Historisk arkiv

Statsråd Gjønnes på rundreise i Asia

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Landbruksdepartementet

Pressemelding

Nr. 61
Dato: 8. oktober 1999

Statsråd Gjønnes på rundreise i Asia

Landbruksminister Kåre Gjønnes har i perioden 3. - 6. oktober 1999 vitja Japan og Sør-Korea og hatt samtalar på politisk nivå om nasjonale og internasjonale jordbruksspørsmål, herunder dei komande jordbruksforhandlingane i Verdas handelsorganisasjon (WTO). Statsråd Gjønnes har hatt møte både med den japanske landbruksministeren Shoichi Nakagawa og kollegaen hans i Sør-Korea, Kim Shung Hoon. På møtet sto også møte med leiinga i landbrukskomiteen i parlamenta i begge land. I Japan møtte Gjønnes også leiinga i den japanske landbrukskooperativunionen, og i Sør-Korea vitja den norske landbruksministeren i tillegg Sør-Koreas statsminister, Kim Jong-pil.

– Desse samtalane stadfestar at Noreg på ingen måte er aleine i dei komande forhandlingane om å forsvara det multifunksjonelle jordbruket og behovet for nasjonalt handlingsrom i landbrukspolitikken, seier landbruksminister Kåre Gjønnes.

I dei politiske samtalane vart det peika på at Noreg, Japan og Sør-Korea har samanfallande interesser i dei komande WTO-forhandlingane på jordbruk. Desse tre landa er alle netto-importørar av jordbruksvarer og legg stor vekt på å sikre matkvaliteten og eit minimum av nasjonal sjølvforsyning om ei krise skulle oppstå. I tillegg til å sikra ein tilstrekkeleg produk-sjon av rein og trygg mat ivaretek jordbruket i desse landa også ei rekke andre viktige samfunnsoppgåver som til dømes livskraftige bygder og eit levande kulturlandskap. Jordbrukslandskapet har både historiske, estetiske og kulturelle verdiar, samstundes som ein stor del av det biologiske mangfaldet er avhengig av dette landskapet. Vidare er tradisjon, identitet og kulturarv i stor grad knyta til primærnæringane, noko som vart sterkt understreka frå japansk og sørkoreansk side. Det er difor all grunn til å hevda at jordbruket i desse tre landa er multifunksjonelt.

På grunn av denne særstillinga til jordbruket vil det vera naudsynt med permanent særbehandling av denne sektoren i WTO. Eit rettferdig handelssystem for jordbruksvarer må gje rom for aktivt jordbruk, over heile landet, også i høgkostland som Noreg, Sør-Korea og Japan. Alle desse tre landa har eit småskalajordbruk som ikkje vil overleva utan støtte og eit solid grensevern. Gjennom to ekskursjonar fekk den norske landbruksministeren på nært hald oppleve at Noreg ikkje står i nokon særstilling når det gjeld vanskelege driftstilhøve i jordbruket.


Kontaktperson:
Landbruksminister Kåre Gjønnes, 91 75 26 09 (mobil), 22 56 66 52 (priv)
Politisk rådgiver Elin Kleven, 95 74 63 32 (mobil), 67 15 09 14 (priv)
kan treffes etter at flyet lander klokken 18.15 på Gardermoen flyplass 8.10.

Lagt inn 8. oktober 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen