Historisk arkiv

Semesteråpning ved Norges handelshøgskole

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Kirke-, undervisnings- og forskningsminister Jon Lilletun

Tale i samband med semesteropning ved NHH

NNH, Bergen 20. august 1999

Gode studentar og tilsette.

Først vil eg få takke for invitasjonen til denne semesteropninga ved Noregs handelshøgskole i dag. Det er alltid ei stor glede for meg å vere til stades når unge, forventingsfulle menneske møtest for å starte på ein ny og avgjerande bolk i livet. I 1983 feira NHH 50 års jubileum. På forsida til jubileumsprogrammet var det sett opp eit motto henta frå Hàvamàl.

Det stod der å lese:
”Vit den tarv som vidt skal fara”

Eller som det heiter i ei kanskje meir forståeleg omsetjing:
”Vit treng den som vidt skal fara”.

Eg tykkjer det er visdomsord som høver godt, ikkje berre i ein jubileumssamanheng, men og som velkomstord til nye studentar, ikkje minst til dykk som no skal ta til med eit studium her ved høgskolen. Eg reknar med at eit fleirtal av dykk har kome langvegs frå for å studere her i Bergen – og fleire av dykk vil utan tvil når den tida kjem, fara vidt ut i verda i samband med framtidige arbeidsoppgåver.

De har valt ein viktig utdanningsveg. Kunnskap innan økonomi og administrasjon er i høg grad med på å forme den framtidige utviklinga både her i landet og i verda elles. Eg vil nytte høvet til å rose dei nye studentane for val av studium.

Dinest vil eg rose NHH for dei gode studentane de no kan ta imot her i dag. NHH har gjennom alle år kunne velje ut studentane sine blant dei beste søkjarane. Høgskolen er framleis i ein slik privilegert situasjon. Trass i nedgang i talet på søkjarar til høgre utdanning generelt, kan NHH vise til ein stabil søkjarmasse. Det er framleis stor konkurranse om ein plass på siviløkonomstudiet ved høgskolen. Dei som kjem inn her har difor gode føresetnader for å gjennomføre eit krevjande studium.

Dei meir erfarne av dykk veit nok at Bergen og Sandviken er ein god stad å studere. Mange hevdar at NHH har eit studentmiljø som er blant dei beste i landet. Eg har ikkje sjølv røynsle frå det, men trur gjerne at det er slik. Vilje til å skape eit allsidig og godt studiemiljø har kjenneteikna studentane ved NHH i mange år. Det eksisterer eit breitt utval av aktivitetar som burde tilfredsstille dei ulike interessene de måtte ha. Saman med studentar frå dei andre utdanningsinstitusjonane i området vil de no bli ein synleg del av bybiletet her og eg reknar med at Bergen by vil ta vel imot dykk.

Eg trur den store studenttilstrøyminga kan skyldast fleire faktorar – ikkje berre det gode studentsosiale miljøet.

Gode studentar er også krevjande studentar. Dei krev god undervisning av høg fagleg kvalitet, noko studentane veit at dei vil finne her.

NHH er den leiande (statlege) vitskaplege høgskolen innan økonomisk-administrativ utdanning i landet. Studentane får her utdanning som er basert på det fremste av forsking innan desse fagområda. Studietilbodet gir høve til ulike kombinasjonar og val heilt opp til toppnivå. Kvalitet kjenneteiknar verksemda på høgskolen, ikkje minst vitnar den store internasjonale kontakten og nettverket om det – de vil her kome i kontakt med utanlandske førelesarar og kunne ta del i organiserte utvekslingsprogram med utanlandske institusjonar.

Eg har nyleg sett i Aftenposten (12. august) at også Unge Høgre er opptatt av kvaliteten i høgre utdanning. Unge Høgre vil no ha fram materiale som gjer at utdanningsinstitusjonane kan rangerast og søkjarane på den måten kan sjå kva for institusjon som gir den beste utdanninga innan kvart fagområde. Leiaren av Norsk Studentunion er og samd i det framlegget ser eg.

Departementet har i lang tid vore opptatt av spørsmål om kvalitet og kvalitetssikring i høgre utdanning. Studentevaluering, som Unge Høgre etterlyser, har alle lærestadene vore pålagt å gjennomføre sidan studieåret 1994-95. Som lekk i eit pilotprosjekt er det tidlegare gjennomført nasjonale evalueringar av ei rekkje fagområde, m.a. det økonomisk-administrative. Som ei av dei viktigaste oppgåvene Noregsnettrådet no har fått er utvikling og vidareføring av ulike evalueringstiltak. Noregsnettrådet har lagt fram ein plan som inneber ikkje berre evaluering av alle dei faglege knutepunkta som dei statlege høgskolane har fått tildelt, og ei rekkje hovudfag ved statlege høgskolar, men og ei institusjonsevaluering. Universitetet i Tromsø har sjølv bedt om at heile institusjonen blir evaluert av eksterne fagfolk i regi av Noregsnettrådet. Departementet har i sommar gjeve klarsignal for desse evalueringane og vil stille midlar til disposisjon for at dei kan gjennomførast.

Evaluering av heile verksemda ved ein institusjon, og ikkje berre eit einskild fagområde, vil representere ei stor utfordring både for institusjonen og dei som skal stå for gjennomføringa. Det er upløgd mark her i landet. Dersom vi får gode erfaringar med ei slik evalueringsform, kan det i neste omgang vere aktuelt med fleire.

Resultata av desse evalueringane skal sjølvsagt vere tilgjengeleg for alle. Positive og negative sider ved institusjonen vil då kome fram. Eg vil likevel reservere meg mot at departementet på grunnlag av slikt materiale og anna skal lage rankinglister over institusjonane. Dersom ulike ungdoms- eller studentorganisasjonar vil hente inn materiale og lage eigne lister er det derimot ei anna sak som departementet ikkje vil leggje seg opp i.

Eg har i møte med leiinga for høgskolen tidlegare i år fått høyre om ulike utgreiings- og planarbeid som er sett i gang ved høgskolen, både når det gjeld spørsmål om intern organisering og studiestruktur. Til det første punktet vil eg seie at eg vil sjå positivt på at høgskolen går over til ein forenkla organisasjonsstruktur dersom det er ynskjeleg. Framlegget vil i så fall høve godt med regjeringas målsetjing om eit enklare Noreg.

Eg er og positiv til at ein tenkjer nytt når det gjeld spørsmål om studie- og gradsstrukturen generelt. Til denne saka vil eg likevel seie at eg vil avvente Mjøs-utvalet si innstilling. Som mange av dykk er kjent med, skal eit utval leia av professor Ole Danbolt Mjøs til våren levere ei utgreiing om høgre utdanning i Noreg etter år 2000. Eg veit at mange ser fram til denne utgreiinga. Og dei tilrådingane som utvalet kjem med, vil truleg verte gjenstand for eit heftig ordskifte før ein kjem så langt at endeleg vedtak skal fattast.

Eg deler likevel ikkje det synet at all planlegging skal leggjast på is fram til Mjøs-utvalet leverer si utgreiing. Nye grader er som kjent innført dette året ved NHH, nemleg gradene cand. oecon. og cand. merc. for dei kandidatane som tar eksamen ved dei høgre avdelingane ved høgskolen.

Eg helsar likeins velkomen høgskolen sitt arbeid med å utvikle ein nasjonal modell for deltidsstudium i økonomisk-administrative fag, i samarbeid med dei statlege høgskolane på dette fagområdet og som lekk i ei auka satsing på etter- og vidareutdanning. Departementet vil jamvel gi økonomisk støtte til dette arbeidet, ikkje berre verbal ros. Eg kan her og no gi til kjenne at høgskolen vil få slik støtte til utgreiingsarbeidet som det er søkt om, 400 000 kroner.

Det er ei overordna politisk målsetjing for regjeringa å auke det lokale handlingsrommet til institusjonane slik at dei raskt kan tilpasse seg stendig nye og endra behov.

Både den einskilde utdanningssøkjar og arbeidslivet møter høgskolar og universitet med stadig høgre krav til kvalitet og relevans i studietilboda. Skal institusjonane kunne hevde seg i konkurransen, må dei ha evne og fridom til å drive omstillings- og nyskapingsarbeid og såleis kunne tilpasse seg endra behov for utdanning regionalt og nasjonalt. Ei arbeidsgruppe med medlemmer frå sektoren har vurdert om det er fagsaker som i dag vert avgjorde av departementet som kan delegerast til høgskolar og universitet. Arbeidsgruppa leverte sin rapport 9. juli i år, og departementet støtter framlegga frå fleirtalet i arbeidsgruppa. Det inneber m.a. at høgskolar og universitet i løpet av kort tid sjølve vil kunne etablere og leggje ned studietilbod til og med 30 vekttal, altså opp til mellomfag, på cand. mag.-nivå. Ein føresetnad for slik delegering av avgjerdsmakt frå departementet, er at institusjonane følgjer fastsette rutiner for behovsvurdering, kvalitetssikring og nasjonal samordning. Denne delegasjonen er kan hende ikkje så aktuell for NHH som ikkje har organiserte fag under ein cand. mag.-grad. For sektoren høgre utdanning under eitt representerer eit slikt vedtak ei stor forenkling som eg er viss på vil bli tatt vel i mot.

I denne samanhengen vil eg og nemne at Stortinget i vår har vedteke regjeringa sitt framlegg til endring i universitets- og høgskolelova slik at universiteta og høgskolane no skal få høve til å drive forsøksverksemd når det gjeld det pedagogiske og organisatoriske feltet. Det er regjeringa sitt ynskje at institusjonane tar denne relativt vide lovheimelen aktivt i bruk for å stimulere lokale idear med omsyn til fagleg innhald, arbeidsformer og organisering. Slike forsøk kan gi røynsler som heile eller delar av den høgre utdanningssektoren kan ha nytte av. Eg tenkjer da særleg på dei utfordringane vi står overfor når det gjeld å gjere institusjonane i høgre utdanning meir fleksible og omstillingsdyktige i høve til dei nye behova som ikkje minst spring ut av kompetansereforma. Eg er kjent med at det er kome i gang eit samarbeid mellom NHH, Høgskolen i Bergen og Universitetet i Bergen slik at dei tre institusjonane i fellesskap skal kunne utvikle nye etter- og vidareutdanningstilbod. Det er nett slike initiativ vi no treng for at dei høgre utdanningsinstitusjonane skal bli dei viktige aktørane på dette marknaden som eg meiner dei bør vere.

Eg vil og nemne at regjeringa no i vår har lagt fram for Stortinget ei melding om forsking. ”Forsking ved et tidsskille” har vi valt å kalle ho for å syne at det er naudsynt med nye grep for å sikre næringsutvikling dersom Noreg også i framtida skal fortsette å vere eit velferdssamfunn. Her er auka satsing på forsking eit av verkemidla. Regjeringa vil auke forskingsinnsatsen i heile det høgre utdanningssystemet.

Det er ei kjent sak at regjeringa ynskjer å stimulere til auka interesse for spørsmål knytt til verdiforankring og etiske kvalitetar. I eit samfunn med store sosiale og kulturelle endringar er det naudsynt som rettesnor for korleis ein bør opptre både privat og i arbeid.

Eg gjer merksam på at også Stortinget har vore opptatt av desse spørsmåla. I 1997 gjorde Stortinget eit vedtak der det bad regjeringa leggje til rette for å styrkje etikkundervisninga i høgre utdanning og for andre tiltak som kan bidra til å betre den etiske standarden i nærings- og finansmiljøa.

Departementet har gitt Noregsnettrådet i oppgåve å utgreiee kva for tiltak det kan vere aktuelt å setje i verk. Noregsnettrådet har nyleg levert ei tilråding til Kyrkje- utdannings- og forskingsdepartementet med framlegg til ulike tiltak for å setje større fokus generelt på verdispørsmål i høgre utdanning, og departementet vil fylgje opp dette vidare. Målet med dette arbeidet må vere at studentane både som privatpersonar og som utøvarar av eit yrke skal ha eit høgt etisk medvit og slik vere skikka til å ta avgjerder til gagn både for den einskilde og for samfunnet som heilskap.

Dette var eit lite oversyn over kva regjeringa alt har gjort og tenkjer å gjere for å verkeleggjere dei utdanningspolitiske måla for sektoren. Det kan kanskje synast fjernt frå kvardagen til dykk som studentar, men dei politiske rammene for høgskolen og sektoren elles er viktig og for studentane. Den sitjande regjeringa ynskjer å styrkje institusjonane og gi dei høve til å utvikle seg til handlingsdyktige og attraktive institusjonar i kampen om studentane og dei beste lærekreftene. Det gjeld ikkje minst i konkurransen med dei store utanlandske universiteta som meir enn gjerne vil trekkje til seg norske betalingsdyktige studentar.

Eg har merka meg at NHH i høg grad legg vekt på mykje av dei same verdiane. På høgskolen si vevside under ”Dette er NHH” har eg merka meg at høgskolen ikkje berre har uttalt at ”NHHs oppgave er å utvikle og spre kunnskap for å fremme verdiskaping og god samfunnsstyring”, men og har påpeikt at ”i dette arbeidet skal etiske, miljø- og fordelingsmessige sider ved økonomisk aktivitet og verdiskaping vektlegges.”

Eg vonar dette ikkje berre er reklame. Eg reknar med at dei nye studentane som står her i dag, har saumfart dei same vevsidene. Det forpliktar høgskolen og det gir von om at den utdanninga studentane her får, vil vere i samsvar med desse verdiane.

Til dei nye studentane vil eg avslutningsvis seie med ei lett omskriving frå Sigrid Undset: ”De er skapte til å klatre i kunnskapens tre.” Det er ein føremon de har som og forpliktar. Det forpliktar å ta til med høgre utdanning og dermed klatre i kunnskapens tre. Føresetnaden for all læring og tileigning av kunnskap er aktiv innsats og kritisk, også sjølvkritisk, haldning til det ein lærer og yter på studiet.

Til alle studentane, men særleg til dei nye, vil eg seie nyt og nytt tida som studentar godt. Nyt tida i den meining at de no av eige hjarte har kunne velje kva de vil studere og leggje grunnlaget for kva de vil halde på med seinare i livet. Men studietida er mykje meir enn sjølve studiet. Det er tid for nye opplevingar – ofte på ein ny stad saman med nye menneske, både blant medstudentar, lærarar og andre fastbuande. Det er i dette samspelet at ein får ny og viktig kunnskap, ikkje berre om det ein studerer, men og om seg sjølv.

Men som studentar må de og vite å nytte tida. Det vert stilte store krav til sjølvdisiplin og disponering av dagen dersom de skal henge med på kurs og forelesningar, gruppearbeid og sjølvstudium. Studiet er ei førebuing på arbeidsverda der kunnskapane de har skaffa dykk, skal vere til gagn for dykk sjølve og for samfunnet.

Til slutt vil eg igjen få takke for at eg fekk høve til å vere saman med dykk på denne hendingsrike dagen, og eg vil seie til dykk alle: Lykke til framover og dei beste ynskje om eit lærerikt og inspirerande studieår!

Lagt inn 1. september 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen