Historisk arkiv

Fredning av Hopsfjellet i Sveio kommune, Hordaland, som naturreservat

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Miljøverndepartementet

Pressemelding

8.juni 1998

Fredning av Hopsfjellet i Sveio kommune, Hordaland, som naturreservat

Regjeringa har i statsråd 5. juni, vedteke freding av Hopsfjellet naturreservat i Sveio kommune, Hordaland fylke.

Naturreservatet dekkjer eit areal på om lag1630 daa.

Føremålet med fredinga er å ta vare på eit skogområde kor det har vore skogbrann slik at ein i ettertid kan følgje dei økologiske prosessane i området.

Jakt og fiske i området er lov etter gjeldande lovverk. Det er vidare lov å hogge granplantefelt og anna spreidd gran, men det er ikkje lov å plante eller så tre. Det er lov å beite som i dag.

Idrettsarrangement, jaktprøver og anna organisert verksemd er ikkje lov i reservatet, da det kan føre til uønskt slitasje.

Forvaltinga av området er lagd til fylkesmannen i Hordaland, og eventuelle spørsmål kan rettast dit på tlf 55 23 77 60.

Lagt inn 8 juni 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen