Historisk arkiv

Forbod mot farlege kjemikaliar i leikar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Miljøverndepartementet

Pressemelding

Nr. 94
Dato: 16. desember 1998

Forbod mot farlege kjemikaliar i leikar

Miljøvernforvaltninga foreslår å forby einskilde farlege kjemikaliar i leiker og andre produkt til barn under tre år. I ei ny forskrift som Statens forureiningstilsyn sender ut på høyring i dag, blir det foreslått å forby produksjon, import, eksport og omsetjing av leiker som inneheld ftalatar og som er meinte til barn under tre år. Det blir også foreslått å forby andre produkt for små barn, produkt som inneheld ftalatar og som små barn kan putte i munnen. Miljøvernministaren vil saman med barne- og familieministaren, setje i verk ei undersøking av i kor stor grad barn blir utsette for kjemikaliar, og om dei treng betre vern.

- Barn er spesielt følsomme, sårbare og utsette, og dei bruker ting på ein heilt annan måte enn vaksne, for eksempel ved at dei puttar det meste i munnen. Barn treng derfor eit heilt anna vern enn vaksne, seier miljøvernminister Guro Fjellanger.

Ftalatar er ei stoffgruppe som omfattar mange forskjellige stoff med ulike eigenskapar, mellom anna blir dei tilsette pvc for å gjere plasten mjuk. Det er mistanke om at dei har ein rekkje uheldige langstidseffektar på helse og miljø, mellom anna at dei kan skade reproduksjonen og at dei kan vere hormonhermande og kreftframkallande. Når barn tygg eller syg på plastprodukt, kan ftalatar lekkje ut frå plasten. Leiker og andre plastprodukt for små barn bør derfor ikkje innehalde slike stoff.

Etter den eksisterande leiketøysforskrifta skal ikkje leiker innehalde kjemikaliar i ein slik form at det kan vere helseskadeleg. Produsentar, importørar og forhandlarar av leiker har ansvaret for at produkta tilfredsstiller krava i regelverket. Likevel viser nyare undersøkingar at leiker på den norske marknaden inneheld ftalatar. Det er derfor nødvendig å setje i verk tiltak for å sikre at leiker med ftalatar ikkje blir omsette i Noreg.

Høyringsfristen er sett til midten av mars neste år.


Kontaktpersonar:
Hæge Andenæs, Miljøverndepartementet, tlf 22245810
Anne Mari Opheim, Statens forureingstilsyn, tlf 22573537

Lagt inn 16. desember 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen