Historisk arkiv

Skiping av Osen naturreservat i Gaular kommune, Sogn og Fjordane fylke

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Miljøverndepartementet

Pressemelding

19. desember 1997

Skiping av Osen naturreservat i Gaular kommune, Sogn og Fjordane fylke

Regjeringa har i statsråd i dag gjort vedtak om vern av Osen som naturreservat. Området som ligg i Gaular kommune i Sogn og Fjordane fylke, omfattar i alt 527 da, hvorav 17 da landareal.

Osen er utlaupet av Gaularvassdraget. Lokaliteten er eit viktig våtmarksområde med naturleg tilhøyrande vegetasjon og dyreliv, særleg med omsyn til dei mange funksjonane området har for våtmarksfugl, deltaområde som naturtype og dei botaniske verneinteressene knytt til m.a. undervass-engene av plantearten stilkvasshår.

Området var tidlegare med i eit framlegg til verneplan med 24 lokaliteter som Fylkesmannen i Sogn og Fjordane sende på høyring til berørte partar på kommune- og fylkesnivå 14. juni 1985. Planen vart send på sentral høyring av Direktoratet for naturforvaltning 15. januar 1991. Framlegget vart teke ut av planen førebels i påvente av ei avklaring i høve til vasskraftinteressene. Dette spørsmålet vart avklart ved at Gaularvassdraget i 1993 vart verna mot kraftutbygging gjennom Verneplan IV for vassdrag.

Verneføresegna for Osen naturreservat er utforma i tråd med standardføresegnene for slike verneområde og vert lagra m.a. i Gaular kommune og hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Vernet er m.a. ikkje til hinder for fortsatt bruk av motorbåt i samband med busetnad, næringsverksemd og fiske, og bruk av naust og båtplassar.

Miljøvernavdelinga i Sogn og Fjordane kan gje fleire opplysninger om verneområdet, tlf.: 57 65 51 40.

Lagt inn 30. desember 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen