Maritim utdanning - framtidsvyar for utdanninga av sjøfolk og fiskarar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik I
Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet
Tale/innlegg | Dato: 09.02.1999
Tale av Statsråd Jon Lilletun
Maritim utdanning - framtidsvyar for utdanninga av sjøfolk og fiskarar
Foredrag på Haugesundkonferansen 9. februar 1999
Innleiing
Eg takkar for invitasjonen til å halde innlegg på denne konferansen. I det politiske grunnlagsdokumentet til sentrumsregjeringa har utdanning og forsking ein sentral plass. Det vert utan atterhald sagt at "Kunnskap er nøkkelen til neste årtusen". Det seier noko om den vekta regjeringa legg på utdanning.
Sjølv om også den maritime næringa opplever rekruttering som ei utfordring - er det også mange positivt utviklingstendensar ein kan sjå.
Hausten 1998 starta nærare 800 elevar ei maritim utdanning på VKI-nivå. Dette var ein auke på 30% frå året før. Samstundes valde 482 motormenn og matrosar å halde fram med utdanninga si mot offisersyrket, og tok til på den nyoppretta teknisk maritime fagskulen.
Kva skuldast denne markante og svært positive utviklinga? Fyrst og fremst har det sin bakgrunn i den maritime næringa sin systematiske og omfattande rekrutteringsoffensiv. Gjennom eit nettverk av regionale rekrutteringsgrupper langs kysten, legg næringa tilhøva til rette for at ungdom i distrikta skal få den informasjonen dei etterspør om maritim utdanning.
Den moderne maritime offiseren er ikkje lenger berre flytande og flyttbar heile si yrkesaktive karriere. Moglegheitane er store også på land. Ei maritim utdanning er høgteknologisk, framtidsretta, internasjonal og utfordrande, og gjev ein kompetanse som er ettertrakta både på land og til havs.
Og ungdomen har altså respondert positivt på den invitasjonen frå den maritime næringa om "eit hav av moglegheitar". I konkurranse med mange progressive næringar som alle er på jakt etter dei unge, er det maritime miljøet på god veg til å lukkast med å sikra sin nasjonale kompetansebank for framtida. Dette er imponerande, men neppe tilfeldig.
1990-åra har vore prega av store og gjennomgripande reformer på heile utdanningsområdet. Tilrettelegging for livslang læring har stått sentralt. Undervisings-formene er blitt meir tverrfaglege-, prosjekt- og temaorganiserte, og kreativitet og nyskaping har fått ny fokus. Teknologi og IT har fått ein meir sentral plass i undervisinga, og kunnskap om Noregs plass i verdssamfunnet vert vektlagt. Dette er i samsvar med næringslivets interesser og våre utdanningspolitiske visjonar.
Det er eit faktum at det til tider har vore strid rundt utdanningsreformene, men ikkje om den maritime utdanninga - den har det vore nokså stor grad av semje rundt. Styresmakter, skuleverk og næring har spelt på lag for å skape eit utdanningssystem som vi kan vera nøgde og tente med. I samarbeid har vi har klart å skapa ein struktur med oppfylling av så vel nasjonale mål som internasjonale sertifikatkrav.
Men sjølv med slike gode resultat er det viktig at vi tek på alvor signal om at rekrutteringa til einskilde fiskerifag, særleg i nordlege delar av landet, ikkje er god nok. Fiskerinæringa er viktig for heile landet og framtida til den kan berre tryggjast dersom vi får til ei god rekruttering.
Nå er også stortingsmeldinga om retten til utdanning for vaksne, Kompetansereforma, behandla i Stortinget. Kompetansereforma peikar på viktigheita av å leggje til rette for at norsk arbeidsliv får den kompetansetilføringa som er naudsynt for ei vidare positiv utvikling. Her vil både næringane sjølve, offentlege styresmakter på ulike nivå og ei stor gruppe utdanningsinstitusjonar spele på lag. Og ikkje minst skal det einskilde individ stå i sentrum for det heile. Utan individet sitt engasjement, interesse og motivasjon vert det lita eller inga læring og kompetanseutvikling. Det er med arbeidslivet og einskildmennesket i fokus at ei kompetansereform skal bringa det norske samfunnet vidare framover – vonaleg også til beste for det internasjonale storsamfunnet.
Noreg har lang tradisjon i å vere mellom dei framste sjøfartsnasjonane. Denne posisjonen vil vi ikkje miste. Derfor må den maritime utdanninga vår vere fullt på høgda med utdanninga i andre land. Noreg har også vore pådrivar i tryggleiksspørsmål og har tatt til orde for strenge tiltak både når det gjeld opplæring og kontroll. Av de grunn må vi vere visse på at norsk maritim utdanning held mål.
Vidaregåande opplæring
Utdanning av mannskap og offiserar til sjømannsyrkjet er ein viktig del av mitt ansvarsområde. Reform 94 har gjort sjømannsutdanninga til ei fagutdanning, og lagt sjøfartsfaga under lov om fagopplæring i arbeidslivet. Den nye maritime utdanninga i vidaregåande opplæring etter Reform 94 fører fram til fagbrev. Opplæringa er lagt opp med to år i skole og to år i bedrift, eitt av desse åra er verdiskaping. Etter 2 + 2-modellen vil lærlingane kunne oppnå fagbrev som fiskar, matros eller motormann.
Etter Reform 94 fekk vi ei omlegging av den vidaregåande skulestruturen som mellom anna samordna yrkesutdanninga med behovet i det offentlege og private næringslivet. Dette var ei omfattande, naudsynt og utfordrande reform som krevde stort engasjement frå dei ulike partane. Det er såleis i dag den vidaregåande skulestrukturen som gjev den grunnleggjande fagopplæringa, medan det er bedriftene som står for den yrkesfaglege spesialiseringa.
Vi har eit mål om å ha ein desentralisert skulestruktur på grunnkurs- og VKI-nivå. Eit utdanningtilbod i nærleiken av heimstaden vil naturleg nok vere avgjerande for dei yngste som skal velje vidare utdanning etter grunnskulen, og er også ynskjeleg utfrå andre hensyn.
Noreg er elles det einaste landet i verda som kan tilby petroleumsteknisk utdanning i den vidaregåande skulen. Når vi no også har denne utdanninga på plass i den tekniske fagskulen, er vi eineståande i verdssamanheng. Med dette har vi fått ei petroleumteknisk utdanning som vil tilfredsstille næringa sitt behov for framtidig kompetanse innan det operative miljøet offshore.
Teknisk fagskole (linje for maritime fag og fiskerifag)
Både i vidaregåande opplæring og i høgskolar vert det gitt utdanning som dekkjer det teoretiske kravet til dei høgste maritime sertifikata. For å få løyst ut sertifikat krevst det i tillegg fartstid. Med Reform 94 er det gjort endringar i struktur og innhald i maritim utdanning innanfor vidaregåande opplæring. All maritim utdanning byggjer på krava i den internasjonale konvensjonen om normer for opplæring, sertifikat og vakthald for sjømenn, STCW-konvensjonen. Konvensjonen blei revidert sommaren 1995. I og med at STCW-konvensjonen - og dermed fagplanane for den maritime tekniske fagskulen - kom etter at Reform 94 vart sett ut i livet, treng vi no ein gjennomgang av løpet slik at vi sikrar ein naturleg progresjon i utdanninga. Dette kan gjerast ved at fagplanane i VKI blir justert i høve til fagkrava i teknisk fagskule fram til teoretiske kunnskapar for høgste sertifikat. Vidare må opplæringsboka for lærlingar og registreringsboka for klasse 4-sertifikat samordnast.
Det har kome til uttrykk ein del skepsis i høve til dei nye læreplanane for maritim sertifikatutdanning i teknisk fagskole. Mange har meint at sertifikatutdanninga berre skulle gå føre seg i høgskolesystemet. To år i vidaregåande skole gir ikkje godt nok teorigrunnlag til å løyse sertifikat, blei det hevda. Andre land har tre- eller fireårig høgskoleutdanning for å bli offiser. Til dette er å seia at teknisk fagskole ikkje er vanleg vidaregåande skole. Inntakskravet til den nye linjen er fullført vidaregåande opplæring med fagbrev. Ein må også sjå heile den maritime utdanninga under eitt. Studentane som startar i teknisk fagskole, har allereie fleire år med maritim opplæring bak seg. Dei har fagbrev, og dei har vore til sjøs og veit kva sjømannslivet er. Sidan dei veit kva dei går til, blir dei ofte verande i sjømannsyrket i fleire år.
Lærlingesituasjonen
Men det er ikkje nok å ha skipa til ei god utdanning. Det gjeld også å få flinke og motiverte elevar til å velje denne utdanningsvegen. Både på einskilde fagområde og i einskilde regionar har det vore vanskeleg å få god tilpassing mellom tilbodet av og etterspurnaden etter læreplassar. Det har vi og sett innanfor den maritime næringa, men også her har næringa utmerka seg i særskild positiv retning.
Næringa har organisert seg med fire opplæringskontor langs kysten. Desse kontora har ansvar for formidling av maritime læreplassar, og har raskt oppnådd resultat det er verdt å framheve. På det noverande tidspunkt er om lag 860 lærlingar i opplæring og verdiskaping om bord på norske skip. Som ein av få næringar har den maritime i tre år kunne tilby samtlege kvalifiserte elevar ein læreplass, og er såleis med på å støtte opp om den skulestrukturen næringa sjølv var med på å innføre med Reform 94. Det fyrste kullet gjekk ut som motormenn og matrosar våren 1998, og denne våren vonar nye 360 lærlingar å klare fagprøven til maritimt personell.
Teorien til dei maritime sertifikata vert også gitt ved statlege høgskular som har maritim utdanning. Det vil altså vere to vegar til dei høgste sertifikata:
1 med fagopplæring som bakgrunn: maritim teknisk fagskole
2 med studiekompetanse som bakgrunn: maritim høgskoleutdanning
Behovet i framtida
Etter overslag frå Norges Rederiforbund vil ein trenge både utdanningsvegane. Det er eit stort utdekka behov for offiserar i den norske handelsflåten. Det vil i åra framover vere eit årleg behov for ca. 550 norske offiserar. Vi må ha minst 1000 maritime studieplassar for å kunne fylle dette behovet.
Norges Rederiforbund har som målsetjing at det innan år 2002 skal skrivast ut minimum 850 fagbrev for motormann/matros. Av desse vonar ein at flesteparten går vidare til teknisk fagskole, slik at det innan år 2003 årleg vert uteksaminert minimum 700 studentar frå teknisk fagskole, maritim linje. Samstundes er det eit mål at det innan år 2003 vert uteksaminert 400 studentar frå statlege høgskular med maritim utdanning. Dei oppgitte talla gjeld dei behova som medlemmar av Norges Rederiforbund har. I tillegg kjem behova i de to andre reiarorganisasjonane og i fiskeflåten.
Høgre utdanning - dimensjonering og rekruttering
Til den maritime høgskoleutdanninga er departementet uroa over den svake rekrutteringa.
I 1978 vedtok Stortinget(1) at det skulle byggjast opp maritim høgskole-utdanning på i alt 7 stader rundt om i landet. Talet på studieplassar vart då sett til ca 1500, altså eit årleg opptak på ca. 500 studentar.
Næringa sjølv, inkludert Rederiforbundet, reiste raskt spørsmålet om ikkje dette var for mange studieplassar, og for ca. 10 år sidan vedtok Stortinget at maritim høgskoleutdanning skal gå føre seg på 4 stader i Noreg, nærare bestemt i Vestfold, Haugesund, Tromsø og Ålesund.
I dag er opptakskapasiteten innan høgre maritim utdanning på 265 studieplassar kvart år. Dette er ei lita auke frå året før, i og med at Stortinget i vår tilførte Høgskolen Stord/Haugesund nye studieplassar innan nautikk. Etter dei opplysningane som departementet har innhenta frå institusjonane, blei det i 1998 tatt opp ca 200 studentar. Rekrutteringssvikten til høgre maritim utdanning er derfor framleis eit problem - spesielt er søkinga sviktande til maskinistutdanninga.
Som de kanskje veit, er heile det høgre utdanningssystemet, inkludert høgre maritim utdanning, knytt saman i Noregsnettet. Dette nettet skal bidra til å auka kvaliteten på utdanning og forsking, til auka samarbeid og til klarare arbeidsdeling mellom institusjonane. Dei ulike lærestadene skal ikkje vere isolerte institusjonar, men fungere saman i eit nettverk.
Institusjonar innanfor Noregsnettet for høgre utdanning og forsking vert av departementet tildelt knutepunktfunksjonar på område der dei har spesiell fagleg tyngde. Innanfor maritim høgskoleutdanning er knutepunktfunksjonen delt mellom Høgskolen i Vestfold og Høgskolen i Ålesund. Høgskolen i Vestfold skal ha eit hovudansvar innanfor høgre maritim utdanning, forsking og utviklingsarbeid, medan Høgskolen i Ålesund har eit særansvar knytt til kystfart og offshore. I tråd med tildelinga av desse knutepunktfunksjonane har departementet også tildelt stipendiatstillingar til dette fagområdet ved desse to institusjonane. Men eg vil igjen understreke at tildelinga av knutepunktfunksjonar ikkje må føre med seg isolasjon, men i staden bidra til at ein faktisk tar ansvar for nettverksbygging og samarbeid.
Eit regjeringsoppnevnt (1996) la i fram ein rapport som peikte på følgjande når det gjaldt maritim utdanning:
- Behovet for personell med høgre maritim utdanning er større enn talet på dei som blir uteksaminert i dag. I følgje utvalet overgår behovet også den kapasiteten ein har i dag.
- Ein må satse sterkare på rekruttering. Myndigheitene og høgskolane, men først og fremst næringa sjølv, må komme langt sterkare på banen når det gjeld informasjons- og rekrutteringsarbeid. (Det er gledeleg å sjå at det har skjedd)
- Ei kapasitetsauke i maritim utdanning bør skje i tre etappar:
- dei måltalla ein har i dag må først fyllast opp
- deretter bør disponibel kapasitet ved dei institusjonane som allereie har maritim høgskoleutdanning nyttast fullt ut.
- når så dette er gjort, kan ein vurdere å opprette maritim utdanning ved nye høgskolar.
Mens rekrutteringa til maritim teknisk fagskole skjer via fagbrev som matros, fiskar eller motormann, så skjer rekrutteringa til høgre maritim utdanning i stor grad frå allmennfagleg studieretning. Andre rekrutteringsvegar er mellom anna eittårig forkurs og teknisk fagskole (ikkje maritim).
Høgre maritim utdanning føreset val av matematikk og fysikk i vidaregåande opplæring. Utvalet som har vurdert høgre maritim utdanning i samband med Noregsnettet legg vekt på at dette er viktig og må oppretthaldast. Men dette er kanskje eit av dei sentrale problema når det gjeld rekruttering til maritim utdanning på same måte som til ingeniørutdanninga. Talet på elevar i vidaregåande opplæring som vel fordjuping i realfag har dei seinare åra gått nedover. Dette trur eg det no blir slutt på, mellom anna på grunn av at Stortinget har bestemt at det frå hausten 1998 skal gjevast tilleggspoeng for fordjuping i realfag for opptak til all høgre utdanning. Vi har allereie sett at dette har endra elevane sine val i vidaregåande opplæring.
Medan ein ventar på at ordninga med realfagspoeng skal gje full effekt, har fleire høgskolar, både med maritim utdanning og med ingeniørutdanning fått godkjent særskilde opptaksordningar for elevar som ikkje har ein realfagleg bakgrunn. Desse studentane får da særskilt undervisning i desse faga. Dei rapportane departementet har fått om desse opplegga har så langt vore positive.
Frå og med hausten 1993 har den maritime høgskoleutdanninga vore organisert som ei prøveordning med to modellar:
1. Ingeniørmodellen fører fram til graden høgskoleingeniør med tilhørande tittel. Denne utdanninga følgjer den nasjonale rammeplanen for ingeniørutdanninga.
2. Kandidatmodellen fører fram til graden høgskolekandidat, og vektlegg samfunnsfaga noko meir.
Allereie då prøveordninga vart sett i gang, sa departementet at det skulle gjennomførast ei evaluering av høgre maritim utdanning etter at to, tre kull hadde gjennomført utdanninga. I oktober 1996 sette departementet ned eit evalueringsutval med representantar frå høgskolane, Sjøfartsdirektoratet, Rederiforbundet, studentane og organisasjonane. I september i år leverte utvalet si innstilling, og denne vil med det første bli sendt ut på høyring til aktuelle instansar.
Forsking
Innanfor maritim verksemd har Norges Forskningsråd initiert et forskingsprogram med det ikkje heilt uventa namnet MARITIM. Programmet blei etablert i 1996 som ei oppfølging av St. meld 28 (1996-97) Hvor fartøy flyte kan og er planlagt å vare ut år 2002.
Maritim forsking er eit område der Noreg har svært god kompetanse både ved forskingsinstitusjonane og i næringa sjølv. Det er ein sektor der det har lukkast å få fram kunnskapsbaserte, konkurransedyktige produkt for ein internasjonal marknad. Med tildeling av knutepunktfunksjonane og den nettverksbygginga som vi nå forutset, håper eg at vi ytterlegare skal kunne forsterke satsinga på maritim forsking
Det er eit mål å sikre at mest mogleg av verdiskapinga og sysselsetjinga i norsk maritim verksemd skal gå føre seg i og frå Noreg. Utvikling av ny kunnskap og nye produkt skjer gjennom nært samspel mellom ulike delar av det maritime miljøet.
Det er eit mål at den maritime forskinga skal bidra til:
- at talet på skip administrerte frå hovudkontor i Noreg skal auke
- at det utviklast spesialtonnasje med høgt innhald av avansert teknologi. Dette skal skape særlege konkurransefordelar for norske maritime verksemder i ein internasjonal marknad.
- at norske maritime verksemder gjennom aktivt forskings- og utviklingsarbeid vil gå føre når det gjeld miljøvennleg og sikker transport og vere først ute med ny teknologi som skaper auka tryggleik for miljø og helse.
- at det utviklast attraktive maritime arbeidsplassar som drar full fordel av innføring av ny teknologi og moderne leiarprinsipp.
- at norsk verftsindustri stabiliserer seg med ei forsiktig auke i eksportdelen
- å underbyggje og forsterke konkurransekrafta i norsk utstyrsindustri til skip og offshore.
Det sentrale spørsmålet for all maritim verksemd er tryggleiken. Kvar einaste haust les vi om skipsforlis langs norskekysten. Dette får ofte store miljømessige konsekvensar, og i verste fall går menneskeliv tapt. Årsakene kan vere mange. Det kan vere menneskeleg svikt, eller det kan vere manglar ved skipa. I alle høve må vi gjere alt vi kan for å redusere ulukkene. Det er derfor ei viktig oppgåve for mitt departement som har ansvar for utdanning og forsking, å sjå til at den utdanninga vi gjev, er fullt på høgda med dei internasjonale krava til tryggleik, slik dei er nedfelte i den reviderte STCW-konvensjonen. Noreg har alltid vore eit foregangsland og ein pådrivar i tryggleiksspørsmål. Dei nye utdanningstilboda må oppretthalde kvaliteten og standarden på sjøfolka. Eg er viss på at utdanningssystemet vil greie dette.
Samstundes må vi halde fram med forsking på området slik at vi kan vere fyrst ute med ny teknologi som skapar auka tryggleik for miljø og helse.
Avslutning
Det maritime miljøet sysselset i dag meir enn 80 000 nordmenn; i stor grad distriktsbaserte arbeidsplassar langs kysten. Haugalandet med omegn er eit at dei beste døma på dette. Den kompetansen vi finn i desse områda er avgjerande for vår maritime posisjon, og fører til at vi i dag er blant dei fremste på innovasjon og nye høgteknologiske løysingar i alle delar av næringa. Skal vi oppretthalde denne posisjonen, må vi satse vidare på utdanning og opplæring av kvalifisert norsk ungdom.
(1) iv
(2) iv St. meld nr 26 og Innst S nr 267 (1977-78)
Lagt inn 16. februar 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen