Historisk arkiv

Bugge leier nytt planlovutval

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Miljøverndepartementet

Pressemelding


Dato: 23.10.98

Bugge leier nytt planlovutval

Regjeringa har i dag oppnemnd eit nytt planlovutval som skal vidareutvikle og forbetre plandelen av plan- og bygningsloven. Utvalet vil særleg arbeide for å styrke ulike miljøomsyn og sikre større folkeleg deltaking i lokale planprosessar. Den første delinnstillinga vil bli lagt fram om to år.

Leiar for utvalet er professor dr. juris Hans Chr. Bugge. Saman med ni representantar for ulike fag- og sektorinteresser skal utvalet sjå på korleis loven kan betrast for å ivareta viktige samfunnsinteresser og nye behov innan planlegging og arealforvaltning. Målet er å skape ei meir brukarvennleg og tidsmessig planlovgiving. Mandatet byggjer på retningslinjer gitt i St.meld.nr. 29 «Regional planlegging og arealpolitikk» (1996-97) og Innst.S.nr. 219 (1996-97). Prinsippa om eit heilskapleg, demokratisk og mest mogleg desentralisert plansystem står framleis ved lag.

Biologisk mangfald, berekraftig byutvikling og effektiv og miljøvennleg bruk av energiressursane vil vere sentrale tema for utgreiing i arbeidet med ei betre lovgjeving. Utvalet vil og leggje vekt på betre ordningar for informasjon, innsyn og reelt høve til å ta del i planprosessar for alle interesserte og for dei som planlegginga rører ved.

Eit anna viktig mål for arbeidet vil vere å få til ei god lovsamordning mellom dei ulike delane av plan- og bygningsloven og lover som rører ved denne. Utvalet skal og skape eit framtidsretta lovsystem gjennom å bruke IT-teknologi til å forenkle og effektivisere planlegginga og saksbehandlinga.

Samansetjinga av utvalet ligg ved.


Kontaktperson: Tom Hoel, avd.dir. telefon 22 24 59 54

Samansetjing av utvalet

LeiarProf. dr.juris UIOHans Chr. Bugge, Oslo
Kommunenes SentralforbundOrdførar i DrammenLise Kristoffersen
_______ ,, _________Fylkesrådmann i Nord-TrøndelagAudun Østerås
LandsorganisasjonenSaksbehandlarMarianne Svensli, Oslo
Næringslivets HovedorganisasjonAvdelingsdirektørArne Slettebøe, Oslo
Norges BondelagHadle Nevøy, Stavanger
Representant frå fiskerisektorenAvdelingsleiar i Norske Fiskeoppdretteres foreningInger Oline Røsvik, Trondheim
Samarbeidsrådet for naturvernsakerFagleiar i Norges jeger og fiskerforbundSiri Parmann, Bærum
Juridisk fagekspertKst. lagdommarEirik Akerlie, Oslo
PlanfagekspertForskingsleiarInger Lise Saglie, Oslo

linkdoc022005-990082#docPlanlovutvalgets sider på ODIN

Lagt inn 23. oktober 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen