med statsministeren sjølv som ein av hovudaktørane. Framlegging av St.meld. nr.42, ”Kompetansereformen”, sist i mai 1998. Fleire utgreiingsutval i arbeid i løpet av hausten, for å sjå nærare m.a. på spørsmål om permisjonsrett, tilpassing av regelverket i Lånekassa og arbeidsmarknadsetaten si rolle i eit etter- og vidareutdanningsperspektiv. Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen for 2 dagar sidan. Og endeleg: debatt i Stortinget om 5 dagar, - tirsdag 19.01.

Utover dette: Regjeringa har tatt initiativ til eit aktivt inntektspolitisk samarbeid med organisasjonane i arbeidslivet fram mot vårens mellomoppgjer. I denne prosessen står spørsmålet om vidare oppfølging av etter- og vidareutdanningsreforma sentralt. LO har gitt klare signal om at vilje til å følgje aktivt opp frå Regjeringa si side er ein føresetnad for eit moderat lønsoppgjer. NHO har mildt sagt gitt sprikande signal, grunna i eit dyrt lønsoppgjer i 1998, men vil nok vere med for fullt i prosessen vidare. Og statsministeren har gitt klare signal om at Regjeringa vil medverke, under føresetnad av at det kan gjere sitt til at oppgjeret verkeleg blir moderat.

For å oppsummere denne innleiande gjennomgangen: Kompetanse-reforma er på skinnene. Vi er klare til å starte det konkrete oppfølgingsarbeidet straks Stortinget har sagt sitt. Her ligg store og samansette spørsmål i kø som må finne si løysing. Skal vi lukkast, trengst brei samhandling mellom mange aktørar. Derfor har Regjeringa oppretta eit Forum for kompetanseutvikling, med brei deltaking frå sentrale etter- og vidareutdanningsaktører både frå offentleg og privat sektor, utdannings- og arbeidslivssektor (herunder Universitetsråd og Høgskoleråd). Som statsministeren sa i går: Vi snakkar om eit kompetanseløft som berre vil lukkast dersom mange løftar i flokk !

Litt om utfordringane

”Kunnskapsboom ventar oss”, melde Aftenposten for ei god veke sidan, i eit oppslag frå dei årlege kursdagane ved NTNU. Mest interesse fekk rektor Spjøtvolls scenarier, - som han gjentok i går -, spesielt formuleringa om at i tråd med auka betydning av kunnskap og kompetanse vil utdanningsdepartementet få like stor betydning og makt som Finansdepartementet.

Ein treffande måte å setje saka i perspektiv på, spør du meg. Sjølv om kollegaene mine i Finansdepartementet vil protestere kraftig. For igjen å vise til statsministeren sitt innlegg i går: Vi snakkar no om ”kunnskapsøkonomi” og om å ”investere i menneskeleg kapital” for å tydeleggjere utfordringane i kunnskapssamfunnet.

La meg berre kort skissere utsnitt av det bakteppet vi alle kjenner:

· ”The skills gap”, kompetansekløfta, er i ferd med å bli universell. Akselrerande omstillingstakt, - gamle yrke forsvinn og nye oppstår. Produksjonsmåtar og organisasjonsmønster endrar seg. Behovet for å oppdatere kompetansen aukar dermed stadig. Vi rekrutterer ikkje nok unge kompetente arbeidstakarar til å møte desse utfordringane. Derfor treng vi kompetanseløft ikkje minst hos vaksne i alle aldrar, dei som alt er i arbeid.

· Vi vil oppleve svekka tryggleik på arbeidsplassen. Auka omstillingstakt og teknologisk utvikling gjer eksisterande arbeidsplassar meir usikre. Berre den som stadig ligg i front kompetansemessig vil vere i ein god konkurranseposisjon. Svaret er 2-delt. For det første må vi tilby ei grunnutdanning som gir eit solid startgrunnlag og fundament til stadig å lære meir. For det andre må vi leggje til rette tilbod som kan møte etterspørselen etter oppdatering av kompetansen etter kvart som situasjonen krev det. I tillegg til kompetanseperspektivet har denne utfordringa ei menneskeleg grunngjeving. Opplevinga av ”ikkje å henge med i utviklinga” har negative konsekvensar på det personlege planet, og derfor også for samfunnet. Ei slik utvikling har vi ikkje råd til.

· Globaliseringa er her, anten vi likar det eller ikkje. Utviklinga utfordrar ikkje berre økonomi og konkurransen i næringslivet. Også kompetansen er tilgjengeleg som ”vare” på den globale marknaden, via ”digitaliserte motorvegar”. I aukande omfang vil etterspørjarane vurdere opp mot kvarandre ulike utdannings-tilbod ut frå pris, kvalitet, fleksibilitet, kor brukarvennlege dei er osb. – Dette er over oss allereie, i større omfang og med større kraft enn det vi har forestillingar om, sa direktør Rommetveit i går.

· Vi er på full fart inn i ein situasjon med ønske om meir fleksible måtar å organisere utdanning, arbeid og fritid på. Kombinasjon av utdanning og arbeid blir meir vanleg. Undersøkingar viser at folk opplever at dei lærer mest på arbeidsplassen. Vi må derfor i større grad setje fokus på arbeidsplassen som læringsarena.

Eg kunne ha supplert dette bakteppet mykje meir, - med stikkord som mobilitet, strukturendringar, verdimessige utfordringar osb. Tida tillet ikkje det. Konklusjonen er like fullt krystallklar: Vi er midt inne i omstillings- og endringstider som stiller universitets- og høgskole-sektoren overfor spennande og store utfordringar. Og la meg understreke: Utfordringane gjeld departement minst like mykje som den enkelte institusjon og dei ulike fagmiljø. Når det bles endringsvindar som i dag, er det ingen av oss som kan dukke ned bak ”leskura” våre. Det er tid, for å vere i Mao sitt bilde, for å byggje ”vindmøller”.

Utfordringar for UH-sektoren

I prosessen rundt Buer-utvalet gjekk NHO inn for oppretting av ein ny institusjon, eit eige åpe universitet etter mønster frå ”Open University” i Storbritannia. Grunngjevinga var at vårt eksisterande system ikkje er omstillingsvillig og dyktig nok til å gjere dei nye jobbane.

Eg trur vi skal vere storsinna nok til å takke NHO for utfordringa, for ”sparket bak”. Samtidig vil eg gjerne gi universitet og høgskolar honnør for den offensive måten de har møtt desse utfordringane på, så langt. Det har heilt klart overraska også dei sterkaste kritikarane. For det er inga tvil om at debatten om desse spørsmåla det siste året har skapt mykje god og kreativ nytenking og vilje til kursjustering både på institusjons- og departementsnivå.

I prosessen mellom Buerinnstillinga og framlegging av stortings-meldinga møtte vi skeptikarane av å gi UH-systemet sentrale oppgåver på dette området høgt oppe på banen. Regjeringa har frå første stund vore sterkt opptatt av at universitet og høgskolar som våre tyngste kompetanseforvaltarar skal og må vere sentrale aktørar på etter- og vidareutdanningsfeltet, slik situasjonen på sett og vis er også i dag. Som Lilletun sa i sitt foredrag i går: Her finst kompetansen, i mange tilfelle av ypparste kvalitet. Det vil vere uklokt og uansvarleg å ikkje bruke denne kunnskapsalmenningen optimalt i møte med dei nye utfordringane. Vi har derfor utfordra universitets- og høgskole-nettverket, og ser ut til å ha fått Stortinget si støtte til det, til å realisere det beste av intensjonane bak ideen om det åpne universitet. Eg er trygg på at de har både fagleg, pedagogisk og teknologisk kompetanse til å møte denne utfordringa. Om tvilarane mot all formodning skulle vise seg å få rett, vil nok alternative og meir private måtar å organisere etter- og vidareutdanningsaktiviteten på tvinga seg fram med stor styrke. Så her ligg ”bevisbyrden” hos oss sjølve.

Eg registrerer ein brei og fargerik flora av initiativ på dette feltet, - frå enkeltinstitusjonar og via nettverkssamarbeid. Eg nemner Norges-universitetet, etablert via Universitets- og Høgskolerådet. Vi snakkar om eit spennande konsept på planstadiet. Eg nemner også vidare-utvikling av NITOL-samarbeidet og regionale samarbeidsprosjekt på Vestlandet, i Trøndelag og Nord Norge. Felles for alle desse initiativa er eit klart fokus på å levere etterspurt kompetanse til arbeids- og næringsliv og til enkeltpersonar.

Den pågangen eg personleg har hatt med ønske om deltaking på konferansar og seminar om desse spørsmåla det siste året, synleggjer sterkt og offensivt engasjement frå sektoren si side. Men i denne samanhengen har eg behov for å understreke: Skal universitet og høgskolar bli hovudaktørar på etter- og vidareutdanningsfronten i åra framover, trengst både organisatorisk tilrettelegging og breitt fagleg engasjement. Dette er ei kollektiv utfordring som alle fagmiljø må vere innstilt på å ta medansvar for. Tilrettelagt rammeverk frå leiinga si side rekk ikkje langt dersom ikkje det vitskaplege personalet stiller engasjert opp. Eg trur derfor at ei av dei store utfordringane for dykk som leiarar ligg i å vidareutvikle motivasjonen hos den enkelte fagleg tilsette. Brannfakkelen frå professor Hagtvet i dagens Aftenposten, kan lesast som ei oppfordring til opposisjon mot fagleg engasjement på slike premissar.

Etter- og vidareutdanning er på ingen måte nye oppgåver for universitet og høgskolar. Innan ein del fagfelt, - t.d. helsefag og lærarutdanning -, har institusjonane lange tradisjonar for å tilby vidareutdanning. Eg vil her stresse lærarutdanningsperspektivet særskilt. Statsministeren understreka i går at universitet og høgskolar er ansvarlege for å kvalifisere dei kvinner og menn som dei neste tiåra skal setje standard for kunnskapsutviklinga i grunnskole, vidare-gåande opplæring, høgre utdanning og forsking. Det er av fundamental betydning at vi både gjennom grunnutdanning og vidareutdanning verkeleg tar tak i dei store utfordringane i praksisfeltet. Det inneber ikkje minst å kvalifisere lærarar i arbeid og komande lærarar til å forstå verdien av og kunne gi hjelp til stadig ”påfyll” i ein livslang læringsprosess. Denne utfordringa kan vanskeleg overvurderast.

Tidlegare har vi kanskje tenkt etter- og vidareutdanning som ei eksklusiv sak, for dei særskilt interesserte. Eg vil åtvare mot slik tenking. Dei utviklingstrekka eg har skissert vil måtte ha betydning for organisering og tilrettelegging av verksemda i sektoren generelt, på breitt plan. Derfor er eg enig med studentrepresentanten som i går etterlyste heilskapleg tilnærming til situasjon og utfordring. Eg trur vi snart vil sjå at grensene mellom grunn-, etter- og vidareutdanning vil bli svært flytande. Kravet om fleksibilitet og brukarorientering vil pressa seg på stadig sterkare på alle nivå. Vi må ta dette inn over oss, både med tanke på struktur, arbeidsformer, organisering av arbeidet og kvalitet. Lilletun utfordra forsamlinga noko på dette i går. Korleis tenkjer institusjonane i forhold til teknologien sin muligheter for å halde ”døgnåpent” ? Korleis vil vi forholde oss til nye krav til modulbaserte opplegg, utvida fleksibilitet og stadig meir flytande overgangar mellom førstegongsutdanning og påfølgjande utdanning ? Korleis tilpassar vi gradssystemet til for eksempel trendar mot kortare grunnutdanning og oftare faglege påfyllingsperiodar i løpet av yrkeskarriera ? Kor offensive er vi i kontakten og samhandlinga med samfunnet utanfor, for å sikre relevans og gi kompetanse som er etterspurt ? Utfordringa ligg i å balansere klokt mellom dei viktige danningsoppgåvene som ligg å forvalte og foredle den verdifulle og meir eller mindre tidlause kunnskap og kulturarv, og dei nødvendige oppgåvene som ligg i å vere ajour og formidle nytteorientert kunnskap og kompetanse som samfunnet spør etter.

Verdisetting og godkjenning av realkompetanse, tileigna utanfor utdanningssystemet, er kome stadig meir i fokus i debatten om Kompetansereforma. Stortingsfleirtalet har etter det er har skumlese så langt, forsterka utfordringane til oss på dette feltet. Om nokon framleis ønskjer å bli verande i ”skyttargraver”, har det lite for seg. Her er det berre å brette opp ermane. Innanfor vidaregåande opplæring er ein eit stykke inne i forsøks- og utviklingsprosjekt på feltet. Eg trur dette må til også i høgre utdanning, i tråd med stortingsfleirtalet sitt ønske om ”forsknings- og utviklingsbaserte forsøk med etter- og videreutdanning ved universiteter og høgskoler, for å tilpasse undervisningen til studenter som har tilegnet seg kunnskap på en annen måte enn den tradisjonelle”. Eg spør nok noko uærbødig om ikkje stortingsfleirtalet kanskje har undervurdert kompleksiteten i forhold til dei mange samansette spørsmåla knytt til realkompetanse. Men når det er sagt, er det vår plikt å møte utfordringa med all den kraft og kløkt vi har. Og denne forsamlinga har jo også desse dagane demonstrert at det er ikkje reint lite ! Nokre av dei konkrete utfordringane er alt under vurdering av Mjøsutvalet. Ein del andre sider av saka vil vi i departementet ta fatt på straks Stortinget formelt har debattert meldinga i neste veke.

Eg kan forsøke å dra saman ein del av dei mest aktuelle utfordringane i lys av Kompetansereforma i følgjende stikkord:

  • meir fleksibilitet og bruk av modulbasert undervisning
  • større grad av internasjonalisering av og konkurranse om kunnskap
  • vidareutvikling i bruken av IKT som undanningsverktøy
  • utvida samarbeid mellom institusjonane og samfunnet utanfor
  • meir uklare grenseflater mellom grunn-, etter- og vidareutdanning
  • høgre verdisetting av realkompetanse

Ja, dette krev meir enn små kursjusteringar. Eg trur kanskje dei som snakkar om ”paradigmeskifte” har meir rett enn mange likar. Derfor tar vi i departementet dette på ramme alvor. Det kunne sjølvsagt vore greitt å gjere ei enkel arbeidsdeling, - satse på at dei etablerte institusjonane framleis har fokus på heiltidsstudentar som på tradisjonelt vis er å finne på ”campus, og byggje opp eit ”alternativt” system for å møte dei nye utfordringane.

Men eg trur vi ser det ukloke og umoglege i eit slikt strategival. Universitet og høgskolar skal ikkje berre vere med på den nye utviklinga, men må vere lokomotiv. Ikkje minst for å hindre at ”nytteorienterte utdanningspopulistar”, som Hagtvet kallar dei, får erobre og dominere denne arenaen. Sektoren må kombinere det tradisjonelle med det nye, - framleis ta ansvar for ordinær grunn-, hovudfags- og forskarutdanning, - og på same tid utvikle fleksible og brukartilpassa opplegg for vaksne med andre behov. Spørsmåla er mange og samansette. Ingen av oss har svar på alt. Men er det ikkje her utfordringa i kunnskapssamfunnet ligg ?

Eg har indirekte vore inne på hovudpunkta i komiteen si innstilling til stortingsmeldinga. Komiteen slår altså fast at universitet og høgskolar skal ha ei sentral rolle i gjennomføringa, og skal sikrast rammevilkår og regelverk tilpassa desse oppgåvene. Eg går ikkje her inn på slike spørsmål, utover å slå fast at det vil vere behov for ein skikkeleg gjennomgang av både dette og hint. Eg ser m.a. at komitefleirtalet sitt opplegg for vurdering av realkompetanse fort vil innebere mykje administrativt ekstraarbeid ved den enkelte institusjon. Eg høyrer alt spørsmåla knytt til det, utan at eg her og no kan gi gode og gjennomtenkte svar. No tar vi hansken, og det vil vere behov for kontakt og dialog undervegs i prosessen. Frå vår side er vi innstilt på å gi institusjonane det handlingsrommet og den fridomen som trengst for å ta ansvar for å vurdere og godkjenne realkompetanse. Sjølvsagt kan vi ikkje leve lenge med regelverk som høyrer ei anna tid til. Samtidig er det, slik Lilletun presiserte i går, at med større fridom følgjer alltid automatisk større ansvar.

Komiteen er opptatt av å utvide kontaktflata mellom utdanningsinsti-tusjonane og samfunnet utanfor. Samtidig vektlegg dei kvalitetskravet, også når dei åpnar for åpnare tilgang til høgre studium ut frå real-kompetanse. Haldninga er: låge tersklar og åpne inngangsdører, men klare kvalitetskrav på veg ut. Det blir også presisert klart at ein i arbeidet med etter- og vidareutdanning må syte for at ikkje grunn-utdanninga ikkje blir svekka. Dette kan avgjort vere ein fare, slik m.a. studentane er opptatt av, og treng gjennomtenking. Endeleg gir komiteen sterke signal om behovet for å vidareutvikle fjernunder-visning og nettbasert opplæring, og uttrykkjer vilje til å prioritere dette i ressurssamanheng.

Avslutning

Vi snakkar om utfordringar som eg er overtydd om vil framstå med stadig større styrke. Større fleksibilitet og meir brukartilpassing. Samtidig, - utan at vi skal rive opp dei historiske og kulturelle røtene som universitete og høgskolar som danningsinstitusjonar er forankra med, og utan å fire på krav til kvalitet. Og her passar det for ein gongs skuld å bruke ei Hagtvet-formulering i positiv og konstruktiv tyding: - Universitetene kan mer enn å gi kurs i bedriftsøkonomi og ledelse – de kan gi livet en ny mening for brede grupper. Ta kontakt med fagbevegelsen! –

La meg også utfordre via ”konkurrent”, men også medaktør, BI-rektor Torgeir Reve. På Forskingsforbundet sin haustkonferanse hevda han at universiteta og høgskolane kan kome til å spele ei unik rolle i utviklinga av neste årtusens kunnskapssamfunn. Men det trengst eit indre hamskifte som inneber strategiar for å møte konkurranse om forsking, utdanning og etterutdanning. – Universiteta må utvise større omstillingsevne utan samtidig å gi avkall på si autonome system-kritiske rolle. Eg reknar med at universiteta vil motarbeide ei slik utvikling. Men det går nok til slutt likevel, sa Reve.

Det handlar om å ha 2 tankar i hovudet samtidig. Utfordringa dykkar er å vise at det er fullt mogleg. Kanskje vil det vere slik at frustrasjonen og motforestillingane til tider er større enn entusiasmen i møte med desse utfordringane. Som eg sa, - dei enkle svara finst ikkje. Frå departementet si side ønskjer vi oss i runden etter innlegget mitt å få kommentarar og konkrete innspel som vi kan ta med oss tilbake i våre prosessar med å følgje opp Stortinget si behandling av meldinga.

Mi oppfordring er at vi prøver å løfte blikket, sjå dei positive utfordringane som ligg her, sjå mulighetene for eigenutvikling. Oppgåvene ligg her for å løysast – i fellesskap mellom fleire aktørar som brettar ermane opp og lever etter lyrikaren Kolbein Falkeids ”private huskeregel”: - Du skal kjøre spettet hardt innunder arrete hverdager og vippe dem opp. En etter en. Det er derfor livet har deg på mannskapslista. -

Lagt inn 15. januar 1999 av linkdoc099005-992460#docStatens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen