Historisk arkiv

Kunnskapssamfunnet i det 21. århundre

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Jon Lilletun

Kunnskapssamfunnet i det 21. århundre

Kompetanse 2000 - Sjølystsenteret, Oslo, 2. februar 2000

Innleiing

Gode forsamling.

Kanskje er det naturleg å starte med å helse takk for sist. Mange vil nemleg sikkert hugse at eg for eitt år + 1 dag sidan stod på denne talarstolen og opna ”Kompetanse 99”. At eg står her i år igjen, kjem nok verken av at arrangøren har dårleg fantasi eller av at eg gjorde ein så fantastisk jobb i fjor at det har vore eit folkekrav om ønskereprise. Denne gongen er eg såkalla ”stand-in” for statsministeren, som hadde ønskt å vere med på opninga av denne konferansen, men som måtte melde pass på grunn av andre politiske gjeremål som måtte få høgre prioritet.

Vi har sidan sist tatt steget over i eit nytt årtusen. Aldri har vi truleg vore så klar over betydninga av kunnskap og kompetanse som i dag. Denne spennande møteplassen for kompetanse-utvikling i arbeidslivet, - den tredje konferansen av dette slaget -, er eit konkret uttrykk for det. Også i år har arrangøren sett saman ein spennande meny, som synleggjer mangfaldet og breidda i kompetanseomgrepet og dei utfordringa vi står framfor.

Bakteppe

Ved starten av det 21. hundreåret har vi alt teke eit langt steg over frå industri- til kunnskapssamfunnet. Vi, - både Regjeringa og næringslivet -, snakkar om at ein hovudnøkkel til framsteg og utvikling, økonomisk verdiskaping, velferd og personlig livskvalitet ligg i å utvikle mennesket sine ibuande kvalitetar gjennom å prioritere kunnskap og kompetanseutvikling, - i eit livslangt læringsperspektiv. Vårt nasjonale ”arvesølv” ligg ikkje i Nordsjøen, men i dei samla ressursane som menneske i alle aldrar representerer. Investering i humankapitalen er derfor langsiktig og framtidsretta og vil gi både samfunnsfellesskap og enkeltmenneske mangfoldig tilbake.

Noreg har i løpet av det hundreåret vi nett har lagt bak oss, utvikla seg frå å vere eitt av dei fattige landa i verda til å høyre til i den globale ”rikmannseliten”. Dei siste par-tre tiåra har vi kunna nyte godt av den økonomiske utviklinga og tryggleiken som oljeutvinninga i Nordsjøen har medført. Utvinnings-aktiviteten er framleis på høgt nivå, og dei siste månadene har oljeprisane skote i veret, - etter ein faretruande downperiode. Framleis kan vi på relativt kort sikt truleg forvente store inntekter frå olje- og gasskjeldene våre. Likevel er vi blitt meir edruelege i forhold til dette. Vi erkjenner at ”oljå” ikkje er som ei viss Zareptas krukke i bibelhistoria. Den gjekk aldri tom. Men oljekjeldene vil tørke inn ein gong i løpet av ei ikkje altfor fjern framtid. Verdiskaping og arbeidsplassar for framtida må derfor forankrast i fleire og andre kjelder.

I kunnskapssamfunnet vil både gamle og ikkje minst nye bransjar bli meir kunnskapskrevjande enn før. Kompetanse vil i langt større grad enn før bli ein kritisk produksjonsressurs. Vi opplever og snakkar om globalisering, i brei forstand. Det handlar ikkje berre om økonomi og næringsliv, men også om eit kulturelt samfunnsfenomen. Bedrifter etablerer seg i aukande grad på verdsbasis, gjennom store selskap eller gjennom ulike former for strategiske alliansar. Nedbygging av handelsbarrierar gjer norsk økonomi sårbar for slike utviklingstrekk. Bedrifter som ikkje utviklar evne til omstilling og kompetanse til å utnytte ny kunnskap, vil få vanskar med å overleve i den nye økonomien.

Innanfor utdanningssektoren ser vi framvoksteren av ein global kunnskapsindustri, der kunnskap i ulike former blir ei internasjonal handelsvare. Programvare og elektroniske læringssystem blir tilgjengelege over Internett, og globale og virtuelle lærestader aukar i tal. Desse tilbyr modul- og teknologibaserte og fleksible utdanningsopplegg, for dei som kan betale for dei. Meir læring sker på arenaer utanfor utdannings-institusjonane, - på arbeidsplassane, i biblioteka, i heimen. Utfordringa ligg i aukande grad i å leggje til rette og tilby fleksible læringsmuligheter, uavhengig av tid og stad.

Kva slags kunnskap og kompetanse?

Diskusjonen om kunnskaps- og forskingspolitikk har ei sterk økonomisk motivering, ut frå eit verdiskapingsperspektiv. Slik også på denne konferansen, der kompetanseutvikling i arbeids-livet står i fokus. Skal vi som nasjon hevde oss i konkurransen i eit meir globalisert samfunn, må vi liggje i kunnskapsfronten både teknologisk og fagleg.

Men kompetanseutviklinga har òg andre dimensjonar. Danningsperspektivet høyrer med når vi diskuterer utfordringane i kunnskapssamfunnet. Sosial og kulturell kompetanse, - evne til menneskeleg samhandling og til å løyse oppgaver gjennom samarbeid -, blir stadig viktigare for å meistre livet på ulike livsarenaer, ikkje minst i arbeidslivet. Ikkje minst treng vi auka etisk medvit og refleksjon for å gi rettleiiing og korrektiv for måten vi brukar infoirmasjon og kunnskap på. Det var som ho sa, kjerringa frå nord, når ho omtala presten: - Han har nok av vett, men æ syns han mangla nokka av det vesle vettet som ska styre det store -. For å kunne ”styre rike og land” til beste for alle i samfunnet vårt, må vi ha med oss dei etiske, sosiale og kulturelle perspektiva og styrkje verdirefleksjonen både i familie, arbeidsliv, utdannings- og forskingssystem og i samfunnet generelt. Eg ser med stor interesse at verdikompetanse i brei forstand har fått plass på programmet seinare i dag, gjennom fokus på samarbeidet mellom børs og katedral. – Uten et verdigrunnlag har vårt selskap ingen fremtid. Uten god etikk vil vi ikke bli den beste i vår bransje, og en ledestjerne for næringen, seier adm. Dir. Terje R. Venvold i Veidekke ASA. Betre grunngjeving for ei brei kompetanseforståing er det vanskeleg å finne.

Diskusjonen om kva som er nyttig og relevant kompetanse må ha som utgangspunkt at den skal gi menneske hjelp til å meistre livet i all sin kompleksitet, anten vi snakkar om arbeidsplassen eller andre viktige handlingsarenaer. I eit slikt perspektiv er det naudsynleg å forstå kompetanseomgrepet breitt. Professor Odd Nordhaug formulerer i ein artikkel om leiarkompetanse m.a. interessante tankar om dette. - Vi vil trenge nye lederkompe-tanser og kanskje også helt andre personlighetstyper i leder-posisjonene. Egenskaper som evne til kontroll,ordregivning og myndighetsutøvelse blir trolig mindre viktige, mens kompetanser i form av toleranse for usikkerhet, fremragense kommunikasjons- og samarbeidsferdigheter, inspirasjonskraft, forståelse av grunnlaget for kreativitete og skapende utfoldelse, respekt for individuelle særegenheter og evne til å gi frihet til produktiv utfoldelse, vil øke i betydning. -

Utfordring og ambisjonar

Korleis møter så Regjeringa utfordringane frå kompetanse-samfunnet i det 21. hundreåret ?

Som utdanningsminister, med ansvar for utdanningsbyggverket vårt frå «kjellar» til «loft», vil eg først av alt slå fast: Gjennom fleire tiår har utdanningssystemet vårt vore under omforming og utvikling. Vi har avslutta det vi kan kalle det store reformtiåret. Samla sett har dette gitt oss, på brei front, eit solid kompetanseløft. Fleire internasjonale undersøkingar stadfestar at Noreg står seg svært godt på viktige område, sjølv om det sjeldan verkar slik i media.

Men mykje kan og bør bli betre. Derfor er ambisjonane våre endå større. Framleis saknar for mange kunnskap og dugleik som trengst for å meistre utfordringar i eit globalisert og teknologisert samfunn og arbeidsliv. Fleire hundre tusen vaksne har ikkje fått same sjansen til fullverdig vidaregåande opplæring som alle unge får i dag. Samtidig finn vi hos vaksne utan formell utdanning ofte realkompetanse på svært høgt nivå, tileigna i arbeidsliv og på andre måtar utanom det ordinære utdanningssystemet.

Denne forsamlinga kjenner betre enn dei fleste den raske omstillingstakta i arbeidslivet. Gamle yrke blir borte. Nye blir utvikla. Over halvparten av arbeidsplassane om 10-20 år finst ikkje. Dei må skapast. Produksjon, organisasjon og distribusjon blir endra. Det skaper behov for å fornye kunnskap og kompetanse stadig oftare.

Aldersprofilen i den yrkesaktive delen av befolkninga vil endre seg mykje i åra som kjem. Prognosane tilseier at det i løpet av dei neste ti åra blir om lag 100 000 færre arbeidstakarar under 30 år enn det er i dag. Samstundes vil talet på yrkesaktive i alders-gruppa 50-62 år auke med om lag 250 000. Rekrutteringa frå utdanningsinstitusjonane våre vil ikkje vere tilstrekkeleg for å møte desse utfordringane. Vi snakkar om ei kompetansekløft – mellom den kompetansen vi treng og den kompetansen vi har. Prognosane gir utfordrande perspektiv på kompetanse-utviklingsstrategiane våre, - både på kort og lang sikt og heilt ned på bransje-, region- og lokalsamfunnsnivå.

Samla sett skaper desse trendane behov for nye grep. Det vil bli endå meir viktig å gi barn og unge, som representerer neste generasjon arbeidstakarar, kompetanse for eit samfunn og arbeidsliv under kontinuerleg omstilling – gjennom evne til livslang læring. Samtidig må det satsast meir målretta på å heve kompetansen til dei som alt er i arbeid, dvs. vaksne arbeidstakarar i alle aldrar. I aukande grad vil konkurranseevne og lønsemd i framtida avhenge av den evne og vilje verksemdene har til kontinuerleg vedlikehald og vidareutvikling av den kompetansen som alt finst i arbeidsstokken. Alt dette vil føre med seg eit stort behov for kompetanseheving i arbeidslivet. Det krev kompetanse- og personalplanlegging i privat og offentleg arbeidsliv, og det føreset motivasjon hos dei tilsette, - vilje til å ta sin del av medansvaret for eit kompetanseløft som er nødvendig for å gi tryggleik for arbeidsplassane og leggje grunnlag for nye utviklande oppdrag og arbeidsoppgåver. Og endeleg, - og her ligg eit særleg ansvar for meg i rolla som utdanningsminister -, krevst det stor omstillingsvilje og endring av fokus, strukturar og læringsmåtar i grunnskole, vidaregåande opplæring og høgre utdanning. Den jobben er vi i full gang med.

Skal vi møte desse store utfordringane, treng vi eit meir nyskapande Noreg, evne og vilje til å finne og gå opp nye og ukonvensjonelle stiar. Vi treng å styrkje kompetansen for nyskaping og endring. Sidan eg er stand-in for statsministeren, kan det passe bra å sitere nokre linjer frå det han sa om kompetanse, forsking og innovasjon på NHO sin årskonferanse 6.januar i år: - Vi må konsentrere mer av den politiske innsatsen mot å utvikle gode innovasjonsmiljøer i Norge. Gode innovasjons- og kunnskapsmiljøer kan bety mye for at bedriftene vil ønske å være lokalisert i Norge. Og, kanskje enda viktigere: At de kompetente arbeidstakerne selv ønsker å bo og arbeide i Norge.

Satsing på kompetanse krever en generell styrking av grunnutdanningen, men også en målrettet kompetanseutvikling i arbeidslivet. Dette er noe av bakgrunnen for både de omfattende skolereformene som er gjennomført, og for den forestående kompetansereformen for voksne. Vi må se kompetanseutvikling i et bredt perspektiv – som viktig for det enkelte individ, for hver enkelt bedrift, men også for samfunns- og arbeidslivet generelt. –

Så langt statsministeren, som nemnde utdanningspolitikken generelt og Kompetansereforma og Forskingsmeldinga spesielt når han omtala Regjeringa sine ambisjonar og verkemiddel for å møte utfordringane frå kunnskapssamfunnet. Lat meg kommentere desse to satsingsområda noko nærmare.

Forskingsmeldinga

Skal vi hevde oss i det nye kunnskapssamfunnet, er det naudsynt å satse på forsking. I juni i fjor la regjeringa fram stortings-melding nr. 39 (1998-99) ”Forskning ved eit tidsskille”. I meldinga, som Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i Stortinget handsamar i desse dagar, seier vi at forskingsinnsatsen i Noreg skal opp på nivå med gjennomsnittet i OECD-landa innan fem år.

Kvifor uroar det oss at vi ligg tilbake i forhold til OECD-nivå? Lat meg svare med å stille eit motspørsmål: Kva skal vi leve av i framtida? Seier Fast, Opera, Clustra eller Troll Tec forsamlinga noko? Vi snakkar om relativt nye norske selskap innanfor datateknologi. Kanskje blir dette dei nye norske kompetanse-flaggskipa? Eller kanskje vi skal leve av kveite eller steinbit? Eller kanskje vi skal liggje i front når det gjeld produksjon av kraft frå naturgass utan å forureine? Eller kva med bioteknologiske eller medisinske nyvinningar?

I alle tilfelle må vi liggje i kunnskapsfronten for å lukkast. Vi må vere blant dei beste. Samtidig skal forskinga gi oss ei større forståing av oss sjølve i forhold til andre menneske og av forholdet til naturen. Forskinga skal ha ei fri og kritisk rolle som vi ikkje må gløyme i jakta på praktiske løysingar. Den skal utfordre oss på brei front, også i forhold til kontroversielle spørsmål. Forsking er både kultur, demokrati – og nytte.

I forskingsmeldinga seier vi at den langsiktige, grunnleggjande forskinga er ei hovudprioritering. Institusjonane i kunnskaps-allmenningen – universiteta, høgskulane og forskingsinstitutta – utgjer livsnerva i Forskings-Noreg. I tillegg har regjeringa prioritert auka forskingsinnsats på fire område der vi møter særskilde utfordringar: marin forsking, informasjons- og kommunikasjonsteknologi, medisin og helse og forsking i skjeringsfeltet energi og miljø. Dette er område der potensialet for verdiskaping er stort og der samfunnet må gjennom store omstillingar. Dei tematiske satsingane vil ikkje minst vere viktige for utviklinga i distrikta.

Forskingspolitikken som ein integrert del av kunnskaps-politikken, og FoU-institusjonane og bedriftene er viktige deler av kompetansenettverket vårt. Å prioritere forsking og utdanning er å investere i framtida. Framsteg og utvikling kjem ikkje ”rekande på ei fjøl”. Kunnskapsfronten må erobrast, - ikkje minst gjennom forskingsaktivitet. Samtidig er det viktig å syte for eit godt og effektivt samspel mellom forskingsinstitusjonane og resten av samfunns- og næringslivet.

Kompetansereforma

Sentrale stikkord for satsinga vår på kompetanseutvikling framover er fleksibilitet og samordna innsats. Læring skjer i lærande organisasjonar, - skolar, private og offentlege arbeidsplassar, studiesirklar osb. Ambisjonane må derfor vere å leggje til rette for læring på mange arenaer, - på stader og til tidspunkt som høver for den einskilde. Raskare enn før må vi kunne skreddarsy opplæringstilbod på grunnlag av brukartilpassa ”bestillingar”, uavhengig av institusjonelle skrankar og grenser mellom fag og nivå. Opplæringa må ta utgangspunkt i den einskilde sine føresetnader, og leggjast organisatorisk og metodisk til rette for å møte vaksne sine behov. Det ligg mellom anna store utfordringar i å utnytte arbeidsplassen som læringsarena og stimulere til veksling mellom arbeid og opplæring. Fleksibel planlegging og tilrettelegging krev at vi prioriterer nærleik og dialog mellom dei som tilbyr opplæring og dei som etterspør kompetanse.

Vi veit at mange vaksne har lyst til å lære. Likevel kjem dei ikkje uoppfordra i flokk. Seinast mandag i denne veka kunne vi lese om ei fersk LO-undersøking som stadfestar det. Dels kjem det nok av at tradisjonelle tilbod ofte er uoversiktlege og lite tilpassa dei behova den einskilde opplever å ha. Dels kan tilboda vere vanskeleg tilgjengelege, både med omsyn til tid, stad og organisering. Ikkje så få vaksne har vonde minne frå skoletida. Difor vegrar dei seg når dei på nytt ser for seg frustrerande skolske læringssituasjonar. Erfaring viser derfor at dei med minst formell utdanning treng mest motivering for å gå i gong med nye opplæringsløp som vaksne. Det er difor viktig å spreie informasjon om og motivere for opplæringstiltak. I motivasjonsperspektiv er det óg av stor betydning å få fram at læring skal skje ut frå eigne føresetnader og vilkår, og leggje vekt på å stimulere nysgjerrigheten og gleda ved å lære nye ting. Vi treng aktiv dialog og rådgjeving for å finne ut kva slags kompe-tanse den einskilde ønskjer seg eller treng, og kva arbeidsplassane har behov for.

Det er m.a. slike perspektiv – og ambisjonar – som har vore drivkraft bak arbeidet med Kompetansereforma, - frå dei første frøa blei sådde i LO fram til Regjeringa si stortingsmelding nr. 42, Kompetansereforma. 2 ambisjonar har stått og står sentralt:

  • Reforma skal gi vaksne ein ny sjanse til å tileigne seg formell kompetanse på grunnskole eller vidaregåande opplærings nivå.
  • Reforma skal sikre ny kompetanse til eit arbeidsliv som treng kontinuerleg oppdatering for å kunne hevde seg i ein situasjon der kunnskap blir stadig viktigare som konkurransefortrinn på ein global marknad.

Nestleiar i LO, Gerd Liv Valla, skal etter meg snakke meir om Kompetansereforma. Eg skal derfor ikkje bruke mykje tid på å gå i detalj om den her i dag. Regjeringa arbeider målretta og intenst for å følgje opp vedtak og intensjonar i denne reforma, saman med mange gode og entusiastiske ”hjelparar” både i privat og offentleg sektor. I statsbudsjettet for 2000 er det lagt inn til saman 190 mill. kroner til oppfølging av reforma, herunder 50 mill. til eit kompetanseutviklingsprogram som skal etablerast i nært samarbeid mellom utdanningtssystem og arbeidsliv, og som skal medverke til å byggje ned grensene mellom læring i skole og læring på arbeidsplass. Denne satsinga vil bli trappa opp dei nærmaste åra.

Seinast i går hadde vi vårt andre møte i Forum for Kompetanse-utvikling, - møteplass og drøftingsforum med 24 medlemmer med ulike ståstader i arbeidsliv, utdanningsinstitusjonar og ei rekkje departement. Gjennom forumet skal vi arbeide oss fram til strategiske hovudgrep som er viktige for å møte kompetanse-utfordringane. På møtet i går vedtok vi ein Handlingsplan for Kompetansereforma, med overordna mål og tiltak som i neste omgang vil leggje føringar for t.d. bransjevise planar. Drøftingane i forumet viste brei semje om strategi og kurs vidare, med særskild fokus på desse 8 hovudinnsatsområda:

  • Satsing på fleksible opplæringsformer, med auka bruk av nettbasert læring
  • Betring av rammevilkår for vaksne under opplæring
  • Gjennomføring av kompetanseutviklingsprogrammet
  • System for dokumentasjon og verdsetting av realkompetanse
  • Aktiv medborgarskap og demokratisk deltaking
  • Ny sjanse til grunnskole og vidaregåande opplæring
  • Strukturell omstilling av det offentlege utdanningssystemet
  • Motivasjons- og informasjonstiltak

Tida tillet ikkje at eg går nærmare i detalj om dei einskilde satsingsområda og tiltaka i handlingsplanen.

Avslutning

Eg har i foredraget mitt med helikopterperspektiv sveipa over ein del viktige utfordringar i kunnskapssamfunnet i det 21. hundreåret. Stilt overfor slike utfordringar er det viktig å ha blikket festa på mulighetene. Dersom vi maktar å utnytte alle dei fordelene vi har, trur eg vi har all grunn til å sjå framtida i møte med forventning. Det er ikkje viktig å spørje om korleis vi har gjort ting før, men korleis vi bør manøvrere i nye landskap. Den kloke kinesaren har nemleg rett: Den største hindringa mot fram-steg ligg ofte i trongen til å gjere ting slik vi alltid har gjort det.

Programmet på denne konferansen vitnar om entusiasme i forhold til dei store utfordringane, og erkjenning av at vi er best rusta for å møte dei med eit sterkt kompetansegrunnlag og ein solid økonomi. Eg vil gjerne til slutt igjen understreke behovet for alliansebygging på dette området, - mellom verksemder, mellom bransjar, mellom styresmakter og næringsliv. Kompetanse-utviklingsprogrammet er kanskje det beste dømet på slike konkrete og interessante samarbeidsprosjekt.

Møteplassar som ”Kompetanse 2000” er vidare viktige for slik alliansebygging. Når eg for andre året på rad har sagt ja til å delta her, er det ikkje minst for å signalisere at Regjeringa er innstilt på å spele ei konstruktiv rolle i dette viktige og nødvendige samspelet.

Eg ønskjer lukke til med konferansen, og med innsats og samhandling for å gjere Noreg stadig betre rusta som konkurransedyktig kompetansenasjon inn i det 21. hundreåret, - til beste for enkeltmenneske, arbeidsliv og for samfunns-utviklinga i vidaste meining !

Lagt inn 10. februar 2000 av Statens forvaltningsteneste, ODIN-redaksjonen