Historisk arkiv

Planprosessen for Gardermoprosjektet evaluert

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Miljøverndepartementet

Pressemelding

9. desember 1997

Planprosessen for Gardermoprosjektet evaluert

Gardermoen er det største landbaserte utbyggingsprosjekt i Norge i nyare tid. Prosjektet ga difor store utfordringar i høve til plan - og bygningslova sine intensjonar som planmyndigheit, og i høve til ønsket om brei deltaking og lokal mobilisering i planprosessen.

På oppdrag frå Miljøverndepartementet og Samferdselsdepartementet har ECON senter for økonomisk analyse as gjort ei evaluering av planprosessen som starta opp etter at Stortinget hadde vedtatt å bygge ny hovudflyplass på Gardermoen.

I rapporten er det ECON`s vurdering at dei lokale planprosessane etter plan- og bygningslova i hovudsak har fungert godt i høve til intensjonane i loven.

Dei viktigaste årsakene til at prosessen har fungert godt er:

Bruken av konsekvensutgreiing i forkant av Stortingets utbyggingsvedtak hausten 1992.

  1. Reguleringsplanprosessane som har følgt etter utbyggingsvedtaket har både klart å få fram ulike aktørar sine syn tidleg, og brakt fram tilstrekkeleg kunnskap for dei beslutninger som var naudsynt.
  2. Framdrifta i planprosessane har vore halde utan at det i serleg grad har gått ut over målet om å få fram ulike syn.

Det har likevel vore eit høgt konfliktnivå i planprosessane med m.a. eit tjuetal protestar til reguleringsplanane på Romerike. Tre planar vart omgjort til statlege reguleringsplanar. Konfliktnivået avslører samtidig at aktørane i prosessen har hatt eit stort engasjement og at saka har vore omfatta med stor interesse.

Dei viktigaste konfliktårsakene er m.a. at:

  • Det blei lagt store krav til etablering av kunnskapsgrunnlag i reguleringsplanprosessen for delar av prosjektet, særleg knytt til togstøy og Forsvaret sitt behov for areal på Romerike.
  • Hovudutredninga og handsaminga i Stortinget avklarte ikkje handlefriheta for dei reguleringsplanane som kom etterpå.
  • Den kommunale deltakinga var i fleire høve ikkje tilstrekkeleg sett i lys av at Stortinget gjorde vedtak som hadde viktige strategiske verknader i mange kommunar.

Fleire av konfliktane hadde sin årsak i reell usemje og kan ikkje førast tilbake til sjølve planprosessen.


Rapporten kan ein kjøpe hos ECON v/ Hans Petter Skogstad, telefon 22989850.
Kontakt i MD: avdelingsdirektør Tom Hoel, telefon 22245946

Lagt inn 10. desember 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen