T-1277 Arealbruk i flystøysoner
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik I
Utgjevar: Miljøverndepartementet
Retningslinjer etter plan- og bygningslova om arealbruk i flystøysoner
Rundskriv | Dato: 08.03.1999
Status: Ugyldig/oppheva - erstatta av Retningslinje for behandling av støy i arealplanlegging (T-1442/2005)
Forord
Støy, dvs. uønska lyd, er eit av dei miljøproblema som rammar flest menneske i Noreg. Støy kan mellom anna forstyrre søvn, samtale, undervisning, konsentrasjon og innlæring. Støy gir psykososiale og fysiologiske verknader, som t.d. irritasjon, trøttleik, stress og kan gi hørselsskade. Statens forureiningstilsyn har vurdert dei samla helsekostnadene av støy til 2,5 mrd. kroner årleg.
Desse retningslinjer gjeld for planlegging av arealbruk og handsaming av enkeltsaker etter plan- og bygningslova, og er eit av mange verkemiddel for å hindre eller redusere støyplager for folk. Sjølv om kommunane følgjer desse retningslinjene og legg arealbruken i støysonene opp etter dei, vil det fortsett vere ein mindre del av befolkninga som vil oppfatte støytilhøva som sjenerande. Kommunane bør derfor vurdere kva for støyplager som kan oppstå ved ulik arealbruk også i områda utafor støysonene.
Retningslinjene skal brukast ved planlegging av ny flyplass med ei trafikkmengd på meir enn 25 flyrørsler totalt i den samanhengande tre-månadersperioden som har mest trafikk og ved vesentleg utviding av eksisterande flyplass med slik trafikkmengd. Retningslinjene gjeld òg ved planlegging av område eller bygning med støyfølsamt bruksformål ved eksisterande flyplass med slik trafikkmengd. Helikopterlandingsplassar blir òg rekna som flyplass i denne samanhengen. Retningslinjene gjeld i utgangspunktet også for helikopterlandingsplassar på sjukehus, men det vil bli gitt nærare retningslinjer for fylkesmannen si motsegn i slike tilfelle i eige rundskriv om fylkesmannen si rolle i støysaker, jf. nedanfor.
Kommunane bør som ansvarlege plan- og kontrollstyresmakter syte for å følgje retningslinjene ved arealplanlegging og handsaming av enkeltsaker. Kommunane er ansvarlege for at støy blir vurdert på lik linje med andre planhensyn, og at det blir laga nødvendige støyutgreiingar. "Kommunane" kan i dette rundskrivet også tyde fylkeskommunane. Fylkeskommunane har innafor sine område ansvar for oversiktsplanlegging med samordnande funksjon, jf. § 19-1 i plan- og bygningslova, og skal hjelpe kommunane og fylkesmannen i planfaglege spørsmål.
For støysaker etter plan- og bygningslova, er fylkesmannen fagleg stasstyresmakt. Fylkesmannen skal sjå til at reglar om planlegging og handsaming av enkeltsaker blir følgd, og har ansvaret for å sjå til at statlege fagstyresmakter og kommunar følgjer retningslinjene i dette rundskrivet. Fylkesmannen si miljøvernavdeling vil kunne gi råd og rettleiing ved bruk av retningslinjene. Dersom retningslinjene ikkje er følgt i dei kommunale planane, kan fylkesmannen eller annan statleg fagstyresmakt reise motsegn mot planen. Det vil bli gitt nærare retningslinjer for når fylkesmannen skal reise slik motsegn i eit eige rundskriv om fylkesmannen si rolle i støysaker. Inntil det ligg føre, gjeld T-1/86 Retningslinjer for fylkesmannens medvirkning som statlig fagmyndighet ved planer etter bygningsloven og vegloven. Også rundskriv T-5/95 Retningslinjer for bruk av innsigelse i plansaker etter plan- og bygningsloven gjeld. Om klagerett etter plan- og bygningslova for fylkeskommunen og statleg fagstyresmakt gjeld § 15 i plan- og bygningslova.
Planarbeidet må sjåast i samanheng med Luftfartsverket og Forsvaret sine restriksjonsplanar for den enkelte flyplass. Luftfartsstyresmaktene pliktar å ha eit nært samarbeid med forureinings- og helsestyresmakter i kommunar, fylke og stat, jf. kapittel II i plan- og bygningslova. Også luftfartsstyresmaktene kan gi råd ved bruk av retningslinjene.
1. Formål, definisjonar og verkeområde
1.1 Formål
Desse retningslinjene gjeld arealbruk i støysoner rundt flyplassar og skal leggjast til grunn ved planlegging og handsaming av enkeltsaker etter plan- og bygningslova. Formålet med retningslinjene er å førebyggje skadeverknader av støy gjennom å lokalisere nye flyplassar og utnytte areala rundt eksisterande flyplassar på ein slik måte at folk ikkje blir unødig plaga av støy ved avvikling av flytrafikk fordi flyplassen er innebygd.
1.2 Verkeområde
Retningslinjene gjeld planlegging av arealbruk og handsaming av enkeltsaker etter plan- og bygningslova. Tilhøvet til anna lovverk er omtala i vedlegg 1.
Kommunane skal bruke retningslinjene når dei handsamar planar for:
- Område eller bygning med støyfølsamt bruksformål ved eksisterande flyplass.
- Ny flyplass eller endring av eksisterande flyplass som aukar støynivåa merkbart.
Kommunane skal leggje retningslinjene til grunn ved handsaming av fylkes(del)planar, kommune(del)planar, reguleringsplanar og utbyggingsplanar. Kommunane skal også bruke retningslinjene ved handsaming av enkeltsaker (som t.d. frådelings-, byggje- og dispensasjonssøknader og søknader om bruksendring) i regulerte og uregulerte område ved eksisterande flyplassar.
Ansvarleg styresmakt skal nytte retningslinjene til å vurdere om saker skal konsekvensutgreiast etter vedlegg II i forskrift om konsekvensutgreiingar. Retningslinjene skal vidare leggjast til grunn for tiltakshavar sitt utgreiingsarbeid etter kapittel VII-a i plan- og bygningslova. Kommunane bør også leggje retningslinjene til grunn i overordna planar og utgreiingar som legg premissar for den konkrete planlegginga etter plan- og bygningslova.
Retningslinjene gjeld planlegging av nye eller utviding av eksisterande flyplassar med ei trafikkmengd på meir enn 25 flyrørsler totalt i den samanhengande tre-månadersperioden som har mest trafikk. Retningslinjene gjeld òg ved planlegging av område eller bygning med støyfølsamt bruksformål ved eksisterande flyplass med slik trafikkmengd. Fylkesmannen kan avgjere at retningslinjene i særlege høve gjeld sjølv om trafikkmengda er 25 flyrørsler eller mindre i tre-månadersperioden.
1.3 Definisjonar
I desse retningslinjene tyder:
Bygning med støyfølsamt bruksformål: Bustad, hotell, skule, barnehage, helseinstitusjon, fritidsbustad, kyrkje, kulturbygg og andre bygningar med tilsvarande bruksformål.
Område med støyfølsamt bruksformål: gravlund, friområde og friluftsområde jf. § 25 nr. 4 og 6 i plan- og bygningslova , område bandlagt til friluftsføremål etter § 20-4 nr. 4 eller 5, m.v. og område som i arealdelen til kommuneplan er lagt ut som LNF-område etter § 20-4 nr. 2 og som er vurdert/markert som område som er særleg viktig som friluftsområde eller som er utpeikt som aktuelt for seinare regulering til friområde eller friluftsområde.
Flyplass: Alle typar sivil og militær landingsplass på sjø og på land for motordrive luftfartøy.
MFN: Forkorting for måleeining for maksimalt flystøynivå. Nærare definisjon er gitt i vedlegg 2.
EFN: Forkorting for måleeining for ekvivalent flystøynivå. Nærare definisjon er gitt i vedlegg 2.
Flystøysoner/støysoner: Område rundt flyplassar definert ut frå støynivå i måleeiningane EFN og MFN.
Flyrørsle: Ein avgang eller ei landing.
2. Støysonekart og inndeling i støysoner
Som ledd i planarbeidet skal kommunane sjå til at det er utarbeida støysonekart. Kommunane si planlegging og handsaming av enkeltsaker i støysonene skal skje på grunnlag av støysonekart.
På støysonekarta skal ein dele områda rundt ein flyplass inn i ulike støysoner. Støysonene er kalla I, II, III og IV rekna utanfrå og inn mot rullebanen, slik at sone IV er den mest støybelasta støysona, jf. tabellen under. Når minst eitt av kriteria for den aktuelle støysona er oppfylt, fell arealet innafor sona.
Støysone I |
Støysone II |
Støysone III |
Støysone IV |
EFN frå 50 t.o.m. 60 dB(A) eller MFN frå 80 t.o.m. 95 dB(A) (dag*) |
EFN frå 60 t.o.m. 65 dB(A) eller MFN frå 95 t.o.m. 100 dB(A) (dag*) eller MFN frå 80 t.o.m. 85 dB(A) (natt*) |
EFN frå 65 t.o.m. 70 dB(A) eller MFN frå 100 t.o.m. 105 dB(A) (dag*) eller MFN frå 85 t.o.m. 100 dB(A) (natt*) |
EFN frå 70 dB(A) eller MFN frå 105 dB(A) (dag*) eller MFN frå 100 dB(A) (natt*) |
*) Dag blir rekna frå kl. 07.00 til kl. 22.00, natt frå kl. 22.00 til kl. 07.00.
For statleg eigde flyplassar har flyplasseigar ansvar for å utarbeide og oversende støysonekart, jf. vedlegg 3, til kommunane. For ikkje-statlege flyplassar har kommunane ansvar for at det blir utarbeidd støysonekart. I vedlegg3 er det gjort nærare greie for ansvar og prosedyrar for utarbeiding av støysonekart. Luftfartsverket kan gi råd om utarbeiding av støysonekart.
I einskilde høve kan den som er ansvarleg for å utarbeide støysonekart lage eit forenkla støysonekart for flyplassar med lite trafikk, jf. vedlegg 4.
3. Retningslinjer for arealbruk
Ved planlegging av område og bygningar med støyfølsamt bruksformål, er utgangspunktet at utandørsareala skal ha eit tilfredsstillande støynivå. Område med støyfølsamt bruksformål bør ikkje etablerast i nokon av støysonene.
Ved etablering av ny flyplass eller vesentleg utviding av eksisterande flyplass, bør støynivået inne i eksisterande bygningar med støyfølsamt bruksformål i alle støysoner haldast innafor dei vegleiande støygrensene for rehabilitering av eldre hus i NS 8175, jf. byggjeforskrifta. For ny busetnad gjeld byggjeforskrifta og NS 8175 for innandørs støynivå.
Støysone I
I støysone I må kommunane ut frå ei totalvurdering der ein mellom anna bør leggje vekt på dei støyplager folk kan bli utsett for, avgjere om bygging/etablering av nye bygningar med støyfølsame bruksformål er tilrådeleg. På same måte må kommunane vurdere om etablering av flyplass eller utviding som aukar støynivåa merkbart ved eksisterande flyplass, slik at bygningar med støyfølsame bruksformål hamnar i sone I, er tilrådeleg.
Støysone II
I støysone II bør kommunane ikkje tillate etablering av nye bygningar med støyfølsame bruksformål. Kommunane bør heller ikkje tillate etablering av flyplass eller utviding som aukar støynivåa merkbart ved eksisterande flyplass, slik at bygningar med støyfølsame bruksformål hamnar i sone II.
I område som allereie er utbygd der det er stor mangel på alternative utbyggingsareal, kan kommunane i støysone II tillate oppføring av nye enkeltbygningar eller eit fåtal nye bygningar med støyfølsamt bruksformål, ombygging av eksisterande bygningar for å etablere fleire bueiningar og bruksendring av eksisterande bygningar.
Støysone III
I støysone III skal kommunane ikkje tillate etablering av nye bygningar med støyfølsame bruksformål. Kommunane skal heller ikkje tillate etablering av flyplass eller utviding som aukar støynivåa merkbart ved eksisterande flyplass, slik at bygningar med støyfølsame bruksformål hamnar i sone III.
Kommunane kan tillate gjenoppbygging, ombygging og utviding av eksisterande bygningar dersom det ikkje blir etablert fleire bueiningar, og kan regulere eksisterande bustader til bustadformål.
Støysone IV
I støysone IV skal kommunane ikkje tillate etablering av nye eller gjenoppbygging, ombygging og utviding av eksisterande bygningar med støyfølsame bruksformål.
4. Planlegging og handsaming etter plan- og bygningslova
4.1 Innleiing
Kommunane skal leggje retningslinjene og dei til ei kvar tid gjeldande støysonekart til grunn for planlegging og handsaming etter plan- og bygningslova, slik at det ikkje blir skapt støyproblem. Dersom ei planlagt utbygging av bygningar med støyfølsamt bruksformål likevel fell innafor støysonene, må kommunane avklare kva for ei støysone det gjeld og syte for at støyvurderingar og eventuelle tiltak blir sett i verk for å oppnå innandørs støynivå i tråd med byggjeforskrifta og NS 8175. Det same gjeld dersom etablering eller utviding av flyplass fører til at bygningar eller område med støyfølsamt bruksformål fell innafor støysonene.
Som hovudregel skal kommunane etablere eit støybetinga restriksjonsområde rundt flyplassen. Dette vil gi kommunane høve til å styre arealutnyttinga betre og såleis hindre bygging av bygningar med støyfølsame bruksformål i støyutsette område.
Eit støybetinga restriksjonsområde bør inkludere dei mest støyutsette areala rundt flyplassen, der kommunane har planlagt at nye støyfølsame formål ikkje skal etablerast eller eigedomar til slike formål delast. Avgrensinga av restriksjonsområdet må basere seg på ei samla vurdering av støyulempene mot andre lokale tilhøve. Restriksjonsområdet bør få ei naturleg avgrensing, dvs. at ein tek omsyn til t.d. topografiske tilhøve.
Kommunane kan etablere støybetinga restriksjonsområde ved å bandleggje området i kommuneplanen sin arealdel etter § 20–4 nr.4 med sikte på at dette på eit seinare tidspunkt blir regulert til spesialområde/restriksjonsområde flystøy. Kommunane kan også regulere området som spesialområde/restriksjonsområde flystøy etter § 25 nr.6 i plan- og bygningslova. I tilknyting til reguleringsplanen kan kommunane vedta reguleringsføresegner som inneheld dei nødvendige restriksjonar. Det er høve til å kombinere spesialområde/restriksjonsområde flystøy med andre arealbrukskategoriar, jf. § 25 i plan- og bygningslova under føresetnad av at desse arealbrukskategoriane ikkje er i strid med retningslinjene i dette rundskrivet. Dersom eit område er regulert som støybetinga restriksjonsområde, kan området i kommuneplanen sin arealdel merkast av som område som er bandlagt til restriksjonsområde i samsvar med reguleringsplan.
4.2 Kommuneplanen sin arealdel
Kommunane bør innarbeide arealbruk i tråd med desse retningslinjene i kommuneplanen sin arealdel for område innafor støysonene, anten gjennom kommunedelplan eller i samanheng med revisjon av kommuneplanen, jf. kapittel VI i plan- og bygningslova. Dette bør vere gjennomført seinast 2 år etter at nytt støysonekart er utarbeidd. Avgrensinga av støysonene skal framgå av arealplankartet.
I dei tilfella der område innafor støysonene er utlagt til byggjeområde i kommuneplanen sin arealdel, bør kommunane fastsetje at arbeid og tiltak som nemnt i §§ 86a, 86b og 93 i plan- og bygningslova, og frådeling frå slike formål, ikkje kan gjerast før området inngår i reguleringsplan, jf. § 20–4 andre leddet bokstava i plan- og bygningslova.
4.3 Reguleringsplan og utbyggingsplan
Kommunane bør innarbeide arealbruk i tråd med desse retningslinjene i reguleringsplanar og utbyggingsplanar for område innafor støysonene, jf. plan- og bygningslova kapittel VII. Kommunane skal syne støysonene på reguleringsplankartet.
Ved eventuell oppføring av bygningar med støyfølsame bruksformål innafor støysonene, skal kommunane fastsetje i reguleringsføresegnene med heimel i § 26 i plan- og bygningslova, at nødvendige støytiltak skal bli sett i verk samstundes med utbygginga for å sikre akseptabelt støynivå inne, jf. byggjeforskrifta.
4.4 Handsaming av dele- og byggjesaker i flystøysoner
Fram til arealbruk i tråd med desse retningslinjene er nedfelt i bindande planar i område med støysoner, bør kommunane leggje retningslinjene til grunn for handsaming av enkeltsaker. § 68 i plan- og bygningslova gir kommunane heimel til å nekte dele- og byggjeløyve dersom det ligg føre vesentleg ulempe som følgje av flystøy. Kommunane bør derfor leggje retningslinjene i dette rundskrivet til grunn for vurderinga dei skal gjere etter § 68.
Kommunane bør avslå dele- og byggjesøknader dersom arealbruken i støysonene er i strid med desse retningslinjene, eventuelt leggje ned førebels dele- og byggjeforbud etter § 33 i plan- og bygningslova med sikte på å utarbeide reguleringsplan eller revidere arealdel til kommuneplanen.
Dersom kommunane gir delings- og byggjeløyver i strid med desse retningslinjene, skal kommunane sende løyva til fylkesmannen, slik at fylkesmannen kan vurdere om vedtaket skal klagast inn til Miljøverndepartementet, jf. § 15 i plan- og bygningslova.
4.5 Avbøtande tiltak ved regulering av ny flyplass eller vesentleg utviding av eksisterande flyplass
Kommunane kan i reguleringsplan gi føresegner og setje vilkår etter § 26 i plan- og bygningslova om støyavbøtande tiltak i områda rundt flyplassen. I samband med utarbeiding av reguleringsplanar for ny flyplass eller ved utviding som aukar støynivåa merkbart ved eksisterande flyplass, og som gjer at kommunane må handsame reguleringsplanen på nytt, er det derfor viktig at kommunane syt for at reguleringsplanen omfattar dei områda rundt flyplassen der det vil kunne vere aktuelt å gjennomføre støyavbøtande tiltak.
Når kommunane utformar føresegner/vilkår bør dei leggje følgjande til grunn:
- For bygningar med støyfølsame bruksformål i støysone II, III og IV bør behovet for støyavbøtande tiltak bli vurdert slik at støynivået inne blir haldne innafor dei vegleiande støygrensene for rehabilitering av eldre hus i NS 8175, jf. byggjeforskrifta. Dersom kostnadene ved støyisolering eller andre avbøtande tiltak ikkje står i rimeleg tilhøve til dei reduserte støyulempene, kan dei vegleiande støygrensene NS 8175 avvikast med inntil 5 dB.
- I støysone IV vil det kunne vere formålstenleg å forhandle fram kjøp som eit alternativ til støyisolering.
- Dei støyavbøtande tiltaka skal vere utført seinast samstundes med at flyplassen eller utvidinga av flyplassen er ferdigstilt.
5. Høve til unntak og motsegn
5.1 Høve til å gjere unntak frå retningslinjene
Dersom ei samla vurdering av dei lokale tilhøva viser store fordelar ved anna arealbruk enn det som framgår av kapittel 3, kan kommunane i særlege tilfelle gjere unntak frå retningslinjene for arealbruk i støysonene. Støynivåa inne i bygningar med støyfølsamt bruksformål skal likevel tilfredsstille krava i byggjeforskrifta, slik det framgår av kapittel 3. Dersom den arealbruken som er synt i arealplan eller reguleringsplan er i strid med retningslinjene, må kommunane gjere nærare greie for dette i plandokumenta.
I tilfelle der kommunane finn at arealutnyttinga i støysonene er tilstrekkeleg under kontroll utan å leggje området ut til støybetinga restriksjonsområde, jf. kapittel 4.1, kan dei la vere å regulere til restriksjonsområde.
5.2 Motsegn
Dersom kommunane gjer unntak frå retningslinjene kan det danne grunnlag for motsegn frå statlege styresmakter med kompetanse til motsegn på dette området.
6. Oppheving av andre rundskriv
Rundskrivet erstattar T-22/84 og pkt. 4.1 i Rikspolitiske retningslinjer for planlegging i forbindelse med hovedflyplass på Gardermoen.
Vedlegg
Vedlegg 1 Omtale av tilgrensande regelverk
Retningslinjene om arealbruk i flystøysoner må sjåast i samanheng med andre lover og reglar. Dei mest aktuelle reglane er:
1. Forureiningslova
Konsesjonsbehandling
Flyplassverksemd krev vanlegvis utsleppsløyve etter § 11 i forureiningslova, m.a. for bruk av kjemikalier for avising og handsaming av overvann frå flyplassområdet. Retningslinjer for avgrensing av støy frå industri m.v. (TA 506) kan i slike tilfelle bli lagt til grunn for m.a. vedlikehald av fly. Statens forureiningstilsyn (SFT) gir løyve til ureining frå flyplassverksemd, medan Miljøverndepartementet er klageinstans.
Forskrift om grenseverdiar for lokal luftforureining og støy (grenseverdiforskrifta)
Forskrifta som er fastsett i medhald av forureiningslova, er ei oppryddingsforskrift for eksisterande forureining og set grenseverdiar for lokal luftkvalitet og støy. Forskrifta omfattar landingsplassar som går inn under luftfartslova, med inn- og utflygingstraséar, tilhøyrande trafikkareal m.v. Eigarar av slike anlegg skal avklare om det ligg føre kartleggingsplikt, og eventuelt gjennomføre kartlegging og utgreiing av tiltak. Om naudsynt skal anleggseigar gjennomføre tiltak for å tilfredsstille tiltaksgrensene i forskrifta. Der det er fleire typar anlegg som saman medverkar til overskridingar (t.d. fly/veg, fly/jernbane) skal anleggseigarane samarbeide om kartlegging, og utgreiing og gjennomføring av tiltak.
Fylkesmannen kan svare på spørsmål om korleis reglane er å forstå.
2. Lov om helsetenesta i kommunane (kommunehelsetenestelova)
Kapitlet i lova om miljøretta helsevern (kap. 4A) pålegg kommunen å ha tilsyn med dei faktorar som kan verke direkte eller indirekte inn på helsa. Lova gir kommunen heimel til å gi pålegg om å utarbeide konsekvensutgreiing eller til å påleggje at tilhøve ved eigedom eller verksemd blir retta dersom det direkte eller indirekte verkar negativt inn på helsa.
Støy frå flyplassar vil kunne falle inn under desse føresegnene. Dersom ein kommune (ev. delegert til lokal helsestyresmakt) gir pålegg om utgreiing eller tiltak ved ein flyplass, må dette grunngjevast konkret med tilhøve som verkar inn på helsa. Det må òg tilfredsstille prinsippa i forvaltningslova, og m. a. sjåast i høve til krav etter plan- og bygningslova og forureiningslova. Heimelen til å påleggje konsekvensutgreiing gir kommunen grunnlag for å krevje at flyplasseigar utarbeider støysonekart. Fylkesmannen er klageinstans for vedtak etter kommunehelsetenestelova.
Kommunale helsestyresmakter kan svare på spørsmål om korleis reglane er å forstå.
3. Luftfartslova
Samferdselsdepartementet gir løyve for drift av landingsplass til allmenn bruk. Luftfartsverket gir løyve for drift av landingsplass til ikkje-allmenn bruk (småfly, landingsplassar for helikopter m.m.), ut frå korleis plassen er tilrettelagt, aktivitetsomfang, m.m. Søknaden frå tiltakshavar, som skal byggje på godkjend reguleringsplan, skal sendast fylkesmannen til vurdering før Luftfartsverket eller Samferdselsdepartementet slutthandsamar søknaden. Det er etter luftfartslova høve til å stille krav om ulike miljøforhold, t.d. utarbeiding av støysonekart. Krav om utarbeiding av støysonekart har likevel ikkje vore stilt i praksis. Det kan utarbeidast eigne forskrifter med særlege vilkår til drift av flyplassen, flytraséar o.l.
Luftfartsverket kan svare på spørsmål om korleis reglane er å forstå.
4. Plan- og bygningslova
Forskrift om konsekvensutgreiing
Etter forskrift om konsekvensutgreiingar skal større tiltak konsekvensutgreiast for å klargjere eventuelle vesentlege konsekvensar for miljø, naturressursar eller samfunn. Konsekvensutgreiinga skal sikre at det blir teke omsyn til disse verknadene under planlegging av tiltaket, og når det blir tatt stilling til om og eventuelt på kva vilkår tiltaket kan gjennomførast. Forskrifta inneber utvida sakshandsamingsreglar for tiltak, der utbyggar sjølv skal stå for utgreiingsarbeid og kostnader. Etter § 4 i forskrifta skal tiltak som framgår av vedlegg II til forskrifta meldast og konsekvensutgreiast dersom det gir merkbar auke i talet på personar som blir utsett for støy over nivåa som gjeld for flystøy etter Miljøverndepartementet sitt rundskriv T-22/84 om flystøy, eller som gir vesentleg auke i støynivå for personar som i dag blir utsett for høgare støy enn desse nivåa. Forskrifta syner i dag altså til dei gamle retningslinjene, men dette vil bli endra ved revisjon av forskrifta.
Når det elles gjeld krav for tiltak som skal konsekvensutgreiast, framgår det av § 2 i forskrifta og vedlegg I at flyplassar med rullebane på 1.600 meter eller lengre alltid skal konsekvensutgreiast. Flyplassar med investeringskostnader på meir enn 100 millionar kroner skal etter § 3, jf. vedlegg II, konsekvensutgreiast dersom dei fell inn under eitt eller fleire av kriteria i § 4, dvs. dersom flyplassen skal lokaliserast i eller kjem i konflikt med visse verna område/objekt, visse friluftsområde, dersom den medfører vesentleg forureining eller kjem i konflikt med dei gamle flystøyretningslinjene.
Fylkesmannen kan svare på spørsmål om korleis reglane er å forstå.
Forskrift om krav til byggverk og produkt til byggverk (byggjeforskrifta)
Bygning og/eller brukarområde som er del av bygning, skal skjermast mot støy og vibrasjonar utafrå eller som oppstår ved forventa bruk av bygningen. Det skal leggjast særleg vekt på behovet til brukarane for tilfredsstillande lydtilhøve ved arbeid, søvn, kvile og rekreasjon. At krava er tilfredsstilt kan dokumenterast ved at byggverket blir utført i samsvar med spesifikasjonar som er allment akseptert for å gi tilfredsstillande lydtilhøve eller ved analysar som kan verifiserast og/eller utrekningar som dokumenterer at andre spesifikasjonar gir tilfredsstillande lydtilhøve. Dei tekniske krava i forskrifta er å sjå på som oppfylte dersom det blir nytta produkt i samsvar med kapittel V om produkt til byggverk, og metodar og utføringar i samsvar med Norsk Standard, likeverdig standard eller europeisk teknisk godkjenning.
Statens bygningstekniske etat kan svare på spørsmål om forskrifta.
Vedlegg 2 Definisjon EFN og MFN
Utrekna ekvivalent flystøynivå ( EFN) er eit gjennomsnittleg A-vege lydnivå av flystøyhendingar over døgnet basert på dimensjonerande gjennomsnittleg veke over ein vald periode på 3 månader, jf. definisjon av middelperiode i vedlegg 3. Vidare skal det korrigerast med ein tidsavhengig variabel som vist i figuren nedanfor. Flystøyhending er all støy frå fly, inkludert taksing og motortesting.
Den matematiske uttrykksforma blir:
EFN = 10 lg
i = dag 1-7
t = tid
T = 24 timar
Po = referanselydtrykket 20 m Pa
Pi = løpande A-vege lydnivå
Ki = vegefaktor definert i figuren nedanfor
På søndagar er vegefaktoren 3 mellom kl. 09.34 og 19.20. Desse tidspunkta kjem fram på følgjande måte: Vegefaktoren for dagtid er sett til 3. Nedtrappinga av vegefaktoren frå nattverdien til dagverdien følgjer same gang som på kvardagar, men startar to timar seinare (kl. 08.00). Nedtrappinga er då fullført kl. 09.34. Opptrappinga av vegefaktoren igjen søndag kveld skjer på same måte som på kvardagar, starttidspunktet blir derfor kl. 19 20.
Makismalt støynivå ( MFN) er det høgaste A-vegde lydnivået av flystøyhendingar som førekjem minst 3 gonger i løpet av ei gjennomsnittleg veke.Ved måling blir det nytta det tredje høgaste av dei 7 observerte maksimalnivåa kvart døgn over ei veke med lydnivåmålar innstilt på SLOW. For sivile flyplassar der det blir floge færre enn 3 dagar i gjennomsnitt pr. veke, blir MFN sett lik maksimalt A-vege lydnivå.
Vedlegg 3 Ansvar og prosedyrar for utarbeiding og metodar for utrekning av støysonekart for statleg eigde flyplassar
For statleg eigde flyplassar skal framgangsmåtane i dette vedlegget leggjast til grunn når støysonekart blir utarbeidde og reviderte. For ikke-statlege flyplassar skal framgangsmåtane leggjast til grunn så langt det passar. For flyplassar med liten trafikk kan eit forenkla støysonekart nyttast, jf. vedlegg 4.
1. Utrekningsgrunnlag
Flyplasseigar fastlegg eit utrekningsgrunnlag ut frå situasjonen i dag, dvs. gjeldande traséar, prosedyrar for inn- og utflyging, banebruk, flytypar, opningstider, talet på flyrørsler osb.:
- Grunnføresetnader, situasjonen i dag
Denne situasjonen blir valt så nær opp til den reelle situasjonen i dag som mogeleg, gitt av tilgjengeleg statistisk materiale frå dei aktuelle luftfartsinstansar - Luftfartsverket og Forsvarets bygningsteneste.
I nokre tilfelle kan også andre instansar, særleg operatørselskapa, medverke når det gjeld utrekningsgrunnlaget.
- Traséar
Traséar for landing og avgang med dei enkelte flytypar eller flytypekategoriar blir utarbeidde med grunnlag i Luftfartsverkets Aeronautical Information Publication (AIP), Forsvarets Standing Orders Flying (SOF) og operatørselskapa sine eigne prosedyrar. Ved dei sivile og militære flyplassane tilrettelagt for instrumentflyging skal variasjon i flytraséar for den enkelte inn- og utflygingsprosedyre uttrykkjast ved hjelp av spreiingsmodell definert i ECAC Doc. 29.
Det vil elles ofte vere naudsynt å samarbeide om desse traséføresetnadenemed flygeleiarar og militær operasjonsinstans, og dei ansvarlege for prosedyrar eller operasjonar i flyselskapa.
- Middelperiode, trafikkmengd, flytypar
Ved utrekning av støysonekart skal føresetnadene definert ved den dimensjonerande veka leggjast til grunn. Den dimensjonerande veka blir bestemt på følgjande måte: Den samanhengande 3-månaders perioden som har størst trafikk i sommarmånadene (1. mai - 30. september) blir valt ut. Berre heile månader skal reknast med. Trafikksituasjonen i den dimensjonerande veka blir fastlagt som ein middelverdi av desse tre månadene. Kjelde for denne informasjonen vil vanlegvis vere Luftfartsverkets tårnjournal. Denne gir dei naudsynte informasjonar om flytypar, trafikkmengd og -frekvens, og tidspunkt for dei enkelte rørsler (døgnfordeling).
Militærtrafikk over kortare periodar i sommarmånadene som er ujamn, men som det likevel kan utarbeidast prognosar for, skal inngå som eit gjennomsnitt for aktiviteten og midlast over den dimensjonerande 3-månaders perioden. Dersom det er meir enn 2 år mellom kvar gong det er militær øvingstrafikk ved ein flyplass, kan ein sjå bort frå denne. Den dimensjonerande 3-månaders perioden skal søkjast lagt slik at den omfattar den tida då militære øvingar føregår.
I spesielle tilfelle kan trafikken vere større på vinterstid. På grunn av noko reduserte ulemper, blir vintertrafikken lagt til grunn berre dersom den er meir enn dobbelt så stor som sommartrafikken i tilsvarande dimensjonerande 3-månaders periode.
2. Prognosegrunnlag
Flyplasseigar skal skaffe eit prognosegrunnlag for situasjonen i framtida, normalt 20 år fram i tida:
- for siviltrafikk basert på prognosar frå Luftfartsverket
- for militærtrafikk basert på prognosar frå Forsvarets bygningsteneste.
Dersom ein i særlege tilfelle reknar ut den framtidige situasjonen for meir eller mindre enn 20 år, bør dette grunngjevast særskilt.
Prognosert trafikk blir bestemt ut frå situasjonen i dag med flytypar, prosedyrar og rutemønster, talet på rørsler og tida deira på døgnet. Den prognoserte multiplikasjonsfaktoren blir fastsett for dei ulike fly- og trafikktypar (sivil og militær trafikk). Der det er naturleg, reknar ein ut både sivile og militære delar separat, og summerer desse. Utrekningar skal gjerast både for situasjonen i dag og for situasjonen i framtida.
Prognosert trafikk 10-20 år fram i tid blir bestemt ut frå høgaste realistiske alternativ og flytypar basert på forventa utskifting fram til referanseåret. Dagens prosedyrar og rutemønster skal leggast til grunn, dersom det ikkje er konkrete planar om å endre dei vesentleg.
3. Utarbeiding av støysonekart
Ut frå utrekningsgrunnlaget og prognosane utarbeider flyplasseigaren støysonekart for perioden ut frå situasjonen i notid og framtid, som viser støysonene som definert lenger framme i retningslinjene. Det skal utarbeidast eit kart for situasjonen i notid, eit for situasjonen i framtida, og eit som er ein "verste tilfelle" kombinasjon av dei to. Det er kartet med "verste tilfelle" situasjonen som skal leggjast til grunn for kommunane si arealplanlegging.
Ved utrekninga skal ein også ta omsyn til støyande aktivitetar som køyring av aggregat, taksing, motortesting m.v. Det skal dessutan i størst mogeleg grad takast omsyn til topografiske tilhøve som kan verke inn på støyeffekten.
Ved utrekning av EFN skal verknaden frå alle registrerte flytypar og -rørsler innafor utrekningsperioden takast med. For kvar flytype skal standard landingsprofilar nyttast der det er naturleg. Avgangsprofilar skal veljast ved å tilpasse kvar flytype sine typiske gjennomsnittlege avgangsvekter og normale operasjonar, elles skal flytype- og operasjonstilpassa profilar nyttast.
Dersom vintermånadene er dimensjonerande for EFN, skal 3 dB(A) trekkjast frå resultatet.
Ved utrekning av MFN skal same dimensjonerande veke som for EFN nyttast. Den tredje mest støyande flyrørsla på kvar trasé skal leggast til grunn for utrekningane. For kvar flytype skal ein avgangsprofil som er avstemt mot typisk gjennomsnittleg avgangsvekt nyttast. MFN-utrekninga for flyplassen vil vere ein kombinasjon av MFN-utrekningar for kvar flytype, basert på trafikk- og traséfordelingar for flya.
Ved behov kan det gjennomførast tilleggsutrekningar med alternative føresetnader med omsyn til traséval og prosedyrar for inn- og utflyging, banebruk, flytypar, opningstider og andre viktige tilhøve med innverknad på støyulempene. Deretter kan kommunen be flyplasseigar uttale om det kan vere grunnlag for å endre føresetnadene slik at det blir teke meir omsyn til helse og miljø.
Ved usemje om føresetnadene for støysonekart for dei statlege flyplassane, skal flyplasseigar leggje saka fram for Samferdselsdepartementet til avgjerd (sivile statlege flyplassar) eller Forsvarsdepartementet (militære statlege flyplassar). Avgjersla skal takast i samråd med Miljøverndepartementet.
Ved utrekningar skal det til ei kvar tid godkjende utrekningsprogram og database nyttast. Luftfartsverket og Forsvarets bygningsteneste fastset i samråd med Statens forureiningstilsyn og Folkehelsa kva utrekningsprogram og kva database som skal brukast.
I tillegg til støysonekart som omtalt ovanfor, har kommunar og byggherrar bruk for separate støybelastningskart. For bruk i kommunane bør flyplasseigar utarbeide separate støybelastningskart som syner dei konturar for EFN, MFNdag og MFNnatt som er grunnlag for flystøysoneavgrensinga. For at byggherrar skal kunne planleggje nye bygningar som tilfredsstiller krava i byggjeforskrifta og NS 8175 i støybelasta område i og utafor støysonene, bør flyplasseigar også utarbeide separate støybelastningskart for L A, ekv, 24t og L A, maks som definert i NS 8175. Desse støybelastningskarta bør syne konturar for L A, ekv, 24t frå til dømes 50 dB og for L A, maks frå til dømes 65 dB. Nedre grense er avhengig av eigenskapane til dei dimensjonerande flytypane og standard fasadeisoleringsevne. Metodar for utrekning av dei ulike støybelastningskarta er dei same som for utarbeiding av støysonekart. Ein bør merka konturane med 5dB intervall på alle støybelastningskarta. For flyplassar der forenkla metode nyttast, jf vedlegg 4, vil det normalt ikkje være nødvendig å utarbeide separate støybelastningskart.
4. Oversending til kommunen
Forslag til støysonekart med utreknings- og prognosegrunnlag skal leggjast fram for dei aktuelle kommunane til uttale. Flyplasseigar skal oversende endeleg støysonekart til dei aktuelle kommunane og vedkomande fylkesmann.
5. Revurdering og revisjon av støysonekart
Støysonekart skal revurderast kvart 4. år i samband med revisjon av kommuneplanane, og elles ved større endringar i støybelastninga. I dei tilfella der endringane i føresetnadene for støysonekarta er så store at dei medfører endring av støysonene, skal støysonekarta reviderast. Det skal ikkje gå lenger enn 8 år mellom kvar revisjon.
Vedlegg 4 Forenkla metode for å oppgi støybelastning rundt flyplassar med liten trafikk
1. Forenkla metode (bruk av sjablon)
For mindre flyplassar, unnateke landingsplassar for helikopter og sjøfly, kan ein nytte sjablon for å framstille støybelastninga (sjå punkt 4). Ved bruk av sjablon vil støysonekartet ikkje vere inndelt i støysoner. Sjablongrensa representerer yttergrensa til støysone I, og sjablonarealet representerer samla støysoneareal rundt flyplassen (tilsvarar samla støysoneareal for støysonene I-IV når det blir utarbeidd vanleg støysonekart).
Fleire føresetnader må oppfyllast ved bruk av sjablon, jf. punkt 3.
2. Definisjonar
I samband med bruk av forenkla metode (sjablon) gjeld følgjande definisjonar:
- Dimensjonerande trafikkmengd: det gjennomsnittlege tal flyrørsler (summen av avgangar og landingar) over eit døgn i den samanhengande 3-månadersperioden som har størst trafikk. Trafikkmengda blir avgjort ut frå notidssituasjonen med omsyn til flytypar, bruk av rullebane og forventa trafikkvekst minst ti år fram i tida. 3-månadersperioden er definert som ein samanhengande periode frå dato til dato (t.d. 12. juni til 12. september).
- Trafikkmengd pr. døgn, pr. veke, pr. månad og i prosent: gjennomsnitt for den samanhengande 3-månadersperioden med størst trafikk (sjå over).
- Ein-motors småfly: stempelmotordrivne luftfartøy med maksimum avgangsvekt under 1 750 kg. Døme: C-150, C-170, C-180, C-206, C-210, Piper Cup, Super Cup, Cherokee Warrior, Cherokee Six. Mikrofly er inkludert i denne kategorien.
- To-motors småfly: stempelmotordrivne luftfartøy med maksimum avgangsvekt under 2 700 kg. Døme: Beech Baron, Queen Air, Cessna 303, 310. Piper Aztec.
- Jamnt fordelt rullebanebruk: ein dokumentert rullebanebruk der delen av flyrørsler med dimensjonerande flytype er mindre enn 60 % av trafikkmengda i ei retning på rullebana.
- Ujamnt fordelt rullebanebruk: ein dokumentert rullebanebruk der delen av flyrørsler med dimensjonerande flytype overstig 60 % i ei retning på rullebana eller der det ikkje ligg føre ei dokumentert fordeling av rullebanebruken.
3. Føresetnader for bruk av sjablon
Det er ein føresetnad for bruk av sjablon at kommunen aksepterer at det ikkje blir utarbeida vanleg støysonekart. Ved særlege tilhøve knytt til lokalisering eller drift av flyplassen kan fylkesmannen krevje at vanleg støysonekart blir utarbeidd (jf. vedlegg 3).
Ved mindre flyplassar som ikkje er til allmenn bruk er det ein føresetnad for bruk av sjablon at:
- den dimensjonerande trafikkmengda ikkje må overstige 10 daglege flyrørsler (5 landingar og 5 avgangar) med småfly. Berre småfly med stempelmotor kan traffikere flyplassen. Av dette kan inntil ei rørsle pr. veke vere med to-motors fly, og inntil 15 % av trafikken med ein-motors fly kan vere med fly som har vribar propell (pitch-propell),
- kveldstrafikk mellom kl. 1900 og 2200 ikkje skal overstige 15 % av gjennomsnittleg døgntrafikk,
- det ikkje skal førekome trafikk om natta mellom kl. 2200 og kl. 0700,
- trafikk på søndagar ikkje må avvike vesentleg frå andre vekedagar,
- "touch and go" øvingstrafikk ikkje må førekome.
Ved mindre flyplassar til allmenn bruk er det ein føresetnad at:
- dimensjonerande trafikkmengd ikkje må overstige 10 daglege flyrørsler (5 landingar og 5 avgangar) med turbopropfly. Flyplassen kan i tillegg ha inntil 10 daglege flyrørsler (i gjennomsnitt over 3-månadersperioden) med småfly med stempelmotor. Av dette kan inntil ei rørsle pr. veke vere med to-motors fly, og inntil 15 % av trafikken med ein-motors fly kan vere med fly som har vribar propell (pitch-propell). Sporadisk helikoptertrafikk (mindre enn 2 rørsler pr. månad) kan aksepterast,
- kveldstrafikk mellom kl. 1900 og 2200 ikkje skal overstige 15 % av gjennomsnittleg døgntrafikk for nokon av flytypane,
- det ikkje skal førekome trafikk om natta mellom kl. 2400 og kl.0600,
- turboproptrafikk på sein kveldstid (kl. 2200-2400) eller tidleg om morgonen (kl. 0600-0700) ikkje må førekome med meir enn totalt ei rørsle pr. døgn. Ved slik sein eller tidleg trafikk, må dimensjonerande trafikkmengd for turbopropfly ikkje overstige 5 daglege flyrørsler,
- trafikk på søndagar ikkje må avvike vesentleg frå andre vekedagar,
- "touch and go" øvingstrafikk ikkje må førekome,
- lokale prosedyrar for visuell eller instrumentell flyging ikkje må avvike frå den forlenga senterlinja på rullebana i det området som sjablonane dekkjer.
Dersom føresetnadene over er tilfredsstilt, må forenkla metode (sjablon) likevel supplerast med støyutrekningar som omtalt under utarbeiding av støysonekart i vedlegg 3 i følgjande situasjonar:
- Ny bygning eller område med støyfølsamt bruksformål (inkl. ombygging, utviding, gjenoppbygging) er planlagt i nærleiken av eksisterande flyplass, og plasseringa fell innafor sjablongrensa. Punktutrekningar må gjerast for å fastsetje nøyaktig støysone (jf. kap. 2) for utbyggingsområdet. Tilleten arealbruk følgjer retningslinjene for den enkelte støysone (jf. kap. 3).
- Ny flyplass eller utviding av eksisterande flyplass i nærleiken av eksisterande bygning eller område med støyfølsamt bruksformål. Dersom plassering/utviding av flyplassen viser at eksisterande bygning eller område med støyfølsamt bruksformål vil falle innafor sjablongrensa, må supplerande støyutrekningar utførast for å fastsetje nøyaktig støysone for desse. Tilleten arealbruk følgjer retningslinjene for den enkelte støysone (jf. kap. 3).
- Dersom støysituasjonen er eller utviklar seg slik at kartleggings- eller tiltaksgrensa etter forskrift om grenseverdiar for lokal luftforureining og støy kan bli overskriden, skal supplerande støyutrekningar utførast for dei aktuelle område/lokalitetar.
4. Sjablonar
Nedanfor følgjer sjablonar for:
Ikkje allmenn flyplass med liten trafikk og jamnt fordelt rullebanebruk.
( linkdoc022005-990560#docFigur 1. Målestokk 1:10.000).
Ikkje allmenn flyplass med liten trafikk og ujamnt fordelt rullebanebruk.
( linkdoc022005-990561#docFigur 2. Målestokk 1:15.000).
Regional flyplass med liten trafikk og jamnt fordelt rullebanebruk.
( linkdoc022005-990562#docFigur 3. Målestokk 1:10.000).
Regional flyplass med liten trafikk og ujamnt fordelt rullebanebruk.
( linkdoc022005-990563#docFigur 4. Målestokk 1:15.000).