Historisk arkiv

Håsum i Fyresdal: Kommunen får konsesjon på nærare vilkår.

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Landbruksdepartementet

Pressemelding

Nr. 32
Dato 21.05.1999

Håsum i Fyresdal: Kommunen får konsesjon på nærare vilkår.

Fyresdal kommune søkjer konsesjon for å kjøpe gardsbruket Håsum som kommunen vil dele opp og selje vidare i 14-16 småbruk. Føremålet er å leggje til rette for auka busetjing i bygda. Landbruksdepartementet har i dag gitt kommunen konsesjon på nærare vilkår.

Vedlagt følgjer kopi av Landbruksdepartementets vedtak, der det er gjort nærare greie for saka.

OMGJERING AV KONSESJONSVEDTAK, EIGEDOMEN HÅSUM GNR 52 BNR 1 OG 2 I FYRESDAL KOMMUNE

Fyresdal kommune har kjøpt ovannemnde eigedom av Knut Håsum Norvik sitt dødsbu og søkte 04.01.1999 om konsesjon på overtakinga. Ein syner til kommunen sin konsesjonssøknad m/vedlegg.

I møte 12.03.1999 fatta fylkeslandbruksstyret fylgjande samrøystes vedtak:
” 1. Staten nyttar ikkje forkjøpsretten.
2. Fylkeslandbruksstyret i Telemark gir Fyresdal kommune konsesjon til erverv av eigedomen ”Håsum” gnr. 52, bnr. 1 og 2 i Fyresdal.
3. Konsesjon gjeld eit prøveprosjekt. Fylkeslandbruksstyret vil ikkje tilrå at ein går inn for fleire tilsvarande prøveprosjekt i andre kommunar før dette prosjektet er evaluert, seinast innan 5 år. ”

Ein syner til fylkeslandbruksstyret si møtebok.

Landbruksdepartementet har i brev til Fyresdal kommune 24.03.1999 gjeve melding om at fylkeslandbruksstyret sitt konsesjonsvedtak ville verta overprøvd, jf forvaltningslova § 35 tredje ledd. Bakgrunnen for dette er at vedtaket, ut frå dei premissar som er lagd til grunn, reiser spørsmål av prinsipiell art.

Når det gjeld dei nærare faktiske tilhøva i saka og sakshandsaminga syner departementet m.a. til vedtak av i dag på klage frå jordsøkjar Hans Haugen over at fylkeslandbruksstyret ikkje har brukt staten sin forkjøpsrett. Som det går fram er jordsøkjar si klage ikkje vorten teken til fylgje.

Landbruksdepartementet var på synfaring på staden 04.05.1999 og det vart samstundes halde eit møte med kommunen om saka.

Departementet sine merknader:

Vedtak om ikkje å bruke staten sin forkjøpsrett er endeleg. Det som no står att å vurdera er om fylkeslandbruksstyret sitt vedtak av 12.03.1999 om å gje kommunen konsesjon skal verta ståande.

Dersom omsynet til andre privatpersonar eller offentlege interesser tilseier det, kan klageinstansen eller overordna myndigheit gjere om underordna organ sitt vedtak til skade for den vedtaket rettar seg mot eller direkte tilgodeser, jf forvaltningslova § 35 tredje ledd.

Fyresdal kommune har tatt i bruk utradisjonelle virkemiddel for å leggje til rette for auka busetjing i kommunen, og ynskjer med kjøpet å tilby eigedomar som er attraktive for tilflytting. Det fylgjer av jordlova at det m.a. skal leggjast hovudvekt på omsynet til busetjinga, jf jordlova av 12. mai 1995 nr 23 § 1 andre ledd.

Departementet vil streke under at omsynet til busetjinga i denne saka likevel vil kunne koma i konflikt med gjeldande landbrukspolitikk som er nedfelt i St prp nr 8 (1992-93) – ”Landbruk i utvikling” og som seinare er følgt opp i jordlova, jf § 1. Det er eit mål å oppnå driftsmessig gode løysingar, redusera kostnadene og skape eit meir robust landbruk. Kommunen sine planar er ikkje i samsvar med dette også fordi planane kan føre til auka overføringar frå dei ordinære virkemidlane i landbruket som i hovudsak er ein del av jordbruksavtala. Ein syner m.a. til at det er snakk om oppdeling av eit ikkje resurssterkt bruk i 16 mindre einingar og at framtidige kjøparar må byggje bustadhus og driftsbygning. I tillegg kjem kostnader til vegar, vatn og avløp.

Ein legg difor til grunn at det er eigedommane sine busettingskvalitetar som er det sentrale for interessentane, og ikkje inntektspotensialet frå framtidig landbruksdrift. Det vil vera heilt naudsynt for dei nye brukarane å basera seg på å henta inntektene utanfor bruka. Sjølv om departementet opprettheld konsesjon på kjøpet, ser ein på kommunen sine planar som eit prøveprosjekt som må evaluerast i tråd med det som er bestemt av fylkeslandbruksstyret.

Departementet finn difor grunn til å streka under at kjøparane av dei eigedomane som vert oppretta ikkje kan rekne med å få tilskott som fell inn under dei ordinære virkemidlane i landbruket som t.d. produksjonstilskot i jordbruket. Situasjonen i denne saka er med det annleis enn i høve til eksisterande bruk. I samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet vil departementet likevel sjå nærare på moglegheitene for å gje eit eingongsbeløp som eit tilskot til kommunen si gjennomføring av planane fordi dette prosjektet ut frå omsynet til busetjinga i bygdene har overføringsverdi.

Når det gjeld spørsmålet om deling legg departementet til grunn at det ligg føre samfunnsinteresse av stor vekt, jf jordlova § 12, slik at det er grunnlag for å samtykke til deling. Ein legg elles til grunn at spørsmålet om nydyrking vert handsama som eiga sak, jf jordlova § 11 andre ledd og rundskriv M-19/97 (om nydyrking).

Framtidig sal av einingane vil vere konsesjonspliktige. Departementet legg til grunn at kommunen som seljar vil sikre at intensjonane med prosjektet vert oppfylte. T.d. gjennom avtalar m.m. som sikrar framtidig fast busetjing (også ved eigarskifte) og at arealdisponeringa og ressursutnyttinga vert utøvd i tråd med gjeldande regelverk.

Departementet legg elles til grunn at denne saka vert definert som eit prøveprosjekt som ikkje legg føringar for eventuelt liknande saker som måtte koma.

Konklusjon:

Med dei presiseringar som er gitt over, opprettheld departementet fylkeslandbruksstyret sitt vedtak av 12.03.1999, jf vedtak av 28.04.1999. Dette inneber at Fyresdal kommune er gitt konsesjon på kjøp av gnr 52 bnr 1 og 2 i Fyresdal kommune på grunnlag av dei føringane som det er gjort greie for ovanfor.


Kontaktperson: Landbruksminister Kåre Gjønnes, tlf. 22 24 91 00, mob. 91 75 26 09
Avdelingsdirektør Frode Langaker, tlf. 22 24 92 52

Lagt inn 25. mai 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen