Historisk arkiv

77,3 millionar ekstra til miljøverntiltak

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Miljøverndepartementet

Pressemelding

7. november 1997

77,3 millionar ekstra til miljøverntiltak

Miljøvernminister Guro Fjellanger får over 77 millioner kroner meir til miljøverntiltak enn det den avgåtte regjeringa gjorde framlegg om på Miljøverndepartementet sitt budsjett for 1998. I tillegg vil den nye regjeringa foreslå omdisponeringar på 10 millionar kroner.

Ein stor del av den auka ramma går til utviding av aksjekapitalen i Norsk Avfallshandtering A/S (NOAH) som har ansvar for å realisere planane for eit spesialavfallsanlegg i Norge. Staten eig hovuddelen av aksjane, medan ni større norske verksemder eig resten. Bygging av anlegget for handsaming av det organiske avfallet startar i Brevik om kort tid, og skal stå ferdig i første del av 1999, seier miljøvernminister Guro Fjellanger.

- Åtte millionar kroner skal brukast til ekstra satsing på miljøvern i kommunane som ledd i oppfølginga av Lokal Agenda 21. Desse midlane skal brukast som stønad til miljøverntiltak i regi av organisasjonar og institusjonar. I tillegg vil ramma for tilskott til miljøvernorganisasjonar bli auka. Mange organisasjonar har hatt uendra tilskott sidan 1992. Auken på totalramma blir på to millionar kroner, eller nær ti prosent.

- I framlegget til budsjett for1998 blei midlane til kalking og lokale fiskeføremål redusert. Den nye regjeringa vil auke løyvinga til desse oppgåvene med 7,3 millionar kroner som mellom anna fører til at større prosjekt der kalking er sett i gang kan førast vidare i 1998.

Omdisponeringa på budsjettet skjer ved eit kutt på 10 millionar kroner til kommunale avløpstiltak.

- Fire millionar kroner går til styrking av arbeidet med helse- og miljøfarlege kjemikaliar, til utvikling av regelverket og styrking av kontrollen. Kjemikaliemarkedet er svært komplekst med 8-10 000 stoffer i rundt 50 000 produkter. For å nå nye ambisiøse mål trengs det klare bruksavgrensningar og betre kontroll med bruk og handtering av kjemikaliar, seier miljøvernministeren, som er godt tilfreds med at regjeringa har funne plass til meir pengar til ein del viktige miljøverntiltak.

Lagt inn 7 november 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen