Historisk arkiv

Freding av Smådaladn naturreservat i Vang kommune, Oppland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Miljøverndepartementet

Pressemelding

12. desember 1997

Freding av Smådaladn naturreservat i Vang kommune, Oppland

Regjeringa har i statsråd i dag vedteke freding av Smådaladn naturreservat i Vang kommune, Oppland fylke.

Naturreservatet dekkjer eit areal på om lag 32 km 2>.

Føremålet med fredinga er å bevare eit særeige og ope landskap og eit naturhistorisk interessant område med viktige kvartærgeologiske formelement, mellom anna eit velutvikla morenesystem av verdi for forsking og undervisning.

Verneområdet vart mellombels verna i 1984 på grunn av det vart teke ut grus frå området. Det endelege fredingsforslaget vart send på lokal høyring 12.2.93 og på sentral høyring 3.9.93. Gjennom høyringsprosessen lokalt og sentralt har saka fått ei grundig handsaming.

Jakt og fiske i området er lov etter gjeldande lovverk, men det vert ikkje tillate å ta ut grus innanfor reservatet. Nødvendig uttak av bjørkeskog er ikkje i strid med fredingsføremålet og kan tillatast dersom det ikkje blir laga varige spor i terrenget. Under same føresetnad er motorisert ferdsel i samband med vedhogst og for å bringe felt elg og hjort ut av reservatet lov.

Forvaltinga av området er lagd til fylkesmannen i Oppland, og eventuelle spørsmål kan rettast dit på tlf 61 26 60 00.

Lagt inn 12. desember 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen