Historisk arkiv

Geitaknottane naturreservat oppretta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Miljøverndepartementet

Pressemelding

19. desember 1997

Geitaknottane naturreservat oppretta

Regjeringa har i statsråd i dag oppretta Geitaknottane naturreservat i Fusa, Kvam og Kvinnherad kommunar i Hordaland.

Verneområdet er på omlag 14 km2 og vil sikre nasjonalt og internasjonalt verdfulle førekomstar av truga artar. Ikkje nokon stad i Noreg finst det større førekomstar av amfibiearten stor salamander, og truleg er førekomsten den største i heile utbreiingsområdet for arten i Europa og Russland. Stor salamander er rekna som globalt truga, og Noreg har eit ansvar for å ta vare på viktige leveområde for arten. Geitaknottane naturreservat er det største amfibiereservatet i Europa. I verneområdet finst òg eit rikt planteliv. Mellom anna finn ein her den sjeldsynte planta kongsbregne.

Forvaltningsstyresmakt for naturreservatet er Fylkesmannen i Hordaland. Fleire opplysningar om området kan gjevast av miljøvernavdelinga hos fylkesmannen, tlf. 55 23 77 60.

Lagt inn 30. desember 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen