Historisk arkiv

Landbrukspolitisk konferanse for kommunane i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Landbruksdepartementet

Pressemelding

Nr. 36
Dato 04.06.1999

Landbrukspolitisk konferanse for kommunane i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

Landbruksminister Kåre Gjønnesdeltar tirsdag den 8. juni på ein landbrukspolitisk konferanse for kommunane i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Konferansen er på Sunnfjord Hotell i Førde og tek til kl. 11.00 Pressa er invitert til å være til stades. Før sjølve konferansen blir det halde pressefrukost i Naustdal. Denne startar kl. 8.30.

Det er i år 5 år sidan kommunane overtok ansvaret for dei tidlegare statlege landbrukskontora, og dermed fekk førstelineansvaret for jord-og skogbruksnæringa. Konferansen i Førde er den siste i rekkja av i alt 5 konferansar der alle landets kommuner har vore invitert til å drøfte dei utfordringane dette har gitt kommunane. Landbruksministeren ønskjer også gjennom desse konferansane å få innspel til ei ny stortingsmelding om landbrukspolitikken. Målgruppa for konferansane er politisk og administrativ leiing i kommunane, og relevant etatsleiar.

Vedlegg:

  1. Pressefrukost: ”Britebu-mat” til landbruksminister og presse
  2. Landbruksministeren 8. juni – momentliste
  3. Program for kommunekonferansen i Førde 8. juni

Kontaktperson: Rådgjevar Ståle Norang, Landbruksdepartementet, tlf. 22 24 91 54, mob. 94 52 30 62 Førstekonsulent Hans Jakob Reite, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Landbruksavdelinga, tlf. 57 72 32 00

Lagt inn 7. juni 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen